15.
s. i treeiningstida. II. 6.sept 2015
Åsane gamle kirke (dåpsgudstjeneste, 6 dåp)
Luk 10,38-42

«Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stelle
til»
Eg trur at slik har det vore hjå mange av
dykk som er her i kyrkja i dag.
Når eg let att mine auge og prøver å fantasere litt om korleis det har vore heime hjå dykk som kom hit i dag med desse seks borna som skulle berast til dåpen, så gjettar eg på at det har vore stress.

Kanskje i vekevis.
For det var så mykje som skulle på plass
til denne dagen.
Dåpskjolen. Anten den er eit gamalt arvestykke som mange i familien har brukt i generasjonar, eller det var ein heilt ny dåpskjole som er i bruk for første gong.
Men kvit skulle den vere. Lang, og forseggjort, med sløyfer og alt som høyrer med.

Og så vart det dåpsfesten.
Har vi plass i leiligheita vår? Eller må vi leige oss inn ein stad?.
Maten? Dette temaet som med ustoppeleg styrke melder seg. Meny? Drikke? Kaker?
Dei ekstra stolane. Gjestane som skal inviterast.
Og ikkje minst kven skal vere fadrar?

Kan storesøsken involverast på ein god
måte?
Eg veit at i enkelte familiar har dåpen av
det første barnet som vert fødd i ein familie, nesten konkurrert ut bryllaupet
i stas og status. For nokre sambuarapar vert dette kanskje første store
anledning til å samle slekt frå begge sider i dette forholdet.
Eg skal ikkje gå djupare inn i det no, berre minne kort om at giftarmål kanskje skulle stått lenger framme i tankane i unge familiar.

Uansett: Dåpsdagen er ein stor
familiefest. Det er høgtid og det er glede.
Det skulle også berre mangle når eit nytt liv sprellar i fanget til mor eller far:
«- eit vakkert lite menneske, eit bilete av Gud»

«Marta
hadde det så travelt med alt ho skulle stelle til»
Er det nokon som kjenner seg igjen?
Det var altså slik at også Marta hadde besøk.

Og det var ingen kvensomhelst som hadde
funne vegen inn i stovene hennar.
Sjølvaste Jesus frå Nasaret dukka opp hjå
Marta og søstera Maria. Og ein stad i huset var nok bror deira, Lasarus, også
på plass.
Jesus på besøk.
- Oj! Då må vi få ting på stell, tenkte Marta, og fauk rundt i huset og laga til fest. Fest for Jesus.

Men ikkje alle hadde det like travelt med
å bake og pynte og vaske for Jesus.
Når Jesus først var komen innom døra, så sette Marta si søster seg beint ned: «Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans» Maria sat i ro og lytta.
Marta sprang rundt. Litt småsint. Travelt. Pustande. Irritert på søstera som ikkje ville hjelpe til.
Men ho visste kva ho skulle gjere. Ho gjekk beint bort til Jesus og spurde: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.»

Kjære kyrkjefolk! Kjære
dåpsfolk!
Når Jesus kjem heim til
oss hastar det ikkje så veldig med alt som vi elles er så opptekne av. Då gjeld
det om å leggja av det travle. Leggje til side andre gjeremål.
Og ha tid til gjesten. Han som kom og ville vere i lag med oss.

I dag kom du på besøk i
Guds hus. Der Jesus bur. I kyrkja.
Litt omvendt av det som hende så Jesus gjekk heim til Marta og Maria.
Men uansett – Jesus er her. Du er her
.
Har du det travelt i møte med han. Stressa?
Eller ser du at det var ei kvinne som kan lære oss korleis det er å møte Jesus?.
For då Marta ga tydeleg uttrykk for sin irritasjon over søstera, sette Jesus henne på plass, men sine milde ord: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»

Den gode delen, når du
møter Jesus, eller når han møter deg og dine, er å ha tid til å setje seg ned
ved føtene hans og lytte.
Lytte til den han vil seie oss.
Lytte til den han vil seie oss.
No er du her i kyrkja.
Det travle ligg bak. Førebuingane til festdagen vil eg tru du rakk å gjere unna
før du kom hit i dag.
Set deg godt til rettes og lytt til Jesus nett no. Slik Maria gjorde det då ho sat ved føtene hans.

Eg trur det er nokre ting
det er viktig for Jesus å formidle til alle dykk som har døypt borna dykkar.
Framfor alt desse orda
som vi alt har lese som ein del av dåpsritualet, og som han sa til sin nære
vener, læresveinane, ved ein annan anledning: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer
slike til» (Mark 10,13)
Det er viktige ord.
Og de som har døypt borna i dag har alt gjort noko veldig viktig. De tok borna med til Jesus, slik han innbyr til med orda «Lat småborna koma til meg»
Takk for at du gjorde det med barnet ditt. Takk for at du let barnet ditt verte døypt.

Men vi er ikkje ferdige
med dåpen når vi går herifrå til den vel førebudde festen for dåpen og for
barnet.
Jesus vil vere med deg heim i dag. Jesus vil vere i lag med barnet som no er døypt. Slik han vil vere i lag med alle unge og vaksne som ein gong vart døypte.

Men då spørs det: Har vi
tid for Jesus? På denne festdagen? Og i
kvardagen?
Eller er det då vi vert så travle med alt anna at det aldri vert tid til å vere ved Jesu føter og lytte.

For det er meir en
festførebuing og dåpsselskap som kan vere stressande i ein familiekvardag: Arbeid
og skule. Barnehage og bleieskift. Fritid og ferie. Leik og moro. Angst og uro.
«Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje!» seier Jesus.
Første steget har du teke i dag. Du bar barnet til Jesus. Men så var det Jesus og vegen vidare ut i livet.

«-
hindra dei ikkje»
Det må vere den store oppgåva vidare. Å syte for at hindringar vert rydda unna, slik at barnet ditt får tid til å bli kjent med Jesus. Lære om han. Midt i den travle kvardag må det også vere tid for samtale om Jesus. Bøn til Jesus. Fokus på Jesus.

Han vil gjeste heimane
dykkar. I dag og kvar dag.
Ta vel i mot han. Midt i det travle handlar det om å vere som Maria. Ho som sette seg ved føtene hans og lytta.

Jesus seier til oss som
akkurat no har tid til å lytte her i Guds hus, i kyrkja:
«-det er eitt som er nødvendig. Maria har
valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»
AMEN
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar