søndag 8. desember 2013

Forventning

2. s. i adventtida. I – 08.12.2013
Eidsvåg
Johs 14,1-4
Eg er ganske sikker på at året som no snart er slutt har vore eit år fullt av spaning og forventning i minst ein familie her i kyrkja. Mor og far og søsken har venta på det som skulle skje. Ein fødsel. Eit nytt menneske. Familien skulle verte større.

I advent i år har vår kyrkje fått ei ny salmebok.
Her i Eidsvåg vil de vente litt med den. Vente med å pakke den opp til det vert jul, og det er heit fint.
Men lat meg sitere litt frå ein av dei nye salmane i den nye salmeboka. Edvard Hoem er forfattaren, og han har sett nydelege ord på situasjonen der mor og far ventar på barnet som skal kome. Hoem uttrykkjer det slik på nr. 305 i vår nye salmebok:

Vente, vente Herrens time,
barn som no blir til i meg.
Mine hender grip all verda
når eg stryk og kjenner deg!
Vente, vente, heilt aleine
styrer du mot denne verd.
Bur i meg bak fjerne himlar,
er ein annan, er meg nær!

No har den biten av spaning og forventning fått si utløysing. I dag kan de vise fram barnet her i kyrkja. Glade og stolte. Høgtideleg har vi døypt. Lys er tent. Til og med adventlys har de søsken tent for oss alle. Forventningane skal leve vidare inn i tida som opnar veg fram mot jula. Då skal det enno ein gong handle om fødselen. Men ein heilt annan fødsel for lenge, lenge sidan, og som heile verda kvar einaste år minnest på nytt og på nytt.

Adventtida er tida for forventning. Og det er tida for å vente. Vente på han som kjem til oss. Han som kjem til verda i ein fødsel. Han som kjem frå Gud. Han som er Gud, men som kjem til oss som eit lite menneskebarn. Han kjem, sjølv om han allereie har kome. For han som kjem, han kom den gongen den første jula. Og så skal han kome enno ein gong. Han skal kome tilbake for å hente sine heim til seg. Og mens vi leikar litt med grammatikken: Å kome – kjem – kom - skal kome, så  ventar vi. Med forventning.

Slik har det vore tilbake i uminnelege tider.
Tidlegare i gudstenesta las vi dei eldgamle orda frå GT – frå Salme 33:
”Vår sjel venter på Herren; han er vår hjelp og vart skjold …
La din miskunn være over oss, Herre! Det er deg vi venter på”

Eg sa nett at i advent handlar det også om å vente på at Jesus ein gong skal kome tilbake og hente oss heim til seg. Det er om dette vi kvar søndag  les denne kjende formuleringa som vi kjenner i vår truvedkjenning. Der heiter det om Jesus at han ”.. fòr opp til himmelen, skal derfra komme igjen  og dømme levende og døde”

Det er ikkje alltid så lett å tale om at at Jesus skal kome att. Mange vert redde av slike ord.  Det er også mange som tenkjer at når Jesus kjem for å hente sine heim, så skjer det ved at nokon døyr. Det er det også vanskeleg å tenkje på og å tale om. Og i alle fall er det vanskeleg å knyte forventning til eit slikt tema. 

Men i evangeliet vi har fått høyre i dag uttrykkjer Jesus seg med ord som likevel maktar å pirre forventninga i meg. Vi høyrde han tale om Fars hus. Huset med dei mange rom. Staden han skal stelle i stand for oss. Og han seier altså: ” – når jeg har gått og gjort i stand et sted for dere, vil jeg komme tilbake og ta dere til meg, så dere skal være der jeg er.”   
Høyrde du: Han som kom til oss seier også at han vil kome tilbake for å ta oss til seg.
Han vil kome tilbake frå Fars hus. Der det er så god plass i dei mange rom. Der han laga til for oss. Der mange allereie har flytta inn. Inn i huset der eg trur det er konstant fest og glede.

Når eg les desse orda, får eg ein boktittel frå Karsten Isachsen si hand i tankane. Han har skrive ei bok som heiter: "Nøkkelhull mot evigheten"
Gjennom tekstane denne søndagen er det som om vi får ein liten glimt inn i den store æva. Omtrent som det vi kan sjå av eit rom om vi kikkar gjennom nøkkelholet. Vi ser lyset. Vi ser kanskje at noko rører på seg. Så pass mykje at vi forstår at der er det liv. Kanhende høyer vi godsnakk, glad latter eller mjuk musikk som sivar ut til oss gjennom det same nøkkelholet. Men den fulle livsutfaldinga der inne anar vi berre breidda av.

I adventtida er vi slike som har ein Herre som bur i eit hus med mange slike rom. Vi kan lese andre stader i Bibelen om at Jesus fortel likningar som viser oss eit festhus, eit hus der det er gjestebod, og der han er Herren som går ut frå huset for å by inn til fest. Og då gjeld det om å vere klar til å følgje med han som kjem for å hente oss inn til denne festen. Då er di og mi oppgåve å ha alt klart og ferdig til han kjem heim frå det flotte gjestebodet. (Luk.12,35f)

Men i mellomtida kan vi driste oss til ein gløtt gjennom nøkkelholet. Det vesle vi ser fyller oss med forventning og glede og lyst til også å få vere med der.
Men berre han som er herren vår kan ta oss med dit inn. Vi må vente på at han kjem. Vi må ikkje sovne av eller sløvne bort slik at vi ikkje er klar til å vere med på fest når han brått kjem for å hente oss.

I dag skal vil leggje auga inn til det kikeholet Gud har gjeve oss for at vi skal få ein glimt av det som ventar oss på den andre sida. Dette kikeholet er rett og slett det vi kan lese i Guds ord, i Bibelen. Ser vi etter der, inn i det største rommet i huset til Far, det som har så mange rom som vi elles berre anar at det lyser frå, men som vi registrerer gode lydar frå, og der vi ser at det rører seg i liv, der gjev Gud oss også von om at vi kan få møta att dei som døden skilde oss frå her i dette livet. Difor er det forventning knytt til å møte Jesus. Difor kan vi gle oss til å vere i lag med Far i huset med dei mange rom.

I dag er fokuset på å vente. Vente på at huset skal vere klart. At mitt rom heime hjå Far i 
himmelen skal stå ferdig til innflytting. Der er uendeleg mykje forventning knytta til alt dette. 

Eg veit personleg mykje om det, for i veka som gjekk, kunne eg og kona mi flytte ut av tenestebustad og inn i eigen privat bustad. Nytt hus. Nye rom. Nytt utsyn. Nye menneske rundt oss. Spaning og forventning.

Ein gong kom Jesus til deg og meg. Han flytta inn mellom oss. Det var i jula. Med spaning og forventning førebur vi oss til å feire den høgtida enno ein gong.
Ein gong skal vi kome til Jesus. Det skjer når han hentar oss heim til huset  med dei mange rom. Også det må vi førebu oss på. Førebu oss ved å velje veg og retning slik at vi finn fram, slik at vi ikkje villar oss bort på vegen heim.

”-- dit jeg går, vet dere veien” seier Jesus i dag.
Om vi ikkje veit, så kan vi få vite. Vi kan få vite ved å lytte til Jesus. Ved å lære om Jesus. Ved å opne oss for Jesus i våre liv.
Aldri er det meir å høyre om Jesus, om hans kome og om hans liv, enn det er no i desse vekene i året som vi nett har gått inn i.
Fødselstida står for døra. Forventninga toppar seg. Vi vil møte Jesus og helse han velkomen til oss og følgje han på våre vegar vidare i livet.
Følgje han på vegen til Fars hus.

Vente, vente, livets under
skjedde i ein stall ein gong,
gjetarar som sov på marka,
høyrde englane som song.
Korleis kunngjer Gud sin kjærleik
slik at mennesket forstår?
I ein fattig fødselstime
ser vi kvar hans vegar går.

                                                    (Norsk salmebok, nr. 305, v.2)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar