torsdag 30. oktober 2025

Den vakraste dagen

 

Allehelgensdag III. 02.11.2025
Knarvik kyrkje
Lukas 6,20-23

Den vakraste dagen!
Det er ikkje haustfargar som gjer denne søndagen så vakker. Vi veit godt at i november kan hausten vere stygg, rufsete og ekkel.

Men november går med sin første søndag opp framfor oss som ein av dagane i kyrkjeåret med dei aller vakraste og mest forlokkande bibelorda vi møter på ein kyrkjesøndag.

I konkurranse med påskedagen, kanskje? Eller med juledagen?

Men denne søndagen står så fjellstøtt også på eigne bein.

Det er så uendeleg mykje håp og forventning som ligg i orda vi har høyrt lese. Ord som på Allehelgensdag kastar lys og varme mot oss. Lys og varme til alle som nyleg, eller for si stund sidan, eller for lenge sidan, gjekk inn i mørket då eit kjært menneske vart teken bort av dødens kalde klo. I mitt liv har eg aldri før opplevd det eg opplevde i 2025. Tre menneske som stod meg nær, dei døydde dette året. Tre døde og kalde kroppar i min familie. Tre gravferder.

Andre av dykk har andre historier å fortelje. Frå 2025. Eller frå eit tidlegare år.
Difor kan vi ikkje leve vidare og late som om døden ikkje finst. Vi veit om det med tanke på våre eigne liv. Det finst ei grense ein stad der framme som vi skal stige over. Då vil andre leve vidare. Med sorga. Med minna.

Midt i haustmørket stig vi no inn i kyrkjene våre. På denne særeigne dagen der vi ser føre oss dei som har gått framfor og stige over dødens grense. Dei vi minnest. Takkar for. Sørgjer over.
Men så – i kyrkjene våre strøymer dei vakre orda over oss. Frå Bibelens sider.
I kyrkjene våre kan vi også opne salmebøkene og stemme i songane med så mykje håp. Så mykje forventning. Vi lyttar til musikken som strøymer frå orgelet. Eller frå flygelet.

Alt dette gjer denne dagen så vakker.
Er det den vakraste gjennom kyrkjeåret?

Profeten Jesaja har ord til alle som i dette året, eller som i tidlegare år opplevde sorga.
Høyr kva han seier! Ord til deg:
«Herren skal vera ditt lys for evig, din Gud skal vera din herlegdom.
Sola di skal ikkje meir gå ned, månen din skal aldri minka.
For Herren skal vera ditt lys for evig. Sørgjedagane dine er til ende.»
 
(Jes. 60,19-20)

Kjære kyrkjefolk. Kjære Knarvikfolk. Om du ikkje akkurat i denne timen, på denne dagen, maktar å ta det inn i hjarta ditt: Det er likevel eit framtidshåp og eit framtidslys i ord som ein gong skal går opp for oss alle: «Sørgjedagane dine er til ende.» 

Den vakraste dagen, har eg kalla denne søndagen.
Kvifor?
Fordi dagen er for alle som ber i seg i litt tru – ei tru som ligg der i jorda lik det ørvesle sennepskornet. Frå sin plass der kornet er sådd, skal frøet veksa seg stort og rikt og bere frukt. Nettopp dette er sjølve livet som brettar seg ut framfor oss. Og nytt liv er vakkert!

Med tru har vi stige inn i kyrkja i dag. Nokre av dykk med litt skjelvande kne, kanskje. Ikkje fordi de var i sorg. Tvert i mot. De kom hit med trua dykkar og la eit nyfødd barn i Guds hender.
Vi måler ikkje tru i meter eller i kilo. Vi måler tru i slike steg som dette, opp kyrkjegolvet, fram mot døypefonten og ei open hand som tek mot dåpens glede og dåpens gåve. Kanskje også med ei udefinerbar forventning?

Var det dette, ei udefinerbar forventning, ho hadde, og bar i seg, Sara, gamle Abraham si kone, som vi las desse orda om for litt sidan?:  «I tru fekk òg Sara kraft til å grunnleggja ei ætt, endå ho var ufruktbar og for gammal til å få barn. For ho stola på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast. Frå éin mann, som var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand. 
I denne trua døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende seg at dei var framande og heimlause på jorda.»
(Hebr. 11,11-13)

Abraham og Sara. Trusheltar i GT.
I tru fekk dei to gamle til slutt sonen Isak.
Å, så mykje spanande vi kunne sagt om Isak! Det har vi ikkje tid til i dag. Men Abraham og Isak skulle også døy, mens dei venta på det som var lova. Ei tallaus ætt.
Dei såg det, håpa på det, men det var så langt, langt borte.

Men første punkt i Guds lovnader til Abraham, var at dei to oldingane vart foreldre til Isak.

Kva skal så vi tenkje her i Knarvik kyrkje på denne søndagen?
Kan vi i det minste får lov å gle oss i lag med dykk to foreldre som i dag har bore guten dykkar til dåpen her i kyrkja vår på denne vakre dagen?
Han heiter ikkje mindre enn Isak!

Kan vi også få bere med oss dette namnet på veg ut or kyrkja?
Det som kan minne oss på, og lære oss å tenkje, at der framme ein stad ventar det noko stort på alle som gjer som Abraham og Sara. At vi trur.

Den vakraste dagen.
Dagen med slike vakre ord frå Den heilage skrifta.

Men så var det denne presten som enno ikkje har løfta fram Jesu eigne ord på Allehelgensdag. Vel, eg har ikkje gløymt dei.

Slettepreika, er overskrifta i vår nyaste Bibel på det vi les om i Luk.6.
Dette er stort sett ei dublering av Bergpreika som vi kanskje kjenner betre.
Den les vi i Matteusevangeliet.
Men også her, i Luk 6, lyser dei gode orda mot oss. Sæleprisingane.

Jesus og læresveinane er på veg ned frå eit fjell der mykje folk har vore i lag med Meisteren. Han har gjort mektige gjerningar. Om alle desse, som nede av fjellet samla seg på ei slette der han tala desse orda; om dei kan vi lese: «Og alt folket prøvde å få røra ved han, for ut frå han gjekk det ei kraft som lækte alle.» (Luk.6,19)

Og så les vi altså orda i vår allehelgentekst; orda frå Jesu munn. Dei vakre orda:
-Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa:
«Sæle de fattige! Guds rike er dykkar.
Sæle de som no svelt! De skal mettast.
Sæle de som no græt! De skal le.»
(Luk.5,20-21)

Vakre ord - som også utfordrar oss.

For Jesus prisar fattige og svoltne for sæle. Altså lukkelege. Glade.
Det er mange innfallsvinklar til å desse orda.
For sjølv om orda kan sjå ut, og lukte som, dei vakraste blomster, er det likevel noko som ikkje heilt passar.

Fattige og svoltne.
Eg tenkjer – desse orda skal vere utfordringa til oss i Knarvik kyrkje i dag.
Vi skal forkynne om Guds rike til fattige. Til utstøytte. Til dei som kanskje har pengar, men ikkje kjenner Guds gode kjærleik. Og til alle desse som er fokus for dei som gjennom denne helga har brukt kyrkjehuset vårt som base for den store misjonsmessa som har fått inn hundretusenvis av kroner her i Knarvik til misjonssaka og til NMS.

Vi vil hjelpe folk ut av fattigdom og svolt. Vi vil hjelpe folk ut av vantru. Vi vil hjelpe folk til han som ser med sine milde og gode auge: -Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa: ...

Jesus ser oss som vil vere hans læresveinar i Knarvik anno 2025. Han ser oss, og vil utfordre oss på ein vakker og god dag. Vi er hans føter og hender som i tru og håp skal gå til dei fattige. Til dei som svelt. For vi har eit gledesbod frå Jesu munn på denne dagen: De er sæle. Det ventar noko stort på dykk. Ikkje fordi de er fattige. Ikkje fordi de svelt. Men fordi Jesus ser dykk.

Og så til slutt: Til alle oss som møtte sorg, gråt og tårer for ikkje så lenge sidan.

Vi har noko i vente. Noko der framme ein stad. I det himmelske. Der dei samlast ein gong, alle dei som Jesus prisar sæle.
Om Abram, Sara, og Isak, skreiv forfattaren av Hebrearbrevet slik:  «I denne trua døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det..»

I dag tar vi trua med oss når vi går ut or kyrkja på denne vakraste dagen.
Dei syng i øyro våre desse merkelege, men håpefulle, orda frå Jesu eigen munn:
«Sæle de som no græt! De skal le. …
- Gled dykk på den dagen og hoppa av fryd, stor er løna dykkar i himmelen.»

AMEN

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv