fredag 21. mai 2021

Pinsekunst

 

1. pinsedag. 23.05.2021. II
Eidsvåg kirke
Johs. 14, 15-21

Kjære Eidsvåg menighet.
Vi feirar alle saman jubileum i dag. Ikkje eit rundt jubileum, men likevel. Den 23.mai 1982 vart dette kyrkjehuset vigsla av biskop Thor With. Kyrkja var smekkfull av folk. Og smekkfull av forventning. Kanskje var eg ein av dei aller mest forventingsfulle. For eg var nyutnemnd res.kap i Eidsvåg. Enno var eg feltprest på Andøya, men eg var invitert til å vere med på høgtida, og gjekk inn i prosesjonen i lag med mange andre prestar, bl.a. sokneprest Arne Brekke. Vi to var dei første prestane i den nye kyrkja.

Og så har det altså laga seg slik at eg får mi siste offisielle gudsteneste i Eidsvåg før eg blir pensjonist, nettopp på jubileumsdagen. Sant å seie er det ikkje så mange dagane sidan eg forstod at slik vart det, og det synest eg passar fint.
Mange av dei som var her for 39 år sidan er ikkje lenger mellom oss. Men det er likevel godt å sjå velkjende ansikt også frå den tida her inne, den dag i dag.

Eg er veldig glad i Eidsvåg menighet og i Eidsvåg kyrkje. Så lenge eg lever og har minne og forstand på plass, vil eg hugse den første prestetida mi her.

Og noko som sit godt festa, er det som hende mot slutten av vigslingsåret 1982, og litt inn i året 1983. Hendingar som det passar veldig godt å ta fram i dag, på denne pinsedagen.

Vi fekk noko så sjeldan som ein opprivande debatt rundt kyrkjekunst.
I avisene her i byen, i Osloaviser, og rundt i heile landet nærast kokte det. I ein kunstdebatt.


I veka som gjekk tok eg meg tid til å leite i gamle, gulna arkiv som eg har gøymt på i årevis.
Og jammen dukka det opp ei tjukk mappe med avisutklipp. Alle stader var det svart-kvitt foto av Kristusfiguren i kyrkja vår. Eit kunstverk av den store kunstnaren Gunnar Torvund.
Blasfemi, sa nokre. Jesus framstilt på uverdig måte. Ein naken Kristus, men likevel kjønnslaus. Menighetsrådet forlanga kunsten fjerna.
Det var lange underskriftslister. Og ein rasande debatt.
Eg tenkjer at det sannleg var godt at Facebook var mange tiår inn i framtida. For der kunne det verkeleg vore rom for nettrolla til å utfalde seg.

Det heile toppa seg ved årssskiftet 1982/83.
Og forløysinga på striden kan vi kanskje finne i ein stor artikkel i BT på nyårsaftan 1982.

Dåverande dosent, seinare professor, ved Kunsthistorisk institutt ved Universitetet i Bergen, Gunnar Danbolt, skreiv ein lang, innsiktsfull artikkel om kyrkjekunsten i Eidsvåg. Han opna augene på mange. Ikkje minst mine auge, og mitt sinn. Eg fekk den store aha-opplevinga.

For Danbolt viste oss at kunsten i Eidsvåg er meir enn Kristusfiguren. Kunsten omfattar også den vakre dua i gjennomsiktig akrylplast, laga av Halvdan Ljøsne.

Og dermed er vi midt inne i kyrkjeåret.
Vi har lagt bak oss Kristi Himmelfartsdag for ti dagar sidan. Og no er det pinse.
Vi har strålande pinsekunst i Eidsvåg!
Kan du sjå kva det handlar om?

Vi vender oss til pinseevangeliet vi har fått å grunne på i dag. Vi lyttar til Jesu eigne ord:
Johs.14,16-18: «Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.  Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk.» 

Desse orda har aldri vore enkle å forstå.
Men nettopp kyrkjekunsten i Eidsvåg kan hjelpe oss til å skjøna kva Jesus talar om. Til å forstå pinse. Og til å sjå samanhangen mellom pinse og Kristi Himmelfartsdag.

Gunnar Danbolt har forklart oss om Kristusfiguren, som ikkje er Jesus på krossen.

Vi ser ein gul strek bak Kristus. Som antyder ein kross. Men armane heng ned. Ikkje i krosstilling.  Danbolt seier dette: «Utsmykningen viser den lidende og døde, men samtidig levende og oppstandne  Jesus på korset, eller snarere, foran korset …. Han er allerede kommet over korsbalken med skuldrene. En enkel og virkningsfull hentydning til himmelfarten. …
I én figur har han kombinert Jesu offerdød, oppstandelse og himmelfart»
(BT 31.12.82)

Og så tar kunsteksperten Gunnar Danbolt oss inn i det som på pinsedag er mest avgjerande: Han viser oss at her i Eidsvåg kyrkje må Kristus i form av Torvunds treskulptur lesast i samanhang  med Ljøsne si due som symboliserer Den heilage ande.

Jesus, han som leid, døydde, og stod opp frå himmelen, er midt mellom oss i form av eit omdiskutert kunstverk. Vi festar augo våre på denne skulpturen nett no. Vi har sett det så mange gonger før. Tenk no at du ser himmelfarten, det vi var samla om torsdag for halvannan veke sida. Du ser Kristus som er løyst frå krossen, peikande med si venstre hand mot altaret der disken og kalken med brød og vin står klar for oss.

Men ned frå høgre kjem Anden dalande. Dua er der. Pinseunderet skjer på nytt og på nytt mellom oss kvar einaste søndag. For å sitere Gunnar Danbolt som skreiv for nesten 40 år sidan: «I det Jesus forlater sin menighet, kommer Talsmannen, Den hellige ånd, i en dues skikkelse, ned mot alteret for å gjøre Ordet levende og Sakramentet virksomt. …. Det forteller i en sum hva den kristne gudstjeneste dreier seg om.»

Igjen seier eg: Kjære Eidsvåg menighet.
Vi møter det levande Ordet når det er pinse. Vi møter den levande Gud som har sendt oss sin Ande for å vitne om den levande Frelsar og Herre, Jesus Kristus.

Det vi les frå Skrifta er Ordet som skal leve i oss. Slik at vi lever for Kristus, for kyrkja og for kvarandre.

Høyr kva som kjem frå munnen til den oppstadne og levande Kristus, han som peikar med handa si inn mot det sentrale som skjer her i kyrkja – forkynninga av ordet, samlinga rundt sakramenta.
I dag lyder det til oss: «Elskar de meg, så held de boda mine. … Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. … Ja, den som elskar meg skal eg òg elska og openberra meg for.»

Som det veldig ofte er når Jesus forkynner sitt evangelium for oss, så handlar det om kjærleiken.
Det handlar om å elske.
Elske Gud.
Elske kvarandre.

Det handlar om å gjere det som er rett. Om å halde Guds gode bod. Slik Jesus også har lært oss gjennom samtalen med den lovkunnige (Matt.22, 36-40): «Meister, kva bod er det største i lova?» Han svara: ‘ Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.’  Dette er det største og første bodet.  Men det andre er like stort: ‘ Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ På desse to boda kviler heile lova og profetane.»
Dette er ordet som skal leve i oss når det er pinse.
For dette er Guds gode vilje for våre liv. Mitt liv. Ditt liv. Kyrkja sitt liv.

Vi feirar pinse på ein jubileumsdag for kyrkjehuset vårt.
Vi feirar pinse ved å feste augo våre på pinsekunsten som prydar fontveggen i kyrkja vår.
Vi ser Anden, i form av ei due i plast, som senkar seg inn mot altar og preikestol.
Også kunsten er Guds gåve til oss på denne dagen.

Kunsten kan gjere levande. Men kunst er meir enn det vi ser på museum og i vakre kyrkjer og katedralar rundt om i verda.

I dag har vi sett kunsten som viser oss Anden i funksjon. Anden som spelar på lag med Kristus. Men korkje Kristus eller Den heilage ande er museumsgjenstandar.
 
Den Heilage Ande er levande og verksam i vår kyrkje i dag. Den Heilage Ande er Jesu talsmann inn i vår tid. Anden lever, og han viser at Jesus lever midt mellom oss.
Denne Jesu Talsmann teier aldri. Han set i gang ein himmelsk kjedereaksjon.  Ein kjedereaksjon som har kjærleiken som utløysande kraft.
Den som sjølv elskar, vert elska tilbake. Den som elskar Jesus, vert elska av Gud.

Talsmannen, Anden, han teier ikkje om kjærleiken, og om han som har synt mest kjærleik av alle, nemleg Jesus sjølv. Han som vi kan sjå framstilt for augo våre i dag, som det var for nesten 40 år sidan då kunstnaren skapte dette verket av han som leid, døydde, stod opp att som levande og til slutt fòr opp til himmelen,

Den Heilage Ande vekkjer liv i si kyrkje. Liv og kraft. Slik det har vore liv og kraft her i Eidsvåg menighet gjennom dei 39 åra vi har kunne samla oss i dette kyrkjehuset som jubilerer i dag.
Den Heilage Ande skaper kjærleik og lovsong hjå oss.
Vi er glade over å høyre til i den kristne kyrkja på jorda, den som vart fødd på pinsedagen.

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv