søndag 11. mai 2014

Om ei lita stund

4.s. i påsketida 11.mai 2014
Johannes 16,16-24
Åsane gamle kirke

Den som les denne søndagens tekst kan ikkje unngå å leggje merke til desse fire orda som vert tekne opp att mange gonger: "Om ei lita stund ...". Dette er ord som mange av oss kjenner att frå vår kvardag. Om ei lita stund skal eg rydde på kontoret mitt, om ei lita stund skal eg vaske bilen, om ei lita stund skal eg gjere leksene. "Om ei lita stund" er gjerne innleiinga til ei forandring som truleg vil komme. Ei forandring som kanskje krev litt innsats av oss. Ein innsats som vi ventar med å ta fatt på til det vert heilt tvingande naudsynt. I bibelteksten signaliserer også "om ei lita stund" ei forandring. Ei forandring som inneber fleire ting. Først og fremst dette: Sorg skal endrast til glede – om ei lita stund.

For samanhangen orda står i, handlar om sorg. Sorg hjå læresveiane fordi det tek til å gå oppfor dei at Jesu ikkje skal vere i lag med dei inn i framtida. Dei ser føre seg ein avskil.
Det er dette heile denne talen som Jesus held, og som er attgjeven i det 16.kap. hjå Johannes, handlar om. Om at Jesus fortel læresveinane: Eg går bort, men likevel vert eg ikkje borte.
Merkelege ord. Vanskelege ord. Uforståelege ord. Slik er det for oss. Og slik var det også for læresveinane. Det er tungt å fatte kva det handlar om her. Men lat oss prøve om vi kan trengje inn i teksten og sjå kva det handlar om – ”om ei lita stund”
Vi har alt vore inne på det. Det dreier seg om sorg over ein føreståande avskil, og at Jesus vil seie noko om at den sorga skal vendast til glede.
Men det er ikkje lett å gle seg når hovudpersonen i livet til eit menneske vert borte. Alle som har teke tårefulle avskil veit noko om dette.

I 1947, skreiv Haldis Moren Vesaas eit vakkert dikt om nettopp dette.
Diktet heiter Avskil:

Du følgde til toget den kvelden eg reiste,
bar kofferten for meg og ordna med alt,
tenkte på alt – og tenkte slett ikkje!
Det tenkte eg, og mitt hjarte var kaldt.

Ja, det var kaldt. Men det sveid av pine.
Du gjekk og la planar. – Å lat meg i fred!
Eg vil ikkje høyre om planane dine,
om framtida di, der eg ikkje er med!

Minuttane gjekk. Ein heil att, ein halv,
- og no, no går toget, kvar augneblink!
Då  tagna du endeleg. Munnen di skalv,
Og du gløymde å vere så aktsam og flink.

Og hjartet mitt sprengde sitt skal av kulde.
Eg bøygde meg ut, og vi nådde så vidt
å røre kvarandre den siste gongen.
Og så susa mitt liv bort ifrå ditt.

Heldigvis er det ikkje slik med mitt liv saman med Jesus. Heldigvis susar han ikkje bort or livet mitt når eg legg mine planar. Kanskje utan han. Slik han heller ikkje vart borte frå læresveinane sine liv.
Dei skulle snart oppleve påske med krossfesting, død og sorg. ”- om ei lita stund ser de meg ikkje lenger.” Jesus skulle døy, leggjast i grav og verte borte frå livet til dei tolv. Dei skulle sørgja.
Men ord hans vidare gjekk også i oppfylling: ”- om ei lita stund att skal de få sjå meg”. Tre dagar gjekk det. Så var han der att. Oppstaden og levande.
Men at læresveiane hadde vanskeleg med å skjøna kva han meinte når han sa det slik ei god stund før påske, det er ikkje vanskeleg å forstå.
I ettertid ser vi likevel sanninga: Avskilen var berre førebels. Jesus skulle ikkje ut or livet til læresveinane, like lite som han skal ut or livet ditt og mitt.

Dette vert vi kvar søndag minna om når vi sit i kyrkjebenkene. Her er nemleg staden der han er nær. Der Ordet hans lyder. Der han kjem til oss med sin lekam og sitt blod. 
For læresveinane måtte Jesu død framstå som slutten på ei lovnadsrik tid med Jesus. Jesus måtte lære dei desse orda: "Om ei lita stund ..."

Dette er trua sine ord. Sjølv om mange forventningar tilsynelatande vert lagde i grus og oske. Sjølv om kristentrua ofte opplever nederlag, så vil det for den som held seg til Jesus, alltid heite: "Om ei lita stund". Då vil endringa kome og Jesus vil kome til syne som sigerherren. Han som vinn over død og grav. Han som kjem med livet. Han som kjem med glede der sorga rår.
Avskil er difor aldri eit rett ord  når vi talar om vårt tilhøve til Jesus.

Det er mange som ser på den kristne kyrkja med skadefryd, forakt og motstand. Det har aldri vore slik at kyrkja og dei truande kunne rekne med å segle i medvind til ei kvar tid. Lenge har vi i vårt land opplevd at kyrkja har kunne stø seg på eit solid maktapparat som ein av statens  hjørnesteinar. Lenge har folk meir eller minder medvitlaust slutta seg til folkekyrkja gjennom dåp, konfirmasjon og vigsel utan at det har medført dei store forpliktingane i høve til det kyrkja står for og representerer. Dette har vore enkelt for folk flest, og kanskje ein smule søvndyssande for kyrkja sine institusjonar.
Tydelege teikn i tida talar om at det neppe vert slik i framtida. Mange gjev kyrkja motstand. Mange gjev trua motstand. Også spott og hån. Eller politisk tvang til einsretta tenking. Jesus sa det slik då han tala med læresveinane sine: ”De skal gråta og jamra dykk, men verda skal gle seg.

Men også for verda som gler seg når kyrkja og dei som trur på Jesus møter motstand, skal det vere slik at dette berre gjeld ”ei lita stund”. Verda si glede vil ta slutt - om ei lita stund.
Verda si glede er ofte kyrkja si sorg. Verda si glede kan vere at kyrkja møter motstand. Tøff motstand. Men verda si glede kan også vere den totale likesæla i høve til dei ideal Jesus løfter opp for oss. Verda si glede kan vere dansen rundt gullkalven.

At det stig fram nokon som forkynner bodord frå Gud: Slik skal du leve! – det vert oversett. ”Du skal ikkje ha andre gudar enn eg” lyder det første av dei ti bodorda.  Men veldig få høyrer når ein løftar røysta og seier noko om det. I ståket frå lattermaskinene som TV-underhaldinga pøsar oss fulle av, er det ikkje ørens lyd å få for ein som står på ein preikestol og forkynner: ”Så seier Herren!”
Men verda si glede kan av og til vere kortvaring. Eg vert minna om det når vi i gravferder tek fram ein av salmeboka sine mest sungne salmar: "Å ver hjå meg".
Det andre verset byrjar slik:
"Kor snøgt han dalar, livsens stutte dag
og jordlivs glede med sitt tome jag!"

Eg ser for meg ein gut i 3-4 års alderen som ein 17. mai gjekk rundt på skuleplassen stolt og smilande med ein svær, fargerik ballong. Så plutseleg kom smellet, og guten stod der nokre sekundar, forskrekka med ei lita gummifille, før han tok til å strigråte. Ei lita scene som på ein enkel måte framstiller vårt materialistiske samfunn sitt dilemma.
Ein kvar prest som har vore i teneste nokre år, har opplevd korleis sjukdom og ulukker brått har snudd opp ned på alle verdiar. Det small. Livets ballong sprakk, og det gjekk opp for oss: Rikdom åleine betydde ingen ting meir.
"Verda skal gleda seg", seier Jesus i teksten for dagen, men samanhengen viser at verda si glede har alltid sin ende. Den materielle glede vil alltid vere prega av Jesus sine ord: "Om ei lita stund".

Men den ekte, varige glede. Den som ikkje tek slutt og som ikkje sprekk som ein ballong når det uventa skjer eller når den tunge sorga bankar på døra – den er knytta til Jesu gode nærvær. Jesus seier: ”No er de sorgfulle, men eg skal sjå dykk att. Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk”

Vi er her i kyrkja i dag, på Herrens dag – søndagen til minne om Jesus som sigra over djevel, død og sorg. Vi er her for å gle oss over at det enno er berre ei lita stund, så skal vi møta han att. Det vert i Guds evige rike. Der er avskil og tårer ukjende omgrep. Der skal vi aldri ta farvel.

Jesus reiste for lenge sidan. Men han drog ikkje langt. Han er stadig nærverande. Her i kyrkja ved sin Heilage Ande; nær i Ordet, nær i sakramenta. Og så  - i det evige, det som skal møte oss om ei lita stund, der skal vi møtast att i lag med Jesus.  Der skal vi berre vere. Vere saman. Vere glade. Være nær han som er nær oss i dag.

”Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk”







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv