Gravferd
Luk.2,29-39
FRED
Døden kom.
Eit liv er ført til ende. Det står att å
bere kroppen dei siste stega, ut or kyrkja, på vegen mot grava. Vi er samla her
i kyrkja for å vere i lag til eit siste, verdig farvel. I dødens fotefar tek minna over. Dei skal
leve.
Men livet gøymer vi i jorda og venter på
den store oppstodedagen som vår Herre Jesus har lova alle som trur på han som
vart krossfest, som døydde og som stod opp att or grava. Nettopp fordi Jesus
stod opp att or den grava dei la han i, er det at vi på ein gravferdsdag kan
eige vona om at døden er overvunnen.
Jesus tala om dette før han døydde, og det han den gongen sa, det tek vi med oss når vi vert konfronterte med døden, slik vi vert det i dag: «Eg er oppstoda og livet, den som trur på meg, skal leve om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy.» (Johs. 11, 25-26)
Døden kom. Men døden kom med fred.
Det vil eg setje fokus på ved denne kista. At døden kan vere fredfull.
Det skulle vise seg at det ho/han trudde på heldt, også då døden opna døra og
steig inn i rommet og tok henne/han med seg. Det var ikkje kamp for å klamre
seg til livet. Det var lyset som slokna fordi kvelden kom. Fordi det venta ei
natt etter livets lyse dag. Då er det godt å kvile. Kvile i fred. Kvile med
fred.
Ordet fred er eit forunderleg ord. Ikkje
minst i møte med døden.
Då går gjerne dette ynsket att: «Kvil i fred» Eller det vert
sagt: «Ho/han sova fredfullt inn»
Det betyr ikkje at livet før døden var prega av ufred. Slett ikkje. Men gjennom
livet er det lagt eit grunnlag for at freden skal vere følgjesveinen inn i det
ukjende. Det som er bak døden.
No ved juletider vert vi minna om det. Ein av tekstane vi stoggar for når jula er i ferd med å ebbe ut, handlar om Josef og Maria som tek med seg den vesle Jesus til templet for å bere han fram og la han bli helga der. I templet i Jerusalem møter dei gamle Simeon. Mannen som har fått vite at han ikkje skal døy før han hadde fått sjå den Herren hadde salva, altså Messias.
Det er nesten som forteljinga om Simeon og
Jesusbarnet i templet kan konkurrere med skildringane frå fødselsnatta i
Betlehem om kva som er dei vakraste orda.
Ser du for deg den gamle mannen som varsamt løfter barnet Jesus or armane til
Maria? Ser du han når han held barnet mot himmelen, strekkjer armar mot Gud og
har augo som skin i puraste glede over dette synet:
«Herre, no lèt du tenaren din fare herifrå i fred, slik som du har lova, for augo mine har sett di frelse…» (Luk 2,29-30)
Etter at vi snart er
ferdige med seremonien her i kyrkja, skal vi samle oss ved grava. Der senkar vi
kista i jorda, syng salme, ber ei bøn og kastar dei tre første spadane med jord
på kista, så vert gravferda avslutta med dei eldgamle orda som vi kjenner så
godt. Velsigningsorda. Vi les velsigninga, samstundes som vi teiknar
krossteiknet over grava, over kista og over oss som er samla i sorg ved
gravkanten.
Du har høyrt det før. Mange gonger. Men
har du tenkt over kor djupt meiningsfullt dette er?
Ei gravferd vert avslutta med velsigninga
og med krossteiknet.
Vi avsluttar ei livsferd med ynskje om at Gud skal velsigne oss som lever vidare. Samstundes ber vi med oss ynske om at Guds gode ansikt no lyser over han/ho vi tek farvel med. Og vi vonar at vi som ei følgje av det som hende på krossen der Jesus døydde for våre synder skal hans åsyn lyse på resten av vår livsveg slik at vi alle finn vegen heim til det evige livet når det ein gong vert vår tur til å døy.
Vi lyser velsigninga til slutt, ved grava:
«Herren velsigne deg og vare deg! Herren
la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren løfte sitt andlet mot
deg og gje deg fred! (4.Mos 6,24-26)
Den aronittiske velsigninga, som vi kallar
desse orda, er ord som er som skapte nettopp for ei slik stund. Det er ord som
kan gje oss det dei handlar om, nemleg fred.
Herren løfte sitt åsyn på deg og gi deg fred!
Eg trur at vi
allereie kjenner litt av denne freden her ved denne kista. For vi veit at det
livet som ligg gøymt under kistelokk og blomsterdekorasjon, det er eit langt og
strevsamt liv som vart levd for at de som sørgjer skulle få det best mogeleg. Eg var saman med familien før gravferda og de fortalde meg om noko
av alt det de hadde hatt saman fram gjennom åra. No var det tid for å få kvile
frå alt dette.
Til slutt kom døden og
tok han/henne med inn til den store kvile. Ein fredfull død. Og vi kjenner at
det kviler fred også over denne stunda.
Og fred er det vi ber om når vi, slik vi alltid gjer det i gravferder,
avsluttar seremonien med å be om Herrens velsigning.
Herren skal bevare
deg. Herren skal gje deg fred. Men framfor alt: Herren skal vere nådig mot deg!
Meir enn alt anna
treng vi alle Herrens nåde fordi vi med våre liv ikkje maktar å leve slik vi
til ei kvar til skulle. Alle strevar vi med synda som
bur i oss. Alle ber på skuld og skam over tankar, ord og gjerningar som vi veit
ikkje held mål i Guds augo. Men krossteiknet vi får sjå samstundes som vi til
slutt, ute ved gravkanten, ber om Herrens nådige velsigning, det minner oss om
grunnlaget for at vi har lov å rekne med at vi skal få det vi ber om:
Velsigning, vern, nåde og fred.
Fred – fordi augo våre har sett Herrens frelse, slik Simeon sa det der han stod med Jesusbarnet i hendene. Julegåva. Gåva med fred – slik englane song: «Ære være Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» (Luk 2,14)
AMEN
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar