fredag 21. juni 2019

Nattprat i lyset


2. søndag i treeiningstida III.
Ytre Arna
Johs 3,1-13
Nattprat.
Nikodemus.
Ny fødsel.
Nytt liv.
Vi skal innom desse underoverskriftene i preika vår denne søndagen.

Nattprat.
Kvifor hende det om natta? Det er ikkje sikkert det finst eit oppsiktsvekkjande svar på det spørsmålet. Det er ikkje sikkert at spørsmålet er spesielt viktig ein gong. Men det er alltid sikkert at dette vert eit tema når denne forteljinga skal løftast fram. «Han kom til Jesus om natta», står det om Nikodemus.

Eg har mange gonger før tala over denne teksten. Då har eg ofte brukt ord som dette:
Mannen som oppsøkjer Jesus kjem ikkje i vanleg kontortid. For då kunne han risikere at nokon som kjende han ville få auga på at denne viktige personen gjekk til Jesus. Jesus som var så omstridt blant farisearane og rådsherrane til jødane.
Midt på natta snik Nikodemus seg ut.
Langs stille vegar og i tronge gater. Rundt hushjørne etter hushjørne kikkar han forsiktig for å forsikre seg at ingen han kjenner skal sjå at han er ute på nattevandring. Og slett ikkje må dei sjå at han bankar på døra i huset der Jesus bur.
Eg ser for meg Jesus som høyrer dørbankinga, som tek lampen med seg i handa, opnar for Nikodemus i den mørke natta, og at dei to set seg ned for å tale saman.

Kanskje er det litt for lettvint, dette med at Nikodemus er så redd for nabosnakket?
Eg les at andre meiner det rett og slett var slik på Jesu tid at det var vanleg å kome saman etter at det var mørkt for å drøfte religiøse og teologiske spørsmål. Då var
det rolegare, temperaturen var svalare, og ein kunne snakke i fred.

Men så opnar eg ei tjukk bok om Johannesevangeliet[1] og les ein spanande tanke:
«Det er rett og slett meir sannsynleg at han (evangelisten Johannes) har vilja å indikere det mørkret Nikodemus kom frå, som ein kontrast til nærværet av det sanne lyset.» Jfr. det evangelisten skriv lenger ute i kap. 3 der han i versa 19-21 talar om at «Lyset er kome til verda» (v.19) og at «-den som følgjer sanninga kjem til lyset» (v.20). Det er i alle fall sikkert at Nikodemus kom til Jesus, til han som i Johs 1,9 er omtala som «Det sanne lyset». Og i Johs 8,12 omtalar Jesus seg sjølv som «Eg er lyset i verda».
Nattpraten kan vi kanskje konvertere til ei forteljing om å stige inn i det store lyset. Det gjev djup meining.

Nikodemus
Kven var denne mannen som kom til Jesus i mørkret?
Han var «farisear, og sat i Rådet til Jødane» står det om han.
At han var farisear betyr at han var ein lærd mann. Skriftlærd. Dvs. at han var godt kjend med dei gamle lovene vi gjerne omtalar som Moselova, og som framleis står i GT. Og meir enn at han kjende lova – han levde heilt sikkert i samsvar med Moselova. Ivrig og nidkjær.
Vidare sat han i Rådet til jødane, Sanhedrin, gjerne omtalt som Det høge råd. Dette var jødane sin høgaste domstol. Nikodemus var altså ein skikkeleg storkar. Noko som hjå oss i dag kanskje ville vere ein miks av stortingsrepresentant og høgsterettsdommar.

Vi merkar oss at Nikodemus tiltalar Jesus som Rabbi, altså som ein lærar.
Frå evangelia veit vi at farisearane ofte kom i konfrontasjonar med Jesus. Dei ville setja han på prøve, står det gjerne. Og vi ser alltid korleis dei i staden for sjølve vert sette til veggs av Jesus. Men i samtalen mellom farisearen Nikodemus og Jesus, merkar vi oss at Nikodemus anerkjenner Jesus som ein likemann, minst. Tiltalen som Rabbi er teiknet på det.

Og vi ser at Nikodemus har skjønt at Jesus ikkje er nokon kven-som-helst.
«-ingen kan gjera dei teikna du gjer utan at Gud er med han» konstaterer Nikodemus.
Litt merkeleg er det at evangelisten Johannes her lar Nikodemus tala om teikn i fleirtal. For i følgje Johannesevangeliet har Jesus på det tidspunktet denne samtalen går føre seg, berre utført eit under, nemleg vinunderet Kana.

Vi møter Nikodemus igjen to gonger til i Johannesevangeliet. I Joh. 7,45-51 les vi om ein episode der tempelvakta prøvde å ta Jesus til fange, men utan å gjennomføre oppdraget. Grunnen til det, var at dei vart oppglødde av Jesu tale på ein slik måte at dei ikkje kunne tenkje seg å fengsle han. Når overprestane og farisearane kritiserer vaktene, tek Nikodemus parti for vaktene.

Vidare står det i Joh. 19,39-42 om då Jesus vart teken ned frå krossen for å gravleggjast. Då hadde Nikodemus med seg hundre pund med salve som vart brukt på linkleda Jesus vart sveipt i før han vart lagd i grava. Dette fekk dei til før sabbaten tok til.
Dette er altså Nikodemus, storkaren som i nattemørket vågar seg inn til lyset, og samtalen mellom han og rabbi Jesus kastar verkeleg nytt lys inn over livet som Nikodemus fram til den natta hadde levd.

Ny fødsel
Kanskje sit Jesus og Nikodemus ved ei bleik oljelampe og samtalar heime hjå Jesus denne natta? Kanskje byr Jesus på noko å drikke? Te? Vin? Eg veit ikkje. Men eg har lyst å førestille meg at han skjenka opp vanleg vatn til Nikodemus. For ganske snart vert i alle fall vatn ein viktig bit av det den skriftlærde Nikodemus får utvida sin kunnskap om. Han må lære noko av Jesus som handlar om å «sjå Guds rike», slik Jesus uttrykkjer det.

For ein lærdom!
Dette kan ikkje Nikodemus ha sett føre seg då han knakka på døra der Jesus budde denne nattetimen: «Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.»
Det er ikkje rart at rådsherren hadde innvendingar At han hadde spørsmål. Eg er nokså trygg på at det vart sagt mykje meir i samtalen mellom Jesus og Nikodemus enn det som er referert her i evangeliet vi kan lese 2000 år seinare. Men det viktigaste står her.

Det om ein ny fødsel.
Sjølvsagt ikkje ein vanleg barnefødsel, slik Nikodemus tydeleg såg føre seg då Jesus sa desse merkelege orda.
«Ein kan vel ikkje kome inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» var hans innvending.

Det handlar om noko heilt anna.
Det er ein åndeleg løyndom Jesus openberrar. Noko om det himmelske. Det som har å gjere med å finne ein veg for å sjå inn i Guds rike. Om å kome inn i Guds rike.

Når Jesus talar om å bli fødd andre gongen, eller på nytt, som vi også har lese i norske bibelomsetjingar, så brukar han eit ord (ἄνωϑεν) som like gjerne kunne omsetjast med å bli fødd ovanfrå, på ein overnaturleg måte. Det handlar altså ikkje om ein fødsel nr. to, men om ein fødsel som skjer ovanfrå, frå Gud. Denne måten å tenkje og tale på var ukjent i jødisk og rabbinsk tankegang. Det som Nikodemus altså er ein representant for, som jøde, og som ein lærar for Israel, er noko som aldri vil kunne føre heilt fram til eit mål heime hjå Gud.

Den nye fødsel må difor skje ved vatn og Ande, seier Jesus.
Gjennom den går vegen inn til Guds rike.
Inn i denne verda, til det jordiske, kjem vi frå mors liv gjennom ein vanleg fødsel.
Inn i Guds rike kjem vi ved ein ny fødsel. Ein fødsel ovanfrå – ved vatn og Ande. Altså gjennom dåpen.

Nytt liv
Difor seier eg no: Kjære døypte! Eg går ut frå at den forsamlinga eg i dag talar til, er ei forsamling av menneske som ein gong vart døypte i namnet til den treeinige Gud.
I dag brukar vi m.a. desse orda når vi døyper born i kyrkja vår: «I dåpen tek Gud i mot oss og sameinar oss med den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus» - og vidare, før vi les orda om Jesus og småborna: «Høyr kor venleg Jesus tek i mot borna og opnar Guds rike for dei»

Difor: Du fekk eit nytt liv i dåpen. Du fekk ein opna veg inn til Guds rike den dagen du vart døypt. Du vart sameina med den krossfeste og oppstadne. Dette var ein fødsel ovanfrå. Noko nytt. Ikkje ein ny fødsel frå eit morsliv, men ein ny fødsel av eit Guds barn som har ein opna veg inn til Guds rike. Ein veg du skal gå i vissa om at då lever du det nye livet. Livet i Kristus. Livet du må leve for å kunna sjå Guds rike. Eit liv i tru på Jesu ord om dei himmelske ting.

Det var dette Jesus underviste Nikodemus om. Ikkje noko enkel lærdom. Men derimot tale om dei himmelske ting, som Jesus seier sjølv.

Vi har nett feira pinse. Vi høyrde om Anden som kom. Om Anden som kom med sterk lyd. «-som når ein sterk vind blæs..» (Apgj 2,2) Denne Anden, denne vinden, kom som ei livskraft til deg då du vart døypt. I Andens medvind skal du leva livet ditt. I trygg forvissing om at du er fødd på ny. Av vatn. I dåpen. Fylt av Anden, også gjeven i dåpen.

Våg å gjere som Nikodemus – gå til Jesus og be han å lære deg meir om dette.
Slepp hans lys inn i livet ditt. Lat han få lyse inn i dei mørke krokane du gjerne vil låse av. Han som er det sanne lyset som gjer alle våre åndelege netter til lys dag.         
AMEN



[1]  C.K. Barrat: «The Gospel according to St. John»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv