torsdag 19. april 2018

Gravferdstale: "Hagen"


 Hagen - 1.Mos.2,8-9



.................... Hagen er død.
Om han og familien faktisk også har ein hage å stelle med heime i Eidsvåg, det har eg ikkje sjekka ut. Om hagearbeid betyr noko for dykk som i dag sørgjer, det veit eg ingen ting om. Men eg veit at no er det vår. Mange av oss finn vegen ut til vår eigen hage, og trivst med det.
Men nokre har hagen klistra fast til seg til ei kvar tid. For det er familienamnet dykkar. Det heitte også han vi no tek farvel med. Han som etter kvart skal gøymast i jorda i den vakre hagen rett utanfor stovevindauga dykkar, nemleg Eidsvåg gravplass.

Eg kan ikkje hjelpe for at tankane mine vart sette i sving då eg fekk vite namnet på han som døydde frå oss. Hagen.
Det handlar om døden. Og døden vart mennesket først kjend med i hagen.
I Paradishagen. I 1.Mos.2,8-9 les vi:
Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma.  Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, forlokkande å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt.

Livet starta i ein hage. Her møter vi Adam og Eva. Først Adam. Så Eva, kvinna som vart skapt for at mannen ikkje skulle vere åleine, og for å vere ei hjelp for han. Slik talar Bibelen om dei første menneska. Vi høyrer korleis dei levde i hagen. Vi høyrer om idyllen. Om Gud som går tur i hagen i den svale kveldsvinden.
Bibelens historie om dei første menneska startar i hagen. Mellom alle slags gode tre lever menneska i Paradis, i Eden. Og der veks også livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt.

Men i hagen lever også slangen. Djevelen i dyreskapnad, som lokkar kvinna og mannen til å synda mot Gud. Vi les om syndefallet i 1.Mos. og om dei forferdelege følgjer det får. Først for Adam og Eva. Herren Gud viste dei ut or hagen og sette dei til å dyrka jorda som dei var tekne av, står det. Og det står meir. Her finn vi delar av det ritualet som avsluttar alle gravferder. Det var Gud som sa det då han jaga dei første menneska ut or hagen: «Støv er du, og til støv skal du venda attende.», eller som det stod i bibelomsetjinga vi kjende for nokre år sidan: ”Jord er du, og til jord skal du atter verta” (1. Mos.3,19)

Døden høyrer vi om for første gong i Paradishagen. Men det er ikkje siste gong vi høyrer om døden. Seinare har menneskeslekta bore med seg arven frå Adam og Eva. Den arven som heiter synd. Og løna for det er ingen ting å gle seg over. Løna for synda er all sjukdom, vondskap og djevelskap som vi menneske alle er smitta av, og som vi seinare må dragast med. Alt dette som i yttarste konsekvens fører døden med seg. Det som ingen av oss kjem utanom. Dette som påfører oss slik smerte i form av sorg og sakn når døden hentar våre kjære frå oss. Dette som gjer oss urolege og redde for det faktum at ein gong er det min tur til å døy. Eller din tur.

Døden møter vi i hagen. Men i hagen møter vi også ein som kjempar mot døden.
I angst og med sveittedråpar som renn som blod i ansiktet møter vi Jesus i ein annan hage: Getsemanehagen. Her bur han seg til det som snart skal møte han: svik og fangeskap, ei latterleg rettssak og grufull tortur. Og ikkje minst døden. Døden som bøter på skaden frå Adam og Eva sitt syndefall. Døden som sonar for dine og mine syndefall. Døden på krossen som vert til ei oppreising for ei heil menneskeslekt som må leve med døden som den siste fienden heilt fram til han ein gong gjer alle ting nye.

I Getsemanehagen gjev Jesus seg heilt over i Guds hand. Også han er redd for å døy. Men han ber likevel slik vi alle skulle lære oss å be:  ”- ikkje som eg vil, berre som du vil” (Matt, 26,39)

Det Jesus gjorde då han døydde, og endå meir: Då han tre dagar seinare stod opp att or grava, det gjev håp til alle oss som har fått døden tett inn på oss. Det gjer at Guds ord til dei første menneska som lydde ”Jord er du, og til jord skal du atter verta”; desse orda får ei tilføying når vi nyttar dei ved alle gravferder. Då legg vi til med håp: ”Av jorda skal du atter stå opp”

Vi trur at det Jesus gjorde då han gav seg over i Guds hand i Getsemanehagen og seinare vart krossfest på Golgata, og då han stod oppatt or grava dei la han i då han hadde anda ut på krossen - ei grav som også låg i ein hage (Johs 19,41-42); at alt dette skal verte den truande kristne til del. Også vi vonar på ei oppstode.

Og vi vonar på nytt liv. På ei nyskapt jord.

Også der kan vi rekne med at det skal vere ein hage. For slik vi på Bibelens første sider, i 1.Mos., kan lese om hagen i Eden, Paradishagen, og om livsens tre som veks der, slik møter vi treet att i Bibelens siste bok, Johs. openberring. 
Ved ei elv er det planta. Dette er treet som ber frukt tolv gonger i året. (Johs. opb. 22,2)  Treet som symboliserer det fullkomne livet. Slik som det ein gong var fullkome i Guds hage, slik skal det atter verte det i oppstoda og det nye livet. Det evige livet.

Dette er håpet den kristne kyrkja kan forkynne når døden gjestar oss. Det handlar om at ein gong skal vi gå inn i den store våren med den uendeleg vakre hagen. 
Der det er sol og mildvêr. Der hagen alltid er grøn. Der blomane alltid blømer. Der lauvet ikkje visnar og fell dødt til jorda slik vi menneske også gjer det i det tilværet vi kjenner her og no.

I det fullkomne, evige livet kan vi hauste kvar månad året rundt, vi slepp å luke ugras og vi treng ikkje bry oss om skadedyr, korkje brunsniglar som et opp nye plantar, eller slangar som fører menneska til synd og fråfall.
Vi ser fram mot, og håpar på, ei oppstode som vil ta oss tilbake til slik det var der livet starta, då alt ein gong var godt; i Paradishagen.  
AMEN.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv