Allehelgensdag III. 02.11.2025
Knarvik kyrkje
Lukas 6,20-23
Den vakraste dagen!
Det er ikkje haustfargar som gjer denne søndagen så
vakker. Vi veit godt at i november kan hausten vere stygg, rufsete og ekkel.
Men november går med sin første søndag opp
framfor oss som ein av dagane i kyrkjeåret med dei aller vakraste og mest forlokkande
bibelorda vi møter på ein kyrkjesøndag.
I konkurranse med påskedagen, kanskje?
Eller med juledagen?
Men denne søndagen står så fjellstøtt også
på eigne bein.
Det er så uendeleg mykje håp og
forventning som ligg i orda vi har høyrt lese. Ord som på Allehelgensdag kastar
lys og varme mot oss. Lys og varme til alle som nyleg, eller for si stund
sidan, eller for lenge sidan, gjekk inn i mørket då eit kjært menneske vart
teken bort av dødens kalde klo. I mitt liv har eg aldri før opplevd det eg
opplevde i 2025. Tre menneske som stod meg nær, dei døydde dette året. Tre døde og kalde kroppar i min familie. Tre
gravferder.
Andre av dykk har andre historier å
fortelje. Frå 2025. Eller frå eit tidlegare år.
Difor kan vi ikkje leve vidare og late som om døden ikkje finst. Vi veit om det
med tanke på våre eigne liv. Det finst ei grense ein stad der framme som vi skal
stige over. Då vil andre leve vidare. Med sorga. Med minna.
Midt i haustmørket stig vi no inn i
kyrkjene våre. På denne særeigne dagen der vi ser føre oss dei som har gått
framfor og stige over dødens grense. Dei vi minnest. Takkar for. Sørgjer over.
Men så – i kyrkjene våre strøymer dei vakre orda over oss. Frå Bibelens sider.
I kyrkjene våre kan vi også opne salmebøkene og stemme i songane med så mykje
håp. Så mykje forventning. Vi lyttar til musikken som strøymer frå orgelet.
Eller frå flygelet.
Alt dette gjer denne dagen så vakker.
Er det den vakraste gjennom kyrkjeåret?
Profeten Jesaja har ord til alle som i
dette året, eller som i tidlegare år opplevde sorga.
Høyr kva han seier! Ord til deg:
«Herren skal vera ditt lys for evig, din Gud skal vera din herlegdom.
Sola di skal ikkje meir gå ned, månen din skal aldri minka.
For Herren skal vera ditt lys for evig. Sørgjedagane dine er til ende.»
(Jes. 60,19-20)
Kjære kyrkjefolk. Kjære Knarvikfolk. Om du
ikkje akkurat i denne timen, på denne dagen, maktar å ta det inn i hjarta ditt: Det er likevel eit framtidshåp og eit framtidslys i ord som ein gong skal går
opp for oss alle: «Sørgjedagane dine er til ende.»
Den vakraste dagen, har eg kalla denne søndagen.
Kvifor?
Fordi dagen er for alle som ber i seg i litt tru – ei tru som ligg der i jorda
lik det ørvesle sennepskornet. Frå sin plass der kornet er sådd, skal frøet
veksa seg stort og rikt og bere frukt. Nettopp dette er sjølve livet som brettar seg ut framfor oss. Og nytt liv er vakkert!
Med tru har vi stige inn i kyrkja i dag. Nokre av dykk med litt skjelvande kne,
kanskje. Ikkje fordi de var i sorg. Tvert i mot. De kom hit med trua dykkar og
la eit nyfødd barn i Guds hender.
Vi måler ikkje tru i meter eller i kilo. Vi måler tru i slike steg som dette,
opp kyrkjegolvet, fram mot døypefonten og ei open hand som tek mot dåpens glede
og dåpens gåve. Kanskje også med ei udefinerbar forventning?
Var det dette, ei udefinerbar forventning,
ho hadde, og bar i seg, Sara, gamle Abraham si kone, som vi las desse orda om
for litt sidan?: «I tru fekk òg Sara
kraft til å grunnleggja ei ætt, endå ho var ufruktbar og for gammal til å få
barn. For ho stola på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast. Frå
éin mann, som var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene
på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.
I denne trua
døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt
borte og helsa det, og dei vedkjende seg at dei var framande og heimlause på
jorda.» (Hebr. 11,11-13)
Abraham og Sara. Trusheltar i GT.
I tru fekk dei to gamle til slutt sonen Isak.
Å, så mykje spanande vi kunne sagt om Isak! Det har vi ikkje tid til i dag. Men
Abraham og Isak skulle også døy, mens dei venta på det som var lova. Ei tallaus
ætt.
Dei såg det, håpa på det, men det var så langt, langt borte.
Men første punkt i Guds lovnader til
Abraham, var at dei to oldingane vart foreldre til Isak.
Kva skal så vi tenkje her i Knarvik kyrkje
på denne søndagen?
Kan vi i det minste får lov å gle oss i lag med dykk to foreldre som i dag har
bore guten dykkar til dåpen her i kyrkja vår på denne vakre dagen?
Han heiter ikkje mindre enn Isak!
Kan vi også få bere med oss dette namnet
på veg ut or kyrkja?
Det som kan minne oss på, og lære oss å tenkje, at der framme ein stad ventar
det noko stort på alle som gjer som Abraham og Sara. At vi trur.
Den vakraste dagen.
Dagen med slike vakre ord frå Den heilage skrifta.
Men så var det denne presten som enno ikkje har
løfta fram Jesu eigne ord på Allehelgensdag. Vel, eg har ikkje gløymt dei.
Slettepreika, er overskrifta i vår nyaste
Bibel på det vi les om i Luk.6.
Dette er stort sett ei dublering av Bergpreika som vi kanskje kjenner betre.
Den les vi i Matteusevangeliet.
Men også her, i Luk 6, lyser dei gode orda mot oss. Sæleprisingane.
Jesus og læresveinane er på veg ned frå
eit fjell der mykje folk har vore i lag med Meisteren. Han har gjort mektige
gjerningar. Om alle desse, som nede av fjellet samla seg på ei slette der han
tala desse orda; om dei kan vi lese: «Og alt folket prøvde å få røra ved han,
for ut frå han gjekk det ei kraft som lækte alle.» (Luk.6,19)
Og så les vi altså orda i vår allehelgentekst;
orda frå Jesu munn. Dei vakre orda:
-Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa:
«Sæle de fattige! Guds rike er dykkar.
Sæle de som no svelt! De skal mettast.
Sæle de som no græt! De skal le.» (Luk.5,20-21)
Vakre ord - som også utfordrar oss.
For Jesus prisar fattige og svoltne for
sæle. Altså lukkelege. Glade.
Det er mange innfallsvinklar til å desse orda.
For sjølv om orda kan sjå ut, og lukte som, dei vakraste blomster, er det
likevel noko som ikkje heilt passar.
Fattige og svoltne.
Eg tenkjer – desse orda skal vere utfordringa til oss i Knarvik kyrkje i dag.
Vi skal forkynne om Guds rike til fattige. Til utstøytte.
Til dei som kanskje har pengar, men ikkje kjenner Guds
gode kjærleik. Og til alle desse som er fokus for dei som gjennom denne helga
har brukt kyrkjehuset vårt som base for den store misjonsmessa som har fått inn
hundretusenvis av kroner her i Knarvik til misjonssaka og til NMS.
Vi vil hjelpe folk ut av
fattigdom og svolt. Vi vil hjelpe folk ut av vantru. Vi vil hjelpe folk til han som ser
med sine milde og gode auge: -Då såg han opp, feste auga på læresveinane
sine og sa: ...
Jesus ser oss som vil vere
hans læresveinar i Knarvik anno 2025. Han ser oss, og vil utfordre oss på ein
vakker og god dag. Vi er hans føter og hender som i tru og håp skal gå til dei
fattige. Til dei som svelt. For vi har eit gledesbod frå Jesu munn på denne
dagen: De er sæle. Det ventar noko stort på dykk. Ikkje fordi de er fattige. Ikkje
fordi de svelt. Men fordi Jesus ser dykk.
Og så til slutt: Til alle oss
som møtte sorg, gråt og tårer for ikkje så lenge sidan.
Vi har noko i vente. Noko der framme ein
stad. I det himmelske. Der dei samlast ein gong, alle dei som Jesus prisar sæle.
Om Abram, Sara, og Isak, skreiv forfattaren av Hebrearbrevet slik: «I
denne trua døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det
langt borte og helsa det..»
I dag tar vi trua med oss når vi går ut or
kyrkja på denne vakraste dagen.
Dei syng i øyro våre desse merkelege, men håpefulle, orda frå Jesu eigen munn:
«Sæle de som no græt! De skal le. …
- Gled dykk på den dagen og hoppa av fryd, stor er løna dykkar i himmelen.»
AMEN