5.s.
i treeiningstida III. 23.06.2013
Ytre Arna
Matt. 18, 12-18
Ytre Arna
Matt. 18, 12-18
Syndar bror din mot deg, så gå til han og still han til ansvar på
tomannshand. Slik talar Jesus til oss.
Dette kan lett verte
dagen for å rettferdiggjere moralisering. Tekstordet vi har fått i kyrkjene
våre landet over på denne dagen kan synast som skapt for å heise flagg og faner
som stadfestar karikaturvarianten av den kyrkja vi tilhøyrer – ei kyrkje der
det handlar om å vere prektig, om å vere betre enn andre, om å pirke på andre
si synd og støyte folk ut i eit mørke der dei får streve med følgjene av eigne
nederlag, mens alle som er på innsida av fellesskapet, bak tjukke kyrkemurar, i
varmen frå altarlys, og med ein eim av lukt frå kyrkjekaffi, vi er dei heldige,
utvalde.
Ja, var dette sanning,
då vil eg for min del hengje frå meg prestekjolen for godt etter denne
gudstenesta. Var det slik kyrkja verkeleg var, då er det meiningslaust å stige
inn i dette kyrkjehuset Ytre Arna med sikte på å byggje kyrkjelyd og å tale til
trøyst og oppmuntring.
Evangeliet er ikkje ein
løfta peikefinger. Det er ikkje å ta folk til sides for å tale dei til rettes
på tomannshand.
Evangeliet handlar om å forkynne omsorg for medmenneske. Det vi kallar for diakoni i kvardagen. Men endå meir: Evangeliet handlar om å setje lyskastaren på Jesus som seier at han sjølv er midt mellom alle som samlast i hans namn.

Når Jesus gjev oss ei
innføring i korleis vi skal gå fram dersom vi opplever at det vert gjort urett
mot oss, når han talar om at det kan opnast for å tale eit medmenneske som har
synda mot oss til rettes, så er hans poeng at det må skje noko med den som
gjorde urett. Jesus vil berge syndaren frå konsekvensane av synd. Jesus seier
om den som har gjort synd mot deg: - Høyrer
han på deg har du vunne bror din.
Legg merke til at det står ikkje at du har
vunne over nokon. Altså at du har vore sterkare enn -, eller at du har
argumentert betre enn-, eller rett og slett vore ein dyktigare kverulant. Det
står at når han som har gjort urett høyrer på deg som fortel kva som er rett,
då har du vunne han. Det betyr at du har vunne han eller henne for -,
dvs. at du har vunne nokon for himmelriket. Du har berga eit menneske for det
evige livet.
Evangeliet handlar om å vinne andre for
det største og beste av alt, nemleg Guds rike og det evige livet. Det gjer vi
når vi viser andre kven Jesus er. Når vi viser det ved orda vi seier eller ved
handlingane vi utfører. Når vi tek menneske med der Jesus har sagt at han er å
finne, vert evangeliet synleg for desse menneska som kanskje ikkje har kjent
til evangeliet, den glade bodskapen, frå før. Jesus har sagt at han er å finne
der dei som trur på han samlast til bøn, til lovsong og for å høyre meir om
Jesus, nett slik vi gjer det no. Akkurat det er det Jesus seier til oss i orda
vi lyttar til. ”For der
to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.» Dette kjende ordet av Jesus står berre to vers etter at vi avslutta
det som er dagens preiketekst.
Ein løfta peikefinger,
ein moralpeikefinger. Slikt er lite populært i samfunnet vi lever i. Her gjeld
det for dei fleste av oss at vi er opplærde til å gjere det vi vil utan
innblanding frå andre. Og få av oss ville finne på å prøve oss som
moralvaktarar ved å peike på vegvalg vener og familie gjer for å stemple dette
som feil, eller endå verre: som synd.
Men i kyrkjeleg
samanhang lærer vi faktisk noko om at det går an å gjere feil val. Det går an å
slå inn på ein feil veg. Det går an å ville seg bort.
Det er dette Jesus minner oss om i likninga vi har lese. Om den eine sauen, og dei nittini andre. Vi las at saueeigaren lèt det nittini vere att for seg sjølve mens han legg ut på leiting etter den eine, bortkome og forsvunne.

Dette er er den gamle
søndagsskuleforteljinga. Dette er barnebilete over senga der vi ser Jesus, den
god hyrdingen, med ein sau over skuldrene på veg tilbake til flokken med den
forvilla sauen.
Om vi no stig ut or
søndagsskulemoduset ein augneblink og tenkjer etter: Er det nokon i
kyrkjelydelyden i Ytre Arna vi saknar? Noko som ein gong var mellom oss, men
som vi aldri ser meir? Nokon som vi rett og slett mistenkjer for å ha villa seg
bort? Ikkje berre frå våre samlingar, men som synest å vere komne bort frå
Jesus?
Kva skal vi i så fall
gjere?
La dei ville rundt, eller prøve å vise dei tilbake til Jesus?
La dei ville rundt, eller prøve å vise dei tilbake til Jesus?
Dei fleste vil i dag
kvie seg. Få har lyst å blande seg inn i andre sine liv. «Eg vil ikkje bry meg»
seier du sannsynlegvis.
Jesus seier: «Slik vil ikkje Far dykkar i himmelen at ein
einaste av desse små skal gå tapt» Det handlar om store ting. Om at det er
mogeleg å gå tapt for Jesus.
I Bergens Tidene har vi i veka som gjekk
kunne lese store reportasjar som gjekk over mange sider om eit søskenpar i byen
vår som livet har fare forferdeleg ille med. Dei vaks opp med vanskjøtsel og
mishandling og seksuelt misbruk. I dag er dei begge øydelagde, målt etter
vanlege verdiar på eit menneskeliv.
Mange visste. Mange prøvde å gripe inn. Men ingen gjorde noko med stor nok tyngde før alt hadde havarert. No kan dei kanskje få stor økonomisk erstatning. Men økonomi kan ikkje reparere ein hjerneskade.

Det er ikkje å «bry seg» når ein grip inn
der hjelp er naudsynt, Ikkje i det vi til dagleg omtalar som sosialsaker. Og
heller ikkje når vi i ein kyrkjelyd anar at nokon av våre søsken i trua har
hamna i ein bratt, åndeleg utforbakke.
Eg vil ikkje sleppe tragedien frå Bergens
Tidende. For i forlenginga av åndeleg omsorg for dei vi går til kyrkje i lag
med, skal vi som medmenneske og som kristne også ha omsorg for menneska som bur
rundt oss. Dette vi kallar for diakoni. Og etter det vi har lese i avisa er vi
sterkt minna om å sjå etter borna mellom oss.
Vi skal engasjere oss. Ikkje ved ein
irriterande peikefinger, men ved ei utretta hand, med eit vennleg ord, ved eit
tilbod om hjelp når det trengst.
Det handlar om familiar og born som har
det vanskeleg. Som lir under alkoholens og dopets forbanning. Eg trur dei finst, dei som strevar med dette, også i
Ytre Arna.
Er vi i stand til å våge noko om vi ser at vi kan vere til hjelp? I det minste – våge å seie frå til dei som har eit betalt ansvar for å gripe inn?
Vi har samla oss til gudsteneste. Ikkje berre to eller tre. Vi er mange. Og vi trur at midt mellom oss på denne søndagen finn vi Jesus. Han ser oss og høyrer oss når vi ber. Når vi ber for dei forkomne. Når vi ber for dei bortkomne.
Han ser og kjenner dei mange, mange som strevar i dag. Borna som nett no ein stad her i vårt nabolag tuslar åleine frå soverom til kjøkken til ein flimrande TV-skjerm fordi far og mor framleis søv av seg lørdagens djupe rus. Kanskje er kjøleskapet tomt fordi barskapet skulle fyllast opp. Kanskje høyrde dei krangel og slossing før dei sovna i går. Borna har det vondt.

For alle desse ropar vi til han som no er
midt mellom oss: Kyrie eleison. Herre miskunna deg. Vi gjer det i tillit og
tiltru til at han er her. At han ser og høyrer og svarar, han som er vår far i himmelen,
han som aldri sviktar men som leitar til han finn den bortkomne eller til han
finn den forkomne.
Og når han finn slike, då gler han seg, han som er den gode hyrding.
Kan vi hjelpe til med å skape slik glede?
Og når han finn slike, då gler han seg, han som er den gode hyrding.
Kan vi hjelpe til med å skape slik glede?
AMEN
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar