lørdag 6. juni 2015

Gud er nådig. Gud velsignar.

2. s. i treeiningstida. 7. juni 2015. GT-II
Arna
Salme 67,2-6
I desse dagar har kvar einaste prest i Bjørgvin bispedøme teke fatt på eit ganske solid stykke etterutdanning. Som ei førebuing til det store reformasjonsjubileet i 2017,
500-årsjubileumet for Luthers reformasjon, er heile presteskapet i bispedømet i gang med å lese og studere meir om kven Martin Luther var og kva han lærte. I over eit år skal vi halde fram med desse etterutdanningsstudiane.

For Martin Luther starta det heile ved at han kom i naud for si sjel og for sitt evige liv. Han var i djup tvil om det verkeleg fanst ein nådig Gud.
I dag er det eit ubetydeleg problem for dei aller fleste menneske.

Knapt nokon lar seg i dag affisere av denne tanken. Knapt nokon er bekymra for det evige. Eller for om Gud er nådig, eller om han har dom i blikket når ha ser oss. Nesten ingen vil våge å tenkje tanken fullt ut at eg er ein syndar som treng Guds nåde og Guds velsigning.

Men det er nettopp dette alt handlar om på denne søndagen:
Gud vere oss nådig og velsigne oss,
Gud la sitt andlet lysa for oss.
Gud er nådig. Gud velsignar.
For nokre vakre ord. De må lytte til dette, kjære kyrkjefolk!
Lytt til orda om Gud som har nåde og velsigning i sin bagasje. Som han strør ut over oss.
Lytt slik at du kan kalle dei orda fram att når tida vi lever i kjem veltande inn over oss med all sin oppdemde gudskritikk eller religionskritikk.
Ja, det som verre er: Hat mot Gud og dei som trur på han.
I dag er det knapt råd å slå på radioen eller opne ei avis utan at oppgulpet frå religionshatarane kjem mot oss.
For deira del er det leit at det er slik. Leit at dei ikkje har sett eller opplevd Gud som nådig. Gud som velsignar.
Som kyrkje må vi ta inn over oss at det kanskje er fordi vi som skulle vere hans kyrkje, hans representantar, i den felles verda vi lever i som har vore dårlege vitne om den Gud vi trur på.
Det er i så fall ikkje Guds feil.
For Gud er nådig. Gud velsignar!

Og som Martin Luther hadde trong for det, så treng også moderne nordmenn ein nådig Gud.
I dag har vi vore vitne til at vi har nettopp det.
Tre småborn og eit større barn har opplevd at Guds ansikt lyste over dei.
Meir kjærleg en når mor bøyer seg over vogga og ser ned på det nyfødde, sovande livet, så lyste Guds ansikt mot dåpsborna i den heilage handlinga vi var med på då desse fire vart døypte i dag.
På underfullt vis hende noko som er bortanfor våre ord å forklare. Bibelens ord vart lese over vanleg vatn. Ordet og vatnet sameina seg til eit nådemiddel der Gud gjorde noko med desse borna. Han tok dei til seg. Velsigna dei. Gjorde dei til sine born. Han opna alle dører inn til Guds evige rike.

Gud er nådig. Gud velsignar!
Ikkje slik at vi forstår og kan forklare.
Men så tydeleg at det mogeleg og gripe tak i og halde fast på med ei tru som vi gjerne kan kalle for barnetrua.

Guds nåde og Guds velsigning har konsekvensar for livet den døypte skal leve. Det livet skal vere slik at lyset frå Guds nådige ansikt vert som eit flomlys på vegen – livsvegen – som alle folk går på.
”Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag”
Dette er noko av det same som vi høyrde frå Paulus sin munn då vi las frå Galatarbrevet nettopp:
De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.(Gal.3,26-28)

Å vere døypt er å vere ikledd Kristus. Alle døypte er èin i Kristus Jesus.
Og då vert også mykje av det som skaper bry og mange problem for menneska i dag viska ut: Skiljelinjer gjennom nasjonar og religionar. Klasseskilje og kjønnsskilje.
- alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.

Då sjølve dåpshandlinga i dag var avslutta, minna eg som prest heile kyrkjelyden på følgjande viktige sanning om det som skjer i dåpen. Eg las desse orda frå dåpsritualet:
”Kjære kyrkjelyd. Gjennom dåpen set Gud oss inn i si verdsvide kyrkje og gjev oss del i Jesu kall og oppdrag. Lat oss stå saman i vitnemål og teneste…”
Vi som er døypte er del av den verdsvide kyrkje. Del av det største organiserte fellesskapet vi kjenner på jorda – den kristne kyrkja.
Anar du kor stort det er?

Nettopp det er eit kall og ei utfordring til oss som er døypte, og som trur, til å vise fram for ei heil verd: Han som gjorde oss til sine born i dåpen, den treeinige Gud – Han er nådig og han velsignar. ”Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag”

Er dette så viktig då?
At Gud er nådig. At Gud velsignar. At ordet som fortel oss dette skal forteljast overalt – til alle folkeslag?
Ja, det er viktig. For som Martin Luther hadde trong for ein nådig Gud, så lever vi alle same med den same nauda, uansett om vi tenkjer på det eller ikkje.
Om du vågar å rette eit ærleg blikk mot deg sjølv, så veit du at det bur mykje der inne som ikkje held mål i Guds augo.
Det er alt dette du treng at Gud ser på med eit nådig blikk.
Det blikket som ikkje ser deg og dine nederlag, men som i staden ser ein krossfest Jesus som har teke di og mi synd og skuld og skam med seg på krossen.
Det er dette vi kallar for nåde – at vi gjennom trua får del i ei soning for synd ingen av oss kunne syte for sjølv.
Det er dette som er velsigninga – at vi kan leve eit liv i kvardagen i glede og med trøyst om at Gud ser på livet mitt med kjærlege og tilgjevande augo.
Han ser eit menneske som ein gong vart vaska rein i dåpens bad. Han ser eit tru som rettar handa mot Jesus.
Han lyser opp ein veg inn til sitt rike.
På denne vegen skal vi gå.
På denne vegen er det plass til mange. Plass til folkeslaga på jorda.
Dei skal alle få sjå ein nådig Gud. Ein Gud som velsignar.
Folka skal prisa deg Gud, alle folk skal prisa deg!




AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv