søndag 2. mars 2014

Jesus ber

Fastelavnssøndag I – 02.03.2014
Eidsvåg
Johs. 17,20-26

Jesus ber.
Inderleg og personleg. Han går inn i ein tett, tett samtale med sin Far i himmelen, med Gud sjølv. Så nært og så tett at vi i dag ville sagt at dette er privat. Dette skal ikkje skje i påhør av andre eller med rett til å referere det som vert sagt.
Jesu bøn som vi kan lese i det 17.kapittelet av Johannesevangeliet er ei eineståande bøn.
Her opnar Jesus eit vindauga inn mot seg sjølv og sitt nære forhold til sin Far. Han sjenerer seg ikkje for det private. Heller ikkje er han redd for å syne fram det mysteriøse, det som eigentleg er ein løyndom av guddommeleg format, men som han vel å openberre for sine nære vener. Det som handlar om ein overjordisk einskap mellom Far og Son, mellom Gud og Jesus.
Jesus brukar desse orda: ”- du, Far, er i meg og jeg i deg”
Av og til er det godt å stige inn i ei kyrkje, lytte til bibelordet, la det sige inn i tanke og sinn, opne hjarte for det, og prøve å kvile i at dette er ein bit av sjølve mysteriet som berre er for trua og som er for stort for vitskap og rasjonell forklåring.

Guddommen er av ein slik karakter.
Gud er slik. Han er utanfor oss. Han er større enn nokon av oss. Han er sjølve livgjevaren og skaparen.
Og i ein einskap med han er Jesus. Son hans, som vart menneske. Også det er utanfor fatteevne og rasjonell tilnærming.
Men det er dette vi trur på i kyrkja. Det er dette vi byggjer livet vårt på, vi som trur. Det er denne trua vi stolar på skal vere brua over frå det kjende livet her på jorda til det ukjende og evige bak død og grav.

Ein liten flik av dette ubegripelege, mysteriøse og evige kjem i fokus når vil les bøna som Jesus bed – hans innarste og private samtale med Far. ”- du, Far, er i meg og jeg i deg”
Men Jesu øvsteprestelege bøn, som vi gjerne kallar det vi les her i Johs.17, er meir enn eit glimt inn i det tette og uforståelege forholdet mellom desse to personane i den treeinige guddommen. Bøna er også full av gripande ord om kva som ligg Jesus aller mest på hjarte. Vi kan lese korleis Jesus ber for dei han kallar for sine. Det er alle dei som trur på, og som kjenner Gud Fader, og han Gud har sendt til jorda Jesus Kristus.
Overskrifta som er sett inn i vår Bibel over dette kapittelet er kort og godt: ”Jesus ber for alle sine”
Det skal alle vi som er benka her i Eidsvåg kyrkje i dag ta inn over oss. Jesus ber for sine. Då ber han vel også for deg?
Jesus seier i dag at han ber for ”-dem som gjennom deres ord kommer til tro på meg.”
Som ein litt løynd og innvevd tråd ligg det i heile Jesu bøn eit moment av ei tru som vert utfordra. Di og mi tru på Jesus. Vår tru på dette som er så stort for tanken vår, men som likevel er så påtrengjande – det at Jesus er midt mellom sine samtidige og kallar dei til eit liv i lag med han og dermed også til eit evig liv i lag med Gud Fader.

Jesus gjer det ikkje lett for trua når han dreg inn slike ufattelege tankar som det at Jesus og hans Far i himmelen er eitt - men likevel to, ja faktisk også tre, slik vi kunne ha utvikla denne tankerekkja om vi hadde hatt tid til det, og drege inn fleire ord frå Bibelen.
Og det er vel nettopp det at vi ser inn i noko overjordisk, guddommeleg – at vi smakar på det som vi i vår nattverdliturgi omtalar som ”Stort er troenes mysterium” – det er dette som for mange lokkar dei inn i ei kyrkje som elles kan synast skrøpeleg og skeivt samanskrudd.

Det står mange menneske utanfor kyrkja og brukar sterke og nedsetjande ord om dette trusfellesskapet som kyrkja faktisk er. For sant å seie er det ikkje så vanskeleg å få auga på feil og manglar ved kyrkja vår. Eller ved andre kyrkjesamfunn. Vi som trur er ikkje feilfrie. Langt, langt derifrå.
Men vi kastar eit anker av tru inn mot han som vi opplever har kraft, styrke og rettferd nok til å halde oss fast. Til å halde oss saman. Og til byggje ei kyrkje som er ein levande organisme, ikkje på grunn av dei som høyrer til der – mykje meir på tross av. Kyrkja er fram for alt levande takka vere han vi trur på. Han som lever tvers gjennom alle tider og som heile tida ber for dei som er hans, altså for dei som trur på Han, på Jesus Kristus.

Jesus ber. Inderleg og personleg. Han går inn i ein tett, tett samtale med sin Far i himmelen, med Gud sjølv.
Kva er det han ber om?
Viktigast av det vi kan lese i orda vi har framfor oss på denne søndagen, er at Jesus ber om at alle dei han kallar sine må vere eitt.
”Må de alle være ett, slik du, Far, er i meg og jeg i deg.
Slik skal også de være i oss, for at verden skal tro at du har sendt meg”
Det er lite som er så negativt for kyrkja sitt omdømme og rykte som oppsplittinga og kranglinga vi ofte ser mellom kristne, eller mellom ulike kyrkjesamfunn.
Også lokalt i Bergen, eller i våre bydelar i Arna og Åsane, ser vi at kyrkja er splitta. Framleis er det store fleirtalet tilhøyrande Den norske kyrkja, men vi har ei rekkje kyrkjelydar som står heilt fritt i forhold til storesøster, Den norske kyrkja. Vi ser også at det vert danna forsamlingar rundt fleire av bedehusa våre. Slik har det vorte på eit av bedehusa der vi heldt gudsteneste i regi av Eidsvåg menighet den gongen eg sjølv var kapellan her i Eidsvåg for ca 30 år sidan. Dei som kjenner seg heime her er kanskje framleis medlemer av kyrkja vår, men dannar likevel eigne fellesskap der dei til og med praktiserer dåp.
Det eg seier no, er ikkje eit forsøk på å vurdere eller kritisere eller rose det vi ser.
Berre på å konstatere.

Men det gjev óg ein sjanse til å peike på at det faktisk fins alternativ til å splitte seg opp, til at ein i ein kvar samanheng må skilje lag; til å gå inn på vegar som synest å føre ut i det som liknar isolasjon.
Det går an å møtast på tvers av kyrkjegrenser og trusfellesskap. Økumenisk fellesskap kallar vi det.
Økumenikk er ei stor sak for dei kristne kyrkjene. Arbeidet som vert drive på dette feltet på topplan er ei blanding av tung teologi, avansert diplomati og etter å søkje menneskeleg forbrødring.
Men også på grunnplanet, i mykje enklare former, og utan dei tunge teologiske agendaene på arbeidsbordet, går det an å møtast på tvers. Eit lokalt eksempel er dei økumeniske gudstenestene som vi hadde både i Åsane og i Arna for nokre få veker sidan. Vi var samla frå mange ulike forsamlingar. Vi delte det vi står saman om. Trua på Jesus. Trua på at han openberrar seg for oss gjennom Bibelen, det vi kallar for Guds ord.

I dag hører vi at Jesus ber nettopp om dette. At kristne som trur på han skal samle seg. Vere eitt.
Dette er ein veldig visjon for alle som trur. Dette ber også vi om i vår kyrkje. Dette arbeider vi mot.
Alle kristne ser for seg at ein gong skal dei truande samlast i Guds evige rike, i det vi ofte omtalar som himmelen. Der er det ingen som tenkjer at det skal være splitting og trusretningar. Då kan det kanskje vere lurt om vi i mellomtida øver oss litt på det vi håpar på! Øver mens vi lever her. Øver på å vere saman. På å møtast, litt på tvers.

Eg synes eg høyrer det er dette Jesus sjølv ber om. For ein gong ba han slik: ”Må de alle være ett, slik du, Far, er i meg og jeg i deg. Slik skal også de være i oss, for at verden skal tro at du har sendt meg”

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv