tirsdag 24. desember 2013

Stille jul

Julaftan. 2013
Åsane – Ytre Arna
Lukas 2.1-20

Stille.
Har du tenkt på at vi ofte møter ordet stille når det endeleg er jul.
«Det lyser i stille grender» song vi nettopp.
Snart skal vi syngje: «Stille natt, hellige natt»
Stille går att som eit viktig ord i fleire julesongar. «Så enkelt og stille kom Gud til vår jord» syng vi i ein anna salme.

Eg trur det var stille den natta det hende. Mørk natt med stjerner. Ingen bilar. Ikkje lys frå reklame. Juletreet hadde ingen tenkt på. Ein og anna lampe lyste i dei små vindaugo i nokre av husa i Betlehem.
Der Josef og Maria hadde funne seg tak over hovudet var det også stille. Litt skraping av føtene til dyra. Kanskje kunne dei høyra at dyra togg i seg maten. Tung pust av søvnige dyr. Utanfor: Lydar av raslinga frå grashoppene. Men elles: Stille natt!

På Betlehemsmarkene var det same stemninga: Stille og roleg. Sauene kvilte i fred. Gjætarane som passa sauene varma seg ved bålet og prata lite saman. Duppa litt av innimellom, men gløtta opp no og då for å forsikre seg om at alt var bra med dyra dei hadde ansvar for.
Når vi i desse siste dagane før julaftan har hatt det travelt, er det mange mellom oss, ikkje minst av oss vaksne, som har lengta etter at det skulle verte ro. At freden skulle senke seg. Julefred er det mange som ynskjer seg.

Men sant å seie er det lite stille og fredfull ro å finne på ein slik dag. Vi har enno ikkje roa heilt ned. Heime er det framleis stress med å lage mat. Kanskje er det ein og anna detalj som skal på plass i huset for vi skal ete og gje kvarandre julegåver.
Og når vi kjem så langt, då er det i alle fall ikkje stille.
For kven kan vel vere stille og roleg når ein enno er 6 år og det ligg ein haug med gåver og ventar. Gåver som er harde. Pakker som er mjuke. Gåver som har lyd. Gåver vi kan lage lyd med. Ting vi har ynskja oss. Kanskje noko vi ikkje ynskte oss. Kanskje får vi noko som overraskar veldig og som vi blir kjempeglade for.
Det er enno mykje spanande som ventar denne dagen. Og det er vel å be om for mykje om ein ber om at det skal vere stille.

Eg ynskjer at det skal vere stille på julaftan.Men ikkje musestille kvar minutt på dagen. Ikkje stille og furtande når vi opnar pakkane. Ikkje taust og tregt når vi et god julemat. Då skal vi ta ut alt vi er så glade for i dag. Glade for alt vi får. For alt vi kunne gje bort som fine gåver. Glede for familie og vener. Glede over fest og høgtid. Over pinnekjøt, juletre og familiefest.
Men stille ettertanke akkurat no. Her i kyrkja. 

Så flott at du fann vegen hit i dag. For nokre minuttar no kan vi stengje ute alt det travle. Alle dei høge lydane som forstyrrar julefreden. Her kan vi snakke slik dei av og til gjer i barnehagen – med innestemme!

No er vi stille ein liten augneblink og lyttar til kva  som skjer på julekvelden.
Kjenn på at det er godt å roe ned. Vere tett i lag med dei du kom hit saman med. Kanskje på eit fang?

Prøv å lytte etter  julelyden akkurat no.
Du høyrer neppe så mykje. Men tenk på lydane frå det vi har lese om nettopp. Dei forsiktige lydane i den stille stallen der Maria og Josef ventar. Mens det er stille.
Så kjem det brått lydar. Frå Maria som har det vondt. For alle som har født eit barn har fortalt at det er vondt. Så kom det en heilt ny lyd i stallen. Frå barnet som skreik. Barnet som gret. Barnet som til slutt roa stille ned. Forsiktig lyd frå guten som fekk drikke seg mett av Marias morsmjølk. Lydane av dette er ikkje å høyre her i kyrkja. Men når vi er stille og tenkjer etter, kjem lydane til oss likevel. Vi veit at dei var der. Vi er stille og tenkjer etter. Kva er det eigentleg vi høyrer?

Det er lyden av det engelen fortalde om.
For  engelen var ikkje stille. Han ropte det ut så dei sovande gjætarane skvatt og sauen sprang til alle kantar.
Han ropa ut mens englemusikken og englesongen tona i bakgrunnen: «I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by»

Det er julelyden. Julelyden er lyden av englerøyster. Først ein engel som fortel at no har det hendt. Det er fødd eit barn. Maria er mora. Barnet er Jesus.
Og den vesle er ingen vanleg liten gut. Han er det òg. Men han er så mykje meir. For dette er guten frå Gud. Guds eigen son. Han som vart eit lite menneske.

Dette som er så forferdeleg vanskeleg å forstå. Difor må vi av og til vere litt stille slik at vi kan ta det til oss. Tenkje etter mens vi er stille. Gud kjem til oss. Det vesle barnet som heiter Jesus og som søv roleg og fint i ein stall, han er frå himmelen.

Julelyden er difor, for det andre, lyden av songen frå englar som syng så flott at alle andre lydar vert som støy til samanlikning.

Her i kyrkja etterliknar vi englesongen. Vi syng dei finaste og vâraste songane vi kan. Songane om Jesus som vart fødd. Dei glade songane som vi stemmer i og som bryt alle grense for lyd. For når julesongane tonar ut i kyrkjerommet skal ingen vere stille. Då skal dei høyre det så langt ut som vi berre kan få det til. Då skal dei gode lydane strøyme frå kyrkjedører og kyrkjevindauga. Då skal musikken snart blande seg med klokkeklang frå kyrkjetårnet. Klokker som fortel alle som vil høyre at engelen kom til oss med bod om at Jesus er fødd. Han er frelsaren vår.
Han er den som kan ta oss med inn til Gud.

Difor skal vi både lytte til og sjølve ta del i lovsongen for at frelsaren var fødd, Han som kom frå Gud. Han som var Gud i eit lite barn.
Vi må lytte etter julelydar i kveld. Vi må vere stille så vi høyrer at det er roleg. Vi må lytte etter barnet som fortel at Gud er her. Mellom oss. Vi må lytte etter engleorda om at barnet er vår frelsar. Og vi må lytte etter lovsongen. Julelyden som prisar Gud for eit under vi aldri kan forstå, men som vi kan opne oss for som den største av alle julegåver.

Vi ynskjer kvarandre ei stille og velsigna julefeiring.

God Jul

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv