torsdag 15. april 2021

Liv og overflod

 

3. s. i påsketida. II. 18.04.2021
Salhus
Johs. 10,1-10

Tre vegar, eller tre stigar.
Frå tre retningar skal vi gå inn mot eit sentrum på denne søndagen. Hyrdingsøndagen, som vi ofte kallar han. Fordi hyrdingmotivet er så sentralt.

Først slår vi følgje med profeten Esekiel som løfter røysta si og talar som ein profet skal gjere det: På vegne av Herren Gud sjølv.
«Eg, Herren har tala» seier profeten om orda han lar oss høyre i profetbokas 34. kapittel.

Og kva seier Herren til oss gjennom profetens munn?
«Dei skal kjenna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israels hus, seier Herren Gud.  De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren Gud.»
Esek 34, 30-31

«- eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk»

Kjære Salhus kyrkjelyd.
Etter enno ei pandemistenging har vi kunna samla oss i kyrkjebenkane igjen. Vi har vore mismodige. Vi har vore trøytte. Kanskje også redde. Eller sinte. Vi ynskjer viruset langt ned i dei djupaste avgrunnar for å brenne som om det var gøymt under lavaen frå vulkanane som sprutar opp i desse dagane.

Men tvers gjennom dette vi har gjennomlevd, har vi ikkje gjeve opp håpet om betre dagar. Om lysare tider.
Skal orda frå Elias Blix sin vårsalme endeleg gå i oppfylling når han forkynner håpet om «ein betre vår ein gong»?

Eg tvilar på om profeten Esekiel såg kyrkjelyden i Salhus for sitt indre, profetiske auga då han tala dei gamaltestamentlege profetiane. Men i dag skal vi få tru orda. Dei handlar også om oss. Akkurat i dag: «- eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk. De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren Gud.»

Vi løfter hovudet og tenkjer at sjølv om påskefeiringa i kyrkjehuset og i kyrkjelydsfellesskapet gjekk i vasken for andre året på rad, så er det framleis påsketid.
Vi er samla. Vi syng og tilber i glede over at vi har ein levande Gud som er sterkare enn virus og vind som bles i mot. Han har jamvel sigra over døden.

Vi trur på ein Gud som er vår hyrding, og som vil vakte og verne oss.
Eg trur at han stod ved mi side sist tirsdag då sjukepleiaren i Nordhordlandshallen i Knarvik stakk den første vaksinesprøyta i mi skulder og gav håp for dagar som skal kome.

Han har kviskra det i øyro mine etter at det gjekk opp for meg kva eg har vore med på: «De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren Gud»

Vi tar så eit steg over på ein anna sti som også viser veg mot hyrdingen på denne søndagen.
Hebrearbrevet er ikkje alltid så lett tilgjengeleg. Og kven som har skrive det vi kan lese der, er det ingen som veit.
Men den ukjende forfattaren av dette brevet i NT lar oss uansett får helse på hyrdingen i dag:
«Fredens Gud, han som i kraft av blodet frå ei evig pakt førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde, må han utrusta dykk med alt godt, så de kan gjera hans vilje.» 
Hebr. 13,20-21

I profetordet hjå Esekiel presenterte Gud seg sjølv som hyrdingen: «De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren Gud»

Men her i NT møter vi hyrdingmotivet med ein anna vri.

Her er ikkje Gud framstilt som hyrding, men som det han i alle fall er og skal vere: - Gud!
Fredens Gud, vert han til og med omtala som.  Fredens Gud er i følgje vår tru, og vår teologi, eitt med han som samstundes er Guds son. Han som er vår Herre. Jesus Kristus.

Denne Jesus er det som no vert omtala som den store hyrdingen.
Denne Jesus er det også som er oppreist frå dei døde. Hyrdingen er mannen på krossen. Hyrdingen er mannen som vart lagd i grav.

Hyrdingen er han som sette livet sitt til for sauene, slik vi veit at Jesus sjølv talar om det, berre nokre vers etter at denne søndagens preiketekst er avslutta. I Johs. 10, 14-15 står det som kanskje er dei mest berømte av alle hyrdingorda vi har i Bibelen.
Jesus seier: «Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene.»

Her er det mykje som ligg gøymd i djupe ord.
Vi kan ikkje dukke ned i all teologien vi finn i desse korte setningane. Men gjennom dette forunderlege vi les om det tette forholdet mellom Jesus og hans Far, mellom Jesus og Gud, gjev det i alle fall meining at det er kontinuitet frå profetordet der Gud omtalar seg som vår gjetar, eller hyrding, og det at Jesus også står fram og presenterer seg som den gode gjetaren.

Enno ein gong kan vi lese bibelorda som er gjeve oss som tekstar på hyrdingsøndagen og gle oss over velsigning desse ord lar strøyme over oss.
Vi hugsar profeten i GT: «Dei skal kjenna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israels hus, seier Herren Gud.  De er sauene mine, flokken som eg gjeter.»

Vi løfter våre hjarto i takk for det Hebrearbrevet lar oss få høyre i dag: «Fredens Gud, han som i kraft av blodet frå ei evig pakt førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde, må han utrusta dykk med alt godt, så de kan gjera hans vilje.» 

Hyrdingen, Jesus Kristus, skal utruste oss med alt godt, står det.
Og eg kan berre leggje til: Rett ut handa di i dag og ta i mot. Lat deg ruste ut med det gode Gud kan gje deg, og gjer så sjølv Guds gode vilje i ditt liv. Guds gode vilje for dine medmenneske.
Ver ein reiskap ut i ei verd som nett no ligg i kne og ropar på miskunn og nåde.
Den store hyrdingen for sauene, Jesus Kristus, står klar til å utruste deg og meg og oss alle med alt godt! Med alt vi treng for å gjere hans vilje.

Vi er klare for, på denne søndagen, å gå dei siste stega inn mot den gode gjetaren. Den gode hyrdingen som alt fokus er samla rundt i dag.
Og vi flyttar oss inn på den stien, den vegen, der Jesus kjem oss i møte og talar med eigne ord til oss. Evangelieorda. Den gode bodskapen.

I evangeliet kan vi lese korleis Jesus, som den gode gjetaren, er den som skal samle alle sine rundt seg. Korleis han skal tale med ei røyst som flokken hans kjenner, og som i tillit til ei velkjend og trygg røyst vil følgje etter denne hyrdingen, i staden for ein framandkar som berre vil føre vill.

Og så avsluttar Jesus bibelorda som er gåva vi får utdelt i dag, med dette som både er ein lovnad, det er eit trøysteord, og det er ei utfordring.
Orda han brukar lyder slik: «Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.»

Kjære Salhus kyrkjelyd.
Gjennom ti år har eg no kome og gått i denne kyrkja som prosten dykkar. Men kanskje enno meir som vikarpresten som har hatt einskildgudstenester og mange gravferder.
Eg er veldig glad og takksam for det vi har hatt i lag. Det vert ikkje fleire gonger for min del, før eg kanskje vert kalla på som pensjonist.

Difor vil eg no gje uttrykk for at aller mest glad er eg for at eg kjenner at her i denne kyrkjelyden, i denne forsamlinga av truande, her er det liv og overflod.
Vi kjenner det i gudstenestene. Når salmesongen rungar meir enn det som godt er i tider med virusplaga. Når vi helsar og utvekslar gode ynskjer for kvarandre. Når vi høyrer om barnearbeid, babysong, barnehageborn og skuleelvar som endar opp som konfirmantar.
Av vår overflod har de som er opptekne av diakoni funne vegar ut i samfunnet med matposar og omtanke til dei som treng kyrkja si omsorg.
Dette er strålande. Dette er eit førebilete for mange andre.

Eg tenkjer at dette skjer fordi Salhus kyrkjelyd har sett hyrdingen. De har høyrt røysta hans. De har ikkje følgd dei framande som vil føre vill. Her er det liv og overflod.

Vi fekk ikkje feire påske i år. Men vår øvste leiar i vår kyrkje, preses Olav Fykse Tveit, uttala for eit par dagar sidan då vi igjen fekk lov til å samlast i kyrkjene våre at : «No kan vi feire påske.» For framleis er vi i påsketida. Den 3. søndagen i påsketida er det no.

Og påskeevangeliet ligg gøymd mange stader. Vi har høyrt om oppstoda i dag. Påskeunderet: «Fredens Gud, han som i kraft av blodet frå ei evig pakt førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde, må han utrusta dykk med alt godt, så de kan gjera hans vilje.» 

I kraft av påska slår vi følgje med hyrdingen som vi leie oss inn att i kyrkja, og ut att i verda. Slik uttrykkjer Jesus påska, kort oppsummert:

«Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.»                                                            AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv