fredag 9. november 2018

Eg er


25.s i treeiningstida II. 11.11.2018
Matt 14, 22-34
Eidsvåg kirke
Jesus var i fjellet. Han hadde nett metta dei fem tusen med fem brød og to fiskar. Han hadde sendt den mette folkemengda heim att. Han hadde sendt læresveinane i båt for at dei skulle dra i førevegen over Genesaretsjøen. Sjølv drog Jesus til fjells for å vere åleine. For å be.
Mens han bad vart det natt. Det vart mørkt. Det vart vind. Det vart bølgjer, og læresveinane rodde. I motvind. Tunge åretak. Vatn slo over ripa. Kulde og uhygge. Så kom den fjerde nattevakta. Den tunge tida mellom kl. 03:00 og kl. 06:00. Då søv dei fleste tungt. Men i båten kunne dei ikkje sove. Bølgjene var for tunge. Mørkret var for djupt. Vinden var for skremmande.
Då kom Jesus. Spaserande i bølgjene som om han gjekk tur på ei brulagd gate inne i byen. Han steig ned frå fjellet. Ut or einsemda. Han hadde sagt sitt amen i bønestunda. No kom han til hjelp i det som var trugande. «Ver ved godt mot! Det er eg. Ver ikkje redde!»
Peter var ved meir enn godt mot. Han var full av overmot. Han spurde Jesus om ikkje også han kunne gå på vatnet. «Kom!» sa Jesus til Peter. Peter tok Jesus på ordet. Men han sokk. Han var «lite truande», som Jesus kalla han for. Han var ein tvilar. Likevel tok han Jesus på ordet. Peter prøvde å trasse naturen. Det er lite lurt for eit vanleg menneske. Ikkje om det er på invitasjon frå Jesus sjølv ein gong.
Jesus er herre over naturen. Han er sterkare enn vinden. Han får bølgjer til å leggje seg. Men vi menneske er underlagt naturlovene. Peter fekk teste dei ut. Han var ikkje Jesus. Han hadde ikkje dei guddommelege evnene. Men han var i Jesu nærleik. Jesus høyrde ropet frå han som var i ferd med å gå under: «Herre, berg meg!» Jesus rakte ut handa og berga den overmodige, men likevel tvilande læresveinen. Jesus steig om bord i båten. Vinden stilna.
Dei gjekk i ein spesiell skule, desse tolv nære venene til Jesus. Denne dagen hadde dei vore i lag med meisteren, og han lærte dei ei lekse om guddommelege krefter som kunne oppheve naturlover. 5000 vart mette av nesten ingen ting. Tolv menn såg at han trassa tyngdelov og naturlov og meteorologi. Sjøen la seg. Vinden stilna.
«Det er eg, ver ikkje redde». Sannleg – også vi skal merke oss det vi les og høyer. Også vi skal bøye oss for underet. «Du er sanneleg Guds son!»
Den ytre hendinga då Jesus gjekk på vatnet er spanande nok. Slik det var spanande for Peter som prøvde seg på det umogelege – å gå på vatnet. Slik det var spanande for dei elleve andre i den vesle båten i det store uvêret.
Og slik båtliv på nattestid tydeleg er noko som kan verte spanande og dramatisk for nokon kvar. Spør dei som for nokre dagar sidan var involverte rett borti fjorden utanfor her, då forsvarsmilliardar og oljemilliardar, og ikkje minst mange menneskeliv stod på spel.
Men eg trur denne bibelforteljinga om Jesus og Peter til fots i opprørt Genesaretsjø, skal vise oss noko meir enn at Jesus kunne gå på vatnet, og at Peter ikkje kunne gå på vatnet.
Det er ikkje så ofte at eg som prest stig fram på preikestolen og viser at eg faktisk ein gong i studietida tok eksamen i nytestamentleg gresk, og at det vi den gongen lærte oss faktisk kjem til nytte når vi skal sjå kva som eigentleg står i desse avsnitta vi talar om i kyrkja på søndagane.
To veldig korte ord frå Jesu munn, i vår norske omsetjing omsett med tre ord: «Det er eg» - det er ein nøkkel til å kome bakom den ytre hendinga.
På gresk står det: ἐγώ είμι.
Det betyr rett og slett: Eg er.
Altså – då læresveinane i båten skalv i redsle, og kanskje spydde dei av dei tolv som ikkje var fiskarar av sjøsykje, då dei trudde at det var eit gjenferd som fekk vaska beina i høge bølgjer, då kjem dei forløysande orda frå Jesus:  «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»
Det viktige er ikkje at han seier: Ver ved godt mot!
Heller ikkje at han seier: Ver ikkje redde!
Men at han på gresk seier: ἐγώ είμι – det betyr rett og slett: Eg er.
Det er ikkje lett å omsetje dette til meiningsfull norsk. Det er fint at det står som det gjer i vår norske Bibel. Men eigentleg seier Jesus: «Ver ved godt mot! Eg er. Ver ikkje redde!»
Kvifor er desse to små orda så viktige?
Det er ord som Jesus brukar mange gonger i forteljingar vi finn om han i evangelia.
Vi veit at Jesus seier om seg sjølv, f,eks.:
Eg er den gode gjetaren/hyrdingen
Eg er lyset i verda
Eg er vegen, sanninga og livet
Det er skrive tjukke bøker om dette at Jesus brukar det som liknar på ein formel, når han presenterer seg. «Eg er» formelen.
Og grunnen til at det er så viktig å forstå dette, må vi leite etter i GT.
Vi må helse kort på gamle Moses. I 2.Mosebok møter vi Moses ute i øydemarka. Han ser eit underleg syn. Ei brennande buske som aldri brenn opp. Då han vil gå bort til busken og finne ut kva dette er, utspelar eit drama seg. Gud tek til å tale til Moses. Gud vil at Moses skal verte den store leiaren eller føraren som skal gå i brodden for å føre heile israelsfolket tilbake til heimlandet i Israel frå fangeskapet i Egypt. Då kan vi lese denne vesle diskusjonen mellom Moses og Gud i 2. Mos 3, 13-15:
Då sa Moses til Gud: «Enn om eg går til israelittane og seier til dei: Han som er dykkar fedrars Gud, har sendt meg, og dei så spør meg: Kva er namnet hans? Kva skal eg svara dei?» 14 Gud svara Moses: «Eg er den eg er.» Og han sa: «Slik skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg til dykk.» 15 Og Gud heldt fram: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Dette er mitt namn til evig tid,
Fekk du med deg kva som er Guds namn?
Gud heiter «Eg er»:
Eg er har sendt meg til dykk – Det var svaret Moses skulle gje når israelittane spurde kva namnet på Gud var.
Eit merkeleg namn? Ja. Men Gud heiter «Eg er». På gresk vert det:
ἐγώ είμι
Når dei våte og redde og spørjande læresveinane trudde dei såg eit gjenferd, eit spøkelse, ute på sjøen i den blåsande og mørke natta, så kunne Jesus roa dei ned:
«Ver ved godt mot! Eg er. Ver ikkje redde!»
Jesus kallar seg «Eg er». Det betyr rett og slett: Jesus er Gud. Han er den levande Guds son som kan bryte alle naturlover, fordi han er heva over naturen. Han var med då den treenige Gud skapte naturen, då jorda vart til. Då vatnet samla seg. Difor kan han han gå på vatnet. Difor kan han gjere under og teikn. Difor demonstrerte han sine underfulle krefter ved å mette 5000 menneske med det som i utgangspunktet var ein knapp dagsrasjon for ein liten kjernefamilie: Fem brød og to fisker.
Det dei tolv trudde var eit gjenferd, var ikkje noko mindre enn ei openberring av Gud, han som heiter «Eg er». Jesus på vatnet var Gud.
Det er Gud som gjennom sonen sin Jesus, rettar handa til den lite truande Peter og dreg han opp og ut or bølgjene.
Det er denne Gud som i dag bøygde seg ned til eit lite dåpsbarn og løfta det gjennom vatnet og sa til dåpsbarnet og til kyrkjelyden: Det er eg! Eg er. Ver ikkje redde.
Det er denne Gud som snart gjer seg til eitt med nattverdens brød og vin slik at vi kan tru orda som vart sagt: Det er eg! Eg er. Ver ikkje redde.
I livets stormar. I djupe bølgjedalar. I dei mørkaste timane av ditt og mitt liv rettar han hender mot oss slik at vi kan sanna med læresvinane sine ord: «Du er sanneleg Guds son!» Hans svar er alltid det same: Det er eg! Eg er. Ver ikkje redde.  AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv