Viser innlegg med etiketten Preiker. Adventtida. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Preiker. Adventtida. Vis alle innlegg

torsdag 5. desember 2019

Fars hus


2. s. i adventstida. 08.12.2019.
Åsane krk
Johs. 14,1-4
Kjære kyrkjefolk.
Kjære dåpsfølgje.
Kan du høyre Guds gode, trygge stemme i dag?
Vi song det nettopp saman: «Ingen er så trygg i fare som Guds lille barneskare»
Vi las det nettopp frå evangeliet. Vi las den gode bodskapen. Ordet frå Jesu eigen munn: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»
Vi ville så gjerne at alle dykk som tok tilflukt i dette kyrkjerommet på ein elles så hektisk og travel førjulssøndag nett no skulle få kjenne litt på det rolege. Det trygge. På dette uforklarlege som knyter seg til det å være nær Gud.

Vi vil så gjerne løfte dette fram til kvar einaste kyrkjegjest i dag. Ung eller gamal. Det er ord til oss alle. Ingen skal kjenne at dette er mynta på sidemannen. Dette er til meg. Til deg: Ordet frå Jesu eigen munn: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Likevel: Eit menneske vil vi på ein særleg måte setje i fokus nett no. Den vesle jenta vi har døypt. Vi vil enno ein gong sitere orda vi song i dåpssalmen. Kanskje ein ukjend salme for mange? Men med det varme og trygge innhaldet som er mynta på henne som i dag for første gong er boren til Gud.
Men det som hende med henne i dag, hende med meg ein gong. Og med deg, du som er døypt i den treeinige Guds namn: «Du lyser din fred over barnet. Du tek det i hendene dine». Måtte veslejenta og alle i hennar familie kjenne dette som eit ekstra handslag på ein stor høgtidsdag i familien: At Guds fred kviler over barnet, og over alt som no skjer.

Guds fred – den lengtar mange av oss etter. Guds fred – den forkynner vi til dykk her i kyrkja. Guds fred den ber vi om, som det siste vi gjer i gudstenesta når presten lyser velsigninga: «Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!»
Treng vi freden meir i adventstida, enn vi gjer elles i året?
Kanskje ikkje. Men adventstida er ei veldig kontrastfylt tid. Vi syng julesongar, litt for tidleg kanskje, i desse dagane. Om fred på jord. Om han som kom med fred og håp til oss. Vi førestiller oss kanskje litt i overkant mykje idyll rundt heimekos, brennande lys og juleførebuingar. Idyllen er ikkje alltid innlysande om vi skal være ærlege. Dei hektiske kvardagane tek snarare pusten frå oss, enn dei roar pulsen ned.
Vi som steller med kyrkja og alt som skjer her i tida fram mot 24., 25. og 26. desember, vi har det hektisk vi også. Både med kyrkjelivet og i privatlivet.
Også for alle oss, er det difor balsam for sjelene våre å puste godt ut, for deretter å puste inn; puste inn anden som kviler over Jesu ord i dag: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Tradisjonelt har denne andre adventssøndagen vore ein dag med fokus på at Jesus ein gong skal kome tilbake for å hente heim til himmelen alle som høyrer til der. Men bibeltekstane har gjerne vore tematiserte rundt det spektakulære, det voldsame, det som hender brått, og som skaper eit skarpt skilje mellom dei som får vere med inn til det himmelske og dei som vert ståande utanfor.

Men ved revidering av dei bibeltekstane som no vert lesne denne søndagen, har vi også fått med denne høgst verdifulle vinklinga som evangelieorda i dag gjerne vil vise oss: Det ligg noko forventningsfullt og fredfullt over det å skulle gjere seg klar til å møte Jesus.

Meir enn at det er eg og du som skal skikke oss slik at vi står klare til å møte han, så handlar det like mykje om han som enno ei tid er oppteken med å gjere alt klart til at du og eg skal flytte inn i Fars hus. Få ei ny adresse i huset med dei mange rom.

Vi må snakke litt om det huset.
Kvar for oss har vi alle eit hus der vi i dag høyrer heime. Eit hus ein eller anna stad i Åsane, eller i Bergen, eller som eg, ute i Knarvik. Vi er glade i heimen vår. Vi vil helst sleppe å flytte ut. Vi gror fort fast. Men vi veit at ein gong er det slutt. Vi skal ut heimanfrå til slutt. Men då ventar altså ein ny heim.
Jesus brukar i dag desse orda: «- eg går for å gjere klar ein stad for dykk» Og så talar han om Fars hus. Huset med dei mange rom.

Eg håpar at det må vere slik at vi i dag, i kvile under den freden Gud vil sende over oss, også kan rette blikket vårt framover mot denne staden. Mot den staden der Gud er klar med eit nytt rom for kvar einaste ein av oss. Eit hus med lyse festsalar, med god mat, perlande drikke og vakker musikk. Der er det vår håp at vi som kristne, som menneske som trur på Jesu død og oppstode for våre synder, ein gong skal møtast att sjølv om vi her vart skilde av ei grav.

Vi er alle vel kjende med at livet vårt her på jorda har heilt avgrensa tid. Nokre får leve lenge, målt med våre mål for tid, kalender og klokke. Andre får langt kortare tid.
Men om både husa vi i dag bur i, og menneska i huset ein gong vert borte, så vonar vi at det reiser seg ein ny heim, og at eit nytt og nyskapt menneske ein gong skal stå opp att or grava i krafta frå den oppstoda Jesus sjølv har vunne for oss då han sigra over døden påskedagen.

I evangelieordet vi har lese, så sa altså Jesus:
- eg går og vil gjere klar ein stad til dykk. Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg så de skal vera der eg er.
Høyrer du den undertonen av forventning som slike ord frå Jesu munn kan skape?
Eg veit ikkje heilt kva for bilete du får for ditt indre auga når du les slikt, men sjølv ser eg Jesus for meg når han går rundt i det store huset til Far og tenkjer: 
- I det rommet skal Øystein bu! Lenger borte i gangen bur far hans. Det er nærmar seg 40 år sidan faren flytta inn. Men ein dag skal dei på nytt få tid i lag, far og son. Uendeleg med tid. Og eg skal lage eit festbord, berre for dei to. Eller kanskje heller – for heile den store familien deira.
Slik trur eg Jesus tenkjer.

Så trur eg Jesu går inn i nokre andre korridorar. Der står det enno ledige rom. Han veit kven dei er reserverte for. Og eg trur at han sender bøner til sin Far om at dei som skal flytte inn der må finne vegen fram, at dei ikkje skal rote seg bort  på vegen gjennom livet slik at romma blir ståande tomme når den verkeleg store festen i Fars hus ein gong tek til, når det ikkje lenger er bruk for klokke og kalender; når tida på jorda er brukt opp og vi går inn i den store eva.

Vi legg slike fantasiar til side.
Slik vågar eg å tenkje for meg sjølv. Eg veit ikkje om eg tenkjer rett, men bileta i mitt indre av huset til Far let seg ikkje viske bort.

Uansett er det slik at på denne andre adventssøndagen, lar Jesus oss få høyre hans eigne håpefulle og trøystefulle ord. Ord som kallar oss til kvile. Til ro og til tru.
«Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Eg har invitert deg til å finne kvile i ein hektisk kvardag med aukande julestri, og på ein hektisk søndag i adventstida. Kvila ligg i desse vakre orda frå Jesu munn om det han nett no er i ferd må gjere. Han held på å gjer at klart for å møte oss. Eit møte i Fars hus.

Eg har eit inderleg ynskje om at du allereie i dag, i dette kyrkjerommet kan få ei aning av at det er godt å vere i Fars hus. I Guds hus.
Vi kallar kyrkja vår for Guds hus på vår stad.
Det er mange slike gudshus rundt om. Kvar kyrkje, kvart gudshus, er eit slik rom som vil vere ein kvilestad for Guds born som lever saman i hans familie på kvar stad, i kvar einaste kyrkjelyd, verda over. Måtte Guds fred kvile over hans kyrkje på alle desse stadene.

Men på denne dagen må vi også invitere, vi må kalle, til å tru på han som talar til oss i dag. «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg» seier Jesus.
Mange av oss har kanskje ei ureflektert tilslutning til at kyrkje og kristendom, det er greitt nok. Det er eit passande uttrykk for norsk kultur og historie i møte med folk som trur annleis enn vi har gjort, og som kanskje opplevast som framande for nokre av oss.

Å våge steget ut av det ureflekterte, og inn i dette som handlar om tru, om det vi aldri heilt kan vere trygge på verkeleg er sant, det kan vere eit vaklande steg.

Eg inviterer deg til å prøve, om du kjenner at slik har du det på denne dagen. Eit første steg for denne trua kan kanskje vere å ta del når vi innbyr til nattverd i dag.
Nettopp då nærmar vi oss alle dette uforklarlege som knyter seg til det å være nær Gud. Nettopp då tek trua over. Jesus seier at det er ikkje noko å vere uroleg for.
«Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»
Og om du allereie kviler fast i trua på det vi har snakka om i dag, så kan du no få leggje hjarta ditt og tilsvaret ditt i det fantastiske håpet som vi skal syngje om, og som er sjølve framtidshåpet på denne andre søndagen i adventstida: «Ja, engang mine øyne skal se Kongen i hans prakt; …»
AMEN


torsdag 6. desember 2018

Han kjem


2. s. i adventstida. III. 09.12.2018
Åsane kirke (≈ Eidsvåg kirke 2012)
Johs. 16,21-24

Forventningens adventssøndag kallar vi gjerne dagen i dag. Forventning og håp.
Dette er gode ord. Dette er ord som smyg seg inn og legg seg rundt oss. Bokstavane i ordet formar seg nesten til varme hender og legg seg mjukt på skuldrene våre.
Forventning – noko å gle seg til. Noko å sjå fram til. Bortanfor dagen i dag ventar noko godt.
Eg skundar meg i møte, og håpar at det gode kjem til meg. Ikkje for å kollidere slik at det oppstår skade, men for å helse på, ta i handa og for å gå vidare i lag.

Håp – dette lysande ordet som uttrykkjer lengselen etter noko betre, kanskje noko som er fullkome. Håp – trua på at ein gong skal det skakke og skeive og mislukka rettast opp og stå fram slik vi ynskjer at det skal vere. I håpet ser vi fram mot oppfyllinga av våre aller beste ynskje.

Mens vi går inn i den aller mørkaste tida i året her oppe under polarnatta, har vi forventning til at lyset skal skine mot oss igjen slik det vert når sommarnatta tek opp i seg lyset frå dagen. Vi ynskjer oss varme, når kulda kryp rundt føtene våre desse dagane. Håpet er at vi snart skal kunne kjenne varmen frå jorda når vi stig berrføtt på ein doggvåt plen, eller legg av isbadinga som eg veit nokre her i vår bydel driv med, til fordel for sommarleg, behageleg badetemperatur.

Forventningens adventssøndag.
Forventning til høgtida som snart kjem over oss. Håp til at vi skal kome oss gjennom alle førebuingane slik at vi kan juble over privat juleglede, og endå meir over kyrkjeleg fest for barnet som vart fødd.

Men søndagen i dag rommar endå mykje meir. Innhaldet på denne dagen må vi leite etter i orda vi har lese saman i Skrifta i denne gudstenesta. Vi må sjå kva det står om forventning og håp der. Og så må vi gå i møte med det som lyser opp framfor oss gjennom det vi har lese.

Denne søndagen handlar om han som kjem til oss.
«For enno er det berre ei lita stund, så kjem han som skal koma, og han skal ikkje dryga» Slik las vi i Hebr.10,37

Det handlar om han som kjem.
Advent betyr nettopp dette. Å kome. Ankomst.
Det er knytt så mykje forventning til det at nokon som vi ventar på kjem.

Framfor meg ser eg ut over dykk som har gått og venta i ni månader på borna som omsider kom. To slike born har vi bore inn i kyrkja på denne søndagen.
Kunne vi funne ein meir passande dag for å døype dei enn akkurat i dag?

Alle vi som ein gong opplevde lukka ved å verte foreldre kjenner oss att i det evangelisten Johannes skriv i sitt evangelium til oss i dag: «Når ei kvinne skal føda, er ho uroleg, for tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, hugsar ho ikkje lenger kor vondt ho hadde, så glad er ho fordi eit menneske er fødd til verda»

De som er kvinner og har født, kan seie mest om dette. Men vi som vart fedre har også smaka angsten og delt forventninga til at alt måtte gå godt. Med mor og med barn.
Som så ofte elles har Bibelen funne dei heilt presise orda som illustrerer kva forventning er. Kva håp er. Og kva glede er. Det er her knytta opp mot ein fødsel.

Til alle dykk som har dei nyfødde med dykk hit til kyrkja – kjenn på orda vi har lese i lag. Lat dei tale til dykk på forventningens adventssøndag.
Men prøv også å flytte alle forventningane de ber på, over til det bibelorda eigentleg vil tale meir til oss om: Forventning til han som kjem til oss frå Gud.

Avsnittet vi har lese frå Johannesevangeliet er eigentleg eit lite utdrag av Jesu avskilstale til læresveinane. Der handlar det om det han sa til dei ikkje lenge før han skulle lide, døy, stå opp igjen for så å fare opp til himmelen, dit han kom frå då han som eit lite barn vart fødd inn i vår verd av Maria.
Jesus tek altså utgangspunkt i ei redd, fødande kvinne, og han held fram til sine læresveinar: «No er de fylte med sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjarta dykkar skal gleda seg»

Det handlar om å vere sorgfull fordi læresveinane si forventning til Jesus vert blanda opp med ord om at han også skal forlate dei. Men her forkynner Jesus at ein gong kjem han tilbake, dei skal møte han igjen.
Om Jesus, når han seier dette, tenkjer på at dei skal møte han igjen etter hans død og oppstode, eller om han tenkjer på at han skal kome igjen på den siste dagen, det kan vere uklårt akkurat her. Men uansett: I sin avskilstale snakkar han om at hans fråvær er midlertidig. Ein gong kjem han tilbake. Vi skal møte Jesus igjen.
Det er også vår adventforventning!

Han som kom til oss som menneske den første jula, han kjem ein gong igjen som vår Herre og frelsar. Då kjem lyset. Då kjem varmen. Då kjem det fullkomne, det vi kan håpe på.

Forventning og håp. Håp til at det evige livet skal avløyse dette livet.
Det livet som er så uendeleg kontrastfylt. På den eine sida: Ufatteleg lukke, som når foreldre helsar det nye livet velkomen i form av barnegråt, barnesmil, nattevåk, bleieskift og store stunder ved barnesenga, i ammestolen, ved leikekassa og når barnet kjem mot deg på sine første vaklande steg ut i verda.

Eit liv som også kan vere proppa med bekymring, redsel, ja til og med sorg når draumar ikkje gjekk i oppfylling, når livet møtte motbakkar, eller det kom dagar med skodde, kulde eller storm i staden for solblanke sommardagar.

Midt i di lukke, men også ut av skodda; på festdagar og kvardagar så kjem han deg i møte. Han som vi vil styre våre forventningar mot på den andre adventssøndagen. Han kjem til deg og vil vere nær deg.

Han kjem og vil ta deg i handa og reise deg om du ligg nede. Han står ved døra inn til sitt evige rike og vil føre alle som trur på frelse og forsoning ved hans liding, død og oppstode trygt gjennom og inn dit der vi ikkje treng å tenne lys, fordi der inne skin han sjølv i et evig lys.

Vi er midt i adventsstida.

Vi opnar oss for forventninga på denne søndagen. Forventning til han som kjem.
Og vi strekkjer oss mot håpet.
Håpet om at ei heil verd skal sjå mot han som er vår Frelsar og Herre. Håp om at det ein gong skal skje det profeten Jesaia spådde og som vi også har lese i dag:
«Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar og vi kan ferdast på hans stigar.» (Jes.2,3)

Å ferdast på Herrens stigar, det er å gå i møte med han som kjem. Det er å vere der han kjem til oss for å lære oss om livet, om håpet, om det evige.

Og orda som då smyg seg inn i øyro våre er til å verte glade av. Ikkje minst for alle som i ei forventningsfull adventstid og førjulstid må konstatere at vi skal feire fredeleg jul hjå oss.
Men: Samstunds rasar konfliktar i landa der Bibelen vart til. Tenk på orda i juleevangeliet der Jesu fødsel er knytta opp mot året då Kvirinius var landshovding i Syria.
Syria, nabolandet til der det hende. Der alle forventnigar i dag ligg i ruinar.

Vi må aldri tape våre forventningar til Fredsfyrsten, som Jesus også er kalla.
Vi vågar å halde fast på dette og knyte våre håp til at han som kjem ber med seg eit lysande håp midt i det som legg skuggar over vår adventtid.
For vi las i dag desse orda om han:
Han skal dømma mellom folkeslag og skifta rett for mange folk.
Dei skal smi sverda om til plogskjær og spyda til vingardsknivar.
Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig. (Jes. 2,4)

Det er advent. Vi har all grunn til forventning til han som kjem. Vi ser på kvarandre på denne dagen og prøver å stemme i med profeten:
«Kom, Jakobs hus, lat oss vandra i Herrens lys!» (Jes. 2,5)




fredag 25. november 2016

Kongen


1. s. i adventtida. I. ~ 27.11.2016 - Hosanger - Matt.21,1-9

Har du tenkt på at dyra spelar ei viktig rolle i den tida vi no går inn i? Julekvelden nærmar seg. Då skal vi møtast att til krybbe, oksar  og sauer og gjætarar. Men enno er det ei tid til vi kjem så langt. Først ventar adventtida på oss. Førebuingstida. Mykje skal skje i desse mørke dagane og kveldane som ligg der og skal fyllast med innhald. No står vi på startstreken til ei tid full av forventning. Slik vi har gjort deet her i kyrkja i dag, skal vi halde fram med å tenne lys som skal skine for oss. Med eit sterkare og sterkare lys etter kvart som høgtida kjem nærare og nærare.
Og midt i dette møter vi altså dyra.

I dag er det to av dei. Eit esel og ein eselfole.

Eg ser dei for meg der dei står i Jerusalem. Bundne fast. Uvitande om den rolla dei snart skal spele. Uvitande om at dei skal gjere teneste i eit veldig drama der hovudpersonen ikkje er nokon annan enn sjølvaste Kongen. Kongen over kongane.
Eselet, dette fredens dyr, skapt til å bere tunge bører og til å utføre hardt arbeid i teneste for den mannen som eig det.
  Børa det no skal bere er den mest spesielle noko esel nokon gong har hatt på ryggen. For snart stig Jesus opp på eselryggen. No startar ei hyllingsferd inn i Israels hovudstad som for all tid har skrive seg inn i historiebøkene. Det er kongen som kjem. Kongen som ikkje er som alle andre kongar. Kongen over eit rike som ikkje er som vanlege, jordiske kongedøme. Kongen som ikkje sit på ein praktfull stridshest eller i ein gedigen karjol. Kongen som rir på eselet.
Skal tru om eit esel kan tenkje?
Det er vel eigentleg høgst tvilsamt. Men diktaren Andrè Bjerke har forestilt seg at eselet har tankar som liknar våre mennesketankar. Han seier det slik i diktet ”Eselet”:

Så rart å se en vennlig menneskehop!
Hva er det for et syn som tryllebandt dem?
De hilser meg med hosiannarop.
Og jeg som ellers er et skjellsord blant dem!

De slår meg ikke. Veien er med ett
så god å gå på. Sval er middagsskyggen.
Jeg bærer på en bør som gjør meg lett.
Hva er det for en fugl jeg har på ryggen?

Det er ingen fugl som sit på eselryggen Det er kongen. Han som heiter Kristus.
Han er ikkje ein i ei historisk rekkje av kongar. Lik dei vi måtte pugge namna på då vi gjekk på skule. Her er det ikkje ein av dansk-norske Kristian’ar eller
  Fredrik’arar. Han er den levande Kristus som rir inn i Jerusalem på eselryggen for å døy.

Og han er også ein levande konge i dag. Han er kongen i Guds rike.
Han som ein gong kom til oss, sit i dag ved Faderens høgre hand der han kom frå.
 
Ein gong kjem han tilbake til jorda for å døme levande og døde. Om det skal vi tale meir seinare i adventtida.
Men i dag handlar det om han som kjem. Han som kjem for å vise oss at her er hans rike. Her er Guds rike. Midt mellom oss. I hans kyrkje på jord. Her vil han råde. Her vil han vere. Her vil han vere konge på ein heilt annan måte enn kongane som bur i slott i europeiske hovudstader.
Han som ein gong kom med Guds rike til jorda vår, han har tala dette om riket:

Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det’. For Guds rike er midt iblant dykk.» Luk 17:20-21

Ein annan gong sa han:

«Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.» Mark 10:14

Eller som han uttrykte det i Bergpreika
Sæle de fattige!
Guds rike er dykkar. Luk 6:20
Vi kunne teke fram ei heil rekkje med ord av Jesus som handlar om Gud rike. Dette er rett og slett eit av dei viktigaste uttrykk i heile NT som ein teolog kan gje seg i kast med å granske. Vi har ikkje tid til å gå inn på alt som kan seiast, men berre desse tre orda vi har lese fortel oss noko om at Guds rike er noko heilt anna enn kongeriket Noreg. Difor er Kristus som konge noko anna enn Olav og Harald eller broderfolkets Carl Gustav. At han er ein annleis konge forstår vi når han talar om det som er hans rike. Det som ikkje er av denne verda. Det som kallast Guds rike.
I det skinande blanke, nye kyrkjeåret som startar 1.s. i adv., er utfordringa til alle oss som samlar oss rundt bodskapen om kongen som kjem til oss på eselryggen: Korleis tek vi mot han i hjarto våre? Korleis ser det ut der inne; der Guds rike er å finne?

Er Jesus Kristus kongen i livet ditt, eller er du din eigen småkonge? Kven styrer livet ditt?
Han ser så ubegripeleg enkel ut der han kjem mot oss på ryggen av eit enkelt esel som kjem diltande med ein fole bunden ved si side. Rett nok høyrer vi fagning og høge Hosiannarop i bakgrunnen, men biletet på netthinna vår av denne enkle mannen let seg ikkje viske ut.

Er han verkeleg konge? Er han kongen over kongane? Kjem han med Guds rike til oss? Er han min konge?

Kyrkjeåret tek til med ei utfordring til trua vår.
Det er ikkje utan vidare innlysande at denne enkle mannen er den som regjerer over jordiske kongar. At det er han som ein gong kom frå Guds sjølv, og at han i det vi i dag har lese om kjem til Jerusalem for å lide og døy for verda sine synder.

Å forstå at dette er min konge, det maktar eg ikkje. Men eg er takksam for at trua mi har gripe tak i det, slik at eg med mitt hjarta kan hylle han som konge i mitt liv no når eg saman med heile den kristne kyrkja i dag stig inn i det nye kyrkjeåret.

På denne dagen pirkar vi bort i deg òg. Kva er di tru? Kven er det du hyllar og tilber? Kven er Herre i livet ditt? Kven bøyer du deg for?
Dette skal du tenkje på når vi no ikkje berre stig inn i eit nytt kyrkjeår, men også samstundes vert freista til å kaste oss inn i dansen og hyllinga av den ufattelege forbruksfesten vi har gjort den kristne jula om til. Kanskje let vi oss lokke til ytterlegare ei omdreiing av forbruket vårt på ein nett tilbakelagd såkalla «Svart fredag»?

Våre Hosiannarop har lett for å stilne. Våre tankar har lett for å flytte seg frå Kristus og kyrkja til kroner og kjøpesenter. Vi blandar oss i ringen rundt gullkalven og overser eselet med den enkle kongen på ryggen.

I dag skulle vi lytte til kongen vår. Lære litt av det han har sagt oss. Og ta det med oss vidare inn i ei adventtid der kongen over kongane lett vert plassert langt borte i utkanten av ein materiell runddans som er komen ut av alle proporsjonar.
Og kva har kongen sagt oss?
Jau, noko om at hans rike ikkje er av denne verda, og at dei som Guds rike fram for alt er etla for det er t.d. borna, slik vi nemnde det, og slik vi har sett dei i denne gudstenesta:

«Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.» Eller det andre ordet av Jesus som vi også har lese: Sæle de fattige!
Guds rike er dykkar.
Borna og dei fattige. Det er dei som Jesus teiknar opp som våre førebilete i det riket der han er konge.

Vågar vi å ta dette inn over oss på 1.s.i advent?
Vågar vi å ta dette med oss vidare inn i adventhøgtida og juleførebuingane?
Då kan det verte kongeleg feiring når fødselen hans skal høgtidast om fire veker. Då kan det verte glede og Hosiannarop frå hjarto våre. Då forstår vi litt meir av det trua vår kviler på: At Jesus på eselryggen er kongen over kongane. Han er Kristus, kongen i mitt liv, og vi kan helse han:

Hosianna, Davids son! Velsigna er han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!

AMEN

tirsdag 15. desember 2015

Vitnemål





Tekst for 3. s. i adventtida III - 15.12.2015
Bergen fengsel
Johs. 5,31-36

Det er ein litt uvanleg situasjon for meg å møte dykk som er på denne gudstenetsta.
Fengselet er ein stad der ingen av oss har lyst å hamne. Eg har vore innom her nokre gonger, og må innrømme at eg har liten lyst å hamne her mot min vilje.
Men no møter eg dykk som av ulike grunnar er her. Noko hende, og det vart ei sak mellom deg og samfunnet som gjorde at du fekk eit kortare eller lengre opphald her. Kva det var, veit eg ikkje, og det kan vere nett det same.
Men før det vart tale om fengselsopphald var det også eit møte med det norske rettsapparatet.
Eg håpar verkeleg at du opplevde det som rettferdig, sjølv med ein dom mot deg som resultat.

I ei rettssak spelar vitneutsegn alltid ei vesentleg rolle.
Nokre slike vitnemål kan tale til din fordel. Andre kan tale mot deg. Men det er viktig kva vitna har å seie.
Og andre sine vitnemål tel meir enn dine eigne ord om deg sjølv.

Det er slike vitneutsegn Jesus tar fram som eksempel for oss alle i dei orda vi har lese frå Bibelen i dag. Dette er dei same orda som vart lesne i kyrkjene våre over heile landet sist søndag, 3. s. i adventtida.

Då sa Jesus: «Dersom jeg vitner om meg selv, er mitt vitneutsagn ikke gyldig. Men det er en annen som vitner om meg, og jeg vet at hans vitneutsagn om meg er sant»
Med desse orda introduserer Jesus slektningen sin, Johannes.
I Bibelen møter vi Johannes, døyparen Johannes, som det store vitnet som heile tida snakkar om kven Jesus er.
Jesus seier at Johannes «har vitnet for sannheten».Det er sanninga som er avgjerande i rettssystemet vårt. Om det er sant at nokon har sett seg ut over samfunnet sine lovar og reglar, så har det konsekvensar. Dette veit alle de som eg møter i dag noko om.
Men om det er sant at storsamfunnet, via politi og rettsapparat, rettar skuldingar som er urette mot eit menneske, då er det veldig viktig at det kan stå fram eit vitne som kan sette lyskastaren på det som verkeleg hende, slik at det kan fellast ein frikjennande dom.

Johannes er ein lyskastar. Han er ein lampe, seier Jesus, og brukar slike ord: «Johannes var en brennende og skinnende lampe, og for en tid ville dere glede dere i lyset fra ham.»
Men Johannes si oppgåve var å fokusere med sitt lys på kven Jesus eigentleg var. Johannes gjekk i førevegen for Jesus og rydda vegen for han som kom nokre steg etter han.

Ved ein anledning såg Johannes at Jesus kom mot han. Då løfta Johannes handa og peika på Jesus slik at alle som var rundt han snudde seg og feste augo sine på Jesus. Og med buldrande predikantstemmen forkynte Johannes kven Jesus var: «Se, Guds lam, som bærer bort verdens synd!» (Johs.1,29)

I dag håpar eg at også eg som står her som prest i dette fengselskapellet kan vere eit vitne om Jesus. Ein som reflekterer lyset frå den lampen som Johannes var slik vi alle får auga på Jesus, han som ber bort verdens synd.

Det er han som kan gjere noko med alle mine synder. For du kan vere trygg på at presten ikkje er ein mindre syndar enn den som sit i fengsel. Kanskje har eg halde meg på rett side av lovane i Norge. Eg har sluppe unna rettssak og at eit anklagande vitnemål førte ein fellande dom over livet mitt.

Men eg veit at for Guds domstol må eg stå fram med skuld som svir i samvitet mitt. Då treng eg at nokon kan ta dette frå meg og bere det bort. Eg treng å bli frikjøpt frå den evige dom. Eg treng å bli frelst. 

Difor lyttar eg til Jesu ord: «Dette sier jeg for at dere skal bli frelst»
Difor tek eg til meg vitnemålet frå han som ryddar veg for Jesus, og som seier om Jesus: «Se, Guds lam, som bærer bort verdens synd!»
Det han vi alle skal sjå på i dag.
Og på den yttarste dag, på dommens dag, vil dette bli det aller viktigaste vitnemålet:
«- Eg har teke bort verda si synd. Eg har teke bort dine synder.»
AMEN

søndag 21. desember 2014

4.s. i adv.tida II. 21.12.2014
Arna ~ Samisk gudsteneste i Skrudhuset, Bergen domkirke
Luk.1,39-41

Forventning. Det ligg i lufta
Maria har nett fått vite at ho skal bli mor. Eit svangerskap på ni månader ligg framfor henne. Så skal det bli fødsel.
Ein fødsel utanom alle andre fødslar. Maria veit at ho og Josef aldri har vore saman slik at det kan bli barn av det. Og heller ingen anna mann har rørt henne. Likevel skal det ufattelege hende.

Først vart ho redd. Så kom forventninga. Og gleda. Og lysten til å dele forventninga med nokon.  Ho hadde så mykje på hjarta, Maria. Og ho bar så mykje under hjarta, Maria.
Ho hadde hatt englebesøk. Kven kunne ho snakke med?
Josef, sjølvsagt. Han var alt innvigd i det som hadde hendt. Og ubegripeleg nok – Josef hadde akseptert. Han skulle bli far, utan at han var far. Han ville ta Maria til seg og leve med henne som si kone.

Forventning.
Stega oppover i fjellbygdene dit Maria visste at slektningen hennar, Elisabet, no gjekk gravid i sjette månaden, dei stega var lette. Maria hadde undra seg over at den gamle Elisabet kunne vere i slike omstende. Ho måtte snakke med henne. Dele forventinga. Få høyre om englebesøket som Sakarja hadde opplevd. Elisabet og Sakraja budde i prestebustaden, men Sakarja var prest i tempelet. Sakarja hadde hatt englebesøk der, i tempelet. Ein engel som til og med hadde sagt namnet på barnet dei to gamle skulle verte foreldre til. Johannes skulle han heite.

To nye liv var på veg,. To kvinner skulle verte mødre.
Men desse to borna var heilt spesielle. Det viser også namna deira:
Johannes  betyr Gud er nådig.
Jesus betyr Herren frelser.
Kvinnene var utvalde. Velsigna av Gud sjølv til å innta sine plassar i Guds plan for å frelse verda.
Dei bar på nåden og frelsa under sine hjarto: Johannes = Gud er nådig og Jesus = Herren frelser.
Snart skulle ho føde, Elisabet. Ho skulle føde guten med namnet nåde. Han som vaks til mannen som møtte unåde. Hovudet hans vart til slutt servert på fat i eit vanstyrt kongehus.
Elisabet skulle føde han som rydja vegen for slektningen sin. For Jesus. For frelsa.
I Elisabets hus var Maria lukkeleg. Herrens tenarinne. Men sverdet  skulle stikkast i hennar sjel. (Luk.2,35). Ho skulle kome til å gråte tunge tårer ved ein kross nokre og tretti år seinare.

Men der og då: I fjellbygdene i Juda, i Elisabets hus, prestebustaden for henne og Sakarja, og kan hende med den stumme presten Sakarja som tilhøyrar i ein krok i huset, der var det glede og jubel i kvinneleg lag. To glade kvinner i Herrens teneste. To forventningsfulle kvinner.  Med nåden og frelsa i sine morsliv. Dette var deira gåve til ei heil menneskeslekt. Å bere Guds under inn i vår verd.
Dette er julegåvene vi kan gle oss til på denne dagen den siste i adventtida. Tida med forventing i fokus.
Nåden er komen frå Gud. Frelsa er komen frå Gud. Elisabet og Maria var med å føre Guds gåver til oss. Om dette ber vi fram vitnemål i denne kyrkja i dag.
Men det er meir å ta med seg no tett opp under jul når vi les forteljinga om kvinnemøtet i fjellbygda der Elisabet budde.
For Elisabet var meir enn ei gamal kvinne som endeleg bar på eit barn i sitt morsliv, eit etterlengta barn. Elisabet var også ei kvinne som der og då steig inn i den rolla vi kanskje kunne forvente at mannen hennar, Sakarja heller skulle hatt: Ho tala profetisk til Maria. Fylt av Den heilage ande, står det.
Her var det kvinna som tala. Mannen, presten, var stum fordi han ikkje hadde trudd då engelen tala til han. Men viktigare enn det er:  Elisabet hadde ein bodskap vi skal ta inn over oss når jula nærmar seg for oss. Om Maria seier den åndsfylte Elisabet:
”Sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt henne, skal oppfyllast”

Det Herren har sagt…
Elisabet talar om at Herrens ord om Jesus er sanne. Dei skal oppfyllast.
Barnet Maria ventar er ei fullkomen oppfylling av dei mest grenselause forventningar det går an å ha når ein ventar eit barn.

For kva hadde Herren sagt til Maria? Kva ord bar engelen med seg frå Herren?

For det første namnet – Han skal heite Jesus. Det som betyr: Herren frelser.
Elisabet stadfester det, fylt av ånd og kraft: Herrens ord skal oppfyllast. Maria ber verdens frelsar  som eit foster i sitt morsliv.
Kan vi tenkje oss ein større grunn til forventing?
Maria hadde fått høyre meir om barnet ho venta frå engelen. Det var meir som skulle gå i oppfylling.
Barnet skulle bli stort, og kallast Son til Den høgste. … Han skal vere konge over Jakobs hus til evig tid. (Luk 1,32-33)
Dette er engleord om Jesus som no er på veg inn i vår verd. Engleord som samstundes er Herrens ord. Ord frå himmelen om Jesus som snart skal fødast.

Men lenge før englebesøket til både presten Sakarja og til Maria, hadde Herren tala ord om barnet som no var i fokus.
Vi har lese desse orda i gudstenesta i dag. Orda frå profeten Mika om han som skal fødast i Betlehem. Dei orda var gamle. Kanskje hadde det på Elisabet og Maria si tid gått så mykje som 750 år sidan profeten hadde tala dei orda. Orda vi i dag har lese frå det 5.kapitlet i Mikaboka.

Også desse orda, orda frå profetens munn, er ord som skal gå i oppfylling slik Elisabet talar om det.
Mika sa fleire viktige ting om han som skulle fødast i Betlehem, ein gong langt inne i framtida.
Det som eg vi løfte fram i denne gudstenesta, er den siste setninga vi las frå Mikas profeti om denne fødselen: ”Og han skal vera fred”  (Mika 5,4a)
På Betlehemsmarkene, hundrevis av år etter at Herrens ord lydde gjennom profeten Mika, og ni månader etter at Elisabet tala, fylt av Ande, til sin slektning, Maria, så kom englane på nytt og stadfesta Herrens ord. ”Ære være Gud i det høgste, og fred på jorda, blant menneske Gud har glede i!” Slik lydde englesongen Då alt vart oppfylt.

Fredsfyrsten, som ein annan profet kalla han, (Jes. 9,6) han som i flg Mika ”skal vera fred”, han kom med fred til Betlehem og til jorda vår.
Med frelse og med fred.
Ikkje noko treng vi meir til i dag enn frelse og fred. Fred med Gud. Og fred mellom menneske.
Det var forventning og spaning i lufta der desse to kvinnene møttest i fjellbygda. Ei gamal og ei ung kvinne. Men kvart sitt gutebarn i morsliva sine. Med Guds nåde og Herrens frelse.

Det er forventning i lufta på den siste adventsøndagen også. Juleforventning.
Vi rettar hendene våre ut mot frelsa frå vår Gud. Vi tek mot han. Vi gleder oss over at han kom, og at han framleis kjem.

Men så må vi også bruke denne glade forventning til å be fram det Jesus kom for å gje oss.
Be fram frelse for vår medmenneske.
Be fram fred mellom våre medmenneske. Ikkje minst fred i Betlehem, dit han kom. Der det hende. Der forventningane først vart innfridde då Gud vart menneske.
I dag har vi menneske vendt Gud ryggen slik at ufreden rår, ikkje minst ved Betlehem. Difor ropar vi med håp og forventning på han også i år:
Kjære Jesus: Kom til oss på nytt. Kom med di frelse. Kom med din fred.
Kom - i denne jula vi snart skal gå inn i.
Amen




søndag 15. desember 2013

I tvil


3. s i adventtida I – 15.12.2013
Arna
Matt. 11, 2-10

Når ettermiddagsmørkret senkar seg her på våre breiddegrader, så er det godt med noko som lyser opp, også hjå oss. Det er godt å samlast til gudsteneste i adventtida. Det er godt å tenne lys inne. Det skaper glede og forventning med adventkransen som brenn. Og det er ikkje berre kalenderen og termometeret som gjer at vi treng å feste augo og sinnet vårt på det som lyser opp. For det er mangt rundt oss som får mørkret til å kjennast knugande og tungt, sjølv om det hadde vore høgaste sommar.

På TV-skjermen grin dei sterke og vonde bileta mot oss. Sidan sist vi hadde advent har det vi omtalar som kriser avløyst kvarandre. Kontinuerleg klimakrise. Finanskrise i Europa. Eg sjølv flytta for eit par veker sidan frå Åsane til Knarvik, og opplevde for nokre dagar sidan at dei som har bygd hus for meg står utan arbeid og løn no når jula nærmar seg. Nesten 200 familiar i Nordhordland er ramma av ein svær konkurs i lokalmiljøet. Frå øya rett utanfor Bergen der eg var prest berre for nokre få år sidan, hørde vi i veka som gjekk både om dødsulukke og drap. Og alt dette som angår vår kvardag vert ramma inn av stadige konfliktar, krigar og naturkatastrofar ute i den store verda. 
Det er ikkje berre fordi vi bur langt mot nord at vi kan tale om mørketid.

I vårt eige land ser vi korleis rikdommen vert større og større for mange av oss, nesten for kvar dag som går. Samstundes veit vi at fattigdomen aukar hjå ein del av oss. Skilnaden mellom dei som har mykje og dei som har lite og ingenting vert større og større. Fortvilinga hjå dei som taper, er mørk som natta. Kva slags lys skal dei speide etter, dei som ikkje får endane til å møtast? Og korleis skal det gå for dei som er truga av å misse det dei har?

Vi treng lys i mørkret, dei aller fleste av oss. Slik han også gjorde det; døyparen Johannes. Vi kan vere trygge på at det vart mørkt i fengselscella der han sat. Mørkt, kaldt og trist. Kan hende såg han, gjennom gitteret i cellevindauga, bort på den strålande opplyste borga der fylkeskongen Herodes heldt til. Det var stort sett dei einaste lysglimt han hadde i sitt mørke fengselstilvære.

I cella si fekk han god tid til å gruble over korleis livet hadde endra seg for han. Frå lyse og gode dagar den gongen han heldt til ute ved Jordan-elva, og folk kom i store flokkar til han for å verte døypt, til no når han sat fengsla og lagnaden kvilte i hendene på den lunefulle Herodes.
Rett nok fekk Johannes av og til besøk i fengselet av nokre av læresveinane sine. Slike som han i si tid hadde døypt i Jordan. Og dei kunne fortelje at no samla dei seg, dei store flokkane som tidlegare hadde kome til Johannes, rundt Jesus, slektningen hans. Johannes tenkte ofte på det som hadde hendt mellom han sjølv og Jesus. Han hugsa sine eigne, kraftfulle profetiske rop: Vend om, for himmelriket er nær! Og mens han forkynte på denne måten, var det at han såg Jesus kome til seg for å la seg døype av Johannes. Særleg godt hugsa Johannes duva som dala ned over Jesus under dåpshandlinga, og ikkje minst den veldig røysta som lydde frå himmelen då Jesus steig ut i Jordanelva: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» Matt 3:17

Johannes hadde høyrt Guds eiga stemme som vitna om kven Jesus var. Det var difor med full rett at Johannes også hadde tala profetisk om Jesus då han hadde peika han ut og sagt: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! Joh 1:29

Johannes hadde mykje å minnast, og mykje å tenkje på der han no sat i cella si. Men mørkret i cella gjorde sin verknad, også på Johannes sitt sinn og på tankane hans. Johannes hadde hatt så store forventningar til Jesus. Han hadde sagt så store ord om Jesus. Han hadde peika Jesus ut som Messias, frigjeraren. Han som skulle kveikje lyset for jødefolket.
Men i det mørke fengselet vart Johannes meir og meir i tvil. Kvifor tok ikkje Jesus snart til seg kongemakta si? Kvifor sende han ikkje den vonde Herodes og den endå vondare kona hans, Herodias, bort frå kongsborga? Kvifor greip ikkje Jesu inn, slik at han sjølv, Johannes døyparen kunne kome ut or dette mørke og fæle fengselet?

Døyparen Johannes var komen i tvil!

Profeten, - han som Jesus sjølv omtalar som den største av alle som er fødde av kvinner - han tvilte på det han sjølv tidlegare  hadde høyrt om Jesus og det han hadde sagt om Jesus. Difor er det òg at dette fortvila skriket frå Johannes i den mørke cella når fram til Jesus via læresveinane hans: 
«Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» Matt 11:3
Mørke tankar i ei mørk tid vart ikledde ord og nådde fram til Jesus.

Og mange mellom oss kjenner seg igjen. Når vanskane i livet tårnar seg opp, når livssituasjonen vert fortvila nok, så kjem snart òg anfektinga og tvilen. Slik det var for Johannes, slik har mange det i dag og. Mørkret senkar seg. Lyset er så langt borte, og skimtar vi lyset, så ser vi det kan hende gjennom noko som for oss er som eit gitter.

Korleis kvar og ein av oss kjenner det i adventstida akkurat dette året, er sikkert noko ulikt. Men sams for oss som er i lag nett no, er at vi har funne vegen til Guds hus denne adventsøndagen. Vi vert møtte av bodskapen om han som ein gong kom til jorda. Han kom den aller første jula. Ein gong skal han kome attende til jorda. Då skal han hente oss heim til seg. Inn i Fars hus – det som har så mange rom. Det høyrde vi om i kyrkjene våre sist adventsøndag.  Men tvers gjennom heile adventtida går det igjen at Jesus kjem til oss i dag, her og no.
Maktar vi å tru dette?
Er det mogeleg for oss å sjå kor stort dette eigentleg er, for kvar og ein av oss? Eller  kastar det mørke som skjer i oss sjølve eller i verda rundt oss, slike skuggar inn over våre liv at til og med Jesus, han som kallar seg sjølv for lyset for verda, vert eit lys som sloknar slik at mørket vert endå tettare?

«Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» spurde Johannes.
Er det slik du også tenkjer om Jesus?
Du er i så fall langt frå den einaste som kan verte ramma av giftige pilar med tvil.
Men midt i vårt mørke, anten det berre er vintermørket som vil vika plassen for meir og meir lys når berre sola på himmelen kjem i ein betre posisjon om nokre få dagar, eller det er mørket i ditt eige sinn, eller det er tunge og mørke saker i samfunnet rundt oss; midt i dette mørket står Jesus i dag fram og innbyr oss til å sjå endå betre etter. Han vil så gjerne at du skulle få sjå det store lyset, fordi han kallar seg sjølv for lyset for verda.
 Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser, og lamme går,  spedalske blir reine, og døve høyrer,  døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige. Matt 11:4-5

Er det vanskeleg å sjå Jesus i vår tid?
Kan hende er det det. Men sjå deg likevel rundt. Du er i Guds hus nett no. Evangeliet vert forkynt for fattige, og vi må leggja til: -for rike - Arnafolk! Dette er eit av teikna på at Jesus er nær oss.
Når Jesus siterer for oss desse orda, så viser han eigentleg til skriftene. Han siterer eldgamle ord frå profeten Jesaja. Akkurat dei orda vi har lese tidlegare i gudstenesta då vi las frå GT.
Jesus vil drive bort Johannes sin tvil ved å vise til skriftene. Han vil demonstrere at profetiar er til å stole på. Skriftord svevar ikkje i lause lufta som vakre ord utan konkret innhald. Det som vart sagt skal skje. Og- seier Jesus: No skjer det! Det hender under og teikn. Blinde ser, og lamme går,  spedalske blir reine, og døve høyrer,  døde står opp. 
Men slikt skjer ikkje lenger, seier du kan hende.
Eg seier endå ein gong: Sjå deg rundt! Åndeleg blinde menneske har fått opne augo. Dei har sett Jesus. Dei som sa at trua på Jesus ville døy ut med dei gamle, tok feil. Nye kristne har kome til. Nye som har sett som og som trur. Unge kristne. Framleis fyller vi kyrkjene opp. Trass i motstand frå mange i det offentlege rom. Born vert døypte, slik vi har gjort det i dag. Og i kyrkja forkynner vi om lyset i mørket. Lyset frå Gud som skal lyse, skine og setje lyskastar på han som kom, og som skal bere bort syndene våre slik døyparen Johannes tala om.

For mange år sidan song Kristin Solli Schøien om dette på sin spesielle måte:

Hvem sier at kirker er tomme?
Gud var i kirken i dag.
Framme i kirkekoret
Hørte jeg vingeslag. 

Hvem sier det ikke skjer under?
En gang ble vann til vin;
i dag ble vinen og brødet
til frelse for sjelen min.

Hvem sier at Gud bare dømmer?
Jeg møtte en kjærlig Gud.
Han selv ba meg om å komme,
han fulgte meg da jeg gikk ut.

Er ikke det et under
At jeg som er ussel og stygg
Og egentlig burde dømmes
Får lov til å være trygg?

Det er mørketid. Det er adventtid. Men midt i mørkret og midt i advent har vi lyset. Vi har Jesus.
Vi får lov til å tvile. Vi får lov å rope: Kvar er du, Gud?

Men når du no er komen til Guds hus i denne tida, anten du tvilar eller trur, så skal du opne augo dine og sjå at det lyser. Han som er den som skulle kome, han kom! Han er her. Han kveikjer eit lys i dag, på 3.søndag i adventtida. Eit lys som splittar mørkret; mørkret i oss, mørkret rundt oss, mørkret i verda.

Det har til og med skjedd under i denne gudstenesta i dag. Tre born er borne til dåpen. Vi såg ikkje Guds hand som bøygde seg ned og rørte ved dei. Men det er kyrkja si faste tru at det var nettopp det som hende. Gud er nær i dåpen. Han rører ved borna og gjer dei til sine. Då Jesus sjølv vart døypt, kom det ei due frå ein open himmel og Johannes døyparen høyrde ei mektig stemme. I dag oppfyltest skriftordet om at dette var Guds son som var nær: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»


For oss er det kanskje meir som Kristin Solli Schøien uttrykkjer det:
Hvem sier at kirker er tomme?
Gud var i kirken i dag.
Framme i kirkekoret
Hørte jeg vingeslag.

Det skjer til og med fleire under her i kyrkja i dag. Snart skal du få kome fram til altaret. Knele ned og ta i mot Jesu lekam og blod.

Hvem sier det ikke skjer under?
En gang ble vann til vin;
i dag ble vinen og brødet
til frelse for sjelen min.

Vi skal ikkje venta på nokon anna. Jesus er her. Han er her for oss alle!

søndag 8. desember 2013

Forventning

2. s. i adventtida. I – 08.12.2013
Eidsvåg
Johs 14,1-4
Eg er ganske sikker på at året som no snart er slutt har vore eit år fullt av spaning og forventning i minst ein familie her i kyrkja. Mor og far og søsken har venta på det som skulle skje. Ein fødsel. Eit nytt menneske. Familien skulle verte større.

I advent i år har vår kyrkje fått ei ny salmebok.
Her i Eidsvåg vil de vente litt med den. Vente med å pakke den opp til det vert jul, og det er heit fint.
Men lat meg sitere litt frå ein av dei nye salmane i den nye salmeboka. Edvard Hoem er forfattaren, og han har sett nydelege ord på situasjonen der mor og far ventar på barnet som skal kome. Hoem uttrykkjer det slik på nr. 305 i vår nye salmebok:

Vente, vente Herrens time,
barn som no blir til i meg.
Mine hender grip all verda
når eg stryk og kjenner deg!
Vente, vente, heilt aleine
styrer du mot denne verd.
Bur i meg bak fjerne himlar,
er ein annan, er meg nær!

No har den biten av spaning og forventning fått si utløysing. I dag kan de vise fram barnet her i kyrkja. Glade og stolte. Høgtideleg har vi døypt. Lys er tent. Til og med adventlys har de søsken tent for oss alle. Forventningane skal leve vidare inn i tida som opnar veg fram mot jula. Då skal det enno ein gong handle om fødselen. Men ein heilt annan fødsel for lenge, lenge sidan, og som heile verda kvar einaste år minnest på nytt og på nytt.

Adventtida er tida for forventning. Og det er tida for å vente. Vente på han som kjem til oss. Han som kjem til verda i ein fødsel. Han som kjem frå Gud. Han som er Gud, men som kjem til oss som eit lite menneskebarn. Han kjem, sjølv om han allereie har kome. For han som kjem, han kom den gongen den første jula. Og så skal han kome enno ein gong. Han skal kome tilbake for å hente sine heim til seg. Og mens vi leikar litt med grammatikken: Å kome – kjem – kom - skal kome, så  ventar vi. Med forventning.

Slik har det vore tilbake i uminnelege tider.
Tidlegare i gudstenesta las vi dei eldgamle orda frå GT – frå Salme 33:
”Vår sjel venter på Herren; han er vår hjelp og vart skjold …
La din miskunn være over oss, Herre! Det er deg vi venter på”

Eg sa nett at i advent handlar det også om å vente på at Jesus ein gong skal kome tilbake og hente oss heim til seg. Det er om dette vi kvar søndag  les denne kjende formuleringa som vi kjenner i vår truvedkjenning. Der heiter det om Jesus at han ”.. fòr opp til himmelen, skal derfra komme igjen  og dømme levende og døde”

Det er ikkje alltid så lett å tale om at at Jesus skal kome att. Mange vert redde av slike ord.  Det er også mange som tenkjer at når Jesus kjem for å hente sine heim, så skjer det ved at nokon døyr. Det er det også vanskeleg å tenkje på og å tale om. Og i alle fall er det vanskeleg å knyte forventning til eit slikt tema. 

Men i evangeliet vi har fått høyre i dag uttrykkjer Jesus seg med ord som likevel maktar å pirre forventninga i meg. Vi høyrde han tale om Fars hus. Huset med dei mange rom. Staden han skal stelle i stand for oss. Og han seier altså: ” – når jeg har gått og gjort i stand et sted for dere, vil jeg komme tilbake og ta dere til meg, så dere skal være der jeg er.”   
Høyrde du: Han som kom til oss seier også at han vil kome tilbake for å ta oss til seg.
Han vil kome tilbake frå Fars hus. Der det er så god plass i dei mange rom. Der han laga til for oss. Der mange allereie har flytta inn. Inn i huset der eg trur det er konstant fest og glede.

Når eg les desse orda, får eg ein boktittel frå Karsten Isachsen si hand i tankane. Han har skrive ei bok som heiter: "Nøkkelhull mot evigheten"
Gjennom tekstane denne søndagen er det som om vi får ein liten glimt inn i den store æva. Omtrent som det vi kan sjå av eit rom om vi kikkar gjennom nøkkelholet. Vi ser lyset. Vi ser kanskje at noko rører på seg. Så pass mykje at vi forstår at der er det liv. Kanhende høyer vi godsnakk, glad latter eller mjuk musikk som sivar ut til oss gjennom det same nøkkelholet. Men den fulle livsutfaldinga der inne anar vi berre breidda av.

I adventtida er vi slike som har ein Herre som bur i eit hus med mange slike rom. Vi kan lese andre stader i Bibelen om at Jesus fortel likningar som viser oss eit festhus, eit hus der det er gjestebod, og der han er Herren som går ut frå huset for å by inn til fest. Og då gjeld det om å vere klar til å følgje med han som kjem for å hente oss inn til denne festen. Då er di og mi oppgåve å ha alt klart og ferdig til han kjem heim frå det flotte gjestebodet. (Luk.12,35f)

Men i mellomtida kan vi driste oss til ein gløtt gjennom nøkkelholet. Det vesle vi ser fyller oss med forventning og glede og lyst til også å få vere med der.
Men berre han som er herren vår kan ta oss med dit inn. Vi må vente på at han kjem. Vi må ikkje sovne av eller sløvne bort slik at vi ikkje er klar til å vere med på fest når han brått kjem for å hente oss.

I dag skal vil leggje auga inn til det kikeholet Gud har gjeve oss for at vi skal få ein glimt av det som ventar oss på den andre sida. Dette kikeholet er rett og slett det vi kan lese i Guds ord, i Bibelen. Ser vi etter der, inn i det største rommet i huset til Far, det som har så mange rom som vi elles berre anar at det lyser frå, men som vi registrerer gode lydar frå, og der vi ser at det rører seg i liv, der gjev Gud oss også von om at vi kan få møta att dei som døden skilde oss frå her i dette livet. Difor er det forventning knytt til å møte Jesus. Difor kan vi gle oss til å vere i lag med Far i huset med dei mange rom.

I dag er fokuset på å vente. Vente på at huset skal vere klart. At mitt rom heime hjå Far i 
himmelen skal stå ferdig til innflytting. Der er uendeleg mykje forventning knytta til alt dette. 

Eg veit personleg mykje om det, for i veka som gjekk, kunne eg og kona mi flytte ut av tenestebustad og inn i eigen privat bustad. Nytt hus. Nye rom. Nytt utsyn. Nye menneske rundt oss. Spaning og forventning.

Ein gong kom Jesus til deg og meg. Han flytta inn mellom oss. Det var i jula. Med spaning og forventning førebur vi oss til å feire den høgtida enno ein gong.
Ein gong skal vi kome til Jesus. Det skjer når han hentar oss heim til huset  med dei mange rom. Også det må vi førebu oss på. Førebu oss ved å velje veg og retning slik at vi finn fram, slik at vi ikkje villar oss bort på vegen heim.

”-- dit jeg går, vet dere veien” seier Jesus i dag.
Om vi ikkje veit, så kan vi få vite. Vi kan få vite ved å lytte til Jesus. Ved å lære om Jesus. Ved å opne oss for Jesus i våre liv.
Aldri er det meir å høyre om Jesus, om hans kome og om hans liv, enn det er no i desse vekene i året som vi nett har gått inn i.
Fødselstida står for døra. Forventninga toppar seg. Vi vil møte Jesus og helse han velkomen til oss og følgje han på våre vegar vidare i livet.
Følgje han på vegen til Fars hus.

Vente, vente, livets under
skjedde i ein stall ein gong,
gjetarar som sov på marka,
høyrde englane som song.
Korleis kunngjer Gud sin kjærleik
slik at mennesket forstår?
I ein fattig fødselstime
ser vi kvar hans vegar går.

                                                    (Norsk salmebok, nr. 305, v.2)


Bloggarkiv