lørdag 5. mars 2016

Mat som varer


4. s. i fastetida III
Haus, 04.03.2016
Joh. 6,24-36
 
Tenk om Jesus hadde gått rundt på jorda anno 2016!
Og tenk om han hadde gjort dei same teikn og under som han gjorde den gongen ved Tiberiassjøen då han metta 5000 og vel så det, med mat som knapt ville ha fylt ei vanleg norsk nistekorg – fem brød og to fiskar.
Eg ser det for meg at han ville fått det travelt. At han ville fått tilbod om superløn som konsulent i for eksempel Kirkens Nødhjelp. Men var det pengar det stod på, ville nok langt større organisasjonar eller firma kunne overby det ein norsk naudhjelpsorganisasjon kan varte opp med.
Men med Jesus har det heldigvis aldri stått om pengar. Det han gav, og gjev, kan ikkje målast med pengar.
Og det han gav, og gjev, er så mykje meir enn berre mat til 5000 svoltne.
 
Men: Han gav mat før han gav noko anna!
Dei som sat i det tørre graset ved Tiberias og drøymde om at Jesus skulle vere konge for dei, hadde god grunn til å drøyme slik.
Slik så mange, mange menneske i dag drøymer seg inn i ei framtid der ein konge eller ein frigjerar eller eit opprør skal velte om på deira situasjon. Ein håplaus situasjon for veldig mange. Fordi dei lever i skuggen av krig. I otte for terror. Med mangel på mat. Utan medisin og lækjehjelp. Mange er fortvila. Mange legg ut på flukt. F.eks frå Syria til Europa. Der dei ikkje akkurat møter opne grenser, opne dører eller opne armar. Men også desse håpar på eit betre liv. Dei treng det. Slik mange gjer det av dei som Kirkens Nødhjelp set fokus på i denne fastetida.
 
Tenk om Jesus hadde vore her!
Kva ville han gjort for alle desse? Kva ville han gjort før han gjorde noko anna?
Dei 5000 som var svoltne fekk mat før han gjorde noko meir. På ein så overtydande måte vart dei metta at draumane deira tok heilt av – Jesus måtte verte konge for dei. Og no var dei på leit etter han. Dei reiste frå Tiberias til Kapernaum for å finne han. For at han skulle fylle håpet deira. Han hadde gjeve dei mat. Jesus måtte vere noko som ingen andre var.
 
Kristne som lever anno 2016 skulle vere med å tenne håp hjå dei svoltne. Vi skulle fylle matfat der mat er manglevare. Vi har overflod. Andre manglar det meste. Ikkje minst dei som rømer frå krig og vald og vondskap.
Vi lever ikkje i håpløyse. Til og med når alvorleg sjukdom rammar, har mange av oss håp fordi sjukehusa står der med all sin teknologi og med dyre medisinar.
Kor håplaust må det vere for dei millionane som døyr av bagatellmessige sjudomar. Som døyr fordi ingen har lært dei om hygiene, eller fordi ingen har vist dei korleis reint vatn kan skaffast, eller kor livsviktig det er å få kloakken bort frå borna som leikar i gata. Reint vatn – det er fokus for Kirkens Nødhjelp når fasteaksjonen som konfirmantane her i Haus skal vere med på når den går av stabelen neste søndag
Vi har lært oss lekser om krig og terror også i vårt land. Likevel kan ingen påstå at det kastar skuggar over tilværet vårt, slik til kvardags.
Tenk korleis dei har det, dei som lever der dette er det normale – at bomber går av, at blodet flyt og tårene renn i svartaste fortviling. Kva drøymer dei om?
Kva ville du ha drøymt om?

Eg trur mange av oss ville drøymt om mat og fred og helse og levedagar.
Om framtidshåp.
I fastetida dette året er utfordringa gjeven til kvar einaste av oss: Ver med å ta eit tak for at draumane til dei fattige, til dei lidande, til dei krigsherja, til terroroffera, kan verte noko meir enn draumar. At noko kan skje slik at framtida kan smile til dei.
 
Jesus gjorde noko – før han gjorde alt det andre: Først metta han dei svoltne – heldt han tale om brødet frå himmelen. 
I dag stig vi inn med antennene våre innstilte på denne talen. Kva hadde Jesus på hjarta til dei han allereie hadde gjeve mat – dei som hadde vore vitne til underet hans? Ikkje berre eit brødunder. For Jesus hadde faktisk nettopp også gått på vatnet. Han hadde altså vist seg som ein som var heva over alle naturlover.
 
Og no talar han til alle desse som hadde sett kva han var i stand til å gjere. 
De leitar ikkje etter meg fordi de såg teikn, men fordi de åt av brøda og vart mette. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk.
 
I gjerning har Jesu allereie vist kor viktig det er å fylle dei menneskelege behov. Før han heldt talar og gjorde teikn og under, metta han dei svoltne.
Samstundes vil ikkje Jesus vere mirakelmannen eller brødkongen. Han ville vere noko meir. Han ville gje håp om noko som gjekk ut over det kvardagslege.
De leitar ikkje etter meg fordi de såg teikn, men fordi de åt av brøda og vart mette. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. 

Den forrige paven i Roma, den tyske pave Benedikt XVI, har skrive ei bok som kom på norsk for nokre år sidan, ”Jesus fra Nasaret”. Her er det mykje tankevekkjande og spanande stoff. Eit langt kapittel i boka er ein gjennomgang av dei ulike bønene i Fadervår, og når paven kommenterer  den fjerde bøna i Fadervår, ”Gjev oss i dag vår daglege brød”, så opnar han for viktig ny forståing både av denne bøna, men også av det vi talar om i denne teksten på 4.s. i faste.

Paven peikar på at bøna i Fadervår: ”Gjev oss i dag vår daglege brød” eigentleg er ei bøn om den maten dei fattige treng for å leve kvar dag.
Men samstundes peikar bøna utover seg sjølv. Når Jesus lærer sin vener å be på denne måten, så kan desse orda også hjelpe oss til å hugse det som skjedde med Israels folk som Gud sjølv gav mat i den tida dei var ute på vandring i øydemarka. Paven legg vinn på å understreke at underet med mannaen i øydemarka, som også er omtala i vår preiketekst, dette mirakelet peikar ut over seg sjølv og mot den verda i det framtidige der Jesus sjølv vil vere vår mat – han som kallar seg for Livsens brød.
 

Gamle pave Benedikt kommenterer denne brødtalen som vi har for oss som preiketekst nett no. Han peikar på det vi alt har vore inne på, om dei svoltne menneska som lytta til Jesus, og som han ikkje vil sende bort før han har gjeve dei nødvendig mat for å leve utan å vere svoltne der og då.
Men, seier paven: - Jesus tillet ikkje at vi stoggar der og reduserer menneskets behov for brød til det som er reint biologisk og materielt nødvendig. Mennesket lever ikkje av brød åleine
, men av kvart ord som går ut frå Guds munn” (Matt. 4,4)
Det mirakuløse brødunderet som Jesus gjorde, minner om mannaunderet i øydemarka, men samstundes om noko meir, nemleg at Logos, Guds ord, Jesus Kristus, er den eigentlege næring for mennesket. Dette er det evige Ordet, den evige meininga som vi kjem frå i opphavet, og som våre liv er innretta i mot.
 

Med klårtenkte og elegante ord knyter paven orda frå preiketeksten vår til orda vi kjenner att i frå juleevangeliet i flg. Johs der Jesus omtalar seg sjølv som Logos, som Ordet som vart kjøt, ordet som vart menneske.
Han som vart menneske gjev seg sjølv for oss i nattverdens sakrament, i brødet, og på den måten vert det evige Ordet, Logos, Jesus sjølv, til eit brød for framtida som vi kan ta i mot her og no gjennom nattverden. 

Ingen skal skulda den tyske paven for å fare med lettvint prat når han kommenterer Fadervår. Men om det han uttrykkjer kan vere tungt og vanskeleg stoff å trengje inn i, så har det sjølvsagt samanhang med at det Jesus talar om også er temmeleg ubegripeleg.

For oss er det liksom så mykje enklare å løfte fram mirakel-Jesus. Han som fiksar mat til ei svær folkemengde ein fei. Han som kjem spaserande på vatnet i møte med vitskræmde læresveinar.

Han er ein slik vi kan drøyme om. Ein som kan ordne våre dagleg problem i nærmiljøet eller som kan vere løysinga på store konfliktar langt ute i ei verd under andre himmelstrok.

I vår fastetid skal vi ikkje gløyme denne Jesus. Mirakelmannen. Lat han inspirere deg til å følgje opp det han demonstrerer av handlekraft og velvillig omtanke for alle som treng hjelp. 

Men våg deg litt lenger inn i det vi nesten kan kalle mystiske tankegangar som Jesus også tek oss med på. Han talar om brød. Men Jesus talar også om det han kallar ”det sanne brødet” – det som kjem frå himmelen.
Det er også noko vi treng for å leve.

Og det brødet er han sjølv. -Eg er livsens brød

Vi lever eit liv her og no. Ingen fortener å svelte og lide og å ha det vanskeleg i dette livet. Difor skal vår daglege brød delast.
Men vi har eit liv å leve på den andre sida av dette livet.

Vi treng å ete også for dette livet. Vi treng å ete ”- den mat som varer og gjev evig liv”

Difor må vi bli kjende med og ta til oss av han som seier til oss på denne dagen: Eg er livsens brød  
 
Amen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv