søndag 29. desember 2013

Jul med kontrastar

Romsjulssøndag I. 29.12.2013
Eidsvåg
Matt 2,13-15

Det var ei fin jul. I alle fall for meg og min familie.
Eg håpar det vart slik for alle dykk som høyrer på meg også. Jula er ei god tid for dei aller fleste. Difor gjer det slikt inntrykk å lese aviser når juledagane har slokna og romjula tek over. Vi såg framsida i Bergens Tidende tredje juledag der vi kunne lese om familiar som er ramma av ulukker og brå død. Ein av dei var ein småbarnsfar som trafikkdøden reiv bort. Vi grøssar. Og vi håpar at vi ikkje kjende nokon av dei. Det gjer i alle fall eg, for eg har ti års presteteneste i Sunnfjord bak meg, og veit at eg kjenner mange i bygda der det hende!

Eg opnar fleire aviser denne dagen, og i ei anna avis, sjølvaste Vårt Land, les eg leiaren som avsluttar jula. ”Julens hovedbudskap er godhet og omsorg” skriv VL.
Tja, tenkjer eg. Det er ein viktig bodskap i jula – det med å vere god og å vise omsorg. Men hovudbodskap?

Hugsar eg rett, så var det noko anna innhald i bodskapen frå engelen ved Betlehem. ”Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede ---- i dag er det fødd dykk ein frelsar.” Det er hovudbodskapen i jula.

Det handlar om glede i jula. Om stor glede. Ei glede over at vi har ein frelsar. Han som kom frå Gud og vart menneske for at han skal berge og redde alle oss andre menneskeborn. Berge oss for det evige livet. Opne vegen til Gud.
Eg vågar å påstå at det er hovudbodskapen i jula. Glede og frelse.

Når det er sagt, må vi skunde oss å leggje til: Jula ber i seg mykje, mykje meir. Jula er fylt av mysteriet. Jula er full av kontrastar.
Apostelen Paulus skriv nokre ord om mysteriet i teksten vi las i denne gudstenesta: ”Samstemt bekjenner vi at gudsfryktens mysterium er stort.” (1.Tim 3,16)

Eg tala om dette i nabokyrkja her i Åsane 1.juledag. Om mysteriet, og då sa eg m.a.:
-fordi Guds vegar og Guds tankar ikkje er til å begripe, er det at vi som kyrkje samlar oss i kvar ein krok over heile verda. Men vi samlar oss ikkje for å forstå på denne juledagen. Vi samlar oss i tru.
Det ufattelege og ubegripeleg går utanpå forstand og logikk.
Seinare i dag, når vi nærmar oss noko anna uforståeleg i kyrkja sitt liv, nemleg nattverden, så brukar vi eit liturgisk uttrykk: ”Stort er troens mysterium”
Jula er ein del av dette ”troens mysterium”. Og nettopp trua vår er det som opnar augo våre for det uforståelege og ubegripelege.

Det uforståelege og det ubegripelege.
Vi er omgjevne av dette kvar dag, året igjennom. Slik vi som trur også rammar livet vårt inn i dette forunderlege mysterium som vi ikkje maktar å begripe, men som vi klamrar oss til, nettopp med trua vår.

På denne romjulssøndagen vert vi gjennom den korte preiketeksten konfronterte med fleire innslag av mysterium i samband med juleforteljingane.
”Da vismennene var dratt bort…”
Slik vart tekstorda innleia. Det dreiar seg sjølvsagt om vismennene frå Austerland som kom til Betlehem for å hylle han dei trudde var ein nyfødd konge. Det handlar om vismennene som følgde stjerna. Stjerna viste veg for dei og stansa over den staden i Betlehem der barnet var.

Mysterium! Betlehemsstjerna er eit mysterium for trua. Korleis kunne det skje? Er det mogeleg at Gud set stjernene på himmelen i rørsle for å vise sine planar for å frelse menneskeslekta? Eller er det myter og oppspinn?
Det finst haugar av forklaringar på stjerna. Gode - dårlege. Konspiratoriske.
For meg kjem dette inn i kategorien ”Stort er troens mysterium”

Men forteljinga om vismennene og stjerna har også i seg ein annan figur. Ein verkeleg og historisk figur som gjer at det er råd å tidfeste fødselsforteljingane i Betlehem. Vi møter kong Herodes i denne forteljinga. Herodes den Store. Er du interessert i å vite meir om han, kan du gå heim og lese på nettet, f.eks i Wikipedia. Der ser vi at han døydde i året 4 f.Kr – altså eit bevis på det vi veit frå andre samanhangar, at vår tidsrekning ikkje stemmer heilt. Jesus vart nok fødd nokre år før det vi reknar som år 0. I teksten vår står det Jesus og familien hans vart i Egypt til Herodes var død.
Vi skal ikkje seie særleg meir om Herodes, men han er framstilt i historia som uvanleg brutal og rå. Og i Bibelen les vi om det forferdelege barnemordet i Betlehem som gjorde at Josef og Maria vart drivne på flukt til Egypt.

Enno ein gong vert trua vår utfordra av det mysteriøse. Herrens engel talar til Josef i ein draum og fortel korleis dei skal forhalde seg til kongens grufulle gjerningar.

Men viktigare for deg og meg i dag enn å gruble over stjerne, draumar og forunderlege menn frå det store ukjende i aust, er det å konstatere at gleda i jula nokså snart gjekk over i frykt og redsel, flukt og store strabasar.
Barnet i krubba er no eit lite flyktningebarn.

Dermed er vi midt inne i jula sine veldige kontrastar. Kontrastar vi opplever på kroppen den dag i dag. Den eine dagen gler vi oss over familesamvær, gåver og overflod av god mat. Den neste har vi isingar langs ryggen over vonde overskrifter som fortel at døden ikkje tek juleferie.

Ei stor glede, forkynte engelen.
Men for Maria skulle barnet ho hadde fødd gje henne mange tårer.
Dei første felte ho sikkert den dagen det gjekk opp for henne at sjølvaste kongen var ute etter å drepe barnet. Kanskje nådde ryktet henne, ryktet om at soldatar fòr rundt i den vesle byen og tok livet av småborn. Av gutar under to år. Det er så vi ikkje kan fatte rekkevidda av det.

Ein som hjelper oss å sjå julekontrasten er han som vart prestevigd i lag med meg og ei rekkje andre tilbake i 1979. Arnfinn Haram. Presten og prosten som tilslutt valde paven framfor Den norske kyrkja. Det har gått 1 ½ år sidan han døydde. Mange sørgjer enno over han. Arnfinn var mykje meir enn ein prest. Han var også ein stor diktar, og salmen vi snart skal syngje er ei av gåvene frå han som vil leve vidare etter han.

”Djupaste mørker ligg over jord,
frosthard er marka, stjerna står stor…”

Julesalmen om Maria som skulle oppleve dei store kontrastane. Gleda ved barnet. Men også marerittet. Flyktningemarerittet. Og endå verre: sverdet i sjela hennar då ho ein mannsalder seinare stod ved foten av ein kross og sonen Jesus vart torturert inn i døden.
I Anfinn Harams velvalde poesi høyer vi juleunderet skildra slik:

Tettast ved krubba, moderleg god
vaker Maria, glad er ho no.
Guten ved barmen, tvegen og fin;
Gudeson er han, sjå kor han skin.

Dette vesle barnet – gudsonen – var heilt frå spebarnstida eit mål for alle som ville han vondt. Herodes hadde aldri sett Jesus. Men berre ryktet om at eit barn som kunne verte kongens konkurrent,  var nok til å setje despotiske krefter i sving.
Despotiet tok overhand då den vaksne Jesus vart krossfesta. Vondskapen i verda gjorde det naudsynt. Vondskapen i verda fullførte det som som måtte gjerast. Med Maria som vitne:

Maria, Maria, visste du vel
alt som deg ventar: Sverd i di sjel,
naglar og tornar, blod på ein kross!
ofrast lyt Sonen, ofrast for oss.

Vegen frå mørke fødselsnatta der lyset frå himmelen skein, skulle gå vidare ut i ei mørk verd. Vegen gjekk langs ein flyktningesti. Til Egypt. Til landet som Jesu forfedrar hadde flykta frå. Flyktningen Jesus med sine flyktningeforeldre minner oss på dei millionar av flyktningar som akkurat i dag kjempar desperat i landa som grenser opp mot det heilage landet. Frå Syria flyktar dei i millionar denne jula. Flukt ut i det djupaste mørket.
Om det verkeleg er slik at avisa Vårt Land hadde rett då det stod på leiarplass i førgårs at ”Julens hovedbudskap er godhet og omsorg” – så verkar det i så fall som om nordmenn har misforstått jula totalt. Vi veit å vise omsorg for vår eigne. Men flyktningane frå Syria, dei stengjer vi grensene for.

I oktober i år stod det ein artikkel i Bergens Tidende om temaet. (15.10.2013). Der las eg at Sverige tek mot 15.000 flyktningar i året frå Syria. Irak tek mot 200.000,og fattige Libanon 700.000. I vårt eige land, det rikaste på kloden, bråkar vi om å ta mot 1000 ekstra kvoteflyktnigar.
Vi har ikkje råd. Kanskje har vi brukt så mykje på oss sjølve og på vår eigen velstand i jula at det ikkje lenger er rom for å vere god og å vise omsorg. Ikkje for andre enn for meg og mitt og mine.
Ville vi opna grensene våre i 2013 for Jesus, Maria og Josef på flukt frå despoten Herodes? Det finst parallellar til den mannen i lys levande live i vår tid!

Jula er full av kontrastar. Jula er skinande lys. Jula er tungt mørke. Jula er ei påminning om undergangskrefter, men endå meir ei forkynning av frelse. Jula er framfor alt glede over barnet som splittar alt mørke og all vondskap og som tenner lys der sorg og hjelpeløyse tilsynelatande er uovervinnelege krefter.

Difor er det så godt for oss at vi på Romjulssøndagen kan få syngje og be med orda vi har arva frå broder Arnfinn:

Djupaste mørker ligg over jord,
alt fekk du prøva, Jesus, min bror.
Gå ikkje frå meg, Herre, eg bed!
Ven frå det høge, du er min fred!

Amen



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv