fredag 25. september 2026

Mikkelsmesse

 

Mikkelsmesse.
Elvebakken krk. 27.09.26
Matt 18, 1-6+10-11

29. september er det ein dag som vi i kyrkja kallar for Mikkelsmesse.
Den dagen kan det feirast eigne gudstenester med særlege tekstar, men dagen kan også feirast på den søndagen som ligg tettast opp til 29.sept, og i år er det søndagen i dag, 27. sept.
Eg må innrømme - denne dagen har eg aldri tidlegare vore med på å markere, men i år vil eg gjerne gjere det i lag med dykk her i Elvebakken.

Kvifor?
Fordi dagen set borna i sentrum. Det skulle passe bra når vi har hatt den store gleda av å døype fem små born.
Dinest: Fordi det vi les frå Bibelen set eit fokus på noko vi sjeldan snakkar om i kyrkjene våre.
Det er som om vi får ein gløtt inn gjennom eit vindauge.
Der vi skimtar vi litt av det som stort sett er noko vi aldri elles ser. I dag anar vi litt av det vi elles lett går glipp av når livets veg svingar seg gjennom det landskapet som er ein bit av vår kristne livsvandring, vår kristne tru.

I dag høyrer vi om småborn. Og vi høyrer om englar. Og særleg det vi høyrer om englar, er av det mest gåtefulle i trua vår.

Men småborna er ikkje gåtefulle for oss! Dei er i sanning midt mellom oss i dag.
Til stor glede for dykk som er i lag med dei. Far, mor, søsken, besteforeldre og andre som har fått eit nytt lys, levande midtpunkt mellom dykk.

På Jesu tid såg dei fleste vaksne litt annleis på kor viktig og vesentleg eit barn var i samfunnet. 
Du la kanskje merke til dei orda vi las ved døypefonten for nokre minutt sidan?
«De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. Da Jesus så ble han sint og sa til dem: La de små barna komme til meg ….» (Mark. 10 13ff)

I dag er dei små dei verkelege diamantane i tilværet for vaksne foreldre.
Vi set himmel og jord i bevegelse om vi anar at noko ikkje er som det skal vere med dei. Vi brukar alt vi har av tid og pengar og innsats for at våre små skal ha det best mogeleg.
Slik har det ikkje alltid vore. Også i vår litt fjerne fortid var eit barn ikkje så verdifullt som i dag.
Det er mange lite hyggelege historiske fakta rundt dette. Tenk på vår norske førmiddelalder der dei bar småborn ut i skogen for å la dei døy. Dette fekk vi bort då kristentrua tok plass i landet vårt

Himmel og jord i bevegelse!

 Det er ein glimt av det som er i himmelen vi anar konturane av på Mikkelsmesse.

Tenk at denne anledningen med dåpsborna i fokus skal hjelpe oss til å skimte inn i himmelen på denne haustsøndagen!
Kva ser vi i dag?

«-da kom disiplene og spurte Jesus: «Hvem er den største i himmelriket?» Da kalte han til seg et lite barn, stilte det midt i blant dem og sa: «Sannelig jeg sier dere: Uten at dere vender om og blir som et lite barn, kommer dere ikke inn himmelriket. Den som gjør seg selv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.»

Hugsar du nokre minutt tilbake i tid?
Kvart av borna vi hadde døypt, løfta vi opp og viste barnet fram for dykk i kyrkjebenkane.
Og vi sa: «Dette er NN. Døpt inn i vår menighet og i Kristi verdensvide kirke»

Dåpsborna vi er i lag med i dag, representerer så mykje: Dei er nye medlemer i kyrkja vår.
Dei er ein del av den verdensvide kyrkja som omfattar kristne i Norge, Finland, Sverige, Kina, Australia og Kenya.
Eller kva for kristen kyrkje på kloden, kvar det no måtte vere.  
Men dåpsborna i Alta denne søndagen er også dei største i himmelriket!

Gled deg over dette, du som er far eller mor i dag. Du sit med ein himmelsk skatt i fanget. Den største i himmelrike.
Og barnet skal vere eit forbilde for deg eller meg, og alle oss vaksne.
Framfor Gud skal vi vere som barnet, avhengige av alt det gode han kan gje oss, slik eit barn er avhengig av det gode foreldra omsluttar den vesle med.
Men Gud har noko anna en spebarnsgraut eller morsmjølk å varte opp med.
Han sit med nåden, tilgjevinga, oppreisinga og freden i sine hender.
Dette vil han ause ut over alle sine truande, alle som vil kvile i si dåpspakt og som ser fram mot himmelriket og livet inn i det evige.

Dagen i dag er altså Mikkelsmesse.
Eg sa at det var to ting som set eit preg på dagen: At vi høyrer om småborn. Og vi høyrer om englar.

For Jesus sa også:
«Pass dere for å forakte en eneste av disse små! For jeg sier dere: De har sine engler i himmelen som alltid ser min himmelske Fars ansikt.»

Mikkelsmesse har namnet sitt etter erkeengelen Mikael som vi les om fleire stader i Bibelen.
På denne dagen får vi i kyrkjene våre hjelp til å setje ord på det vi nesten aldri løfter fram.
Dette som er usynleg for oss i vårt daglege liv, men som er ein bit av den kristne trua, det som er bibelsk røyndom.
Det handlar om korleis Gud møter oss i denne verda gjennom sine sendebod.

Englane er ikkje kvardagskost. Dei møter vi ved dei grunnleggjande og tidsskiftande anledningane i historia.
Det kom ein engel til Maria og forkynte at ho skulle føde Guds som.
Det kom englar til jorda og forkynte til gjætarane at Jesus var fødd, før dei fylte himmelen rundt Betlehemsmarkene med overjordisk song i glede over frelsaren som var nyfødd, slik dåpsborna her i kyrkja var det for kort tid sida.

Vi høyrer at ein engel kom og gav styrke til Jesus då han kjempa sin siste bønekamp i Getsemane, før han vart teken til fange og gjekk mot døden på krossen.
Og ikkje minst: Det var ein engel ved Jesu tomme grav som forkynte at Jesus ikkje lenger låg i grava påskemorgon. Han er oppstaden! var englebodskapen.

Men til slutt: Bodskapen frå Jesus til oss som drar litt av sløret til sides; sløret som stengjer for innsyn av korleis det er i det himmelske.
Han seier altså til oss på denne søndagen: «Pass dere for å forakte en eneste av disse små! For jeg sier dere: De har sine engler i himmelen som alltid ser min himmelske Fars ansikt.»

Englane er for dei store anledningane i forholdet mellom Gud og menneske.
Englane er for dei store augneblinka i Guds historie med menneska.
Eit nydøypt barn er ein slik stor augneblink for Gud.
Eit døypt barn får ein engel ved Guds side. Ein engel som er så nær Gud at han ser Guds ansikt. Det er trygt å vite.
Tenk på det, når du komande jul skal pynte treet med ein vakker engel i glass!
Kanskje er glassengelen symbolet på den som vaktar ditt barn eller barnebarn?

Tenk at du, eg, og alle som er døypte slik desse fem borna vart døypte i dag; vi har ein vaktande engel i himmelen som er så nær Gud at dei ser Guds ansikt.
Grip det i tru. Gled deg hjarta!

 

AMEN

Bloggarkiv