fredag 27. oktober 2017

Bot


Bots- og bønedag - Reformasjonsdag. 29.okt.2017
Skriftemålsgudsteneste - Salhus
Rom.1,16-17


Akkurat korleis det skjedde og kva som i detalj hende veit vi ikkje. Det var ingen aviser eller fotografar der. Neppe noko stor folkemengd heller. Men på tysdag, den 31.oktober, har det gått akkurat 500 år sidan hammarslaga lydde på kyrkjedøra i Wittenberg i Tyskland.
Då Martin Luther tusla heima att frå kyrkja si, dei få hundre metrane bort til huset der han budde, hang det att eit større oppslag på kyrkjedørene. Det var dei berømte 95 tesene. Dei som vert rekna som starten på det som seinare er omtala som den lutherske reformasjonen.
Ei hending som meir enn omtrent alle andre historiske hendingar har verka inn på vårt land. I lag med Danmark og Sverige og delar av Tyskland vart vår historie endevendt gjennom reformasjonen. Det er difor all grunn til den storstila markeringa vi gjer i landet vårt no i år. På tysdag skal reformasjonen minnast med ei nasjonal gudsteneste i Nidarosdomen. Den vert sjølvsagt sendt direkte på NRK frå kl. 1930. Gå ikkje glipp av den.

Den første av Martin Luthers 95 teser er spesielt aktuell nettopp på denne søndagen. I norsk omsetjing lyder den omtrent slik: «Då vår Herre og meister Jesus Kristus sa: Gjer bot… ville han at heile den kristne sitt liv skulle vere ei bot»

Reformasjonen starta med eit kall til bot.
Og i dag er det Bots- og bønedagen. Det er slett ikkje tilfeldig at denne kyrkjeårsdagen kvart år er lagd til siste søndag i oktober. Dert var altså 31.oktober at det hende….

Vi må difor seie litt om kva bot betyr. Kva bot i teologisk og kyrkjeleg forstand er.
Først av alt må vi då avgrense oss mot forståinga av bot i norsk strafferettsleg forstand. Bot er ikkje det same som straff, f.eks i form av ei fartsbot til ein sjåfør.

I ei av vedkjenningsskriftene som vår kyrkje er tufta på, og som også skriv seg tilbake til reformasjonstida, det vi kallar den Augsburgske konfesjon, eller Confessio Augustana, forkorta til CA, heiter det i artikkel 12 om bota: « - bota er eigentleg samansett av desse to stykka: Det eine er angeren eller den redsla som vert jaga inn i samvitet når synda vert kjend, det andre er trua, som vert avla ved evangeliet eller avløysinga, og som lit på at syndene vert tilgjevne for Kristi skuld,…»


Å gjere bot, i kristen forstand – det handlar altså om to ting:
Først å angre syndene sine.
Dinest å tru at syndene er forlatne for Kristi skuld.

Om dette handla mykje av det som skjedde i reformasjonstida.
For Martin Luther vart det ei hovudsak å få fram at syndsforlating ikkje var noko ein kunne gjere seg fortent til ved å prestere mange gode gjeringar. Og slett ikkje kunne ein kjøpe syndsforlating i kyrkja gjennom avlatshandel.
Guds syndsforlating var ei gåve. Vi kallar det med bibelske ord for nåde.
Guds syndsforlating var gratis. Dette som paven i Roma på den tida tok godt betalt for å formidle til kyrkjelydane, det kunne ikkje seljast og kjøpast som om det var korn til å ete eller eit trekkdyr til å arbeide å arbeide for bonden.
Nåden er gratis. Frelsa er gratis. Frelsa er ikkje til sals, har vi snakka om gjennom reformasjonsmarkeringa dette året.

Men Martin Luther såg aldri gjennom fingrane med at mennesket var syndig. At vi alle levde i opprør mot Gud og hans gode vilje for alle menneske. Han kjende seg heilt sikkert igjen i dei orda som Paulus brukar om vår innkrøkte situasjon når Paulus skriv i Romarbrevet:
«- eg veit at i meg bur det ikkje noko godt, det vil seia i mitt kjøt. Viljen har eg, men å fullføra det gode maktar eg ikkje. Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje. Men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.» (Rom 7,17-18)

På bots- og bønedagen, 500 år etter at Martin Luther starta det religiøse, og etter kvart også – det politiske, skredet som reformasjonen utvikla seg til, så lyttar vi enno ein gong til den første av hans berømte teser: «Då vår Herre og meister Jesus Kristus sa: Gjer bot… ville han at heile den kristne sitt liv skulle vere ei bot»

Og å gjere bot, det var altså dette: Først å angre syndene sine.
Dinest å tru at syndene er forlatne for Kristi skuld.

I dag er det eg som må gå i meg sjølv. Eg må bøye meg for det Skrifta vitnar, og som Anden lyser på i mitt liv når eg kjenner at Paulus hadde rett: Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje. Men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.

I dag forkynner vi desse orda her i Salhus kyrkje. Det er du som må avgjere om du vil sleppe alvoret inn over deg og ditt liv. For det er framleis alvor. Det handlar framleis om syndige menneske sitt forhold til ein heilag Gud. Ein Gud som ikkje har plass for urettferdige i sitt evige rike. Berre rettferdige.

Eg kjenner meg og mitt liv att i det Paulus skriv: «Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste» (Rom 3,10)
Om du tenkjer om deg at du er rettferdig, rettferdig målt med Guds målestokk, så utfordrar eg deg til å lese i samanheng dei første åtte kapitla i Romarbrevet. Det er tungt stoff. Det er utfordrande ord. Men det kan vere ord som vil endre livet ditt. Og endre æva for deg.

Gjennom dette brevet som Paulus skreiv til dei kristne i Roma, er det råd å få innsyn i kva det vil seia å vere rettferdig for Gud. Altså: Korleis våre liv kan kome i den stand at vi er skikka for eit evig samvær i Guds nærleik.
To ting blir nokså snart klart: Vi vil aldri makte det ved å streve på eiga hand for å fikse vår menneskelege fasade.
Men dette strevet er også heilt unødvendig. For Gud har allereie gjort det som trengs.

Om det har vi lese, også frå Romarbrevet, i dagens preiketekst.
Vi høyrer om Paulus som kjenner ein glad og god bodskap, også kalla evangeliet.
Evangeliet som openberrar for oss kva som er Guds rettferd.

Det dreier seg om dette vesle ordet som på norsk berre har tre bokstavar: Tru.

Rettferdig blir ingen ved kjøp og sal av prestasjonar som skal skaffe oss inngangsbillett ved perleporten.

Rettferda i Guds auge vert målt på ein ting: Vår tru.
Vår tru på evangeliet om at Jesus går inn i vår stad og lever det livet som er fullkome.
Han gjer det vi ikkje maktar.

«Den rettferdige skal leva ved tru»
Det er overskrifta til oss alle i dag. Denne setninga er den som Martin Luther mot slutten av sitt liv fortel om, og han seier at desse orda fekk evangeliets lys til å gå opp for han. Denne korte setninga i Rom.1,17 er ein av dei aller mest omtalte og gjennomdiskuterte setningar i Bibelen og i teologien.

Vi skal ikkje gå djupare inn orda no.
Men vi skal lytta til dei i lys av at vi snart skal samle oss i det allmenne skriftemålet. Som ein bit av det å følgje Luther i at heile den kristne sitt liv skal vere ei bot.

Bot - altså: Først å angre syndene sine.
Dinest å tru at syndene er forlatne for Kristi skuld.

I det allmenne skriftemålet får vi hjelp til å oppdage kva synd er. Kva synd er i vårt eige liv.
Vi skal lytte til dei ti bodorda. Prøv livet ditt i lys av dei!
Vi skal sanne syndene våre med ord frå Salme 51 i GT. Her får vi hjelp til å formulere mykje av det som tyngjer når vi innser vår situasjon som syndarar framfor den heilage Gud.
Du skal få høve til å vere stille, og i ei like stille bøn, leggje fram for Gud det som er ekstra tungt i nettopp ditt hjarte.

Og så skal du få knele ved altaret, kjenne presten leggje handa på hovudet ditt, og høyre dei forløysande orda: «Etter vår Herre Jesu Kristi ord og befaling, tilseier eg deg nådig forlating for alle dine synder, i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.»

Når du i tru grip tak i at du har angra, du har vedkjent, og du har teke mot ein bibelsk lovand om at du er tilgjeven, då har du gjort bot.
Då seier evangeliet at du er rettferdig for Gud.
Rettferdig fordi du trur at det Jesus har gjort for deg er nok. Nok for frelse, fred og evig liv.

Og alt dette er gratis. Nåden er ikkje til sals. Frelsa er ikkje til sals. Det er Guds gode gåve.

Du skal difor få kome fram til altaret enno ein gong og kjenne at nettopp Jesus er her no. Nær oss. Så nær at du får ete kroppen hans og drikke blodet hans. Han er i brødet. Han er i vinen. Det er eit mysterium. Men du kan gripe, også det, med trua di.

Det er bots- og bønedag.
Vi treng ein privat reformasjon av våre liv 500 år etter at vår lærefar, Martin Luther, opna Skrifta for oss så vi fekk hjelp til å forstå Guds gåve, evangeliet, ordet som seier: «Den rettferdige skal leva ved tru»

AMEN











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv