søndag 15. desember 2013

I tvil


3. s i adventtida I – 15.12.2013
Arna
Matt. 11, 2-10

Når ettermiddagsmørkret senkar seg her på våre breiddegrader, så er det godt med noko som lyser opp, også hjå oss. Det er godt å samlast til gudsteneste i adventtida. Det er godt å tenne lys inne. Det skaper glede og forventning med adventkransen som brenn. Og det er ikkje berre kalenderen og termometeret som gjer at vi treng å feste augo og sinnet vårt på det som lyser opp. For det er mangt rundt oss som får mørkret til å kjennast knugande og tungt, sjølv om det hadde vore høgaste sommar.

På TV-skjermen grin dei sterke og vonde bileta mot oss. Sidan sist vi hadde advent har det vi omtalar som kriser avløyst kvarandre. Kontinuerleg klimakrise. Finanskrise i Europa. Eg sjølv flytta for eit par veker sidan frå Åsane til Knarvik, og opplevde for nokre dagar sidan at dei som har bygd hus for meg står utan arbeid og løn no når jula nærmar seg. Nesten 200 familiar i Nordhordland er ramma av ein svær konkurs i lokalmiljøet. Frå øya rett utanfor Bergen der eg var prest berre for nokre få år sidan, hørde vi i veka som gjekk både om dødsulukke og drap. Og alt dette som angår vår kvardag vert ramma inn av stadige konfliktar, krigar og naturkatastrofar ute i den store verda. 
Det er ikkje berre fordi vi bur langt mot nord at vi kan tale om mørketid.

I vårt eige land ser vi korleis rikdommen vert større og større for mange av oss, nesten for kvar dag som går. Samstundes veit vi at fattigdomen aukar hjå ein del av oss. Skilnaden mellom dei som har mykje og dei som har lite og ingenting vert større og større. Fortvilinga hjå dei som taper, er mørk som natta. Kva slags lys skal dei speide etter, dei som ikkje får endane til å møtast? Og korleis skal det gå for dei som er truga av å misse det dei har?

Vi treng lys i mørkret, dei aller fleste av oss. Slik han også gjorde det; døyparen Johannes. Vi kan vere trygge på at det vart mørkt i fengselscella der han sat. Mørkt, kaldt og trist. Kan hende såg han, gjennom gitteret i cellevindauga, bort på den strålande opplyste borga der fylkeskongen Herodes heldt til. Det var stort sett dei einaste lysglimt han hadde i sitt mørke fengselstilvære.

I cella si fekk han god tid til å gruble over korleis livet hadde endra seg for han. Frå lyse og gode dagar den gongen han heldt til ute ved Jordan-elva, og folk kom i store flokkar til han for å verte døypt, til no når han sat fengsla og lagnaden kvilte i hendene på den lunefulle Herodes.
Rett nok fekk Johannes av og til besøk i fengselet av nokre av læresveinane sine. Slike som han i si tid hadde døypt i Jordan. Og dei kunne fortelje at no samla dei seg, dei store flokkane som tidlegare hadde kome til Johannes, rundt Jesus, slektningen hans. Johannes tenkte ofte på det som hadde hendt mellom han sjølv og Jesus. Han hugsa sine eigne, kraftfulle profetiske rop: Vend om, for himmelriket er nær! Og mens han forkynte på denne måten, var det at han såg Jesus kome til seg for å la seg døype av Johannes. Særleg godt hugsa Johannes duva som dala ned over Jesus under dåpshandlinga, og ikkje minst den veldig røysta som lydde frå himmelen då Jesus steig ut i Jordanelva: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» Matt 3:17

Johannes hadde høyrt Guds eiga stemme som vitna om kven Jesus var. Det var difor med full rett at Johannes også hadde tala profetisk om Jesus då han hadde peika han ut og sagt: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! Joh 1:29

Johannes hadde mykje å minnast, og mykje å tenkje på der han no sat i cella si. Men mørkret i cella gjorde sin verknad, også på Johannes sitt sinn og på tankane hans. Johannes hadde hatt så store forventningar til Jesus. Han hadde sagt så store ord om Jesus. Han hadde peika Jesus ut som Messias, frigjeraren. Han som skulle kveikje lyset for jødefolket.
Men i det mørke fengselet vart Johannes meir og meir i tvil. Kvifor tok ikkje Jesus snart til seg kongemakta si? Kvifor sende han ikkje den vonde Herodes og den endå vondare kona hans, Herodias, bort frå kongsborga? Kvifor greip ikkje Jesu inn, slik at han sjølv, Johannes døyparen kunne kome ut or dette mørke og fæle fengselet?

Døyparen Johannes var komen i tvil!

Profeten, - han som Jesus sjølv omtalar som den største av alle som er fødde av kvinner - han tvilte på det han sjølv tidlegare  hadde høyrt om Jesus og det han hadde sagt om Jesus. Difor er det òg at dette fortvila skriket frå Johannes i den mørke cella når fram til Jesus via læresveinane hans: 
«Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» Matt 11:3
Mørke tankar i ei mørk tid vart ikledde ord og nådde fram til Jesus.

Og mange mellom oss kjenner seg igjen. Når vanskane i livet tårnar seg opp, når livssituasjonen vert fortvila nok, så kjem snart òg anfektinga og tvilen. Slik det var for Johannes, slik har mange det i dag og. Mørkret senkar seg. Lyset er så langt borte, og skimtar vi lyset, så ser vi det kan hende gjennom noko som for oss er som eit gitter.

Korleis kvar og ein av oss kjenner det i adventstida akkurat dette året, er sikkert noko ulikt. Men sams for oss som er i lag nett no, er at vi har funne vegen til Guds hus denne adventsøndagen. Vi vert møtte av bodskapen om han som ein gong kom til jorda. Han kom den aller første jula. Ein gong skal han kome attende til jorda. Då skal han hente oss heim til seg. Inn i Fars hus – det som har så mange rom. Det høyrde vi om i kyrkjene våre sist adventsøndag.  Men tvers gjennom heile adventtida går det igjen at Jesus kjem til oss i dag, her og no.
Maktar vi å tru dette?
Er det mogeleg for oss å sjå kor stort dette eigentleg er, for kvar og ein av oss? Eller  kastar det mørke som skjer i oss sjølve eller i verda rundt oss, slike skuggar inn over våre liv at til og med Jesus, han som kallar seg sjølv for lyset for verda, vert eit lys som sloknar slik at mørket vert endå tettare?

«Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» spurde Johannes.
Er det slik du også tenkjer om Jesus?
Du er i så fall langt frå den einaste som kan verte ramma av giftige pilar med tvil.
Men midt i vårt mørke, anten det berre er vintermørket som vil vika plassen for meir og meir lys når berre sola på himmelen kjem i ein betre posisjon om nokre få dagar, eller det er mørket i ditt eige sinn, eller det er tunge og mørke saker i samfunnet rundt oss; midt i dette mørket står Jesus i dag fram og innbyr oss til å sjå endå betre etter. Han vil så gjerne at du skulle få sjå det store lyset, fordi han kallar seg sjølv for lyset for verda.
 Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser, og lamme går,  spedalske blir reine, og døve høyrer,  døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige. Matt 11:4-5

Er det vanskeleg å sjå Jesus i vår tid?
Kan hende er det det. Men sjå deg likevel rundt. Du er i Guds hus nett no. Evangeliet vert forkynt for fattige, og vi må leggja til: -for rike - Arnafolk! Dette er eit av teikna på at Jesus er nær oss.
Når Jesus siterer for oss desse orda, så viser han eigentleg til skriftene. Han siterer eldgamle ord frå profeten Jesaja. Akkurat dei orda vi har lese tidlegare i gudstenesta då vi las frå GT.
Jesus vil drive bort Johannes sin tvil ved å vise til skriftene. Han vil demonstrere at profetiar er til å stole på. Skriftord svevar ikkje i lause lufta som vakre ord utan konkret innhald. Det som vart sagt skal skje. Og- seier Jesus: No skjer det! Det hender under og teikn. Blinde ser, og lamme går,  spedalske blir reine, og døve høyrer,  døde står opp. 
Men slikt skjer ikkje lenger, seier du kan hende.
Eg seier endå ein gong: Sjå deg rundt! Åndeleg blinde menneske har fått opne augo. Dei har sett Jesus. Dei som sa at trua på Jesus ville døy ut med dei gamle, tok feil. Nye kristne har kome til. Nye som har sett som og som trur. Unge kristne. Framleis fyller vi kyrkjene opp. Trass i motstand frå mange i det offentlege rom. Born vert døypte, slik vi har gjort det i dag. Og i kyrkja forkynner vi om lyset i mørket. Lyset frå Gud som skal lyse, skine og setje lyskastar på han som kom, og som skal bere bort syndene våre slik døyparen Johannes tala om.

For mange år sidan song Kristin Solli Schøien om dette på sin spesielle måte:

Hvem sier at kirker er tomme?
Gud var i kirken i dag.
Framme i kirkekoret
Hørte jeg vingeslag. 

Hvem sier det ikke skjer under?
En gang ble vann til vin;
i dag ble vinen og brødet
til frelse for sjelen min.

Hvem sier at Gud bare dømmer?
Jeg møtte en kjærlig Gud.
Han selv ba meg om å komme,
han fulgte meg da jeg gikk ut.

Er ikke det et under
At jeg som er ussel og stygg
Og egentlig burde dømmes
Får lov til å være trygg?

Det er mørketid. Det er adventtid. Men midt i mørkret og midt i advent har vi lyset. Vi har Jesus.
Vi får lov til å tvile. Vi får lov å rope: Kvar er du, Gud?

Men når du no er komen til Guds hus i denne tida, anten du tvilar eller trur, så skal du opne augo dine og sjå at det lyser. Han som er den som skulle kome, han kom! Han er her. Han kveikjer eit lys i dag, på 3.søndag i adventtida. Eit lys som splittar mørkret; mørkret i oss, mørkret rundt oss, mørkret i verda.

Det har til og med skjedd under i denne gudstenesta i dag. Tre born er borne til dåpen. Vi såg ikkje Guds hand som bøygde seg ned og rørte ved dei. Men det er kyrkja si faste tru at det var nettopp det som hende. Gud er nær i dåpen. Han rører ved borna og gjer dei til sine. Då Jesus sjølv vart døypt, kom det ei due frå ein open himmel og Johannes døyparen høyrde ei mektig stemme. I dag oppfyltest skriftordet om at dette var Guds son som var nær: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»


For oss er det kanskje meir som Kristin Solli Schøien uttrykkjer det:
Hvem sier at kirker er tomme?
Gud var i kirken i dag.
Framme i kirkekoret
Hørte jeg vingeslag.

Det skjer til og med fleire under her i kyrkja i dag. Snart skal du få kome fram til altaret. Knele ned og ta i mot Jesu lekam og blod.

Hvem sier det ikke skjer under?
En gang ble vann til vin;
i dag ble vinen og brødet
til frelse for sjelen min.

Vi skal ikkje venta på nokon anna. Jesus er her. Han er her for oss alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv