lørdag 17. mai 2014

17.mai

17.mai 2014
Åsane gamle kyrkje
Luk.1,50-53

Gratulerer med dagen!
Dette er den store felles festdagen for heile landet vårt. Eit slags slektsstemne som angår alle. Dette er ikkje konfirmasjonsselskap for nokre få av familiane i ei bygd. Dette er ikkje bryllaupsfest for to utvalde familiar med tillegg av ein del nære vener. Dette er ikkje fødselsdagsfeiring for 7-åringen og alle dei andre i klassen, eller 50-årsdag med kollegaer og nær omgangskrins.
I dag feirar vi i Kristiansand og Kirkenes, i Tromsø og Trysil, i Ålesund og Åsane.
I dag feirar vi gamle mor Noreg! I dag har naturen pynta landet med grøn kledning, og sjølve pyntar vi oss med bunader og finklær. Alle stader står flaggstengene som det synlege utropsteiknet. Ikkje ei stang er naken og tom. Vi feirar med glede og med takk at dette er vår felles dag, alle vi som bur i dette landet som betyr som mykje for oss.

Nettopp i år feirar vi med ekstra vai i flagga og vind i bunadstakkane. 200 år har gått sidan historia vart skrive på Eidsvoll. Og i år er Grunnlova endeleg fornya språkleg, dansken er borte og vi har fått den på bokmål, og på norsk.
Framfor dagen i dag har vi pussa støv av alt vi hugsar av talar med patos på festdagen vår. Vi ser for oss barndommen då gamlelæraren eller klokkaren eller lensmannen heldt tale for dagen. Den gongen runga stororda om Eidsvoll og 1814 mellom fulle benkerader. I min barndom var ein etter måten nyleg avslutta andre verdkrig alltid eit trygt tema for 17.maitalarar. Ein krig vi til neste år vil har 70 års avstand til. Men nettopp i dag: Vi set i fokus milepælen som markerer 200 år tilbake til signeringa på Eidsvoll av landets viktigaste dokument.
Vi har historia med oss på denne dagen. Det dryp historie av denne dagen. Og eg er trygg på at dei som i dag er born og unge og som veks opp her vi alle saman bur, dei vil få historia med seg, dei og. Dei skal lære av historia. Dei skal jubilere når historiske merkedagar kjem att. Dei vil alltid vite at på 17.mai fekk landet vårt grunnlaget for at vi er ein fri nasjon som kan feire oss sjølve på ein vakker og god måte.

Men ting har endra seg. Tenkjer vi tilbake, ikkje meir enn dei siste 50 åra, så har i alle fall to faktorar nesten snudd opp ned på vår oppfatning av verda vi lever i, og på landet vi bur i.
For det første:
Mange, mange av oss har fått sjansen til å sjå andre land og andre delar av verda enn Bergen og strilelandet. For 50 år sidan kom sjøfolka heim att frå eksotiske byar og fortalde spanande historier. Det kom brev frå slektningar i Amerika som rørte mange til tårer. Vi sat på harde bedehusbenkar og var meir kjende med Madagaskars innvikla stadnamn enn vi var i norsk geografi i Trøndelag eller i Setesdalen. Det var mykje vi ikkje visste om verda rundt oss. Og av det vi visste, var mykje sterkt farga av augo som hadde sett med heilt spesielle briller.
Men i dag har vi reist sjølve. Vi har vore i København og Stockholm. Vi har reist til England på handletur eller til Paris på bryllaupstur eller til Roma på ei langhelg. Vi har beundra arkitektur i Praha og klatra i fjellet på Kilimanjaro. Vi har gått oss vill i asiatiske storbyar eg lukta på jungelen i Sør-Amerika. Nokre av oss har eige hus i Spania med strandstol og solkrem som viktigaste turutstyr, mens andre synest det er meir sjølvsagt å reise til Amerika enn til Tromsø.

Den andre faktoren som har endra verdsbiletet for oss trauste nordmenn, er at i den siste generasjonen har den store verda kome til oss. Ikkje berre som blaserte engelske og tyske overklasseturistar som tok inn på dei svære hotella i vestlandsfjordane og skreiv kuriøse reiseskildringar i avisene i sine  heimland. Men vanlege folk frå Pakistan og Vietnam og Tyrkia og Russland, ja til og med frå Danmark og Sverige, dei kan vi no få som aller næraste naboar. I stabane vår i kyrkjene i vårt prosti er vi så heldige at vi har tilsett folk frå land som Litauen, USA, Sverige, Sri Lanka. Gravplassane våre vert stelte av menn frå Afrika.
Slik var det ikkje i landet vårt for nokre få ti-år sidan. I dag er alt endra og det er endringar vi skal leve med, og det er endringar vi må snakke om på denne nasjonaldagen vår.

For det er uråd å sjå så mykje, og oppleve så mykje, utan at det gjer noko med oss. Som enkeltmenneske og som nasjon. Vi er ikkje isolerte i ein utkant av den store verda lenger. Vi får sjå verda. Og verda har sett oss, og kjem til oss.

Kva skal dette bety for deg og meg på 17.mai?
Eg tenkjer at det vi les frå Marias lovsong  slik vi nett har gjort det, har mykje å lære oss. Det gjekk mange år som prest på 17.mai før eg sjølv fekk opne augo for kva denne teksten betyr på nettopp denne dagen. Orda vi har lese på 17.mai er henta frå den lovsongen Maria song då engelen Gabriel hadde fortalt henne at ho skulle verte mor til Jesus, og Maria og slektningen hennar Elisabeth hadde samtalt om dette heime hjå Elisabeth. Denne lovsongen er eigentleg ein refleks av at Gud på underfull vis greip inn i menneskeslekta si historie. Han greip inn ved å verte menneske, ved å verte ei lite foster i Marias morsliv.
Maria syng lovsong fordi Gud handlar i vår historie, og fordi ho er utvald til å vere eit verktøy som Gud vel ut når historia skal skapast, når frelsa for verda skal utformast.

Kanskje var det til ettertanke for vår nasjon om også vi kunne stemme våre hjarto og sinn til takk og lovsong fordi Gud har vore nær når vår norske historie vart skapt?
Frå slekt til slekt varer Guds miskunn over dei som ottast han. Han gjorde storverk med sin sterke arm; han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.

I dag feirar vi enno ein gong nasjonaldagen vår med glede og med gamle og verdfulle tradisjonar. Vi kjenner på at det vi i dag er ein del av, det kunne ikkje vore slik om ikkje Guds finger var med den gongen historia vart skapt, og om ikkje hans hender hadde vore nær etter som tida gjekk. Frå slekt til slekt varer Guds miskunn

”Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på landet byggja”
Det er fedrelandssalmens ord. Men det er samstundes ikkje noko anna enn ei poetisk omskriving av langt eldre ord, nemleg orda frå det vi i dag også har lese som ein av tekstane på 17.mai, henta frå Salme 127: Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt.

Vi vil lære av Maria på vår nasjonaldag. Vi vil lære å syngje lovsong til Gud fordi han gav oss landet. Fordi han var nær oss og førte oss gjennom tunge og vanskelege tider. Frå slekt til slekt!
Og vi vil takke fordi han har gjeve oss høve til å få sjå og oppleve både rikdomane vi har her vi sjølve bur, men også at den store verda rundt oss er eit skattkammer av kultur, natur og inspirasjon som vi kan sjå og oppleve og hente impulsar frå til å byggje landet vårt endå betre og endå meir inspirerande å bu i. Det var nettopp det dei gjorde, grunnlovsfedrene på Eidsvoll. Dei kjende konstitusjonane i Frankrike, England og USA. Derifrå henta dei tankegods og inspirasjon til å formulere vår 200 år gamle lov som landet vårt framleis er tufta på. Idèane var ikkje norske, men frå framande land.

Vi vil lære av Maria på vår nasjonaldag. Vi vil lære av alvoret i det hennar lovsong også løftar fram for oss:  Han gjorde storverk med sin sterke arm; han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.

Hovmodstankar er ikkje gode tankar å tenkje på ein dag som dette.
Diverre er ei av dei mest negative sidene ved det å vere norsk, at vi som nasjon og som enkeltmenneske veldig lett kan vippe over frå sunn patriotisme til ekkel nasjonalisme.
I dag er eg stolt av alle dei norske flagga som vaiar over Åsane og over resten av landet vårt. Eg var ikkje like stolt ei kveldsstund i ein typisk turistby i landet vi gjerne kallar syden, der hotella låg vegg i vegg og der nattelivet snart skulle ta til å utfalde seg. Det var turistar frå heile verda der, men frå den hotellbalkongen der det kom mest skrålande bråk var det også sett opp eit balkongflagg med det norske flagget. Eg såg ikkje eit einaste tysk eller engelsk eller dansk eller svensk flagg nokon stad. Men nokre fulle nordmenn viste sitt hovmod med å misbruke vårt nasjonalsymbol på den måten. Som om det var noko å framheve at her budde det nordmenn? Og det dei framheva var til overmål at her budde det nordmenn som berre var hovmodige, dumme og  fulle.

Ein ting er dumskap og hovmod i alkoholrus i syden.
Vanskelegare er det når vi må lære oss å leve med at landet vårt vart vårt for at vi skulle dele med andre som ikkje er fødd i ein norsk fjord eller på ei norsk øy. Landet vårt skal verte heimen til folk som går kledde i sari eller går med muslimske hovudplagg. Vi skal bu i lag med søreuropeiske menneske som vi best kjenner frå våre badeferiar;  eller vi ser at nordmenn gifter seg med folk frå vårt enorme naboland, Russland.
Dette vil vere noko av det viktigaste som formar historia til dei borna som i dag går på skulane i Kyrkjekrinsen, Ulset eller Flaktveit. Allereie er det slik at elevane der har lært seg å leve i lag med born frå andre delar av verda. Born som er norske sjølv om dei har røter frå andre stader i verda.
Eg trur at slektene som no veks opp skal lære seg å leve i lag med nye nordmenn på ein betre måte enn vi som ikkje kunne førestille oss at det skulle verte slik, berre for få tiår sidan.
I møte med ei tid der vi vert ein del av verda, og der verda omkring vert ein del av vår kvardag, er hovmodstankar noko av det verste vi kan tenkje. Det er tankar vi må bruke 17.mai til å plassere i søppelkorgene som er sett opp rundt omkring.

Maria lærer oss å syngje lovsong på 17.mai. Og sanneleg er det også grunn til å syngje lovsong.  For på denne dagen kjenner vi at Gud var god mot oss då han gav oss dette landet å leve i.
Så skal vi med våre liv leve slik at vi ærar Gud og vår neste. Det må vere slik i åra som kjem at dei som veks opp i dette landet ein gong i framtida også kan lovsyngje fordi dei fekk oppleve Guds velsigning, frå slekt til slekt.
Då skal det viktigaste frå fortida løftast fram. Historia lærer vi av.
Men så skal vi forme framtida i lys av denne lærdom og i truskap mot det Gud viser oss når vi opnar Skrifta og les om levereglar og bodord som han gav oss til etterfølgjing, for at han framleis skal kunne ause over oss av si rike velsigning.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv