torsdag 2. januar 2020

Vi går vidare


Kristi openberringssøndag. I. 05.01.2020
Åsane kirke. Konfirmantsøndag. Misjonssøndag.
Matt. 2,1-12
I dag går vi vidare.
Vi går etter kvart ut or jula no.
Vi går inn i eit nytt år som berre så vidt har vakna etter rakettar og nyttårsfeiring.
Vi går vidare ut or mørketida. Dag for dag skal det lysne. Heilt til vi når midtsommar om enno mange månader.

Og i dag må vi tru at det etter kvart også skal tørke opp rundt oss. At regnet skal ta ei pause. At vi kan få eit ørlite håp om at eit klima i endring skal kome under kontroll, fordi vi og alle endrar vår måte å leve på.

Vi går vidare i lag med alle dykk konfirmantar som set farge på, og gjev liv til denne gudstenesta.
Eg håpar at du som er midt i konfirmantførebuinga opplever at det er meiningsfullt å gå eit stykke veg av di ungdomstid her i denne kyrkja. I lag med dei andre konfirmantane og alle dei du møter her. Vi vil enno vere i lag med dykk fram mot den store høgtida i mai. Vi går vidare i lag. Mot lyset, mot høgtid og glede.

Vi høyrde nett korleis nokre av dykk konfirmantane las for oss her i kyrkja, ord av den gamle profeten Jesaja:
«Folkeslag skal gå mot ditt lys,
konger gå mot din soloppgang»
(Jes. 60,3)

Bli med oss mot lyset på denne søndagen som vi kallar for Krist openberringsdag.

To ting har vi eit ekstra fokus på i denne gudstenesta.
Det eine er dykk konfirmantar. Vi gler oss over å vere i lag med dykk. Vi takkar for måten de tek del i Åsane kyrkjelyd si gudstenestefeiring. De som er konfirmantar utgjer eit viktig hjarteslag i heile kyrkjelyden sitt liv. De er ein del av alt som skjer her i dette kyrkjehuset.

Det andre vi har fokus på i dag, er misjon. Også det er eit hjarteslag for ein kyrkjelyd.
Det må vi no seie litt meir om.

Kanskje kan eit viktig ord hjelpe oss til å forstå kva misjon er? Det ordet eg nettopp siterte på nytt, og som vart lese av ein av dykk konfirmantar: «Folkeslag skal gå mot ditt lys, konger gå mot din soloppgang»
Misjon handlar om at folkeslag, også det norske folket, skal sjå lyset. Guds lys. Sjå Jesus, han som kallar seg sjølv for lyset i verda.

I dag har vi bore inn to flagg i kyrkja vår. Flagget frå Thailand. Og flagget frå Kina.
Det er fordi vi i Åsane har forplikta oss til å støtte og hjelpe nokre av dei som arbeider i Thailand og i Kina med å peike på dette lyset. Peike på Jesus. Fortelje til menneske som kanskje aldri har høyrt det før, at vi trur på ein som heiter Jesus. Han er så viktig for oss, at vi ikkje kan la vere å fortelje andre om han.

Jesus har også lært oss at vi som trur, vi som kallar oss kristne, vi skal også vere tydeleg frampå med å hjelpe til der andre menneske lir naud. Vere medmenneske i møte med menneske som lever i fattigdom. Menneske som manglar grunnleggjande verdiar for å ha eit verdig liv. Ikkje eit liv i overflod. Men eit godt liv.

Vi skal ikkje hjelpe berre dei som tenkjer og trur slik som vi sjølve gjer. Misjon vil ikkje la seg avgrense av grenser. Av kultur. Av ukjende måtar å leve livet på.

Vi går vidare frå ein stad om vi blir avviste og jaga bort. Men vi vil ikkje gå bort fordi vi som kristne ser på andre som fiendar. Vi vil snakke med alle som vil lytte. Vi vil tenne lys, og fortelje at det lyset som heiter Jesus er vår leiestjerne gjennom livet. Vi gjer det samstundes som vi vil lytte til deira forteljingar som trur annleis, snakke med dei som tenkjer annleis og som lever annleis enn vi sjølve gjer.

Vi er trygge i det vi trur på. Vi gler oss over det lyset vi har sett. Og vi lar oss ikkje skremme når andre vil ta oss med inn i eit mørke.

På denne søndagen har vi også lese om vismennene frå Østen. Dei som såg ei stjerne på himmelen, og forstod å tolke teiknet. Dette mysteriet på stjernehimmelen som viste veg frå himmelen til jorda der eit nytt lys var tend. For eit barn var fødd. Det var Jesus. Han kalla seg sjølv for verdens lys då han vart vaksen.

600 år tidlegare hadde profeten spådd at «folkeslag skal gå mot ditt lys»
Vismennene frå Østen var oppfyllinga av den profetien. Dei var dei første av folkeslaga som fekk sjå lyset. Dei fekk møte barnet. Dei fekk bere fram gåver, og dei fekk tilbe barnet i lyset frå den store stjerna. Dette hende i den aller første jula. Og det som hende gjorde vismennene «fylt av jublende glede.»

Men samstundes var vismennene i utkanten av det djupaste mørket. Terroristkongen, Herodes, var ute etter å sløkkje lyset. Han tok despotiske midlar i bruk for å ramme den nyfødde Jesus.
Herodes fekk høyre om den han trudde var ein konkurrent til hans kongemakt, eit nyfødd gutebarn som det syntes å vere skrive i stjernene om, og han ville vere trygg på at dette barnet ikkje skulle overleve. Difor utførte han ein av dei verste terrorhandlingane historia kjenner til. Han let drepe alle gutar under to år i byen Betlehem.

Men Herodes lukkast ikkje å sløkkje lyset. Gud held sine hender over sonen sin.
Difor kunne også Jesus gå vidare ut i livet, gjennom døden på krossen, og så kome tilbake ved å stige ut or grava han vart lagd i etter krossfestinga og døden.

Slik vart Jesus det lyset vi har sett og som vi trur på.
Med ansiktet løfta mot dette lyset vil vi gå inn i toget av folkeslag frå alle verdens kantar som ser mot himmelen, og i glede verte fylte av trua på han som den store stjerna viste vegen til.

Vi går vidare i dag. Vidare ut i verda for å vere glade vitne om Jesus; om han som er det store lyset som stjerna viste vegen til.

AMEN.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv