tirsdag 16. februar 2021

Det Gud vil

 

1. s. i fastetida. II. 21.02.21
Ytre Arna kyrkje (Digital gudsteneste)
Matt.16,21-23

Fastetid er kamptid.
Kamp mot freistingar. Kamp for å vekse i tru. Kamp mot vantru.

Og i år: Kamp for å vinne tilbake fellesskapet i kyrkja som pandemien delvis har røva frå dei truande.
Evangelieteksten i dag introduserer oss for den kampen Jesus gjekk mot når det snart skulle bli påske: Jesus «- skulle … lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.»

Peter forstod ingen ting av det som var i ferd med å hende. Det var som om Peter fekk eit slag i ansiktet av Jesu refsande ord: «Vik bak meg Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

Eg må tilstå at det er ikkje ofte eg les katolsk litteratur. Men for nokre dagar sidan fekk eg ei utgåve av «St. Olav»[1] i hendene. Det offisielle kyrkjebladet for den katolske kyrkja i landet vårt. Nyvigsla biskop i Trondheim, Erik Varden, har ein nesten utruleg innsiktsfull artikkel om ei tid med store prøvingar. Han spør kva vi kan få ut av Covid-krisa.

Biskop Erik samanliknar det vi no opplever, med det å måtte gå i eksil. Vi bli tvinga til å bryta opp frå vår heim. Biskopen viser i det han skriv korleis kyrkja, for den truande, er heimen vår i åndeleg forstand. Når vi no ikkje kan samlast slik vi alltid har gjort på søndagar og kvardagar, er det som å vere fordrivne, skriv han.

Eg trur mange kjenner seg igjen. Vi lengtar etter fellesskapet. Vi lengtar etter nattverden. Vi lengtar etter lovsongen i lag. Etter det sosiale. Kyrkjekaffien.  Born og vaksne i blanda selskap. Handhelsing og klemmar. Vi kan kjenne oss bortdrivne frå kyrkja vår. I eksil.

No er det fastetid for oss. Vi ville gjerne høyre litt meir trøyst frå Jesu munn i ei slik tid. Heller trøysteord, enn dette brutale: «Vik bak meg Satan! … Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

Kva er det Gud vil med oss i denne tida? Kva tankar har han for oss?
Kan fastetida 2021 vere ei tid for det kyrkja eigentleg vil med faste – at vi skal gå i djupna i oss sjølve? Lære kva Skrifta seier om Jesu veg mot liding og død. Og å ane at lidinga kanskje er noko vi også skal kjenne smaken av. For å lære kva Gud vil.

Biskop Erik Varden viser i sin artikkel til tre ulike eksil som vi høyrer om i GT.
Først Abram som fekk kallet frå Gud til å bryte opp frå landet sitt, slekta si og farshuset (1.Mos.12,1) Gjennom dette oppbrotet fekk Abram kjenne det lova landet.  Ei velsigning over all forventning gjekk i oppfylling.

Vi får gjennom biskopens undervisning høyre om Israelsfolkets eksil i Egypt. (2.Mos.2,23ff) Eit beinhardt eksil med lengt etter samhald, einskap og identitet. Var det ikkje for dette eksilet, ville Abrahams ætt knapt kunne teke mot pakta, boda og lovnadene som gjorde ein flokk enkeltindivid til eit heilt folk. Til Guds folk.

Dert tredje gamaltestamentlege eksilet, er fangenskapet i Babylonia. Ei nasjonal katastrofe. Gudstenesta tok ein ende. Guds lovnader syntes gjort til ingenting.

Men gjennom alt dette, fann Israelsfolket likevel reiskapane dei trong for å kome seg gjennom trengslene. Vanskane. Utfordringane. Alt som truga deira forankring i Gud.

Dei lærte seg å la truslivet bløme i heimane. Gjennom liturgiske uttrykk i bøner morgon og kveld, og på sabbaten. Truslivet utfalda seg etisk. Ved å gjere godt mot medmenneska. Det som i vår kyrkje kallast for diakoni. F. eks Kirkens Nødhjelps fasteaksjon.
Dei tok ansvar for å formidle trua vidare til born og etterkomarar. Hjå oss tenkjer vi på dåp, trusopplæring eller konfirmasjon.

Jesus sa: «Vik bak meg Satan! … Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

-Det som Gud vil!
Kva er det Gud vil med oss i denne tida? Kva tankar har han for oss?

Det er ikkje slik at eg som prest har alle svara på kva Gud vil med det vi opplever som tungt og vanskeleg i desse dagane.
Men å ha tanke for det som Gud vil, det må i alle fall vere å søkje til den kjelda der Guds vilje er openberra for oss. Der, i Bibelen, har eg ikkje noko ynskje om å leite etter konspirasjonar. Men å lytte til stemmene som gjev lyd frå seg når Skrifta får tale.
Ein katolsk medkristen har lånt si røyst til det urgamle, og vist at Det gamle testamentet må få klinge i lag med det nye testamentet. Der møter vi evangeliet om Jesus som  «- skulle … lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.»
Dette er ikkje enkelt å skjøne med våre tankar. Det er ikkje lett å få sansen for dette. Sansen for at dette er det Gud vil.

Men kanskje kan Gud bruke pandemikrisa til å føre oss inn i djupare ettertanke? Til å trengje lenger ned i bibelske hendingar og bibelske sanningar som det er så lett å gløyme, eller til å oversjå.

Fastetida opnar seg framfor oss.
Faste er ikkje feiring som det var med karneval og fastelavnsbollar.

Det er å grave djupare inn der Gud vil vise seg for oss. I Ordet. I sakramenta. I det vi kan få med oss av kristent fellesskap, som for eksempel digitale gudstenester.
I fastetida kan vi lære oss tankar om det Gud vil for oss. I ei vanskeleg tid. Og i alle æve.

AMEN



[1] St. Olav. Katolsk kirkeblad 04/2020

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv