fredag 16. september 2016

Lengsel og sukk


18. s. i treeiningtida. GT-III - 18.09.2016
Bruvik (50-års konfirmantar)
Salme 38.10-16

Kjære konfirmantjubilantar.
Kjære dåpsfamilie.
Kjære kyrkjelyd.


Sommaren vart berre sorga i år. Våt og kald. Vi hang med hovudet her i vest. Vil lengta tilbake til barndommens gode minne om tørrhøy på bakken og svalande bad i ein blank fjord.
Det vart dusj frå det gråe, der oppe, i staden.
Men så fekk vi desse utrulege dagane vi nettopp har hatt i veka som gjekk.
Med eit termometer som dirrar nær 30 midt i september. Alt er gløymt. Vi gler oss.
Og i dag er det fest i denne vesle kyrkjelyden. Ein av dei minste i landet.
Men vi fyller likevel opp den nyoppussa kyrkja.
Vi gler over nyfødd liv som er bore fram og lagt i Herrens hender.
Andre av oss minnest fortida. Tenåringstida. Konfirmasjonen.
Om to år er det min tur til å jubilere, og av og til tenkjer eg: Var det i fjor det hende? Det er berre nokre vindpust sidan, kan det opplevast som. Men så ser eg ut over dykk jubilantar, nokre korte år eldre enn meg, og eg skjønar: Noko har trass alt hendt med oss på desse åra.
I alle fall utanpå!
På denne dagen vert vi møtt av ein av Salmane i GT. Ein klagesalme frå Davids munn.
Har vi grunn til å klage over tilværet på ein så flott dag som i dag?
Med så mykje vakkert og godt som hender rundt oss?
Lat oss aller først, før vi dukkar litt ned i det vi skal minnast om frå Guds ord, også minne kvarandre om å takke for alt det gode vi har fått, og som vi har opplevd.
Ikkje minst tenkjer eg at de som bar Elias til dåpen i dag har ei stor velsigning som kviler i fanget dykkar. Eit nytt liv. Nye forventningar. Ny spaning. Ei veldig glede.
Hjarteleg til lukke med alt som følgjer med det å få eit barn til inn i livet dykkar.
Vi i kyrkja deler gleda dykkar, og oppmuntrar til å gjere maksimalt ut av dette i tida som skal kome.
Men likevel - midt i glede, og midt i jubileum, så vil vi våge å opne oss for denne klaga som stig ut or Bibelens blad på denne søndagen.
Fram mot dagen i dag så har prestar over heile landet grunna på:
Kva vil dei orda som vi nett las, seie til moderne nordmenn anno 2016?
«Herre, du kjenner min lengsel, mitt sukk er ikkje løynt for deg.»
Slik vart tekstavsnittet opna.
Vi høyrer om lengsel og om sukk.
«Hjartet hamrar, krafta sviktar, sjølv lyset i auga har forlate meg»
Slik heldt David fram med å skildre det som er vondt og miserabelt i hans liv.
Og ver trygg, hans sukk har djupare årsak enn ein våt og kjøleg sommar. Det var noko verkeleg vondt som braut på i livet hans.
Les vi lenger framme i denne salmen les vi om tung skuld og om sår som verkjer. Vi har lese om vener og familie som sviktar han. Akkurat kva som feilar og manglar han er noko dunkelt. Men vondt er det i alle fall.
Nokon kvar av oss kan kjenne på noko liknande frå tid til annan. Kanskje til og med på ein så vakker og tilsynelatande perfekt søndag som i dag.
Då eg på fredag sat og førebudde denne preika til dykk, fekk eg avisa Vårt Land i hendene for den dagen. Hovudoppslaget der er ei sak som eg vil stogge litt ved, med tanke på det vi vert møtte med i denne Davidssalmen.
Overskrifta som fylte framsida var først litt kryptisk for meg: «Terroren rammer ikke-ofre psykisk» stod det.
Etter kvar forstod eg at det handla om det vi har vore kjent med gjennom mange år no – dei mange vonde terrorhandlingane vi har vore vitne til.
Sist søndag var det 11.september. Ein fæl dato i nyare historie. 15 år tilbake i tid. Ein dag som var opptakt til mykje av det vi framleis strir med av djevelskap av ulikt forteikn.
Avisa Vårt Land sette altså sist fredag fokuset på dette at store undersøkningar tydeleg viser sterk auke i psykiske lidingar, òg hjå folk som slett ikkje er ramma av terroren.
Eg tenkjer då: Dette ser eg også når eg møter kvardagsmenneske her i Åsane prosti.
Det var i den veka vi no la bak oss at eg snakka med ein mann som såg nokre kvinner gå forbi, ikledd chador, fotside islamske kvinnedrakter. Han gav uttrykk for redsle. Han var utrygg. «Kva gøymer dei under desse framande kleda?» spurde han.
Eg må tilstå: Eg forstår ikkje dette.
Eg kan ikkje begripe at framande skal vere farlege. Objektivt sett trur eg at eg har rett i det.
Men eg kan ikkje hindre andre i å tenkje annleis.
Eg kan ikkje nekte dei å vere redde.
Men er overtydd om at det gå an å kome bort frå dette. Det går an å sleppe framande og annleis truande tett innpå seg. Eg kjenner nokre av dei, og eg veit: Dei er ikkje farlege.
Men terroren  har skapt ugrunna frykt som ikkje lar seg viske bort, heller ikkje ved at ein prest står fram og seier nokre velmeinte ord om dette.
Om seg sjølv sa David i salmen vi las frå:
«Eg er lik ein mann som ikkje høyrer og ikkje har svar i sin munn»
Eg trur mange liknar på David. Vi får ikkje til å høyre. Eller vi vågar ikkje å høyre. For vi har sett noko, langt borte ein stad, som sette kloa i oss: Noko der ute opplevest som farleg. Vil det ramme meg?
Kjære kyrkjelyd.

Våg å løfte blikket. Bort frå det vi er redde for.
Alle ekspertar på dette kan fortelje oss at vi lever trygt og godt her hjå oss. På bakgrunn av ein uttale frå ein høgtståande politimann i Haugesund for kort tid tilbake, har det gått ein heit diskusjon over heile landet om kor vidt utlendingar er farlege.
Same dag som Vårt Land skriv om at frykt for det ukjende skapar store psykiske problem, slår sjefen til denne politimannen fast at mannens opphavlege utspel rett og slett ikkje kan grunngjevast ut frå fakta. Politimeisteren i Sør-Vest politidistrikt seier beint fram: I våre tall er det ingen grunn til å frykte utlendinger.
  
http://www.abcnyheter.no/nyheter/2016/09/16/195242626/listhaug-stottet-kronikk-om-fremmedfrykt-na-tilbakevises-pastandene-av-politimester

Dei framande er ikkje farlege. Dei er berre ukjende. Det går an å lære dei å kjenne.
Opne liv og heim og grend og nabolag for dei, og sjå at dei med tid og stunder vil smelte i hop med oss.
Det eg ber i min ryggsekk, kan vere langt farlegare enn det framande kvinner gøymer under chadoren!
Vi ser framover i dag.
Vi gler oss i dag. Over nytt liv, og over liv som det er grunn til å jubilere for.
Har vi sukk vi ber på, har vi lengsler vi enno ikkje har fått oppfylt, så skin orda frå David mot oss. Ord som kan ta brodden av vår frykt for det ukjende. Ord som kan gje kraft i møte med vår uro for det som gneg oss.
I staden for redsel for det ukjende langt borte, strir du kanskje heller med sjukdom på kroppen, eller det var det noko mellom deg og dine nære som gjekk seg så skeivt til, kanskje kjenner vi oss beint fram urettferdig behandla i samfunnet?
I møte med noko av dette, eller i møte med andre sider ved livet du lever, og som formørkar tilværet ditt, vil eg i dag gje deg desse orda; og bruk orda til David som di bøn:
«Det er deg Herre, eg ventar på. Du vil svara meg, Herre, min Gud»

 AMEN

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv