15. s. i treeiningstida I. 10.09.23
Brekke bu- og omsorgsenter
Matt. 5, 38-48
Det er store ord vi møter på denne
søndagen.
Jesus brukte store ord då han heldt Bergpreika, som vi nett har lese eit
utsnitt av.
Vi las ord som på den eine sida er flotte
og velformulerte. Ord vi hugsar. Ord som på mange måtar også er som ein definisjon
på det mange vil seie er kyrkja sin grunnlov – ord om det å elske.
Men samstundes er desse orda så store at
vi opplever det komplett uråd å følgje dei opp i praksis. Det er som om vi kan
ta oss sjølve i å tenkje: «Meiner du dette på alvor, Jesus?»
«- eg seier
dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei
som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk. Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen.»
Eller endå sterkare ord som evangelieteksten
i dag vart avslutta med: «Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er
fullkomen.»
Går det verkeleg an å elske fiendar? Eller
å leve og stå fram som fullkomne menneske?
Vi las evangeliet. Matteusevangeliet.
Vi las ord av Jesus frå hans bergpreike.
Og no spør vi: Kva er evangeliet?
Jau. Evangeliet er Guds kjærleik til oss
menneske. Guds kjærleik som er slik at han ofrar seg sjølv for oss. Han gjev
son sin i døden for di og mi synd. Det handlar om ein ufatteleg kjærleik. Han
elskar på ein måte som vi nesten ikkje har ord for å uttrykkje. I vårt språk må
vi ty til ordet ”elske”. Eit ord som ikkje rommar den djupna og den fylden som
ligg i det at Gud elskar oss. Vi tenkjer på noko i retning av å ”føle godt om,
like, vere glad i” når vi høyrer ordet elske. Eller vi brukar ordet i den
erotiske tydinga. Alt dette er for slapt når vi skal snakke om å elske i
bibelsk samanhang. Når det handlar om å elske slik Gud elskar. Gud elskar ved å
gjere. Ved å handle. Han handlar i møte med dei som ikkje fortener. Dei som
kjem til kort. Dei som ikkje er elskverdige. Slike som deg og meg. Han ventar
ikkje å få noko att.
Evangeliet handlar om at Gud elskar. Det
handlar om kjærleik. At vi skal elske slik Gud elskar.
Går det an?
I dag tenkjer eg at vi skal søkje svar på
dette ved å vende oss til GT. Vanlegvis er det omvendt. At vi les ord i GT som
må forståast i lys av NT.
Vi har i dag også lese ord frå den
relativt ukjende profeten i GT som heiter Mika, og vi repeterer litt av det vi
las der:
«- kva krev Herren av deg? Berre at du gjer rett, viser
trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.» (Mika 6,8)
Dei fleste av oss er så
gamle at vi enno har ei storhending for over 30 år sidan i minnet vårt. Då
døydde kong Olav. Eg trur at mange hugsar dette. Vi ser kanskje for oss lysa på
slottsplassen i Oslo? Kanskje hugsar vi den storslegne gravferda frå Oslo domkirke?
Men vi har truleg
gløymt preika som biskop Andreas Aarflot heldt ved denne anledninga.
Biskopen brukte
då den bibelteksten vi har lese frå profeten Mika i dag, som utgangspunkt for
gravferdstalen over kong Olav. Talen
kan framleis lesast i ei bok som Aarflot
har gjeve ut med preiker ved store anledningar i landet vårt.[1]
La meg sitere litt av biskopens ord; ord som framleis gjev djup meining:
«Med
disse ord kommer Gud oss i møte på nådens regnbuebro. Når mennesket spør hva
det kan bringe med seg fram for Herrens ansikt, svarer Gud ved å peke på det
han selv har bragt med seg inn i vår verden: Rett, kjærlighet og tro. Helt
siden han satte regnbuen i skyen, har han holdt sin pakt med menneskene, en
gjensidig avtale om at rett, kjærlighet og tro skal råde. Gud krever ikke det
umulige av noe menneske … Når vi vil bringe ham våre offer, viser han til hva
han har ofret for oss. Han har gitt oss sin godhet og omsorg, og han spør etter
det samme hos oss. Klarest lyser Guds nåde mot oss i Jesus Kristus.»
No er vi her i Brekke.
Visst nok den våtaste bygda i landet. Men i sommar har vi sett at det ikkje
berre er i Brekke det kan regne. Regnet har flomma og vinden har blese på og
over oss alle. Slik sett er det ikkje gjort skilnad frå Han som styrer med vêr
og vind på nokon av oss som bur på kvar vår side av dei høge fjella i landet
vårt.
På same måten er det med
Guds kjærleik til oss alle. Han elskar oss. Han vil renne over oss sol og regn,
nåde og tilgjeving. Han vil puste på oss med sin Ande, slik han let vinden
blåse. Han vil ikkje plukke ut eit
menneske som ein eller ei som er meir fortent til hans kjærleik og godleik enn
andre.
Slik er Guds nåde mot
oss. Ufortent. Utan grenser.
Slik skal vi vere mot dei
vi ferdast mellom til dagleg ,seier Jesus.
Han seier altså at vi til og med skal vere fullkomne.
Men, som vi alt har vore
inne på: Det er umogleg å leve fullkome.
Men eg vil ikkje trekkje eit komma frå det som Jesus sjølv har sagt. Når det
står at vi skal vere fullkomne, så skal det få lov å stå. Så skal den lista
liggje der som ei utfordring for deg og meg og alle i hans kyrkjelyd å strekkje
seg mot. Og di mindre vi snakkar om å vere fullkomne, for så i staden å gjere det
som er godt og rett mot våre medmenneske, til og med mot våre fiendar, di
nærare kjem vi i praksis det målet som er å vere fullkomen.
Lat meg sitere enno nokre
linjer av det biskop Aarflot sa ved kong Olavs båre: «Hvor kan jeg finne livets mening? Hvordan
er jeg beredt til å møte Gud? Hva
skal jeg ha med når jeg
tre fram for Herren?
Hører du svaret som Gud gir deg i dag? Han venter at du skal gjøre det som er
rett, vise trofast kjærlighet, og vandre ydmykt med din Gud. I det siste,
avgjørende møte med Gud er vi alle like»
Difor: Di meir nær vi med
våre liv lever i teneste og etterfølging av Han som verkeleg var fullkomen, di
meir vil det strøyme over oss av Guds nådige regn. Di meir vil vi kjenne hans
oppreising og tilgjeving. Di klårare vil evangeliets sol skine for oss, den
sola som er speilbiletet av Gud sjølv som sende Jesus Kristus til soning for
alle våre synder.
AMEN
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar