fredag 5. juni 2020

Eg er med


Treeinigssøndag I. 
07.06.20 Eidsvåg krk. 
Matt.28,16-20


"men somme tvila."
Dei var ikkje akkurat det vi førestiller oss som velutdanna, høgt kvalifiserte og fulle av pågangsmot desse elleve som var ferd med å ta avskil med Jesus, samstundes som dei vart pålagde det største oppdraget som er gjeven gjennom heile historia.

Dei tvilte - i alle fall gjorde nokre av dei det. Nølande og usikre, utrygge på om båten ville bere, omtrent som den gongen Peter gjekk på vatnet men vart fylt av tvil og tok til å søkkje. Slik hadde dei det inne i seg. Dette går ikkje bra; tenkte dei. Dei hadde nettopp gjennomlevd påskehelga. Dei hadde vore vitne til Jesu krossfesting. Dei hadde sett korleis han vart pint til døde på dette forferdelege torturinstrumentet som ein romersk kross var. Dei hadde sett at ein av kameratane deira hadde forrådt Jesus, og at Judas deretter tok sitt eige liv. Ein av dei elleve, Peter, hadde truleg enno klangen frå hanegalinga i øyro sine. Han kunne berre gremmast over sitt eige svik.

Og oppstoda som hadde skjedd; den hadde enno ikkje gått opp for dei. Rykta om ein levande Jesus var begynt å gå. Men det var nesten for usannsynleg til at det gjekk an å tru. Andre rykte gjekk ut på at Jesu døde lekam var røva av læresveinane for å innbille folk at Jesus var stått opp frå dei døde. Akkurat dette visste dei elleve berre var løgn og bedrag. Men likevel tvila dei. Til og med når dei her på fjellet i Galilea kunne sjå at Jesus sto lys levande framfor dei.

Sett med våre augo hadde dei grunn til å tvile også. Dei kunne tvile på om dei sjølve var i stand til å takle alt dette som møtet med den levande og oppstadne Jesus innebar.

Dei fleste av dei kunne truleg ikkje lese eller skrive. Eit einaste yrke hadde dei fleste av dei godt kjenneskap til. Det var fiske. Men å fange fisk, var liksom noko heilt anna enn det dei no stod overfor. Ei anna yrkesgruppe var også representert blant dei 11. Tollaren Matteus. Men ein tollar var ikkje akkurat det som vi i dag ville satsa på om vi var ute for å selje ein viktig bodskap til store folkemengder. På Jesu tid hadde ein tollar omtrent like stor tillit som dei fleste nordmenn i dag har til presidenten i USA.

Dei elleve, tvilande og usikre læresveinane, var altså i møte med den levande og oppstadne Jesus. I audmjuk tilbeding låg dei på kne framfor han. Audmjuke, men samstundes med ei indre uro over om dei ville vere i stand til å takle den utfordringa dei no stod overfor. Her var det langt igjen til skråsikre og overtydande trusheltar, som f.eks. dei vi møter i pinsehelga når Den Heilage Ande hadde fått fylle dei med kraft. Då stod dei fram og talte om Guds storverk på mange ukjende tungemål slik at folk i tusental vart omvende og let seg døype. Enno var utrenninga av Den Heilage Ande eit ukjent fenomen for dei. Lovnaden om at dette skulle skje, var gjeven, men på dette tidspunktet rådde spørjande tvil og usikker forvirring.

I denne situasjonen er det at Jesus står fram og talar til dei. Ikkje noko lang og innvikla teologisk utgreiing. Heller ikkje mange oppfordringar og forsikringar eller innvikla diskusjonar om føresetnader og tariffavtalar som først må inngåast.

Derimot ei eineståande proklamering.
Først av si eiga makt!
"Eg har fått all makt i himmelen og på jorda"

No hadde Jesus total fullmakt frå Gud. All makt i himmel og på jord. Her var det ikkje snakk om ein puslete terrorist som tiltvinga seg makt ved urettmessig bruk av trugsmål og våpen.
Det var Guds Son som verkeleg var den allmektige, og som ikkje hadde noko ynskje om å misbruke si makt, men som med eit herrevelde og med myndigheit som var utan grenser ville gje sine næraste medarbeidarar det oppdraget som eigentleg gjekk utover all menneskeleg fornuft.

Dei elleve tvilande og usikre, ulærde og vanvørde læresveinane fekk verdens største oppdrag midt i fanget denne dagen:
"-gjer alle folkeslag til læresveinar"

Her hjå oss strevar ei relativt velorganisert kyrkje som rår over all verdens moderne utstyr som datamaskinar og digitale koronatidsgudstenester på TV-skjermar eller mobiltelefonar. Vi har fargerike konfirmantlærebøker og fikse pedagogiske opplegg for dåpsborna. Men vi opplever likevel at det er krevjande å formidle ein tusen år gammal bodskap til nye generasjonar.

Der på fjellet i Galilea låg 11 tvilande og usikre læresveinar på kne framfor meisteren. Ytre sett mangla dei alt. Likevel hadde dei alt. For Jesus lova dei at han skulle vera med med si allmakt. Oppdraget dei fekk var ikkje umogeleg. Det var ikkje meiningslaust at desse få mennene skulle ta fatt på å vinne ei heil verd for bodskapen til han som stod der og tala til dei. Det gjekk an!

Heile kyrkjehistoria, frå dagen då oppdraget, misjonsbefalinga eller dåpsbefalinga, vart gjeven, og fram til dagen i dag, er eit ufatteleg sterkt vitnemål om at Jesus var i stand til å stå ved sine lovnader. Han var verkeleg allmektig. Han hadde all makt i himmel og på jord.

Difor nytta det. Difor kunne dei gå i gang med det same, slik dei også gjorde. Allereie første pinsedagen fekk kyrkja 3000 døypte medlemmer. Og seinare kom fleire etter. Hundrevis. Tusenvis. I millionar har folk flokka seg rundt Misjonens Herre og Meister.
Det var slett ikkje desse elleve som sjølve utretta slike mirakel. Det var Jesus sjølv som fylgde opp og som på praktisk vis viste at han aldri gjekk frå det han lova:
"- sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står."

Jesus er med; alle dagar!
Det betyr at Jesus er med også i dag. På denne treeinigssøndagen 2020. Framleis vil Jesus at kyrkja hans skal vekse. F.eks. her i Eidsvåg. Og eg er nokså overtydd om at han finn mange av same slaget som dei elleve på fjellet i Galilea her i Eidsvåg eller i Åsane. At det ikkje finst så veldig mange fiskarar mellom oss, er ein ting. Men likevel finst det heilt sikkert folk med same tvilande og usikre innstillinga som desse elleve hadde.

Held det, det Jesus har sagt? Er han verkeleg med meg? Kan han bruke meg i teneste for seg her vi bur?

Dei elleve fekk snart erfare at Jesus hadde mykje meir å gje enn det dei hadde fantasi til å førestille seg.
Tenk på det du går glipp av om du dreg deg unna han som verkeleg har all makt i himmel og på jord? Tenk om du skal streve deg gjennom livet i eiga kraft, når krafta frå den allmektig er tilgjengeleg på ein armlengdes avstand?

Tenk om vi trauste og trygge medlemmer av vår norske kyrkje kunne lære av våre brør og søstre i vår katolske moderkyrkje. Utan den sjenanse og utryggleik som vi omgjev oss med, utan alle sideblikk til naboar og slektningar, teiknar dei seg med krossteiknet så kven som helst kan sjå det. Dei knelar på kalde steingolvet i kyrkjene og dei tek med smil og glede, og av og til endåtil med applaus, i mot Herrens lekam og blod som vert retta fram mot dei.

For snart to tusen år sidan kalla Jesus elleve tvilande og utrygge læresveinar til verdens største oppdrag: "-gjer alle folkeslag til læresveinar". Dei elleve utretta utrulege ting. 

Men dei elleve er forlengst vortne til støv. Deira gjerning er godt på veg til å verte fullført, men enno står ein del att. Framleis kallar Jesus nye til å gå inn i denne oppgåva. Han kallar nye til å verte fylte med den overveldande erfaring det er å oppdage at lovnaden framleis står ved lag:
"Eg har fått all makt i himmelen og på jorda"
"-Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står."

I dag er det oss her i Eidsvåg som møter ordet frå Jesu munn. Det er sagt til kvar og ein i kyrkjelyden. Det er sagt til konfirmantar og til familiane deira. Til dåpsfolk; ja til kvart einaste menneske som har øyro å høyra med på denne søndagen, og som ikkje stengjer att alle luker for det Jesus har på hjarta. Til kvar einaste ein lyder det: Lat ikkje ordet frå den allmektige gå deg forbi. Han treng deg - like sterkt i dag her i Eidsvåg - som han trong dei elleve då oppdraget skulle setjast i gang. Dei elleve tok i mot utfordringa. Redde. Tvilande. Likevel med ja i hjarto.
Utfordringa til å gå i Jesu teneste går i dag vidare til deg!
Hans lovnad står fast:"-Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står." 

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv