Skjærtorsdag, 14.april 2022. III Øvre
Bardu kapell Johs.
13,1-15 |
Ved det vi har lese om i dag, ser vi at det tek til å snøre seg saman om Jesus. Vi anar konturane av det som skal skje: ”De holdt måltid. Djevelen hadde alt gitt Judas, sønn av Simon Iskariot den tanken i hjertet at han skulle forråde ham.”
Ved dette måltidet gjer Jesus enno ein
gong det totalt uventa.
Han sit der og et i lag med læresveinane
sine. Judas tumlar med sine vonde mordplanar i sitt hovud. Kva dei andre
tenkjer på og snakkar om, veit vi ikkje. Truleg var det heilt daglegdagse ting.
Men brått dyttar Jesus sin mat til
sides. Han reiser seg frå bordet og legg kappa av seg. Før dei andre får summa
seg, er han i gang med dette arbeidet som elles var reservert for trælar og
trælkvinner. Han vaska føtene til dei andre. Læresveinane sine føter.
Sand og skit. Sveitte og vond lukt.
Jesus tok seg av deira velvære. Det som husverten eigentleg skulle ha sytt for.
Det han skulle sett slavane og tenarane og dei som var lågast på rangstigen til
å utføre.
No var det Jesus som låg der på kne framfor dei han var læremeister og Herre for. Han hadde gjort tilsvarande ting før. Og enno ein gong opplevde forundra læresveinar korleis Jesus snudde opp-ned på alt som syntes rett og rimeleg.
Det er skjærtorsdag. Vi tenkjer på denne
dagen som nattverddagen. Nattverden som vert gjeven til forlating for syndene
dine og mine, i flg. Jesu eigne ord.
Men på denne dagen les vi om at Jesus
gjer meir enn å innstifte det heilage
sakramentet. Det ser ut for at Jesus også reinsar læresveinane for det som dagleglivet
påfører dei av smuss og skitt.
Det er ikkje klukkinga frå ei vinflaske
vi høyrer. Derimot sildringa av rennande vatn. Kan hende burde vi i dag sjå på
dette vatnet i Jesus vaskefat som eit bilete på det vatnet som ein gong sildra
og rann over ditt og mitt hovud. Ein gong vart du og eg døypte. Og vi hugsar
andre ord frå evangelisten Johs. – m.a. det han refererer frå samtalen mellom
Jesus og Nikodemus, der Jesus seier: ”Den som ikke blir født av vann og Ånd,
kan ikke komme inn i Guds rike” (Johs. 3,5)
Dåpen er både eit bad til atterføding –
vi vert fødde på nytt, som vi seier det i vår dåpsliturgi, - men dåpen er også
eit bad som gjev reinsing frå synd.
Men dåpens reinsande kraft kviler på
Jesu fullførte frelsarverk der han ein gong for alle bar fram det
reinsingsoffer for synda som Loven kravde.
Fotvaskinga peikar fram mot dåpen.
Men fotvaskinga syner også til den
tenargjerning Jesus gjorde for oss. Sjølve arbeidet; det å vaske føtene til
gjestane i huset, det var simplaste slavearbeid.
Ved å gjere dette viste Jesus at han var
oppfyllinga av dei gamle profetiane vi kjenner frå GT. I Jes. 53 les vi om
Herrens lidande tenar; om han som ”ble såret for våre lovbrudd og knust for
våre synder. Straffen lå
på ham så vi fikk fred …” (Jes.
53.4-5)
Denne lidande Herrens tenar som Jesaja
spådde om mange hundre år i førevegen, det var Jesus. Og ved sin død på krossen
gjekk han inn i den oppgåva og den rolla profetane hadde gjeve han, og som Gud
hadde utvald han til.
Han som var Herre og Meister, han la seg
på kne og tolte det nedverdigande slavearbeidet. Vaskevatnet, vondlukta,
skiten, hånande ord og vantru blikk . Jesus brydde seg ikkje i det heile. For
han var ein tenar. Ein lidande tenar som skulle døy. Som skulle gje seg sjølv.
Sin kropp og sitt blod.
Med sildrande vatn mellom fingrane reinsa han dei skitne og syndige læresveinane. Slik gav han ei aning om det han etter si oppstode skulle innstifte – dåpen som skulle gje del i hans død og hans oppstode.
Samstundes var fotvaskinga eit heilt
konkret forbilde for læresveinane. Slik han gjorde mot dei, slik skulle dei
gjere mot kvarandre. Slik han var ein tenar for dei, slik skulle dei med sine
liv vere tenarar for kvarandre. Slik Jesus gav seg sjølv gjennom teneste –
gjennom diakoni – slik skal kristne gje sine liv i teneste for sine
medmenneske.
”Forstår dere hva
jeg har gjort for dere? Dere kaller meg mester og herre, og dere gjør det med
rette, for jeg er det. Når jeg som er herren og mesteren, har vasket deres føtter,
da skylder også dere å vaske hverandres føtter.”
Det er skjærtorsdag. Dagen for påskemåltid og nattverd. Men også ein
dag der vi høyrer sildringa av rennande vatn. Dåpsvatnet minner det oss om. Men
vi har skitna oss til sidan dåpens bad. Difor treng vi framleis å reinse oss.
Og då er det ei lukke at vi tvers gjennom påska sitt veldige drama framleis
høyrer korleis det piplar og renn i reinsande vatn. I evangelisten Johannes si
skildring av langfredagen, kan vi lese at då Jesus var død på krossen, stakk
dei eit spyd i sida hans, og ut or såret rann det blod og vatn. (Johs.19,34)
Blod og vatn.
Nattverd og dåp.
Vi augnar dei verkeleg djupe samanhangar i den
bodskapen som møter oss i påsketekstane. Både vatnet og blodet reinsar. Her er
vi ved den verkelege kjerna i vår kristne tru. Dette som er så ufatteleg og
ubegripeleg for vår tanke, men som det likevel går an å halde fast med si tru.
Jesus vil gjere oss reine. Ikkje berre overflatisk. Ikkje berre ein kattevask av støvete ørkenbein. Difor har fotvaskinga eit langt, langt djupare innhald. Fotvaskinga fortel oss noko om korleis Jesus med det rennande vatnet, med livsens vatn, kan gjere eit menneske "ren og rettferdig, himmelen verdig".
Og så er det også slik at vi nettopp på dagen i dag,
skjærtorsdag, vert minna om eit anna middel som Jesus også brukar for å reinse
det som er tilsmussa og skittent. Hans eige blod. Det blodet som også rann frå
såret i sida hans. Det blodet vi får del i gjennom nattverdens vin. Vi får
ikkje del i det fordi dette er innlysande og logisk. Tvert om. For vår tanke er
dette fullkome ufatteleg.
Men Guds ord slår også fast at på same måten som vatnet - dåpsvatnet - gjer den døypte reinsa og rein, slik reinsar også nattverden, Jesu blod, den som har fått sitt dåpsliv tilsmussa av eit levd liv.
"-blodet fra Jesus, hans Sønn, renser oss for all synd", heiter det i 1.Johs.1,7.
Påskebodskapen handlar om at Jesus gjev seg sjølv for oss. Det er Gud på kne for våre føter med vaskefatet mellom hendene. Han vil vaske oss. Gjere oss reine. Han byr oss meir enn såpe og vatn og litt parfymert deodorant for å fiffe opp ein noko medtatt fasade. I staden for godlukt og sminke byr han oss sin lekam og sitt blod. Vår Herre og Meister gjev seg sjølv for oss. Med vatn og blod frå sin eigen kropp.
Det er påske. Det dryp og renn rundt oss. Vatnet sildrar i veggrøfter
og bekkar. Elvane rundt om i landet vårt går etter kvart store og flomsterke.
På same måte som vatnet i naturen talar til oss om fornyande krefter når våren
kjem, slik vert vi i dag minna om dei nyskapande og reinsande kreftene den
kristne kan hente i det vatn og det blod som renn og sildrar for vår skuld.
"Klippe, du som brast for meg,
la meg skjule meg i deg!
La det vann og blod som går
fra din sides åpne sår,
rense meg i nådens pakt
fra
all syndens skyld og makt." NoS. nr.341, v.1
Tusen takk for en vakker og god preken!
SvarSlett