lørdag 16. juli 2016

Døm ikkje


9. s. i treeiningstida, III. 17.07.2016
Eidsvåg kirke
Luk 6, 36-42
«Døm ikkje.
Fordøm ikkje.
–så skal de ikkje fordømmast.»

Det kan vere ubehageleg å stå fram som kristen i våre dagar. Ikkje minst fordi det er så mange som fordømer oss. Som dømer oss.
Mange rundt oss klagar kristne for å vere fordømande. For at vi blandar oss inn i andre sine liv. Kristendom er ein kultur dominert av dømesykje vert det påstått.
Er det sant?
Har våre kritikarar rett?
Eller er det våre postmoderne medvandrarar gjennom livet som ikkje toler at det finst andre som lever med eit sett av normer og reglar som er forpliktande for tru og livsførsel?

«Døm ikkje.
Fordøm ikkje.
–så skal de ikkje fordømmast.»
Det kan vere ubehageleg å vere vitne til diskusjonane mellom kristne som pågår i våre dagar. Homofilidebatten har skapt bølgjer. Vonde kjensler. Den har avfødd sterke ord. Fordømande ord. Mange er såra. På begge sider.
Dei siste par vekene har debatten rasa i våre kristne dagsaviser omkring Osaestemnet som i desse dagar går av stabelen i Fredrikstad. Oaserørsla har fått harde ord mot seg. Det har lydd svar som heller ikkje var behagelege å lese.
Det kan fort bli slik at diskusjonar av dette slaget som handlar om viktige tema for den kristne kyrkja opplevest fordømande. Og vi gjentar spørsmålet: Er det sant dette? At kristendom er ein kultur dominert av dømesykje.
Denne søndagen er det godt om alle som høyrer med i vår kyrkje går i seg sjølve og lar orda frå Jesu munn få sleppe til i våre liv.
Det var godt om vi kunne lytte ekstra nøye utan å gå i forsvarsposisjon.
Det er veldig enkelt og lettvint å avfeie dagens nærgåande formaning frå Jesus med at folka i Dagbladet eller VG eller NRK eller lokalavisa er nett like fordømande i si innstilling til den kristne kyrkja og til dei kristne menneska som høyrer til der, som vi er, vi som får skuldingane om dømesykje inn over oss.
Kanskje er det slik det faktisk er?
Men nett i dag lar vi det liggje. I staden set vi oss betre til rette i kyrkjebenkene for å ta inn over oss det som ikkje er bibelsk refs til vårt moderne, pluralistiske samfunn, men sterke formaningar frå Jesus til alle som vil leve nær han og som vil være ein del av hans kyrkje på jord. Han seier altså:
«Døm ikkje.
Fordøm ikkje.
–så skal de ikkje fordømmast.
Dette er vanskeleg. For mange gonger kjenner vi så tungt på oss at vi har ei god sak. At nokon har gjort urett. Sagt noko feil. Står for ei haldning som må vere feil – at vi er bortimot programforplikta til å seie frå. Til å felle ein dom. Til å ta fram dei store bokstavane. Det kan til og med vere at vi opplever det som eit kall å opne Bibelen, lese høgt og nærmast brøle ut eit overtydeleg AMEN!
Betyr Jesu formaning i dag at det skal leggjast lokk på all meiningsutveksling?
Er det slik at ingen kan protestere når bibelsk vranglære dukkar opp i kyrkja vår?
Har ikkje representantar for dei kristne anledning til å argumentere for eit etisk rett liv i eit samfunn som tvers gjennom er prega av haldninga: «-ikkje bry deg med mitt!»?
På denne søndagen vert vi møtte med nokre av dei utsegnene frå Jesus som har gjort at han til alle tider har framstått nesten uverkeleg radikal.
Han talar om at vi ikkje skal framstå som fordømmande.
Men han talar også om at vi skal vere miskunnsame. Vere barmhjertige.
Her er det ein nøye samanhang.
Det heile vert nokså tydeleg når vi tek inn over oss dette fabelaktig gode biletet han tek fram på slutten av tekstordet til oss i dag. Det om bjelken i ditt eige auga, og flisa i auga til bror din. «Din hyklar» seier Jesus. «Ta først ut bjelken i ditt eige auge. Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.
Vere miskunnsame. Barmhjertige.
Huske på dette med bjelken og flisa.
Då vert det enklare å kunne forhalde seg til dette med å dømme utan å bli fordømt.
Når eg les desse orda som Jesus har å seie oss i dag, kan eg ikkje sjå at han legg ned ein bom for å diskutere eller for å meine noko.
Ein som ofte kom i stridssamtalar og som vart dregen for retten ved fleire anledningar fordi han forkynte om Jesus og i samsvar med det Jesus ville, det var Paulus.
Orda til Jesus om ikkje å vere fordømande, om å sjå bjelken framfor flisa, og om å vere miskunnsam, var ord som også Paulus måtte ta inn over seg.
Difor har apostelen gode råd å gje omkring alt dette når han frå sitt fengselsopphald skriv brev til kyrkjelyden i Kollose.
I Kol 4,3-6 skriv Paulus:
«Be for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi mysterium, det eg sit bunden for. Be om at eg må få tala slik som eg skal når eg gjer det kjent. Gå fram med visdom mellom dei som står utanfor, og bruk den dyrebare tida godt. Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild.»
Vennlege ord, men ord med salt i; altså ord som kan svi utan at dei bryt ned og øydeleggjer kommunikasjonen – det er rådet frå ei fengselscelle det Paulus sit som fange.
Ver miskunnsam. Barmhjertig. Og døm ikkje.
Slik talar Jesus i dag. Og dette er framfor alt ord til kristne. Til Jesu nære vener.
Men kanskje vil vi sende dei vidare til dei som står på utsida av våre fellesskap? Til dei som tilsynelatande nesten nyt å rakke ned på eller kritisere kyrkja og dei kristne.
I dag sender vi ingen ting vidare. I dag tar vi inn over oss alvoret.
Og så løfter vi hovudet mot Jesus og spør: Korleis skal vi då leve, Jesus?
For mitt auga stig då Jesus mot meg frå tempelpassen der farisearane og dei skriftlærde  kom til han med kvinna dei hadde gripe på fersk gjerning mens ho gjorde ekteskapsbrot. Om dette står det i det 8.kap i Johs.evang. at desse mennene som var så ivrige etter å felle dom over henne sa til Jesus:
«Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot. I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?» Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.» Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han. Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»
I dag talar ikkje Jesus berre formaningar til oss. I dag legg han ikkje berre inn over vanskelege utfordringar og formaningar som vi strevar med å etterleve i vår kvardag.
Som alltid er Jesus også det store forbildet.
Han dømde ikkje. Han viste miskunn mot ei som låg tynt an i forhold til loven, i forhold til moralen, og ikkje minst til i alle fall eit av Guds ti bod.
Slik Paulus lærer oss, talte Jesus i denne situasjonen vennlege ord, men ord med salt i. Synda fekk inga orsaking. «Gå bort og synd ikkje meir». Men aller først: «Så dømmer ikkje eg deg heller.»
For min eigen del ber eg i dag til Jesus at han må lære meg å leve slik. Å tale slik.
Og at eg ein gong skal få høyre frå hans munn, sagt til meg om mitt liv: «Så dømmer ikkje eg deg heller.»
For i dag har eg høyrt orda hans: «Døm ikkje. Fordøm ikkje. –så skal de ikkje fordømmast.»
Det må ha følgjer i mitt liv. Eg håpar det vil ha følgjer i livet til alle kristne. At vi kan leve meir slik Jesus legg inn over oss: «Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.»
AMEN.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv