13. s. i treeiningstida. III - 04.09.2022
Eidsvåg krk.
Johs. 15, 13-17
Kjære alle i Eidsvåg kyrkje. Takk for at
de fann vegen hit på ein vakker sommardag.
Det er godt å vere i lag med dykk, sånn på overtid i mi presteteneste. Her
starta eg opp som kyrkjelydsprest for akkurat 40 år sidan i ei splitter ny
kyrkje. Og her skal eg, som no er pensjonist, få halde fram å hjelpe til med å
halde hjul i gang i ein periode på nokre månader, mens vi ventar på nytt
prestemannskap. Dette ser eg fram til. Nokre av dykk er ukjende for meg. Men
framleis er det mange ansikt her som med rette kan seiast å vere gamle
kjende.
Vi møter kvarandre i dag i lyset av dei
orda vi har no har delt gjennom dei tre lesingane frå Bibelen. Spanande ord som
gjev innsikt i det som godt kunne vore pensum i eit kyrkjeleg leiarkurs. Nyttig
tilnærming for alle som kjenner seg engasjert, oppglødd og villig til å dele
ein bit av livet sitt i lag med andre som trur og tilber i den kyrkja vi
tilhøyrer og som vi er døypte inn i.
Vi startar med å minne om det vi las om
Moses. Denne eineståande gudsmannen som hadde fått den store oppgåva å føre
Israelsfolket ut or fangenskap i Egypt og heim til landet som folket skulle
eige og leve i – Israel.
Det vi las frå 2.Mos 18 var ikkje noko
mindre enn den eldste innføring i godt leiarskap som eg kjenner til. Det er som
å vere på eit innføringsseminar for nytilsette i eit stort, moderne firma der
arbeidsfordeling og oppgåveansvar vert delt mellom dei tilsette. Og den som
heldt forelesinga er svigerfaren til Moses, Jetro.
Men det kunne gjerne vore staben i Eidsvåg menighet som snakka saman framfor
eit nytt semester. Arbeidet som Moses var ansvarleg for, var viktig. Også for
ein moderne kyrkjelyd. «Eg gjer dei kjende med Guds forskrifter og lover» seier
Moses.
Men også det å jobbe med noko viktig i ei
kristen kyrkje, det er ein jobb og eit ansvar som må fordelast på mange.
Svigerfaren sa altså til Moses: « - du skal sjå deg ut dugande menn av heile
folket, menn som fryktar Gud, er pålitelege og som hatar urett vinning. Du skal
setja dei til å vera førarar for tusen, hundre, femti og ti. … Slik
skal du letta børa for deg sjølv og la dei bera henne saman med deg. Gjer
du det slik og dette er Guds vilje, kan du halda ut, og då kan alt folket her
dra heim i fred.»
I dag vil eg nytte anledninga til å rette
ei takk til dei mange her i Eidsvåg som fram gjennom åra har vore slike som har
teke ansvar, som har gått inn og vore medhjelparar, medberarar og medarbeidar
for at ordet om Gud, og frå Gud, skal spreiast, gjerast kjend og etterlevast
lokalt her. Sokneråd. Barnearbeid. Ungdomsarbeid. Kjøkkenteneste. Korarbeid.
Praktiske utfordringar. Medliturgar i gudstenesta. Massevis av oppgåver som har
vorte utførte og løyst.
Takk for det taket du tok. For din velvilje i kjærleik til Gud og til din
neste.
Massevis av oppgåver ligg framleis der
framme og ventar. Difor kan vi aldri slutte med å repetere kallet til
medarbeidarskap i ei kristen forsamling. Nye menneske må få møte kallet. Unge
menneske må få høyre at Jesus gjerne vil ha dei med på laget. Difor lyttar vi alle
nøye til desse utsnitta frå Bibelen som vi har lese saman.
Vi høyrde også eit utdrag frå Apostelgjerningane i dag. Det handla om medarbeidarskap, det òg. Om at dei
første kristne delte på
oppgåver slik at ingen vart oversette, eller sette til sides på ein måte som
kunne skape misunning og splid.
Nokre måtte ta på seg praktiske oppgåver. Elles vart det lett slik at dei som
gjekk for å vere læresveinar ikkje fekk tid til å utføre si hovudoppgåve –
tenesta med bøna og med å forkynna Ordet. Dei kalla difor på hjelp til «tenesta
ved borda» - kjøkkenteneste, rett og slett. Eller kanskje vi i dag skulle kalle
det for diakonalt arbeid?
Uansett – som på Mose tid - det gjekk på
arbeidsfordeling også for dei alle første kristne vi les om i
Apostelgjerningane. Organisering.
Men dette praktiske arbeidet, diakonien, var så sentralt og viktig at dei som
tok på seg å gå inn i det, vart førte fram for apostlane, og der fekk dei
handspålegging, bøn og velsigning til å vere slike medarbeidarar.
No må vi stige over i evangelieteksten.
Der lyttar vi til nokre av dei mest sentrale orda frå Jesu munn som han talar
til sine næraste medarbeidarar, læresveinane.
På denne søndagen talar han til sine næraste. Til dei han omtalar som venene
sine.
Eg ber deg: Lytt til Jesu tiltale. Det er deg han reknar inn blant venene sine.
I dag vil han be deg om å vere med på
laget. «Eg kallar dykk vener» seier han til oss alle.
Høyr orda hans til venene sine: «-eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå
ut og bera frukt, ei frukt som varer.»
Det er første søndagen i
september. Hausten ligg framfor oss. Vi vil så gjerne finne frukt når det er haust. I
frukthagar rundt om på Vestlandet ser det ut til å verte dårleg avling hausten
2022. Fruktdyrkarane i Hardanger seier det kjem av dårleg vèr då biene skulle
på jobb i vårblomstringa.
Men frukta som gror i kyrkjehagen er det enno tid til å berge.
Det vert ein noko spesiell haust akkurat i Eidsvåg fordi prestetenesta ikkje er
fullt oppe og går.
Men vi er fleire enn prestane i Eidsvåg. Difor handlar det om arbeidsfordeling.
Slik var det for Moses og dei han hadde fellesskap med. Slik var det for læresveinar,
og dei aller første kristne som vi les om i Apostelgjerningane.
Arbeidsfordeling mellom Jesu vener på denne staden. Jesu vener i Eidsvåg.
«Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger»
seier Jesus til oss alle. «Eg kallar dykk vener»
No talar eg til Jesu vener i Eidsvåg
menighet.
Hausten er over oss. Er det frukt å hauste inn?
Igjen må vi lytte til korleis Jesu formulerer seg i evangelieteksten i dag.
Enno ein gong ser vi etter kva som står der: «De er venene mine så sant de
gjer det eg byd dykk.»
Det er alltid godt å høyre at Jesus reknar
meg som sin ven.
Men det er samstundes lett å oversjå, eller å gløyme, at han har eit vilkår for
dette venskapet: « - så sant de gjer det eg byd dykk».
Spørsmålet vi sjølvsagt då må stille vert
dette: Kva er det Jesus byd oss å gjere?
Lytt vidare:
« -eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som
varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!»
Det er mi inderlege bøn at frukthausten i
år skal verte betre i kyrkjehagen enn hausten på dei to epletrea som står i
hagen min på hytta. Der kom det rett og slett ingen eple dette året. I fjor bugna
det. Hjorten kunne då meska seg med nedfallet. No kan både dyr og menneske gløyme
å finne frukt å gle seg over i min eplehage.
I kyrkja skal vi ikkje sanke eple. I
kyrkja skal vi sjå etter menneske som elskar kvarandre. Då tenkjer vi sjølvsagt
ikkje på det å elske i erotisk forstand. Gløym alt slikt.
Vi snakkar om å elske slik gode og nære vener elskar kvarandre. Slik foreldre elskar
borna sine. Slik born elskar sine gode foreldre. Slik gode kristne skal elske
andre som trur og tilber den same Gud.
Den som elskar slik, tar gjerne eit tak i det
som er heimen for alle truande. Guds kyrkje på jord.
Det er slett inga fullkomen kyrkje. Det har det aldri vore. Heilt tilbake til
dei aller første kristne, dei vi m.a. les om i Apostelgjerningane, så dukkar
det opp konfliktar, feil og manglar. Splid og direkte fiendskap. Kristi kyrkje
på jord er ikkje fullkomen.
Men vi trur på han som er fullkomen, og
som gjer oss fullkomne for sitt rike, ved å gje oss frukta av sitt eige
fullkomne liv. Vi trur på Jesus Kristus som reinsar oss i dåpen. Han vaskar oss
på nytt med sitt dyre blod som han gjev oss gjennom nattverden. Han nærer oss
ved Ordet som lyder i gudstenesta, eller når vi opnar Bibelen vår. Vi trur og
tilber han som kallar oss vener.
Kjæraste Kristi vener i Eidsvåg menighet. Jesus
har møtt deg i dag. Han kallar deg ven, og no seier han: « -eg har valt ut
dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far
gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De
skal elska kvarandre!»
AMEN
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar