torsdag 25. oktober 2018

Skam og skuld


Bots- og bønnedag II. 28.10.2018
Luk 18, 9-14
Salhus. Skriftemålsgudsteneste

Skam.
Nei – eg skal ikkje tale om ein populær TV-serie som unge menneske stadig snakkar om. Eg har ikkje sett serien sjølv, og meiner svært lite om den. Anna enn at det anar meg at serietittelen set fokus på ei underkommunisert kjensle som dei fleste av oss veit noko om.

Det er skrive tjukke fagbøker om temaet skam.
Psykologar. Psykiatrar. Legar. Sjelesørgjarar. Alle som arbeider med alt det menneske ber med seg inne i seg gjennom heile livet, eller periodar i livet, må kjenne til omgrepet skam.
Dei må vite om skam kjem frå noko ein sjølv faktisk har gjort eller tenkt, som det simpelt hen er grunn til å skamme seg over. Eller rettare: Som det er grunn til å føle skuld for. Det skal vi kome tilbake til.

Det vil vere veldig viktig å kunne slå fast at skam kanskje også kan vere fullstendig utan grunn. Det kan handle om ei forstilling eit menneske ber med seg, og som aldri er meir enn ei forstilling, eller rettare – ei vrangforstilling. Slike menneske må få hjelp frå fagpersonar. Hjelp til å riste av seg ugrunna skam. Til å rette ryggen og klårne blikket slik at framtida får fargar. Og ikkje er ei trugande framtid, innhylla i grått.

Og ikkje minst: Det må ytast hjelp, nokon må gripe inn, dersom dette er noko som er blitt påført eit menneske av andre. Vi veit f.eks at veldig mange som vert utsette for overgrep, ikkje minst seksuelle overgrep, lever vidare med ei kjensle av skam.  Fullstendig urimeleg, sjølvsagt. Men det kjennest berre ikkje slik for den som har fått det for seg at det er grunn til å skamme seg, sjølv om noko hende utan lyst, eller kanskje med tvang.

Skam er komplisert. Skam er eit tema som ikkje kan forløysast gjennom ei preike på bots- og bønedagen.
Men skam er relevant å minne om når vi no skal sjå nærare på desse to hovudpersonane i evangelieteksten som Jesus presenterer for oss.

Dette er fiktive personar. For det er ei likning Jesu fortel. Og Jesus har ein tydeleg adressat for likninga: «Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:
»


Dei stolte på at dei sjølve var rettferdige, står det. Eg veit ikkje om det er frå denne likninga at uttrykket «Sjølvrettferdig» eigentleg har sitt opphav i vårt språk, men det skal ikkje undre meg. Når ein googlar dette ordet, kjem det i alle fall stort sett berre opp bibelske referansar.
I alle fall: Dette var ei gruppe menneske som Jesus meinte hadde bruk for å lære ei viktig lekse. Kanskje kan den aller første tilnærminga til det vi snart skal vere med på i denne gudstenesta, nemleg skriftemålet, vere om vi heilt ærleg vågar å svare på spørsmålet: Passar eg som adressat for Jesus si påminning?
«Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:
»

Farisearen og tollaren er to merkelege bibelske figurar. Ikkje minst farisearen i denne likninga. Det er nesten som eg for min del av og til lurer på Jesus. Var det verkeleg nødvendig å skape ein så karikert type som denne ufordrageleg mannen i tempelet? Eller finst han? Går han levande rundt i dag – også blant oss?

Er det i det heile mogeleg å finne eit einaste sympatisk trekk ved denne mannen?
Ja – ein ting: Han gjekk opp til tempelet for å be.

Det kan i alle fall du og eg lære av farisearen. Det finst eit hus der vi kan be. Tempelet var ein slik stad. Salhus kyrkje er ein anna stad. Og i dag har vi samla oss på bønedagen, her i denne kyrkja. Vi skal be. Slik farisearen ynskte å gjere.

Men sant å seie – eg trur ikkje så vondt om nokon av oss, at ein einaste av oss i fullt alvor er så sjøvrettferdig at vi ville vere i stand til å tenkje slik om oss sjølve – og i alle fall ikkje stelle oss opp framme her i kyrkja og be høgt:
«Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der.»
Kjære Salhus kyrkjelyd – eg gjev meg sjølv lov til å oversjå denne mannen. Han er for karikert. Han er ein religiøs klovn.

Derimot må vi ta oss betre tid ved den andre av desse to. Tollaren.
Til liks med farisearen, gjekk også han opp til tempelet for å be. For andre gong vert vi altså minna om at det er godt og rett det vi skal gjere i dag. Be.

Men korleis skal vi be? Og kva skal styre det vi skal fokusere på denne dagen?
Skam kan vere eit nøkkelord for å nærme oss bøna i dag.

Farisearen – kva var det han gjorde med si forunderlege bøn?
Han påførte tollaren skam ved måten han bad på. Ved orda han brukte. Ved å vere så grenselaus sjølvrettferdig. Han trakka rett og slett på tollaren. Han gjorde eit overgrep mot denne mannen. Mobbing ville kanskje vore eit passande uttrykk i dag.

Det finst altså andre typar overgrep mot våre medmenneske enn dei seksuelle.
Mobbing er eit tragisk døme på det. Vaksne mobbar. Gamle mobbar. Sjefar mobbar. Kollegaer mobbar.
Borna i barnehagen kan til og med finne på noko slikt.
Kanskje forstår dei ikkje kva dei er med på. Men det demonstrerer kva som kan bu i oss menneske heilt frå vi er veldig små. Det teologiske begrepet for dette er arvesynd.

Kjenner du til dette? Anten fordi du har smakt smerten den gongen andre gjorde deg urett? Eller fordi du i dag skammar deg over det du gjorde eller var med på?

Den som har møtt urett gjennom verbale eller fysiske eller psykiske overgrep må be om hjelp. Hjelp til å finne ein veg ut av dei vonde minna. Og for all del – dersom skam er ein del av det du kjenner på, så må du finne nokon som kan male det krystallklårt for augo dine: Det er ikkje du som skal bere på skam. Det var aldri din feil!

Og stikk det i eit vondt samvit, fordi du veit at du gjorde noko vondt og gale ein gong – du sa noko du aldri skulle sagt – du skulka unna den gongen du på positivt vis kunne forandra eit liv for eit medmenneske, så er heller ikkje det ein god grunn til å pakke seg inn i eit teppe av skam.
Kanskje er det betre om du rettar ryggen og seier til deg sjølv og til Gud, omtrent det same som kong David i si tid sa då han hadde synda med Batseba og teke livet av mannen hennar:


(Salme 51, 3-6):
Ver meg nådig, Gud, i din kjærleik,
stryk ut mitt brot i di store miskunn!        
Vask meg rein for skuld
og reins meg for mi synd!        
For mine brot kjenner eg,
mi synd står alltid for meg.        
Mot deg åleine har eg synda,
det som er vondt i dine auge, har eg gjort.
Det er dette som er skriftemålet.
Å være ærleg overfor Gud – han som veit. Han som ser. Han som kjenner. Han som høyrer. Og han som tilgjev.

Her er det ikkje brukt eit ord om skam.
Her snakkast det om skuld. Og om synd.
Vask meg rein for skuld
og reins meg for mi synd!
Dette er juridisk språk. Dette er kristent språk.
Skuld kan sonast.

Det eg eller du faktisk har gjort eller sagt eller tenkt, det vi er skuldige i, anten det er mobbing eller skattesnusk, om det er løgn eller bedrag, om det handlar om sex og samliv, eller om hat og misunning – enklare oppsummert: Om det går på brot på eit av dei ti bodorda, eller på brot på det store bodet om å elske Gud og vår neste, så er det reell skuld overfor Gud.

Og kall det heller skuld, meir enn at du legg stein til børa ved å sleppe skamma laus.
Uansett - Skulda kan det gjerast soning for. Dette er det gjort soning for.
Det gjorde Jesus då han bar alt dette, det vi skal kalle med sitt rette namn, vår synd, opp på krossen og døydde for vår skuld.

Synd kan tilgjevast. Og tilgjevinga skjer ved at vi ber. Og tollaren har lært oss korleis vi skal be: «Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: ‘Gud, ver meg syndar nådig!’
»
‘Gud, ver meg syndar nådig!’
I dag skal det vere di stille bøn når vi saman går inn i skriftemålsdelen av gudstenesta. Lytt til bønene presten ber høgt. Legg hjarta ditt i dei. Gjev ditt ja til vedkjenninga av synd, og framfor alt – opne deg for tilgjevinga. Gled deg over orda du høyrer og presten si hand som kviler på hovudet ditt. Det er presten som slik får vere ein reiskap frå Gud til å tilseie deg nådig forlating for alle dine synder.
Jesus sine ord om tollaren vil i dag kunne vere ord om deg: «Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud.
»

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv