fredag 16. februar 2018

Ut i øydemarka


1.s. i fastetida II ~ 18.02.2018

Eidsvåg

Matt.16,21-23

Dersom menneskelivet kan symboliserast ved det fruktbare landet i Midt-Austen og i Israel – gjerne med oasen – så er ørkenen eller øydemarka rundt det fruktbare, og rundt oasen, det som trugar menneskelivet.
Fordi ørkenen trugar menneskelivet, så er det ein stad dei fleste vil unngå. Vindane frå øydemarka kan blåsa inn over oss, fine sandkorn finn vegen inn gjennom dørsprekker og dei dekkjer til vindaugo. Men dører og vindauga og hus kan hjelpe mennesket til å halde ørkenen borte. Det er staden vi ligg unna. Den vil vi skjerme oss frå. Ingen sender born ut i slike farlege omgjevnader.

Men i fastetida derimot, skulle vi våge oss ut i øydemarka. Saman med Jesus. Han gjekk ut dit i 40 dagar og 40 netter og fasta. Utan mat og drikke i dødens føregard – i øydemarka. Han førebudde seg til liding og død. Og han førebudde seg til å møte Satan i nærkamp.

Slik vil vi i den kristne kyrkja også nærme oss denne tida vi no går inn i. Vi vågar oss ut i det farlege og konfronterer det som kan vere eit trugsmål mot oss: Død og djevel, liding og sjukdom, synd og svik.
Vi står ansikt til ansikt med livets ørkenlandskap.
Vi pustar ut, og ventar med å puste inn.
Vi et mindre, og kjenner at vi vert svoltne. Kanskje også tørste?
Vi held ut i det stille, og ser slik djupare innover enn elles. Vi held ut lidinga, og slik får vi innsikt i livet til våre søsken andre stader i verda som lever i konstant liding, svolt og naud.
Vi forsakar, og ser kva livet er utan fornøyelsar og pynt, men berre som livet, i si reine form, utan tilsetjingar, kamuflasje og parfymering.

Og så gjer vi som Jesus: Vi ber!

Slik var det i alle fall at fastetida kunne ha vore.
Om vi var litt meir idealistar. Om vi ville våga oss ut or det vi er så bunde fast til, nemleg eit liv i nyting og i diskret, tilbaketrekt egoisme. For det er det vi er smitta av. Som einskildmenneske og som kyrkje.
Difor opplever vi også så lite i våre kristenliv. Vi held oss til den trygge og fruktbare oasen der det bognar av mat og drikke, der vi kan gøyma oss i skuggen av svalande tre i staden for øydemarkas stikkande sol eller ørkenens piskande, sandfulle vind.

Difor går vi glipp av den viktige røynsle dei har gjort, dei som tok sjansen på å følgja Jesus ut i øydemarka for å faste, nemleg at det går ein veg tilbake til oasen. Jamvel ein trygg veg, der ein kjenner seg berika nå ein er tilbake.
Dei som våga seg inn i fastetida si øydemark kom tilbake med færre ting dei var urolege for, med ei djupare glede og med ny kraft til å leve kristenlivet i Herrens nærleik.

På denne første søndagen i faste, var det kanskje på tide om vi våga å stille oss spørsmålet: Tok vi feil, når vi som kyrkje og som einskildmenneske aldri våga oss ut or oasens trygge slaraffenliv og ut i den utfordring som den barske øydemarka representerer?

Torer vi ikkje å stole på at Jesus er der med si kraft slik at han vil føre oss rikare inn att i kvardagen?
Er det i realiteten slik at vi overser at det sit ein liten djevel bak øyra vårt og kviskrar: Hald deg til dei trygge og opptrakka stigane. Der ute er det farleg å leve.

Det er lett å tenkje slik. Det er lett å stire seg blind på ei trygg kyrkje med innøvd liturgi, og berre med ein og annan ny salme som utfordring innimellom. Dert er lett å putte nokre kroner i kollektkorga å tru at ein kan kjøpe seg ein person som kan vere eit vitne om Jesus i misjonens teneste eller ein tenar i kvardagen for våre medmenneske, i staden for sjølv å by seg fram: ”Jesus, her er eg! Send meg!”

Det er så velmeint, det å gje pengar til misjonen eller diakoni eller kyrkjeleg barne- og ungdomsarbeid. Snart skal vi vere med på Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon. «Ja, vi elsker dette vannet» er temaet i år. Det handlar om arbeidet med vatn og sanitær i utsette område rundt om i verda. - Vi skal nok vite å legge vår skjerv i bøssene som konfirmantane kjem rundt med når påska nærmar seg, tenkjer mange.

Men ærleg tala: Er dette faste? Er dette anna enn kamuflerande deodorant på ei litt vond lukt av ansvarsfråskriving eller travelheit eller manglande engasjement og vilje til å stå på?

Eg kjenner at det stikk i mitt eige hjarta når eg stiller spørsmålet. Det er nærgåande, også for presten. Så får du svare for din del.

Og så skal vi i fellesskap på denne første gudstenesta i fastetida sjå kva Jesus gjorde nå djevelen møtte han for å få han til å svikte det som var hans store kall:
Matt 16:21 «-at han måtte dra til Jerusalem, og at de eldste, overprestene og de skriftlærde skulle la ham lide mye. Han skulle bli slått i hjel, og den tredje dagen skulle han reises opp.»

Dette var Jesu oppgåve. Dette forkynte Jesus for sine næraste, mellom dei Peter. Peter som nett hadde fått høyra dei store orda or Jesu munn: ”Du er Peter, og på denne klippen vil jeg bygge min kirke” (Matt.16,17)
Men altså: På vegen til Jerusalem for å fullføre si oppgåve med å lide og døy, er det at Peter grip ordet: «Gud fri deg, Herre! Dette må aldri hende deg.»

For eit sjokk det måtte vera for Peter då Jesu svar gav han både øyreverk og hjarteverk: "-Vik bak meg, Satan!" Tenk at Peter vart kalla for Satan av Jesus sjølv. Han som Jesus nettopp hadde utvald til hjørnestein der den kristne kyrkja seinare skulle byggjast. "Vik bak meg, Satan!"

For oss som les dette i dag, tener desse orda til eit veldig varsku. Freistaren og freistingane er over alt. Djevelen er listig og sløg. Han freistar Jesus. Han brukar Peter nærmast som eit medium. Han gjer alt han kan for å skapa kaos der han måtte sleppa til.

Og for meg og deg gjeld det i dag at vi ikkje trekkjer på skuldrene; at vi ikkje let som om dette ikkje angår oss. Det nyttar lite å kaste seg på ein moderne tankegang om at djevelen høyrer middelalderen til og at Satan ikkje har makt lenger. Hugsar du for 25 år då Åsane gamle kyrkje vart sett i brann? Av ein som kalla seg satanist.

Satan er ingen kuriositet. Han er vår farlegaste motstandar som kristne. Han legg ut sine snarer for å freista oss, for å lokka oss til fall; ja til fråfall, frå han som er "Messias, den levende Guds sønn." (Matt.16,16)

Når til og med Peter kunne brukast av Satan for å freiste Jesus til å svikte sitt gudgjevne kall, kor lett trur du ikkje då det er for at han kan bruke deg og meg i si teneste. Apostelkappe eller prestekjole er inga rustning som nyttar i kampen mot den vonde. På same måte som Peter fekk eit slag i ansiktet då Jesus forkynte rett ut; "Vik bak meg, Satan!", slik er det også eit sviande og smerteleg nederlag når eg som prest innimellom står att etter eit grovt fall i freisting. Djevelen var sterkare enn meg. Trua mi og forsakinga mi var ynkeleg svak. Nederlaget svir.

Og slik er eg overtydd om at kvar einaste kyrkjegjengar som vil vera ærleg overfor seg sjølv, vil sjå tilbake på audmykjande nederlag der den vonde vart for sløg og for sterk.
Og aller verst er det når freistaren vil lokke oss frå å følgje Jesus. Til å halde oss der det synest trygt og behageleg. Han vil ikkje ha oss ut i øydemarka og inn i faste. Kanhenda tenkjer den vonde på det som står skrive om Jesus som fasta i øydemarka:
”Straks etter drev Ånden ham ut i ødemarken, og der var han i førti dager og ble fristet av Satan. Han holdt til blant villdyrene, og englene tjente ham.” (Mark.1,12-13)

Englane tente han! Den vonde hadde all grunn til å vere redd for fastetida. For der er englane tenarskap! Då vert det vanskeleg for den vonde å nå fram med sine sløge og listige angrep.

Korleis er det med deg og meg i den tida vi går inn i?
Vågar vi oss ut i livets ørken for å hente styrke, slik Jesus gjorde det? Vågar vi oss ut i det landskapet der englane er våre tenarar?

Det er faste. Vi skal følgje Jesu på hans veg mot liding, død og oppstode. På denne vegen er det kraft og styrke å hente. Men vi har ein motstandar som vil hindre oss.
Jesus har i dag lagt oss orda i munnen når motstandaren syner seg: ”Vik bak meg Satan!”
Det skal vere vårt svar når den vonde vil hindre oss i å gå inn i ei fastetid i tett følgje med han som går mot liding og død. For den vegen fører til liv og frelse for alle som følgjer Jesus i tru.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv