tirsdag 21. august 2018

Lat riket ditt koma


Vingardssøndagen, II. 26.08.2018
Åsane
Luk 17,7-10

Temaet for Vingårdssøndagen handlar om kallet til å arbeide i hans kyrkje på jord. Det handlar om at Gud er avhengig av tenarar, av medhjelparar, som er viljuge til å ta eit tak, kvar på sin stad, for at Guds rike skal vekse mellom oss.
Guds rike skal vekse. I Åsane. I Bergen. I Bjørgvin. I Norge. Og i Kina og i Hong Kong.
I dag minner gjestane våre som har reist så langt for å vere i lag med oss, om at Guds rike faktisk er slik vi syng om det - verdens største under.
Eller slik vi skal syngje det rett etter preika i den salmen som er fødd i Hong Kong, skriven av han som er grunnleggjaren av Tao Fong Shan, der f.eks ho vi har høyrt lese på kinesisk for oss i dag er direktør.
Karl Ludvig Reichelt seier det slik:
«Lær meg å skue med ditt blikk, hvert folk som liv og grenser fikk..» (Nos 691, v.2)
I dag handlar det om arbeidet i Guds rike.
Om viljen til å stå i teneste, på litt særlege arbeidsvilkår.

I dag vågar eg som presten dykkar, som prosten dykkar, å løfte opp for dykk gjevartenesta. Økonomien.
Eg er klar over at nokre tenkjer at i vår kyrkje så betaler fader Stat eller onkel Kommune. Vi er ikkje lenger statskyrkje. Men pengane strøymer framleis over kyrkja frå det offentlege, i pakt med det som er nedfelt i vår grunnlov.

Men av og til kjem vi til eit punkt der ein kjenner at skal vi kome litt lenger no, nå litt fleire, kome vidare ut, så må vi sjølve ta ansvar. Slik er det i kyrkjer over omtrent heile verda. Dei aller fleste kristne må bere det økonomiske ansvaret i sine kyrkjelydar sjølve. Spør gjestene våre frå Hong Kong om dette. Og endå meir: Spør dei kristne inne i sjølve fastlands-Kina.
Slik er det i dei fleste frikyrkjesamfunn, også i vårt eige land.
Det er difor ikkje urimeleg om vi som er med i vår gjennomfinansierte norske kyrkje tek på oss å bere litt meir enn det som til dageleg har vore vanleg å forvente.
Og ver klar over at det finst sterke belegg for at dette er ei normalordning dersom vi vågar å opne vår Bibel og lese kva som står der. F.eks seier Paulus i 1.Kor. 16,1-2:

Når det gjeld innsamlinga til dei heilage, skal de følgja dei påbod eg gav forsamlingane i Galatia. Første dagen i veka skal kvar av dykk leggja til sides heime hos seg sjølv så mykje som de er i stand til, så innsamlinga ikkje skal byrja først når eg kjem.

I Bibelen er også tanken om å gje tiend velkjend og ofte nemnd.
Mange kyrkjesamfunn, også i vårt eige land, ber sine medlemer om å gje 10% av disponibel inntekt etter at skatt er betalt.
Det er ikkje det vi vil leggje inn over Åsane menighet. Men vi vil minne om at vi har ei gjevarteneste, og at økonomi er avgjerande for vidare vekst i Åsane, og for at vi skal kunne støtte våre misjonsprosjekt, i f.eks Hong Kong og Thailand.
Det handlar om at Guds rike skal vekse. Her hjå oss. Slik vi ber om det når vi ber den andre bøna i Herens bøn: Lat riket ditt koma.

Åsane menighet treng tenarar som vil vere med å be endå meir enn før: Lat riket ditt koma. Åsane menighet treng tenarar som vil be og arbeide, ja til og med gje pengar frå eigen bankkonto i staden for å rope på løn slik vi forventar løn av vår jordiske arbeidsgjevar.
For Herren Gud er ikkje slik. Han er derimot den som har lært oss å be med desse orda: Lat riket ditt koma. Og den bøna frå Fadervår er særleg aktuell på vingardssøndagen.

Ein underleg dag i kyrkjeåret som hjelper alle som er interesserte i framgang for det arbeidet ein brenn for, til å setja ting inn i eit rett perspektiv. Til å forstå kva det vil seie å vere Guds medarbeidar.
Då spissar sjølvsagt prestane øyro. For dei vert vel rekna med i den samanhangen?
I lag med diakonane, kantorane, soknerådsmedlemene og barnekorleiarane og alle andre som har ei oppgåve og eit ansvar i kyrkja ein er med i.
Guds medarbeidar. Det er ein som skal byggje kyrkje og kyrkjelyd på den staden ein bur. Nokre skal til og med reise av garde til andre folk i andre kulturar og byggje kyrkje der dei aldri har høyrt om Gud eller om Jesus Kristus.

Alle som ynskjer at Guds rike skal vekse, anten det er ute på ei misjonsmark eller i her i Åsane, vi har i dag først lese dei underlege orda frå Lukasevangeliet der Jesus talar om å gjere det vi er skuldige til å gjere, utan først å krevje vår rett.
 
Vi har også høyrt lese dei spanande orda som Paulus skriv, om å plante og vatne og å vente på at Gud skal gje vokster. Det er Gud som syter for at Guds rike veks!
Og i tru på at Gud vil gje vokster, ropar vi på Paulus og Apollos i dag.
Kven det er? Jau, det står at Paulus og Apollos er ”- tenarar som hjelpte dykk til tru”. Slik tenarar treng vi fleire av i denne kyrkjelyden. Slike som kan vere med å plante og vatne for at det skal vekse og spire og gro i Guds rike.
Vi har altså prestar og diakonar og kantorarar i denne kyrkjelyden. Desse, og fleire andre tilsette, er betalte for å plante og vatne.
Det finst ein soknerådsleiar som har med seg eit sokneråd. Dei er medarbeidarar dei òg. Nesten utan betaling. Det finst trufaste barnearbeidar, korsongarar, friviljuge på kjøkkenet eller mellom dei unge. Vi har folk som har vore i brann for misjonens sak i mange tiår. Aldri fekk dei ei krone for innsatsen. Men dei gav sjølve mykje i offerskåla. Kven er alle desse?
Dette er Paulus og Apollos midt mellom oss. ”- tenarar som hjelpte dykk til tru”.

Men vi skulle gjerne vore fleire. For oppgåva er så stor. Oppgåva er å byggje Guds rike. Her hjå oss. Og langt der ute. Oppgåve vår er å halde fram med å be: Lat riket ditt koma. Og: Tenk om dei kom, alle dei døypte utanfor kyrkjedørene våre, som ikkje er her i dag? Tenk for eit mektig syn det ville vere. For ein inspirasjon!

Vi samlar oss i glede i dag over å høyre i hop som kyrkjelyd. Vi ser oppgåva. Vi veit at det er noko å hauste. Det finst enno mange vakre blomar å plukke.
Difor går vi inn i dette i lag. Vi gjer det med glede og med forventning

Alle vi som trur, alle vi som har vår heim her i Åsane kyrkje, eller i ein kyrkjelyd i Hong Kong, vi har ein oppdragsgjevar for kyrkja som ikkje er som statlege eller private direktørar.
Visst spør Gud etter vokster. Men framfor alt gjev han liv. Til og med der det synest dødt og uttørka kan det spire og gro. Fordi Gud pustar sin heilage og livgjevande ande til medarbeidarane sitt trufaste såmannsarbeid.
Difor skal vi framleis så. Vi skal framleis verke og byggje. Be og arbeide. Ofre og gje. I tru. Med forventning til at Gud høyrer vår bøn: Lat riket ditt koma.
 
Grunnvollen er lagt. Ingen kan leggje ein annan grunnvoll når Guds rike skal byggjast, enn den som heiter Jesus Kristus. Det er trua på han som samlar oss. Det er gleda over hans frelsarverk som gjev oss frimot. Det er den ufattelege verdien av alt han har å gje vi så gjerne vil dele med andre.
Vi kan plante og vatne. Vi kan be: Lat riket ditt koma.
Vi gjer det i tru og med von om at Gud skal gje liv og vokster!

Heilt til slutt vil vi ta med eit lite ord frå evangelieteksten. I likninga Jesus fortel, så tek han fram at herren som har tenarar i arbeid for seg, han ber desse tenarane om først å lage til kveldsmat til sin meister, før dei sjølve får gå til ro for kvelden.
"Lag til kveldsmat, bind opp kjortelen og stå til teneste for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat."

Mykje kunne vore teke opp omkring denne merkverdige måten å tenkje på omkring det å vere i eit arbeidsforhold. Det er lett å sjå at dette ikkje er etter vanlege norske tariffavtalar. Det får vente til neste Vingardssøndag for ein grundigare gjennomgang. Nett no lar vi det liggje, slik at vi heller kan glede oss over at han som set oss i arbeid med orda: ”Lag til kveldsmat”, han ber oss allereie i denne gudstenesta om å vere med han til bords. Nattverdbordet er duka for oss alle i dag, og Jesu ord lyder: ”Sidan kan du sjølv få deg mat”.
No er den tida. No er det mat å få for alle som vil vere Herrens tenarar. Mat som kan gje oss styrke. Mat som kan tenne trua vår. Mat som kan gje oss frimot til å gå lenger ut med bodskapen om Jesus Kristus.

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv