Samefolkets dag. III. 06.02.2022
Bardu kirke
Johs. 21, 9-13
Det er sikkert mange som lurar på kvifor det i kvar gudsteneste
i kyrkjene våre her i Bardu, og elles også i heile bispedømmet vårt no, lyder
korte liturgiske ledd på samisk språk. Ikkje berre i dag, på samefolkets dag,
men på alle søndagar.
Den 10. januar i år fekk alle kyrkjelydar her i bispedømmet eit brev frå
biskopen vår om bruk av samisk og kvensk i kyrkjene i Nord-Hålogaland. Der
skriv han bl.a., etter å ha gått gjennom grunngjeving for desse orda:
Biskopen vil derfor pålegge alle
menigheter i Nord-Hålogaland om å ta inn samiske liturgiske ledd i sin lokale
grunnordning. Et minimum må være å inkludere nådehilsen og velsignelsen.
Det er altså ein av grunnane
til at samisk lyder her i Bardu, uttalt av ein søring som forsiktig prøver seg
med noko som er endå meir framandt for han, enn det er for dykk som trass alt
har ei lita gruppe av dette folket, buande mitt mellom dykk.
Eit pålegg frå biskopen er
naturlegvis god nok grunn til å bruke språket. Men ein betre grunn finn vi i
den fasinerande bibelteksten vi nettopp har lese, pinseteksten frå Apgj.2 om då
apostlane talte på så mange ulike språk som dei i utgangspunktet slett ikkje
kunne tale.
I denne bibelforteljinga handlar det om noko som ikkje er mindre enn eit
guddommeleg under. Slik vi også har lese om to andre guddommelege under i
bibeltekstane i dag. Her om språkunderet på pinsedag.
Og det store poenget med språkunderet står tydeleg på trykk i vår Bibel. Alle
desse folkeslaga som høyrde apostlane tale til dei på framande språk, kunne til
slutt stemme i: «- vi hører dem tale om Guds storverk på våre egne
tungemål.»
Det at alle skal få møte
bibeltekstar, kyrkja sin liturgi, salmar, og aller helst forkynning, på
hjartespråket sitt, det er noko Den norske kyrkja vil prioritere svært høgt i
alle samanhangar. Og det er veldig godt, ikkje minst for alle som snakkar eit
mindretalsspråk. Det veit eg, som er nynorsktalande, noko om også. Eg hugsar
godt i fjor haust då kyrkjetilsette frå heile bispedømet her i nord var samla
til gudsteneste i Tromsø domkirke der m.a. vår preses Olav Fykse Tveit tok del.
For meg var det rørande å kjenne på inkluderinga då velsigninga til slutt lydde
i den store kyrkja – på kvensk, samisk, og så også på nynorsk, frå preses sin
munn!
«- vi
hører dem tale om Guds storverk på våre egne tungemål.»
Om Guds storverk!
Det skal det handle om på denne dagen også. Det skal vi tale om. På norsk, ja
til og med slik eg må gjere det, på nynorsk, som vi alle forstår, heldigvis.
Og då set
vi oss ned ved bålet. Då stirer vi inn i elden, blafrande og varm, slik det kan
vere på vidda for folket som i dag feirar dagen sin, men slik det også er for
ein kvar av oss som likar varmen og gløden i bålet, anten det er på hytta no om
vinteren, eller ein sommarkveld ved eit fiskevatn.
Bålet
vi ser på denne søndagen er av ein litterær karakter. Av ein bibelsk karakter.
Vi møter fiskarane som hadde gått frå alt dei hadde for å slå seg i følgje med
Jesus. Hus og heim og familie. Alt låg bak dei gjennom tre år i følgje med
denne merkelege mannen som gjor under og teikn, og som heldt så mange store
talar. Men så enda det heile med katastrofe. Med at han dei trudde på, han som
var helten og venen deira, han vart fanga, dømd, krossfesta og lagt i grav.
Det gjekk nokre dagar etter påske, og rykta om at Jesus hadde stått opp att or
grava høyrdes no mellom folk. Nokre påstod at han som var krossfesta framleis
levde, men det er veldig tydeleg at noko slik var vanskeleg å tru på.
Difor
står det at læresveinane, dei gamle fiskarane, rett og slett ville ta opp igjen
sitt gamle fiskaryrke.
No var det tilbake til kvardagen. Fiskebåtane venta.
Men
fiskarane på veg tilbake til sitt gamle liv i båtane fekk snart oppleve at den
levande Jesus enno ein gong kunne endre tilværet deira.
Det gamle livet synte seg å vere tomt og verdlaust.
Garna vart kasta. I utgangspunktet var det profesjonelle yrkesfiskarar som
gjekk i båtane for å ta opp att sin gamle leveveg. Men det gamle livet var
innhaldslaust. Garna var tomme. ”-den natten fikk de ingenting”
Men
heldigvis har vi ein levande Jesus. Ein levande Jesus som på uforklarleg vis
fylte garna til læresveinane med så mykje fisk at garna heldt på å revne.
Sjøen
var ikkje død. Like lite som Jesus var død.
Heldigvis har vi hatt påske. Om ikkje så lenge skal vi enno ein gong feire påske i kyrkjene våre. For
Jesus har stått opp att, og Jesus lever! Han vil fylle ditt og mitt liv med det
vi treng for å leve godt, slik han fylte læresveinane sine garn med fisk.
Slik eit nyfødd liv, som dette dåpsbarnet vi har mellom oss i Bardu kyrkje i
dag, fyller ein familie med nytt og rikare innhald, med nye kvalitetar, med nye
ting å tenkje på og ta ansvar for, slik fyller Jesu liv etter påske heile hans
kyrkje med nytt innhald, med lys, med framtid, med håp.
Kanskje
er ikkje alt som Jesus vil vise oss like behageleg. Det kan vere at det må til
snø- og issmelting i våre liv òg. Slik vi håpar at all snøen vi har fått å
hanskast med denne vinteren til slutt må vike for vår og grotid.
Møtet med Jesus her på stranda nokre dagar seinare, vart for Peter eit minne om dette sviket mot Jesus. For det første han ser når han stig i land frå båten etter denne merkelege fiskefangsten, det er eit lysande bål.
I
lyset frå bålet står hans nederlag og hans synd klårt for han. Han har ikkje
gløymt då han ved eit anna bål svor på at han ikkje kjende Jesus.
Men Jesus er ikkje død. Jesus lever. Ein levande Jesus står der og ber om fisk.
Om mat. Og brød har Jesus med seg. Han steller i stand eit måltid.
Slik er det å møte den levande Jesus. Han feier ikkje våre svik og nederlag
under teppet. Han tek dei fram og lyser
dei opp. Men så hentar han nåden fram. Tilgjevinga og oppreisinga. Nåden som
kan etast som eit måltid. Brødet som vert brote. Ta og et! Til minne om meg,
seier Jesus. Til forlating for syndene.
Nåden
er ikkje å gøyma og å gløyma. Nåden er å vedkjenne og å vedkjenne. Først
vedkjenne synda og nederlaget. Så vedkjenne trua.
Læresveinane
møtte ein levande Jesus, like etter påske. Han var ikkje død. Han levde. Og dei
trudde! ”De visste at det var Herren”
Jesus lever, og vil fylle alle folk med glede og med håp for dette
livet, og for det evige.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar