Viser innlegg med etiketten Påsketida. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Påsketida. Vis alle innlegg

torsdag 4. april 2024

Elskar du meg?

2.s.i påsketida. II - 07.april 2024 
Arna kyrkje
Johs. 21, 15-19

Påska var over for læresveinane til Jesus. Dei hadde opplevd utruleg mykje på kort tid. Jesu inntog i Jerusalem på ein eselfole. Det merkelege nattverdsmåltidet. Den dramatiske natta då Jesus vart sviken av ein av sine næraste. Judas som tok sitt eige liv. Så kom Peters fornekting; ei parodisk rettssak og eit mareritt av ei avretting. Gravferda. Og toppen av det heile: Ei tom grav, og Jesus som hadde vist seg levande for læresveinane.

Det kunne gå rundt for nokon kvar etter så overveldande mykje dramatikk på så kort tid. Kva skulle dei eigentleg tru? Var Jesus verkeleg levande, eller var det spøkelse dei opplevde?

 Men etter kvart vart disiplane meir og meir sikre på at Jesus verkeleg levde. For han viste seg for dei fleire gonger etter kvarandre.

I dette kapittelet i Johannesevangeliet, kap. 21, kan vi framfor preiketeksten vi nett las, høyre om korleis Jesus openberra seg for læresveinane ved Tiberiassjøen. Der står det om korleis dei 11 venene til Jesus ville vende tilbake til sine gamle liv; fleire av dei var i utgangspunktet fiskarar. Men ingen av dei fekk ein einaste fisk då dei denne dagen kasta garna. Ikkje før Jesus dukka opp på stranda. Han ba dei om å kaste nota på høgre sida av båten. Då fekk dei fangst. Stor fangst.
Og fangsten vart til eit måltid av brød og fisk der på stranda.

Preiketeksten i dag, handlar om det som deretter hende då dei hadde ete fisken og brødet som vart gjort i stand på stranda ved Tiberiassjøen.
«Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter» 
Det var orda vår tekst vart innleia med.

Men før vi går inn på det som no hender, må vi minnast det som hadde hendt med Peter. Det må vi heile tida ha i tankane i det vi i dag høyrer i dette grensesprengjande møtet mellom Jesus og Peter etter oppstoda.

Kva er det som skjer når den krossfesta og oppstadne Jesus slepp til mellom læresveinane sine?

Jau, då tek Jesus oss først med gjennom svik og nederlag.

Peter vart minna om sitt trefaldige svik då han tre gonger nekta på at han kjende Jesus.
Påminninga hende då Peter steig i land etter å ha gjort som den oppstadne Jesus sa; han hadde kasta nota på høgre sida av båten. Det hende på Jesu ord og befaling at det vart fangst! Stor fangst.

Men i bakgrunnen var det noko som enno ikkje var oppgjort mellom Peter og Jesus.
Når vi hugsar tilbake til det som hende skjærtorsdag kveld, etter nattverdmåltidet, så var Peter  på gardsplassen ved øvsteprestens hus. Der varma han seg ved eit bål. I lyset frå bålet, er det at Peter tre gonger nekta for at han kjenner Jesus. Han nekta heilt til hanen gjel, og Peter forstår for ein svikar han er. Då gret Peter sårt.

No er det nokre dagar seinare. Peter stig i land frå båten, og det første han ser, er eit nytt bål, ein koleld.  Og det er som om vi ser fortvilinga som speglar seg i Peters auge som glødar i glansen frå bålet. Bålet som er symbolet på svik.

No står Peters synd klart og tydeleg for læresveinen.
For sanneleg står ikkje den oppstadne der ved bålet og ber om fisk. Om mat.
Brødet har Jesus med seg. Det blir stelt i stand endå eit måltid ved bålet på stranda.

Peters svik gløder i glørne frå bålet.
Men Jesu tilgjeving vert forkynt, stille gjennom måltidet.
Slik er det å møte den levande Jesus. Sviket og nederlaget vert ikkje gøymd bort.
Det vert ikkje feia under eit teppe. Sviket vert løfta fram og sett inn i lyset. 
Men endå meir vert nåden henta fram. Tilgjevinga og oppreisinga.
Nåden som vert eten som maten i måltidet. Nattverdens måltid. Brødet vert brote.
Ta og et! Til minne om meg, seier Jesus. Så syndene vert tilgjevne!

Difor vart det eit måltid der på stranda. Eit tilgjevingsmåltid, slik vi snart no skal samle oss om nattverden her i denne gudstenesta.

Og kva et slikt tilgjevingsmåltid kan føre til, det ser vi når vi les vidare om det som hende med Peter etter måltidet. Då tar Jesus Peter til side og stiller han dette inngåande spørsmålet:

«Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre, svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!»

Peter har allereie blitt minna sitt eige svik. I lyset frå bålet på stranda vart han klar over kva han hadde gjort. Peter har allereie teke mot Jesu tilgjeving. Gjennom måltidet dei nettopp hadde ete. Men endå står det noko igjen mellom Peter og Jesus.

Elskar du meg, Peter?
Eit nærgåande og intenst spørsmål.

Ikkje berre ein gong vert Peter spurd. Men tre gonger må han svare Jesus på dette:

«Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?»
«Simon, son til Johanneselskar du meg?»
«Simon, son til Johannes har du meg kjær?»

Slik Peter hadde fornekta Jesus tre gonger i lyset frå bålet om kvelden skjærtorsdag, slik må han no, ved bålet på stranda ved Tiberiassjøen, tre gonger slå fast sin nærast hjelpelause kjærleik til sin Herre og meister.

Sviket han hadde gjort, stod nok heilt klårt for Peter.
Men Jesus hadde møtt han med tilgjeving og ved å innlemme han i fellesskapet gjennom måltidet på stranda.
Så kjem den store prøven. Mange omtalar det som Peters konfirmasjon.
Læresveinen si stadfesting på at han elska og at han trudde.

Kvifor? Er det for å audmjuka Peter at Jesus spør på denne måten?
Nei, det er for å gjere det tindrande klårt at Jesus har bruk for Peter i si teneste.

Jesus treng den svikefulle Peter til veldige oppgåver i si kyrkje
«Fø lamma mine!»
«Gjet sauene mine!»
«Fø sauene mine!»

Slik blir Peters konfirmasjon også til Peters ordinasjon. Han vert sett til hyrde for den flokken som trur på Jesus. Det er derfor ikkje utan grunn at den katolske kyrkja reknar Peter som den første pave, den første biskop.

Men kva med deg og meg?
Jau, også for oss skal det lyde eit spørsmål som vi skal svare på i vårt indre.
Jesus spør: Elskar du meg?

Eg håpar at du kan svare med dei same orda som kom frå Peters munn:
"Herre, du veit alt; du veit at eg har deg kjær!"

Då skal du også vite: Jesus har bruk for deg i si kyrkje.
Kanskje har du også svikta Jesus? Ikkje akkurat slik Peter gjorde, men på eit vis du sjølv kjenner som ein smerte inne i deg.
Likevel: Han tek deg inn att i sitt fellesskap. Du er her i kyrkja. I samfunnet av tilgjevne syndarar og svikarar. Du får del i tilgjevinga. Du får del i måltidet. Og du får del i oppreisninga ved at du vert kalla til å være tenar for Herren Jesus Kristus i det livet du lever her på jorda.

Denne søndagen rett etter påske går altså kallet ut til oss alle om å være Kristi etterfølgjarar, slike som lyttar til røysta frå hyrdingen; til Jesu røyst; slike som følgjer han dit han går, og som let seg vakte av han som ofrar livet for oss alle. 

Elskar du meg? Slik lyder spørsmålet frå han som elska. Slik spør han som elska slik at han gjekk gjennom ei påske der han vart sviken og forrådt, uskuldig dømd, torturert, drepen og gravlagd. Men han stod også opp att.
Og som ein levande Herre som har sigra over døden, møter han oss i dag. Slik han møtte Peter. Den svikefulle og angrande. Han møter oss med kjærleik, og med oppgåver og med tenester som han treng oss til.
Og så spør han oss om vi elskar ham. Slik at vi følgjer han. Følger han som sauer føl i lag med ein trufast og god gjetar. 

Med påskebodskapen om den levande og oppstadne som framleis kling i øyro og dirrar i hjarto våre, vil vi i dag gå ut frå Arna kyrkje med dette svaret på våre lepper:  Herre. Du veit alt. Du veit at eg har deg kjær.    AMEN

 


fredag 6. mai 2022

Fars hus

 

4. s. i påsketida III. 08.05.2022
Øvre Bardu kapell
Johs. 14, 1-11

«La ikke hjertet bli grepet av angst.»
Orda kjem frå Jesus. Jesus talar til sine nære vener. Dei er i lag, og Jesus veit at for han sjølv går det mot drama i form av liding og død og oppstode. Jesus veit at tida hans på jorda snart er forbi. Etter påske skal han på ei reise bortanfor vår tid. Utanfor våre rom. Inn eit guddommeleg tilvære som han kjende før han kom til jorda som eit lite barn den første jula.

«Jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere» seier han. Dei tolv skjøna ikkje kva han tala om. Det hadde neppe du og eg gjort heller, om vi ikkje var kjende med fasiten.

Han startar denne samtalen med sine tolv nære ved inngangen til det som etter kvart skulle bli ytterst tunge og vanskelege dagar.
Og som vanleg har Jesus akkurat dei rette orda. Ord vi skal lytte til midt i det mange av oss opplever som tunge og vanskelege dagar.

«La ikke hjertet bli grepet av angst.»

Her har vi i eit par år, i litt vekslande grad, gøymt oss bak blå ansiktsmasker, vi har vaska oss i sprit, og vi har snike oss som innbrotstjuvar rundt hyllene i butikken for ikkje å kome for nær naboen, eller endå verre, bli pusta på av ein ukjend. Vi kom stort sett heilskinna gjennom pandemien, men det har vore tungt. Mange har vore redde. Mange har vore så redde at redselen i seg sjølv vart verre enn sjukdommen som har sveipt seg rundt heile jordkloden, og som framleis trugar millionar av menneske som aldri fekk verken den første eller den andre eller den tredje veksinesprøyta.

«La ikke hjertet bli grepet av angst.»

Kjære Jesus, ber vi i dag. Hjelp oss mot angst og redsle!
For du har sett oss her i Bardu når pandemien såg ut til å brenne ut den verste krafta si. Då vart bygdene våre fylte av tusenvis av soldatar. Langs vegane rulla stridsvogner og kanonar. Vi høyrde skotsalvane frå maskingeværa. Vi såg kamphelikoptera over hovuda våre. Alt medan TV-skjermen og Internett fløymde over av oppdateringar frå den nyaste krigen som naboen vår i nord gjekk i gang med. Mange vart redde.
Mange tenkte: -Kan dette som vi har sett ved stovedørene våre bli til meir ein ei diger militærøving ved neste krossveg?

I dag er det 8.mai. Fredsdagen frå 1945. I dag ber vi om at freden må senke seg der krigen rasar. I dag ber vi om at freden aldri skal vike frå landet vårt. I dag ber vi om at leiarane i verda skal hugse Jesu ord ved ein annan anledning, orda han sa i Bergpreika: «Salige er de som skaper fred, for de skal kalles Gud barn.»

Vi vil ut av angst og redsel, og inn i det trygge, gode og varme rommet.
«I min Fars hus er det mange rom» seier Jesus.
Fars hus. Vi må snakke om Fars hus i dag.

Dei aller fleste vil heldigvis kunne tenkje på barndomsheimen sin som ein slik stad, som eit varmt og godt og trygt rom i lag med far og mor og søsken.
Men diverre er det også nokre som tenkjer tilbake på Fars hus med tankar som liknar på mareritt. For der var kanskje nettopp der det forferdelege skjedde med den unge jenta. Eller det var der mor drakk. Det var der borna vart oversette og neglisjerte slik at alt var vondt. Det finst slikt, også.

Slik er det ikkje i det Jesus omtalar som Fars hus. For det er huset til hans himmelske Far. Det er det guddommelege paradiset, bortanfor det mislukka og skakke som vi må innrømme finst, også mellom oss. Til og med finst det mørke rom i det vi kallar for Guds hus her på våre stader, i våre kyrkjer i landet vi bur i.
Det er skam og synd. Til å gråte over.

Men i dag lyttar vi til Jesu ord om Fars hus. Det gode huset. Det varme huset. Det lyse huset, utan mørke og bortgøymde kjellarrom. Huset med dei mange rom

I dag ber vi, som kanskje er redde, eller som har opplevd noko vondt:
Kjære Jesus. Vis meg vegen til Fars hus!
Gje meg nøklane til rommet du har gjort i stand for meg. Og kanskje legg vi til: Lat det rommet vere tett ved sida av rommet til dei eg er så glad i her på jorda.  Og eg håpar vi ikkje treng å be: - Lat det vere mange krokar og omvegar til dei som gjorde vondt mot meg i dette livet.

Jesus er ikkje lenger mellom oss her på jorda. Etter påska vende han tilbake dit han kom frå, han fôr opp til himmelen, seier vi i vår truvedkjenning. Og vi minnes den hendinga på Kristi Himmelfartsdag, 40 dagar etter påske. Dagen er like rundt hjørnet no.
Der, hjå sin Himmelske Far, har Jesus det travelt. Langt travlare enn ein middels norsk kommunedirektør som skal ordne med kommunale bustader til flyktningar som er på veg hit frå krigen ute i Europa.

«-jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere»

No er han i gang. Han snekrar på eit rom til meg. Og eit til deg.
Eit møblert, varmt og lyst og godt rom. Ein betre stad å vere enn sjølv i den mest varme og omsorgsfulle heim i denne bygda, eller nokon annan stad i Norge, i Sverige, eller i den vide verda.

Ein dag er alt klart med dette rommet som han heldt på å gjere i stand. Då hentar han oss. Vi vil nok gjerne at det ikkje skal skje før vi kjenner på at tida vår her på jorda har vore lang nok. Samstundes veit vi at lengda på vår levetid er utanfor vår kontroll. Men uansett, om livet vert kort eller langt, har vi lov å tru på han som talar til oss i dag. Vi har lov å håpe på at det han seier er sant.

Og vi har lov å kvile i hans lovnader:
«La ikke hjertet bli grepet av angst.»
«I min Fars hus er det mange rom»
«-jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere»

Eg håpar at du vil gje deg i veg dit, til Fars hus. At du vil leite etter vegen dit. Men kanskje er du usikker på adressa der Fars hus ventar med dei mange romma? Slik var det for læresveinane til Jesus. Slik var det for Tomas som hadde spørsmålet på tunga: «Herre, vi vet ikke hvor du går. Hvordan kan vi da vite veien?»

Svaret som Jesus gjev er eit klassisk, eit fantastisk og eit lysande svar som står til alle tider for alle som vi rekne seg som kristne: «Jeg er vegen, sannheten og livet. Ingen kommer til Far uten ved meg.»
Eit klassisk, fantastisk og lysande svar sa eg nettopp. Men også eit eksklusivt, og, vil mange seie: eit ekskluderande svar.

Vegen til Fars hus finn vi ikkje ved å stige opp på den høgaste og vakraste fjelltoppen i Troms. Vegen finn vi ikkje ved å grave oss ned i filosofi og religiøs grubling. Som prest kan ikkje eg klappe i hendene når eg høyrer det som mange seier: Eg har mi tru, eg har min veg, eg har sett eit lys som ingen andre har sett.

Som prest kan eg ikkje på konfronterande vis motseie dei mange opplevingar som slike menneske kanskje har hatt. Eg vil lytte.
Men eg kan heller ikkje oversjå orda frå han som vår kyrkje byggjer heile sin eksistens på.
Det er på Jesus Kristus. Det er han, og ingen andre, som er vår frelsesveg. Det er han som kan ta oss med til Fars hus, huset med dei mange rom. Til Fars hus finst det eit tydeleg veg. Og ingen omvegar.

I dag vil eg slå dette vegskiltet kraftig ned i bakken her i Øvre Bardu. Det skiltet som peikar mot Fars hus ein stad i det evige.
På pilen står Jesu ord som skal vise oss vegen heilt fram: «Jeg er vegen, sannheten og livet. Ingen kommer til Far uten ved meg.»                                                                                    
AMEN

torsdag 15. april 2021

Liv og overflod

 

3. s. i påsketida. II. 18.04.2021
Salhus
Johs. 10,1-10

Tre vegar, eller tre stigar.
Frå tre retningar skal vi gå inn mot eit sentrum på denne søndagen. Hyrdingsøndagen, som vi ofte kallar han. Fordi hyrdingmotivet er så sentralt.

Først slår vi følgje med profeten Esekiel som løfter røysta si og talar som ein profet skal gjere det: På vegne av Herren Gud sjølv.
«Eg, Herren har tala» seier profeten om orda han lar oss høyre i profetbokas 34. kapittel.

Og kva seier Herren til oss gjennom profetens munn?
«Dei skal kjenna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israels hus, seier Herren Gud.  De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren Gud.»
Esek 34, 30-31

«- eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk»

Kjære Salhus kyrkjelyd.
Etter enno ei pandemistenging har vi kunna samla oss i kyrkjebenkane igjen. Vi har vore mismodige. Vi har vore trøytte. Kanskje også redde. Eller sinte. Vi ynskjer viruset langt ned i dei djupaste avgrunnar for å brenne som om det var gøymt under lavaen frå vulkanane som sprutar opp i desse dagane.

Men tvers gjennom dette vi har gjennomlevd, har vi ikkje gjeve opp håpet om betre dagar. Om lysare tider.
Skal orda frå Elias Blix sin vårsalme endeleg gå i oppfylling når han forkynner håpet om «ein betre vår ein gong»?

Eg tvilar på om profeten Esekiel såg kyrkjelyden i Salhus for sitt indre, profetiske auga då han tala dei gamaltestamentlege profetiane. Men i dag skal vi få tru orda. Dei handlar også om oss. Akkurat i dag: «- eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk. De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren Gud.»

Vi løfter hovudet og tenkjer at sjølv om påskefeiringa i kyrkjehuset og i kyrkjelydsfellesskapet gjekk i vasken for andre året på rad, så er det framleis påsketid.
Vi er samla. Vi syng og tilber i glede over at vi har ein levande Gud som er sterkare enn virus og vind som bles i mot. Han har jamvel sigra over døden.

Vi trur på ein Gud som er vår hyrding, og som vil vakte og verne oss.
Eg trur at han stod ved mi side sist tirsdag då sjukepleiaren i Nordhordlandshallen i Knarvik stakk den første vaksinesprøyta i mi skulder og gav håp for dagar som skal kome.

Han har kviskra det i øyro mine etter at det gjekk opp for meg kva eg har vore med på: «De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren Gud»

Vi tar så eit steg over på ein anna sti som også viser veg mot hyrdingen på denne søndagen.
Hebrearbrevet er ikkje alltid så lett tilgjengeleg. Og kven som har skrive det vi kan lese der, er det ingen som veit.
Men den ukjende forfattaren av dette brevet i NT lar oss uansett får helse på hyrdingen i dag:
«Fredens Gud, han som i kraft av blodet frå ei evig pakt førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde, må han utrusta dykk med alt godt, så de kan gjera hans vilje.» 
Hebr. 13,20-21

I profetordet hjå Esekiel presenterte Gud seg sjølv som hyrdingen: «De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren Gud»

Men her i NT møter vi hyrdingmotivet med ein anna vri.

Her er ikkje Gud framstilt som hyrding, men som det han i alle fall er og skal vere: - Gud!
Fredens Gud, vert han til og med omtala som.  Fredens Gud er i følgje vår tru, og vår teologi, eitt med han som samstundes er Guds son. Han som er vår Herre. Jesus Kristus.

Denne Jesus er det som no vert omtala som den store hyrdingen.
Denne Jesus er det også som er oppreist frå dei døde. Hyrdingen er mannen på krossen. Hyrdingen er mannen som vart lagd i grav.

Hyrdingen er han som sette livet sitt til for sauene, slik vi veit at Jesus sjølv talar om det, berre nokre vers etter at denne søndagens preiketekst er avslutta. I Johs. 10, 14-15 står det som kanskje er dei mest berømte av alle hyrdingorda vi har i Bibelen.
Jesus seier: «Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene.»

Her er det mykje som ligg gøymd i djupe ord.
Vi kan ikkje dukke ned i all teologien vi finn i desse korte setningane. Men gjennom dette forunderlege vi les om det tette forholdet mellom Jesus og hans Far, mellom Jesus og Gud, gjev det i alle fall meining at det er kontinuitet frå profetordet der Gud omtalar seg som vår gjetar, eller hyrding, og det at Jesus også står fram og presenterer seg som den gode gjetaren.

Enno ein gong kan vi lese bibelorda som er gjeve oss som tekstar på hyrdingsøndagen og gle oss over velsigning desse ord lar strøyme over oss.
Vi hugsar profeten i GT: «Dei skal kjenna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israels hus, seier Herren Gud.  De er sauene mine, flokken som eg gjeter.»

Vi løfter våre hjarto i takk for det Hebrearbrevet lar oss få høyre i dag: «Fredens Gud, han som i kraft av blodet frå ei evig pakt førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde, må han utrusta dykk med alt godt, så de kan gjera hans vilje.» 

Hyrdingen, Jesus Kristus, skal utruste oss med alt godt, står det.
Og eg kan berre leggje til: Rett ut handa di i dag og ta i mot. Lat deg ruste ut med det gode Gud kan gje deg, og gjer så sjølv Guds gode vilje i ditt liv. Guds gode vilje for dine medmenneske.
Ver ein reiskap ut i ei verd som nett no ligg i kne og ropar på miskunn og nåde.
Den store hyrdingen for sauene, Jesus Kristus, står klar til å utruste deg og meg og oss alle med alt godt! Med alt vi treng for å gjere hans vilje.

Vi er klare for, på denne søndagen, å gå dei siste stega inn mot den gode gjetaren. Den gode hyrdingen som alt fokus er samla rundt i dag.
Og vi flyttar oss inn på den stien, den vegen, der Jesus kjem oss i møte og talar med eigne ord til oss. Evangelieorda. Den gode bodskapen.

I evangeliet kan vi lese korleis Jesus, som den gode gjetaren, er den som skal samle alle sine rundt seg. Korleis han skal tale med ei røyst som flokken hans kjenner, og som i tillit til ei velkjend og trygg røyst vil følgje etter denne hyrdingen, i staden for ein framandkar som berre vil føre vill.

Og så avsluttar Jesus bibelorda som er gåva vi får utdelt i dag, med dette som både er ein lovnad, det er eit trøysteord, og det er ei utfordring.
Orda han brukar lyder slik: «Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.»

Kjære Salhus kyrkjelyd.
Gjennom ti år har eg no kome og gått i denne kyrkja som prosten dykkar. Men kanskje enno meir som vikarpresten som har hatt einskildgudstenester og mange gravferder.
Eg er veldig glad og takksam for det vi har hatt i lag. Det vert ikkje fleire gonger for min del, før eg kanskje vert kalla på som pensjonist.

Difor vil eg no gje uttrykk for at aller mest glad er eg for at eg kjenner at her i denne kyrkjelyden, i denne forsamlinga av truande, her er det liv og overflod.
Vi kjenner det i gudstenestene. Når salmesongen rungar meir enn det som godt er i tider med virusplaga. Når vi helsar og utvekslar gode ynskjer for kvarandre. Når vi høyrer om barnearbeid, babysong, barnehageborn og skuleelvar som endar opp som konfirmantar.
Av vår overflod har de som er opptekne av diakoni funne vegar ut i samfunnet med matposar og omtanke til dei som treng kyrkja si omsorg.
Dette er strålande. Dette er eit førebilete for mange andre.

Eg tenkjer at dette skjer fordi Salhus kyrkjelyd har sett hyrdingen. De har høyrt røysta hans. De har ikkje følgd dei framande som vil føre vill. Her er det liv og overflod.

Vi fekk ikkje feire påske i år. Men vår øvste leiar i vår kyrkje, preses Olav Fykse Tveit, uttala for eit par dagar sidan då vi igjen fekk lov til å samlast i kyrkjene våre at : «No kan vi feire påske.» For framleis er vi i påsketida. Den 3. søndagen i påsketida er det no.

Og påskeevangeliet ligg gøymd mange stader. Vi har høyrt om oppstoda i dag. Påskeunderet: «Fredens Gud, han som i kraft av blodet frå ei evig pakt førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde, må han utrusta dykk med alt godt, så de kan gjera hans vilje.» 

I kraft av påska slår vi følgje med hyrdingen som vi leie oss inn att i kyrkja, og ut att i verda. Slik uttrykkjer Jesus påska, kort oppsummert:

«Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.»                                                            AMEN

mandag 18. mai 2020

Den store reisedagen


Kristi Himmelfartsdag. I. 21.05.20
Mark. 16,19-20
Arna kyrkje
Den store reisedagen.
I årevis har Kristi Himmelfartsdag vore nettopp det for vanlege nordmenn. Dagen fell alltid på ein torsdag. Difor kallar vi han også for Helgetorsdag. Så med fredag som ein potensiell avspaseringsdag for arbeidstakarar, og påfølgjande helg, ser alle at her kan vi få til ei verkeleg oval langhelg. Som skapt for hytteturar, eller familiebesøk til Oslo eller Rogaland eller Trøndelag.

Av den grunn veit vi som byr inn til gudstenester på denne dagen at det ofte kan vere godt under gjennomsnittleg frammøte i kyrkjene våre på Kristi Himmelfartsdag.
Men dette året er det mykje som er veldig annleis. Reiselysten har fått ein knekk hjå mange. Framleis er det rikeleg med folk som knapt vågar å gå på butikken eller setje seg på ein buss. Regjeringa har gjeve nye reiseråd for sommarferien, og i den grad folk vil på tur, ser det ut for at det vil bli lite bruk for pass for dei fleste nordmenn i sommar.

Uansett har vi i alle fall kome oss så pass ut av pandemiens klør, at vi har samla alle dykk som er her i kyrkja nett no til ei av dei første gudstenestene på lenge. Framleis oppfører vi oss ikkje normalt når vi omgår kvarandre. Men vi kan vere i lag på litt spesielle vilkår. Det er vi veldig glade for. Og eg seier til kvar av dykk som fann fram til kyrkjebenken i dag: Takk for at du ikkje reiste bort. Takk for at du valde å ta ut på kyrkjeferd i staden.

Den store reisedagen.
Frå bibeltekstane har vi høyrt om Jesus som fòr på himmelferd.
Det måtte vere litt av reise.
Frå teksten i Apostelgjerningane har vi høyrt at læresveinane hans var vitne til at Jesus vart
«-lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira»

Han reiste til ein stad bakom skyene. Slik står det. Mange har undra seg: Kvar er staden han for til? Kva finst bakom skyene?
I dag veit vi litt meir om himmelrommet og korleis det ser ut over skyene enn dei gjorde i Jesu samtid. Dei fleste av oss har vore der. På ein av våre mange reisedagar. Frå flyet har vi sett oppover og utover og nedover. Skyene under oss. Sola, månen og stjernene rundt oss. Astronautar har vore endå lenger borte enn flya til SAS og Widerøe. Den første russiske astronauten kunne som kjent melde at han ikkje såg nokon Gud der ute i verdensrommet.

All verdens reiseaktivitet bortom skyene vil sjølvsagt aldri finne adressa til Gud.
Men Gud bur ein stad bortanfor det vi kjenner her på jorda. Og ved hans side bur Jesus. For evangeliet i dag kan fortelje oss at Jesus «-vart teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand.»
Dette er nesten ordrett det vi også vedkjenner som vår kristne tru når vi kvar søndag seier fram truvedkjenninga i kyrkja.

I dag skal vi ikkje bruke mykje tid på å snakke om Guds adresse. Vi skal ikkje leite opp himmelgatene på Google Maps. Vi spør ikkje kven som har laga himmelstolane der Gud sit, og der Jesus er ved hans høgre hand.
Dette er ein del av det som uansett ligg utanfor det vi kan forstille oss. Dette handlar om den himmelske æva. Det som var frå opphavet, før verda vart skapt. Det som skal vere inn i ei æve vi ventar å få stige inn i bakom død og grav.

Det næraste eg har funne i Bibelen om kvar Guds bustad er, det er i det vakre ordet i
Jes 57,15: «Så seier han som er høg og opphøgd, han som tronar evig, Den heilage er hans namn: I det høge og heilage bur eg og hos den som er knust og nedbøygd i ånda.»
Det får vere med det: Jesu himmelferd gjekk til det høge og heilage. Til Gud Faders høgre hand. Men samstundes er han her: «-hos den som er knust og nedbøygd i ånda.»
Hans himmelfart var ikkje ei verdensflukt der han let oss vere att som foreldrelause born. (Johs.14,18). Det var heller ei reise rundt til alle som treng hans nærvær nett no. Han bur
«-hos den som er knust og nedbøygd i ånda.»

Han bur hjå dei som er redde på denne dagen. Som ser virus, svevande for augo når ein skal sove. Han er hjå dei som veit at ein av dei ein er glad i, kan bli veldig sjuk og kome til å døy.
Og han er hjå dei som er langt, langt fleire i tal, og som diverre har kome fullstendig i bakleksa dei siste månadene, dei mange som døyr frå oss av heilt andre sjukdommar enn den som fyller avisspalter, TV-skjermar og er på leppene til nesten kvar einaste nordmann.
Det er ikkje større sorg å misse ein pårørande i Covid 19, enn det er når mormor på 90 fell om på badet med broten lårhals, og ikkje overlever sjukehusoperasjonen.

Den store reisedagen.
Unntakstilstanden vi er inne i nett no, vil gå over før eller seinare. Då skal vi ut å reise igjen.
Eg håpar at eg sjølv vil vere frisk og førleg nok til å halde fram med det eg personleg likar veldig godt, Å reise ut, og slik også støtte ein livsviktig turistindustri sør i Europa når alt det vi kjempar mot i dag er over.

Men Kristi Himmelfart er likevel ikkje dagen for å promotere denne type utfart.
Derimot vert vi i evangeliet minna om det som er kyrkja sitt store oppdrag. Det står å lese at dei – altså læresveinane – «-gjekk ut og forkynte alle stader. Herren sjølv var hos dei og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med.»
Eit storarta ord. Eit underleg ord. Eit løfterikt ord.
Dei gjekk ut og forkynte, står det. Dei la ut på reiser. Slik vi las om det i teksten frå Apostelgjerningane der Jesus forkynte dei det vi kallar «Misjonsbodet»: «De skal få kraft  når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»

Visst skal vi reise. Visst skal vi dra ut. Langt av gårde. Når vi har besøkt Arna og Bergen, når vi er trygge for at hovudstaden Oslo er nådd av dei som er vitne om Jesus, så ligg vegen vidare og ventar. Vegen til verdens ende. Til enden av jorda. For å vitne. Vitne om Jesus som ein gong kjem tilbake til oss slik han i si tid fòr i frå oss. Synleg. Nærverande. Han kjem for å opprette det evige rike der vi skal sjå han ved Faderens høgre hand.
Då skal vi få vite adressa, som nett no er eit mysterium.

Mens vi ventar skal vi reise. Vi skal farte avgårde. Først i nærmiljøet. Det som tilsvarar det Samaria var for Jesu nære vener. Men det å fortelje om Jesus skal ikkje vere eit oppdrag som stansar ved ei grense. Jesus nemner «enden av jorda». Og når vi veit det læresveinane ikkje visste, at jorda er rund, då forstår vi at reisa kan bli lang. For oppdraget er stort.
Men vi har godt reisefølgje.
For det står om han som fòr til himmelen, han som vart gøymd bak skya, han var like fullt nærverande også etter Himmelfartsdagen.
«Herren sjølv var hos dei, og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med.»

AMEN

torsdag 30. mai 2019

Sound of Silence


Søndag før pinse, 02.06.2019
GT III. 1.Kong 19, 3b-13
Hamre kyrkje. (50-års konfirmantar)


Profeten Elia er ein av dei mest forunderlege personane vi møter i GT. «-
en av de merkverdigste profetene og usedvanlige skikkelsene som historien kjenner» skriv Den katolske kyrkja i Norge om han på sine nettsider.
Elia er for eksempel mannen vi kan lese om som vart henta direkte opp til himmelen i ei vogn av eld (2.Kong 2.11)
Det er ein mann vi merkeleg nok også møter i NT. Der kan vi lese om korleis han stod fram den gongen Jesus tok med seg Peter, Jakob og Johannes opp på eit høgt fjell, og desse tre læresveinane fekk sjå Jesu guddom. Jesus vert forklåra for augo deira, står det. Ved det høvet dukka det brått opp to figurar vi elles berre kjenner i frå GT. Det var Moses, og det var Elia. Og vi les at Peter ville byggje hytter til desse tre, Jesus, Moses og Elia.

Her og no kan vi ikkje gå veldig djupt inn i alt som skal ha hendt med denne forunderlege figuren frå GT.
Vi flyttar oss likevel tilbake i tid frå det som hende på fjellet med Jesus, Moses og Elia; det handlar om nesten 900 år, til den tida då kong Ahab regjerte i Israel. Det var i ein periode på 22 år mellom år 871 og år 852 f.Kr. Denne kongen vert i GT framstilt som ein ugudeleg konge. Han «-gjorde det som vondt var i Herrens auge» (1.Kong 16,30). Saman med dronninga, Jesabel, opna denne kongen for å dyrke heilt andre gudar enn Israels Gud. Det dreia seg om tilbeding av Baal-gudane. Det står så sterkt om kong Ahab at «han heldt fram med å gjera H
ERREN, Israels Gud, rasande» (1Kong 16,32)

Inn i dette vart så profeten Elia sendt frå Gud for å forkynne Guds vilje for Israels folk.
Men det var ingen dans på roser å skulle vere profet i ei slik tid. Profeten fekk aldri anna enn motstand. Mange stod han etter livet, ikkje minst dronning Jesabel.

Konflikten med kongen og dronninga toppa seg kanskje høgast då Elia utfordra kongen ved å skulda han for å føre ulukke over landet ved Baal-dyrkinga. (1.Kong 18,18)
Det var ein kjempekonfrontasjon mellom profeten og prestane som dyrka Baal. 
Baal-dyrkarane fekk aldri den guden dei trudde på til å brenne opp offeret deira.
Elia, derimot, dynka sitt offer i store mengder vatn. «Då fór H
ERRENS eld ned og øydde både brennofferet og veden, steinane og jorda….» (1.Kong 18,38)
Trass i kongeleg motstand og forfølging kan vi heile tida her i 1.Kongebok lese korleis Elia var under Guds omsorg.
Merkelege ting hende. Profeten flykta, og gøymde seg ved bekken Kerit, aust for Jordan. Der var det to ramnar som kom med mat til han,
Vi møter han også saman med enkja i Sarepta, ho som gav profeten mat endå ho så å seie ikkje hadde noko å ete i det det heile. Då vart det slik at mjølkrukka til enkja i Sarepta aldri gjekk tom for mjøl, og oljen i mugga hennar tok aldri slutt.
Og vi brukar framleis uttrykket «Sareptas krukke» om noko som synest utømmeleg.
Profeten Elia: «-en av de merkverdigste profetene og usedvanlige skikkelsene som historien kjenner»

Kan alt dette verkeleg ha hendt?
Ramnane som kom med brød og kjøt til han?
Det at Elia ikkje berre gav opphav til uttrykket «Sareptas krukke», men at han også gav livet tilbake til enkja sin døde son? At han vart teken direkte opp til himmelen i ei eldvogn? Eller at han dukka opp, lys levande i lag med Moses på Jesu tid, 900 år seinare?
Spør du teologane, så vil det neppe vere vanskeleg å finne meir eller mindre gode forklaringar, kanskje til og med bortforklaringar, eller i alle fall oppfatningar av det mange vil kalle mytiske drag ved desse forteljingane.

Sjølv er eg ikkje så tungt oppteken av om bokstavane i forteljinga verkeleg er bokstavlege, eller om det finst andre måtar å tolke og forklare tekstane på.
På den eine sida er det for ein som trur på den allmektige Gud som skapte himmel og jord; eller ein Gud som også vakte Jesus opp att frå døden; ikkje ein umogeleg tanke å ta til seg som sanning at Bibelorda er bokstavleg meinte.
På den andre sida er det heilt tydeleg at mangt og mykje av det vi les i Skrifta aldri er meint å skulle oppfattast som anna enn bilete på noko djupare og viktigare.

På denne søndagen møter vi i alle fall denne forunderlege profeten i ein fortvila situasjon. Han er livredd. Redd fordi dronning Jesabel vil drepe han fordi Elia på si side hadde late drepe alle Baal-prestane som svikta då dei påkalla sine gudar ved den store offerkonkurransen. Han rømmer ei dagsreise ut i ørkenen. Han ber til Gud om å få døy.

Men Gud vil noko heilt anna enn døden for Elia.
Gud vil demonstrere sitt nærvær.

Kjære alle dykk som kom hit til Hamre kyrkje på denne siste søndagen før det snart er pinse.
Nokre kom fordi de vill døype det vesle barnet dykkar.
Mange kom fordi de ville feire at de vart konfirmerte her i denne kyrkja for 50 år sidan.
Andre kom hit fordi de rett og slett går til kyrkje som ein naturleg del av livet. Søndag veit du kvar du har din plass når kyrkjeklokka kallar på deg.

Til dykk alle seier eg: Så fint at du er her.
Så fint at du orkar å lytte til ei merkeleg forteljing frå fleire tusen år tilbake i tid. Eg trur denne forteljinga har noko å vise deg, å lære deg, eller å gjere klårt, også for meg som er prest på denne søndagen, søndag før pinse.

Eg har forsøkt å dra opp nokre strekar av eit bilete av kven profeten Elia var. «-en av de merkverdigste profetene og usedvanlige skikkelsene som historien kjenner»
La du merke til kva eg nett sa om han? Eg trur det må repeterast. Eg sa:
Gud vil noko heilt anna enn døden for Elia.
Gud vil demonstrere sitt nærvær.

No møter vi han han altså på ei flukt både frå kongeleg raseri og frå ein Gud han har tent med iver og truskap. Men profeten kjenner på at han ikkje orkar meir: «No er det nok, HERRE, sa han»  (1.Kg 19,4) «Nok er nok» Vi har adoptert uttrykket og laga det om til eit omstridt slagord her på våre kantar også, i vår eiga samtid.

Eg veit nesten ingenting om dykk eg no snakkar til.
Men eg forstår godt at når ein fin flokk med 50-årsjubilantar kjem saman på denne måten og skal minnast ein konfirmasjonsdag for fem tiår sidan; når de så seinare i dag skal prate over kaffikoppane på Raknestunet og mimre over åra som ligg bak, så er det litt av kvart som vil dukke opp.

Kanskje vågar du også i ditt stille indre å reflektere litt over det som hende i konfirmasjonstida. På konfirmasjonsdagen? Du var nær Gud då. Kanskje kom han endå nærare deg seinare? Eller det var som om han glapp for deg. Eller du opplevde ting i livet som vart for vanskeleg. Sorg, kanskje. Motgang.

Profeten sa det slik: «No er det nok, HERRE,»
Eg ser ikkje dine tankar.
Like lite som eg kan lese tankane til nokon andre menneske.
Men eg vil minne deg om det som hende med Elia, med profeten. Han som var redd. Han som flykta. Han som ikkje orka meir. «No er det nok, HERRE, sa han» 
Guds svar til profeten var desse orda: «Gå ut og still deg opp på fjellet, for H
ERRENS andlet, så vil HERREN gå forbi» (1.Kg 19,11)

Kva betyr eigentleg det? Kva betyr det å stille seg opp for Herrens andlet, og at Herren skal gå forbi?
Det er ein måte å uttrykkje at no kjem ein sjanse til å oppleve noko uendeleg stort. Noko som kan gje styrke til trua. Noko som kan gje håp for dagar som skal kome. Noko som gjer at dette guddommelege som Peter, Jakob og Johannes fekk oppleve på fjellet i lag med Jesus, då dei også fekk møte den bibelske fortida i form av nettopp profeten Elia; det kan vere det også du får kjenne ein flik av. Ein flik av det himmelske. Det som er større enn oss. Større enn våre tankar. Bortanfor det vi kan forklare. Det vi skal rette ut handa og halde fast i med eit hjarte som bankar i tru.

«- still deg opp på fjellet, for HERRENS andlet, så vil HERREN gå forbi»
Desse orda er ein biletleg måte å invitere deg til ei kort stund som kan openberre for deg eit glimt av Gud. Han er der faktisk! Aldri har noko menneske sett HERREN Gud. Men i enkelte korte glimt går det an å få sjå pass at tvilen ikkje lenger er der.

Men kvar skal vi sjå? Kor er fjellet vi skal stille oss opp på? Kva er det vi skal søkje etter? Kor skal vi leite etter Gud i våre liv?

For profeten Elia vart det på denne måten:  Føre HERREN kom ein stor og sterk storm som kløyvde fjell og knuste knausar, men HERREN var ikkje i stormen, etter stormen eit jordskjelv, men HERREN var ikkje i jordskjelvet, etter jordskjelvet ein eld, men HERREN var ikkje i elden, etter elden – lyden av ei skir stille.  Då Elia høyrde den, drog han kappa føre andletet, gjekk ut og stilte seg i hòleopninga. (1. Kg 19,11-13)

Forunderlege ord. Men dei betyr rett og slett: Vi søkjer ikkje Gud i det opprørande. Det som stormar og buldrar. Det som bivrar og brenn. Gud er ikkje i det oppsiktsvekkjande. Sjamantrommene er ikkje lydar vi skal lytte etter når vi søkjer å finne Gud.

Derimot står det ord om «ei skir stille». På bokmål: «en skjør stillhet» Eller: «ei linn susing» som det stod i førre bibelomsetjing.

Dette parakdoksale er det vi skal sjå og lytte etter. Det stille. Lyden av stillheit. «The Sound of Silence» som Paul Simon så meisterleg har uttrykt det i sin vedensberømte song.

Ei skir stille. Det høyrde vi då vassdropane forsiktig draup frå eit barnehovud som Gud møtte ved døypefonten. Denne stilla kjem til uttrykk når vi sender våre bøner utan ord til Gud frå dette kyrkjerommet. Bøner om at han må halde fast i handa som vart retta mot han på ein konfirmasjonsdag for lenge sidan.
Det er stille når vi smakar, et og drikk av den heilage nattverden.

Lyden av det stille er skrudd på i dette kyrkjerommet nett no.
Vil du lytte? Kan du tru? «- still deg opp på fjellet, for HERRENS andlet, så vil HERREN gå forbi»
AMEN.



                                                    

torsdag 19. april 2018

- eg har elska dykk


4.s. i påsketida. II. 22.april 2018
Hamre kyrkje
Johs 13, 30-35

Til alle tider har det vore det vi på godt norsk kallar for ”møkkajobbar”. Arbeid det knyter seg lite prestisje til. Ofte er det arbeid som er lågt betalt. Det kan gjerne òg vere tungt og slitande arbeid. Men det er ting som må gjerast. Om det ikkje vert gjort, stoggar samfunnet opp. Difor er det så synd at den type arbeid har så negativ klang. Det er leit at så få vil gå inn i dette.

Som sagt – slik har det vore til alle tider. Også på Jesu tid.
Ein av møkkajobbane den gongen var eit arbeid fine folk overlet til tenarar og slavar; nemleg å vaske føtene til gjestar som kom på besøk i ein heim. Gjestane steig inn i huset, støvete og sveitte og med skitne føter som i opne sandalar hadde traska på gater og vegar som så langt frå var reine og skinande.
Då var det vanleg at slavane og tenarane kom til. Dei hadde med seg vaskefat og handdukar og gjorde ein av møkkajobbane i tida – fotvaskinga.

På denne søndagen møter vi Jesus slik det er fortalt om han i det 13.kap i Johs.evang. Han er i ein viktig samtale med læresveinane.
Men vi har ikkje lese det som er fortalt i innleiinga av dette kapitlet. Der står det å lese om korleis Jesus utførte denne møkkajobben. Han – meisteren og herren – la seg på kne framfor læresveiane og vaska føtene deira. Den eine etter den andre vaska han. Han vaska Peter til protestar og diskusjon. Han vaska dei andre. Han vaska Judas. Svikaren. Judas som han så sette seg til bords med og delte brødet med, nattverdbrødet, før Judas strauk på dør for å gjere si vonde gjerning. Svike Jesus. Peike han ut og gje han over til soldatane for tretti sølvpengar.

Dette er bakteppet eller bakgrunnen for samtalen vi i dag har lese. Samtalen mellom Jesus og læresveinane hans. Samtalen der Jesus kjem med dei utfordrande orda:
”- Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

Elske kvarandre. Det er eit bod. Slik vil Jesus at vi skal leve i lag. Vi skal elske kvarandre.

Kristendom er kjærleikens religion. Kristen tru er å tru på han som elska. Høgare og sterkare enn nokon har gjort, elska Gud. Gud elska ved å ofre. Gud elska ved å ofre Jesus – sin einaste son for menneske som rett og slett ikkje var elskverdige.
Og slik Gud elska, slik elska også Jesus.  Jesus demonstrerte for oss kva kjærleik betyr. Det er så mykje meir enn ord. Det er så mykje meir en kjensler. Å elske er noko aldeles anna enn erotikk, sjølv om mange vil kople nettopp desse to omgrepa saman.
De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.

Åra har gått sidan den fæle terroren ramma oss på Utøya og i Oslo i 2011.
Vi veit at nettopp her på Osterøy fann vi offer for desse ugjerningane.
Men eg trur likevel at mange av oss enno hugsar eit kort sitat som gjekk verda over nokre dagar seinare. Kronprins Haakon heldt ein fabelaktig god tale ein av dei første dagane etter at mannen med hatet hadde gjort sine ugjerningar.
«I kveld er gatene fylt av kjærlighet»  sa kronprinsen den gongen. Og Haakon snakka sant, akkurat den dagen.

Men er orda hans sanne i dag, snart sju år seinare? Er det kjærleik som fyller mannen i gata i dag? Er det kjærleik vi viser kvarandre?

Jesus viste oss kva sann kjærleik er. Først ved å gjere ein møkkajobb som få likte å gjere. Men deretter – og langt sterkare – ved å gå i døden for alle menneske, både for dei som elska han og for dei som hata han.
Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.

Slik Jesus viste oss det, slik skal også vi gjere!

Kva gjer vi? For det første: Mange av oss gjer rett og slett ikkje møkkajobbane. Vi er for fine til det. Vi giddar ikkje. Vi orkar ikkje. Sjølv om det er viktige jobbar som nokon må gjere til beste for fellesskapet vi alle nyt godt av, så nektar mange å jobbe med det dei opplever som lite attraktivt.  Vi går heller på NAV.
Men endå verre: Det kjem folk til oss som meir enn gjerne vil gjere det mange nordmenn synest dei er for gode til. Folk frå land nær oss, eller folk frå land langt borte. Folk som ber til vår felles Far i himmelen og folk som ber til Allah. 

Og når dei kjem, bl.a for å gjere jobbar vi ikkje vil gjere sjølve,  møter vi dei ofte på uanstendig vis. Vi møter nokre av dei utan velkomst. Utan kjærleik. Av og til med hat.

Set deg ned ved PC’en din når du kjem heim. Klikk deg inn på eit avisoppslag som omhandlar innvandrarar, og sjå kva folk skriv i kommentarfeltet. Ikkje ein og annan skribent. Men flokkar av folk.  Mykje av dette har ei form som eg ikkje vil sitere frå ein preikestol i ei kyrkje. Men du kan lese det sjølv – om du orkar.

"I kveld er gatene fylt av kjærlighet" sa kronprins Haakon.
Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre, sa Jesus.

Frå kyrkja si side er vi framleis stolte over det vi såg av det norske folk i møte med terroren.
Og i dag er det heldigvis slik at eit stort fleirtal av folket med glede ser at det blømer rundt oss når vi får kollegaer på kontoret ved sida av mitt, som ekspeditørar i butikken, eller som sjåfør på bussen vår; kollegaer som kom hit utanfrå og som hjelper oss med å gjere landet vårt til ein endå betre stad å bu.
Ikkje berre ved å gjere møkkajobbane for oss, men like mykje for å fylle opp dei tomme rom der arbeidskraft trengst, og for å gjere samværet rikare for oss alle.

Dette er å elske kvarandre. Å helse velkomen, Ta i mot med opne dører.
Men det er mykje meir som også handlar om å elske kvarandre.

Kyrkjemøtet vart avslutta i veka som gjekk. Ved avslutninga av kyrkjemøtet den 16.april, var det siste dei gjorde å sende ein gripande og samrøystes resolusjon til vår statsminister. Denne hadde overskrifta «Vis gjestfrihet»
Eg vil sitere litt frå dette som vårt topporgan i kyrkja vår nettopp har lagt inn over oss alle gjennom denne meldinga til statsministeren:

Europa lammes av økende fremmedfrykt. Gjerder settes opp. De fleste kommer seg ikke videre. Redde og slitne drives de fra skanse til skanse. Flyktningkrisen er ikke i Norge. Vi tok imot ca. 3000 kvoteflyktninger i fjor. Flyktningene kommer til Hellas, Italia, Libanon, Uganda og andre naboland til de konfliktfylte områdene.

Kirken er en håpsbevegelse. Den skal være en protestbevegelse mot urett. Det er mange som er redde, men den oppstandne Jesus sa til sine disipler: Frykt ikke! Fatt mot!

I en verden der mange lider er ikke svaret å distansere seg fra lidelsene og bygge murer. Kirken kan ikke leve med det!
………..
Derfor sier vi til folk og menigheter:
Vis gjestfrihet! Vær håpets stemme og hender!
Vis mot og engasjement, i lokalsamfunnet og i samfunnsdebatten!
Kjære statsminister:
Vær modig! Vis gjestfrihet i ord og handling. Sørg for en anstendig flyktning- og asylpolitikk.
Det dere gjør mot en av disse mine minste gjør dere mot meg, sa Jesus til oss.



Så tilbake til det vi har lese i tekstordet i dag:

Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre, sa Jesus.
Lista ligg høgt når vi skal elske kvarandre. Han elska ved å gå i døden for oss. Han elska ved å bere syndene våre med seg inn i dommen. Han elska med ei kraft som var stor nok  til å vinne over dødsriket og kreftene der og stige ut  att i lyset og dagen frå gravmørket.
 Ein slik kjærleik er overmenneskeleg. Den er guddommeleg. Ingen av oss vil makte fullt ut å elske slik.

Men utfordringa frå Jesus er der like fullt. Vi skal ikkje flytte lista lågare. Vi skal heller strekkje oss høgare. Mot det fullkomne. Dit når vi ikkje før Jesus i sin nåde tek oss inn i sitt evige rike.

Til det skjer skal vi lytte til Meisterens ord. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre

Og så skal vi minnast orda til han som ein gong skal verte kongen i landet vårt:
” I kveld er gatene fylt av kjærlighet”

 I dag og i kveld og i morgon må vi fylle gater og vegar, heimar og hus, kyrkjer og nasjonar med kjærleik. Det er bodet frå Jesus som i dag fornyar sitt kall til at vi skal vere hans læresveinar: ”- Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

Amen

fredag 13. april 2018

Gjennom porten



3. søndag i påsketida II. 15.04.2018
Biskopshavn
Johs. 10,1-10

Av og til skjer det noko som ein hugsar lenge.
Mange av oss hugsar framleis den gamle paven. Eg tenkjer ikkje på den gamle tyske paven som enno lever. Men den gamle polske paven, Johannes Paul 2. Han døydde i påska i 2005.
Då dei som stod ved dødsleiet hans forstod kva veg det gjekk, sende Vatikanet ut ei kort melding som eg den gongen merka meg, og som eg tenkte: Dei orda må eg hugse.
Så enkle. Så vakre, ved inngangen til påskehelga det året:
”I natt åpner Kristus døren for paven”

Orda er truleg formulerte av ein eller annan kardinal i den katolske kyrkja.
Men kan det seiast vakrare om eit truande menneske som ligg for døden?
Kristus opnar døra.
Han som har stått i sentrum som sigerherren over døden gjennom påska vi har lagt bak oss, han opnar vegar gjennom døden og inn til sitt evige rike.
Det er nettopp om dette det handlar i det som er preiketekst i kyrkjene våre denne søndagen også.

I preiketeksten har vi altså lese kva Jesus seier om seg sjølv: «Eg er porten inn til sauene. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst»

Eg har lese denne teksten fleire gonger, og synest at den er ein smule forvirrande. Det er så mange moment som vert kasta fram. Vi les om han som skulle vere hyrding, men som er ein tjuv og ein røvar og som aldri brukar porten, men som vel andre vegar når han skal inn til sauene.
Vi høyrer om ein portvaktar, og om ein sann og ekte hyrding som går føre og leier sauene sine.
Og så les vi altså at Jesus kallar seg sjølv for porten, eller døra, som det tidlegare stod i bibelteksten. Porten inn til sauene.

Og den same Jesus kallar seg ikkje berre for døra, men også for den gode gjetaren, den gode hyrdingen, i dei versa som startar der vår preiketekst sluttar.

Det er altså veldig mange innfallsvinklar til sjølve teksten.
Vi kan ikkje drøfte alt som står der.

Men eg vi seie noko om to ting: Først dette: Jesus er porten eller døra. Ein port inn til det evige. Til det gode. Til det trygge. Gjennom han må vi gå i følgje med den gamle paven frå Polen. Frå hans kyrkje kunne dei seie då han skulle dø:
”I natt åpner Kristus døren for paven”

Jesus er porten som fører inn til det evige livet. Det som er ei opning i dødens trugande vegg. Ingen kan kome gjennom veggen som skil dette livet og det evige livet hjå Gud på andre måtar enn å gå gjennom porten eller døra som Jesu omtalar slik: : Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst,
Det Jesus formidlar til oss gjennom desse orda er langt på veg det same som vart uttrykt mens ei heil verd venta på at paven skulle døy: "I natt åpner Kristus døren for paven!"
Det skin eit forventningsfullt lys frå desse orda. Vi skimtar noko uendeleg vakkert gjennom ei open dørsprekk. Vi skimtar det evige. Vi veit ikkje heilt korleis det er der inne, men vi forstår at bak den døra finn vi dei frelste. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, seier Jesus.

I dag var vi vitne til ein annan som vart boren gjennom porten. Ikkje fordi han skulle døy. Men fordi livet ligg framfor det vesle dåpsbarnet. Vi bar han gjennom den porten som heiter dåpen, inn til eit livssamfunn med Jesus, som vi må be om skal vare til dette barnet vert like gammal som dei fleste er, som døyr frå oss.

Gjennom dåpen vart denne guten ein del av den flokken som Jesus med litt kronglete ord kallar for flokken som skal vaktast og vernast. Lik sauer som kjenner røysta til gjetaren og følgjer han på trygge og gode stigar.

Til denne flokken høyrer vi alle som er døypte i Jesu namn som er ein del av hans kyrkje.
Til alle oss vil eg  peike på det andre hovudpunktet som er viktig for meg å understreke nå eg har lese dette avsnittet frå Johs. 10.
Det står noko om ein framand gjetar. Ein som sauene ikkje kjenner, og som dei ikkje vil følgje.
Slik vil dei etter kvart hamne på ville vegar.
Ikkje berre den eine sauen, men kanskje heile flokken.


Sjå på biletet på framsida av gudstenesteprogrammet i dag.
Det er eit måleri som er meir enn 160 år gammalt, frå England. Dette vakre nabolandet vårt som har ein slik mektig kystnatur.
Eg har gått fotturar i engelske nasjonalparkar og blir mektig imponert over klippene. Eg har stått på kanten av dei hoggbratte bergknausane som styrtar i havet nedanfor.
Og der kunne eg også sjå sauene som beitar på slike stader. Dei syntes å vere tallause.

William Holman Hunt måla sauer på beite ved «Our English Coasts». Ein heil flokk. Det ser ut til at dei har det fint. Dei beitar på fruktbare område. Blomstene er fine i fargane. Men klippene er der også. Stupbratte. På kanten av desse har saueflokken vagla seg. Utan å forstå fårane ved å vere akkurat er.
Ein som ikkje er der på måleriet er gjetaren. Hyrdingen.
Er det fordi det er ein framandkar som sauene ikkje vil følgje?
Og så tar dei i staden ut på eiga hand. Det er ikkje berre ein einsleg sau som kan berast heim på gjetaren sine skuldrer, slik søndagsskulemotivet av den gode hyrding gjerne framstiller det. Her er ein heil saueflokk på farlege avvegar.

Eg såg dette bilete på trykk i Vårt Land no sist fredag.
Med ein gong eg såg det, tenkte eg: Er dette situasjonen for vår kyrkje nett no?
Ein flokk av slike som høyrer Jesus til. Slike som gjekk inn gjennom den rette porten og vart ein del av hans truande flokk då vi vart døypte.
Men på vår veg fram gjennom livet har vi på ein eller anna måte rota oss bort frå gjetaren vår. Vi har høyrt framande stemmer som kalla på oss. Vi kom bort. På avstand. Vi høyrer ikkje lenge på han som er den gode gjetaren som er villig til å ofre livet for mi skuld, for di skuld.
Eg sa at eg har stått på slike klippekantar i England som dei vi ser på det gamle maleriet. Ja, der eg stod var det faktisk endå høgare og endå brattare enn det vi ser på bildet.
Berre tanken på å ramle utfor gjev meg sug i magen.

Eg har litt sug i magen på vegne av oss alle i den tida vi lever i.
Eg vågar ikkje å tenke tanken heilt ut når eg vert teken med på tur av ein kunstnar til den engelske kysten akkurat i dag.
Saueflokken er så tydeleg. Ikkje noko nonfigurativt, vanskeleg tilgjengeleg bilete.
Men tankane det skaper når eg samstundes veit at Jesus kallar sin flokk, si kyrkje, nettopp for sauer, dei tankane gjer i alle fall at eg ikkje sovnar i likesæle akkurat i dag.

I staden vender eg tilbake til bibelteksten.
Det står om ein port. Ein port, eller ei dør, som er eit bilete på Jesus.
Eg takkar for at nokon ein gong bar meg gjennom den porten då eg for mange år sidan vart døypt.
Eg er innanfor, og skjerpar hørselen for å høyre kva gjetaren der inne, på den andre sida av porten seier. Det må vere den rette hyrdingrøysta. Den som kalla på meg den aller første dagen.
Han seier noko om å følgje han.

Eg ser framover. Eg veit ikkje kor langt det er til vegs ende. Men eg veit at også der er det ein port.
Eg ber gjetaren føre meg trygt dit. Eg ber om at korkje eg eller andre i flokken må hamne utanfor stupet.
Eg ber om at eg kan kome inn dit eg trur paven fann vegen for mange år sidan. Mange andre har gått gjennom porten, både før og seinare.
Ein gong må det lyde når eg skal nærme meg målet, porten: «»I natt vert døra opna for…»


AMEN

Bloggarkiv