torsdag 11. mars 2021

Forsoning

 

4. s. i fastetida. II - 14. mars 2021
Hamre kyrkje
2.  Kor.5, 18-21

Kjære kyrkjelyd, eller kanskje eg skal seie – Kjære kyrkjelydar. I alle fall: Kjære ostringar.
Eg dreg på åra, og det er på høg tid å bli pensjonist. Formelt skjer det 1.juni, og innan den dagen håpar eg å nå kyrkjelydane i prostiet med ei siste gudsteneste, og slik takke for meg. I dag er eg her på Osterøy, og gler meg over fellesskapet med dykk.

Eg hadde kanskje sett for meg at det å gå laus på «sisterunden» skulle verke litt meir på kjenslene mine. Men eg synest dette er heilt greitt. Slik skal det vere. Slik må det vere. Og eg har visst i over 41 år, sidan eg starta som prest, at det skulle vere over ein dag. Det har ikkje vore tid til å tenkje mykje på det gjennom alle desse åra, men tankane har lagt der inne i meg ein stad og vogga forsiktig på seg innimellom. Ei god visse om det vil kome nærare og nærare, det å slutte.
Eg har rett og slett for lenge sidan forsona meg med tanken. Og eg kjenner at det gjer det greitt å gå pensjonisttida i møte, med takk, og med forventning til at kanskje gøymer det seg enno meir spanande liv der framme ein stad. Det veit berre Gud!

Eg har forsona meg med tanken på å bli pensjonist, sa eg.

Og då brukte eg sjølve nøkkelordet i det som er preiketeksten i kyrkjene våre i dag, landet over.

Ordet er forsoning. Eit anna ord vi har lese er forsoningstenesta.
Desse orda gjev meg eit høve til å setje fokus på eit veldig viktig teologisk omgrep som eg knapt kan hugse å ha teke med meg opp på ein preikestol tidlegare.

Vi må snakke om forsoninga i dag!

Eg har forsona meg med å snart bli pensjonist, innleia eg med å seie.
Når vi brukar ordet slik, då vil eg tru at dei fleste av oss oppfattar at det betyr noko slikt som å avfinne seg med, eller å innsjå at slik må det vere; å slå seg til ro med det som måtte kome, anten det handlar om noko godt eller noko vondt som livet byr fram.
Det er på ein måte slik at eg og livet inngår eit forlik – slik skal det vere heretter!

Men når ein opnar den store nynorske ordboka, ser ein snart at dette ordet, forsone, det er eit religiøst ord. Eit teologisk omgrep. Orda Kristus og Gud dukkar opp i ordboka omtrent med det same når dette skal forklarast. Og så står det noko om at å forsone også betyr å mildne eller å forlike. Vi kjenner for eksempel uttrykket «Å halde eit forsonande innlegg».

Kven er det som må forsonast?
Det er Gud og eg. Det er du og Gud. Menneske, alle som ein, må bli forsona med Gud.

«Alt er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg…»
Orda som Paulus i si tid skreiv til kyrkjelyden i Korint i det andre brevet hans til dei kristne i denne greske storbyen, dei orda er ikkje spesielt enkle å begripe for oss som les dette i dag.

Men om vi greier å trengje inn i dei, om vi kan få eit glimt inn i løyndomane som gøymer seg i desse innhaldsmetta setningane vi får servert på denne gudstenesta, så er det verkeleg ein skatt vi kan ta med oss heim att frå Hamre kyrkje denne søndagen.

«Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.»
Lat oss prøve å forstå kva vi les og høyrer.

Gud forsona verda med seg.

Ein annan måte å seie det på, er at Gud gjorde opp med eit fiendskap. Han bygde ei bru over ein avgrunn. Ei forsonande bru som du og eg kan gå over. Vi kan gå over frå eit liv i nederlag, synd og opprør mot Gud, til eit liv tufta på Guds tilgjeving, hans kjærleik, og håpet dette fører med seg.

Det er diverre alt for lenge mellom kvar gong vi prestar set ord på det som er det store alvoret med å vere menneske: Nemleg at vi har rota oss bort i alle følgjene av det vi omtalar som synd, f.eks nå vi kvar søndag seier fram syndsvedkjenninga.
Vi kallar oss for syndarar. Det kostar kanskje ikkje så mykje, så lenge vi aldri verkeleg stoggar opp og tek innover konsekvensen av synda – nemleg døden, og i verste fall, døden som blir eit evig skilje mellom meg og Gud.

Slik blir det, om vi ikkje vil la oss forsone med Gud.
Men altså, i dag kan vi gle oss over desse orda: «Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.»

Det har, heilt frå syndefallet, vore eit fiendskap mellom Gud og syndige menneske. Gud og synd passar ikkje saman. Synd er årsak til eit fiendskap som må ryddast bort for at livet skal bli heilt igjen.

Når vi har gjort urett mot våre medmenneske, urett som kan skape uvennskap, eller endå verre, hat og fiendskap, så kan vi i møte med dei vi gjorde urett, be om orsaking for eit vondt og uvennleg ord. Vi kan betale ei skuld vi har sett oss i. Vi kan reparere på det som har gått sundt eller har falle saman i vårt forhold. Men alltid i møte med eit medmenneske må vi gå til den verkelege rota for å rette opp det vi må forsonast om når det har oppstått fiendskap.

I forholdet mellom Gud og meg – mellom Gud og deg, har Gud teke initiativet. Han vil at vi skal bli forsona med han som våre liv står i motsetnad til fordi vi lever i synd, og med synd, i alt det vi er som menneske.

Han har bygd ei bru over ein avgrunn som skil meg og Gud. Brua er ein kross. Der let Gud son sin lida døden i staden for at eg skulle døy som ei følgje av syndene mine.
«Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.»

Moderne menneske har vanskeleg for å fatte alvoret i det å vere syndar. Vi er rett og slett ikkje uroa over å vere syndarar.  Vi trur at alt er bra med oss, så lenge vi gjer så godt vi kan. Vi lar oss forføre av polerte, fargerike reklamesnuttar som fortel at vi kan vere smilande og lukkelege «-fordi vi har fortent det»

Bibelen er nok meir tung på labben enn ein middelmådig såpereklame.

Vi ser at det er menneske som reagerer på framstillinga av Gud. Folk som opplever Gud som ein tyrann som let son sin døy på bestialsk vis. Folk som rett og slett ikkje vil tru at ein slik Gud faktisk finst. «Det er ikkje min Gud» vert det sagt, og så prøver dei å skape seg ein gud, konstruert etter eigne tankar og forstillingar.

Som prest har eg fått ei oppgåve som eg gjennom meir enn 40 år har gjort det eg kunne for å fullføre. Eg har prøvd å ta på alvor det Bibelen vitnar om Gud, og om sonen Jesus Kristus. Der er mi tru grunnfesta, og eg er veldig takksam for at eg skulle få denne sjansen her på Osterøy til å løfte fram det som står i denne korte bibelteksten for i dag:
«Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud! Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i han.»

 

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv