tirsdag 11. juni 2013

Gravferd, Åsane krk, 11.juni 2013
Atle Kittang

2.Tim 3,14-15: Men hald fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av. Og heilt frå du var eit lite barn har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Jesus Kristus.

Kjære sørgjande.
Vi tek farvel med eit menneske som var lærd. Bøker var verda hans. Orda var det som rann i årane hans. Han forstod ord på vårt språk og på framande språk. Han las og analyserte. Skreiv og underviste. Om lyrisk dikting og poesiens hemmelege liv, stod det i minneordet i avisa. Slikt som var viktig for andre som også skulle lære og verte lærde.
”Alt han har skrevet kaller på oppmerksomhet og refleksjon” fortel kollegaer om han.

I dag er det mange som takkar Atle Kittang for livet hans. For lærdomen hans. For at han delte kunnskap med studentar og kollegaer. Mange av dykk som kjende han og vil heidre han på avskilsdagen her i kyrkja, vil tenkje på namnet hans og på kva han gav dykk av seg sjølv. Og for mange vil apostelen Paulus sine ord til sin gode ven Timoteus vere relevante. Orda som samlar oss til andakt her ved denne båra: ”- hald fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av.”

Atle var akademikaren med den lange universitetskarrieren bak seg.
Det finst andre personar i litteraturmiljøet som slett ikkje var akdemikarar, men som likevel har gjeve viktige bidrag inn i vår diktarskatt. Ein av dei er ein nolevande, sjølvlærd telemontør som mange vil kjenne: Arnold Eidslott.
Eit av dikta hans er ”Kierkegaard memorial” og der finn vi avsnittet: ”Adagio”:

Jeg må lytte til de døde
De trenger seg inn i mitt hus
for å åpenbare meg sine unnlatelser
jeg en ensom sørgepil under tårnet i Babel

Deres øyne er rolige
som lagunene og de taler stille
som vindsus i gresset mine gjester
fra dypenes dyp men de har ensomme hender

Jeg hører lyden av en kvern
bak deres tause skrik det kverner
et sted i det mørke dypet under Patmos
og både levende og døde kan høre kvernduren

Eidslott slår fast: ”Jeg må lytte til de døde” I dag lyttar vi. Ekkoet etter hans stemme som vi takkar for i dag har ikkje stilna. Det vil rulle langs våre veggar lenge enno.

På denne dagen har vi altså samla oss i eit kyrkjerom for det aller siste farvel. I dette runde rommet rullar ekkoet meir enn det mange er komfortable med. Akustikken er vanskeleg, og det er ikkje alltid lett å høyre orda som vert sagt her inne.
Eg håpar likevel at alle som på denne dagen sørgjer ved Atle Kittang si båre kan høyre orda frå den største av alle bøker rulle mot oss slik dei har gjort til generasjonar og til kulturar gjennom alle år i vår tidsrekning. Apostelorda som aldri skal stilne, men som om att og om att konfronterer lærde og ulærde i alle land og av alle ætter: ”- heilt frå du var eit lite barn har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Jesus Kristus."

Visdom til frelse.
Når døden ruskar i handtaket til døra inn i livet mitt, tenkjer eg at eg treng visdom. Livsvisdom i møtet med døden. Ikkje ein akademisk tittel, men innsikt som kan gjere meg opplyst om det som ligg bak døden. Og endå meir: Om det som Bibelen kallar frelse.
Den innsikt og den kunnskap treng eg ikkje lese til ein eksamen for å få med meg.
Til og med borna kan begripe nok av det til at dører skal opne seg. ”- heilt frå du var eit lite barn har du kjent dei heilage skriftene,” seier Paulus til Timoteus.

Ja, nettopp borna er forbilde for alle som speidar etter fast land bak døden.
For ei og ei halv veke sidan fekk alle som då var i denne kyrkja, eller ei anna kyrkje ein stad i landet vårt, helse på Nikodemus. Det var han som var rådsherre i Israel, altså ein slags mellomting mellom ein norsk stortingsrepresentant og ein dommar i Høgsterett. Ein skikkeleg storkar. Det var han som ikkje våga å oppsøkje Jesus i vanleg kontortid, men som sneik seg ut om natta for å tale med Meisteren. Det var denne mektige mannen som fekk høyre frå Jesu munn: ”Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike”. (Joh 3,3)

Ein ny fødsel – bli som barn. Ei enkel barnetru. Eller som Paulus formulerer det til sin ven Timoteus: ”- heilt frå du var eit lite barn har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Jesus Kristus."

Det vi lærer frå skrifta som barn, det som Jesus løfter fram når han tek småborn på fanget og seier at Guds rike er for slike, eller det som til og med born kan lese seg til og som kan danne grunnlag for å tru på Jesus Kristus, på forteljinga om at han døydde for det i våre liv som aldri vart fullkome, at han stod opp att frå dei døde gjennom Guds mektige kraft, og at han lever i dag og ein gong skal nyskape alt liv til noko fullkome der framme ein stad – dette er frelsa ved trua på Jesus Kristus.

Det er denne visdom til frelse som framom alt skal lyse opp vår livsveg når vi har teke farvel ved denne kista i dag og skal leve våre liv vidare.
I sorg over han som ikkje er mellom oss, men med forventning om at Kristus skal gje oss visdom om vegen til Guds evige rike.

AMEN.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv