søndag 20. mars 2016

Fest. For livet. Før døden.



Palmesøndag III. 20.03.16

Biskopshavn

Johs. 12,1-13
 
 
Det var fest i Betania. Stor jubelfest. "Takk-og-lov"-fest. Det var gjestebod av det store slaget. Jubel. Glede. Fullt hus av slekt og vener. Med ei strålande opplagt vertinne i spissen for heile arrangementet. Ei vertinne som vi frå andre samanhangar veit kunne dette med å stelle hus, med å varte opp, med å gjere i stand til fest. Vertinna var Marta. Og heidersgjesten var også denne gongen Jesus. Han som fleire gonger før hadde vore på besøk hjå Marta og søstera Maria, og som i alle fall ved eitt høve hadde måtte setje den travle og flittige Marta på plass:

"-Marta. Marta. Du gjør deg strev og uro med mange ting. Men ett er nødvendig. Maria har valgt den gode delen.."                                                 
                                      (Luk. 10,41f)
 
Og no var altså Marta i sving att. Men denne gongen hadde ikkje Jesus innvendingar mot at ho stelte til fest. Og jammen hadde dei grunn til å feste. Ikkje berre fordi Jesus var der som heidersgjest, men også fordi Lasarus var der. Bror til Marta og Maria, han som Jesus hadde vakt opp frå dei døde. Det var i sanning ei skikkeleg "takk-og-lov-fest". For her sat undergjeraren og livgjevaren til bords og åt saman med han som hadde lagt som lik i fire dagar i grava. Jesus og Lasarus var på fest i lag. Det var takkefest for livet. Han som var død, var levande, og eit naturleg midtpunkt for glade søstrer og for undrande vener og slektningar.
 
Men eit endå meir naturleg midtpunkt var Jesus. Han som hadde vakt Lasarus opp att frå døden. Betania var i festrus. Her var det god mat og godt drikke. Og sannleg vart ikkje feststemninga også krydra med ei gjennomtrengjande godlukt som liksom understreka at dette var noko heilt utanom alt som elles var vanleg. For ved festbordet dukkar Maria opp att ved Jesu føter. Den gongen Jesus måtte irettesetje Marta for å vere altfor travel med sitt husstell, høyrde vi om Maria, søster hennar, at ho sette seg ved Jesu føter og lydde på orda hans.
 
No, ved festen for den levande Lasarus, tok Maria fram ei krukke med salve - dyr nardussalve- og sette seg ved Jesu føter enno ein gong. Ho salva føtene til Jesus. Og den gode lukta frå salven breidde seg i heile huset. Sanneleg - her var det fest i glede for livet - livet som Lasarus hadde fått attende.
 
Eller var det livet som stod i sentrum der i Betania?
For vertskapet var det nok livet - glede over at Lasarus var mellom dei att, og takksemd til Jesus som hadde vist seg sterkare enn døden.
 
Men sanneleg tek ikkje Jesus til å tale om døden på denne gledesfesten for livet. For når han får kritikk frå den svikfulle Judas for at han verkeleg lar Maria få sløse bort så mykje pengar til dyr salve, berre for å salve Jesu føter, når pengane som det kosta å kjøpa salven heller kunne vore gjevne til dei fattige; så er Jesus kontant med si irettesetjing av han som skulle verte svikaren, samstundes som han tek Maria i forsvar:
 
"La henne være! Hun har gjemt salven til den dag jeg skal begraves. De fattige har dere alltid hos dere, men meg har dere ikke alltid."
 
"Den dag jeg skal begraves…"  Gravferdsdagen!
Var det ikkje nettopp i glede over ein oppattlivna Lasarus dei var samla?
Og så tek Jesus til å tale om sin eigen gravferdsdag.
Snakk om kalddusj!
 
Vegen er ikkje lang frå feststemning til skuggar av trugande død. Og midt oppe i dette lar altså Jesus seg salve. Han tek i mot takk og hylling for sin siger over døden. Han let seg tilbe på ein måte som kan hende syntes ekstragavant og råflott.
Midt i festen for livet, ser vi at Jesus er på veg til sin eigen død. Midt i gleda over at Lasarus sat lys levande i det velluktande rommet, gjer Jesus det klårt at for hans eigen del nærmar død og grav seg. Han som er Herre over døden vert salva til si eiga gravferd på ein fest for at livet hadde sigra.
Dette er paradokset på palmesøndag.
 
Her ligg det noko i lufta!
Den velluktande salven sper ei godlukt av påske!
 
For allereie dagen etter festen i Betania høyrde vi at Jesus var veg inn til påskehøgtid i Jerusalem. Og enno ein gong høyrer vi om hyllingsrop, om jubel og tilbeding.
Med palmegreiner og Hosiannarop  vart Jesus møtt på vegen frå festen i Betania til påskehøgtid i Jerusalem.
 
Heile teksten vår er eigentleg eit einaste ropande vitnemål til oss som lever i dag: Livets Herre er på veg til sin eigen død! Og på denne vegen tek han mot vår tilbeding og vår hylling.
På sin veg mot død og liding let han seg salve av overdådig dyr nardussalve. Han lar seg takke og tilbe. Og han sit på eselryggen og lar folket hylle seg som ein konge. For han er då Herre over livet! Han har prova det ved å vekkje Lasarus opp att frå dei døde. Men han som er sterkare enn døden, skal sjølv dø. Her er det ikkje berre takkefest for at Lasarus vart levande att. Her går festen over i ei hylling av han som skal døy. Det er både fest for livet og fest før døden; på same tid.
 
Slik er det også i vår kyrkje på palmesøndag.
Det er fest for livet.
Vi gler oss over at vi veit at Jesus er sterkare enn døden. Vi prisar og hyller Jesus for hans livgjevande krefter. I dag skal vi med takk og glede vere med å tilbe Jesus gjennom salmar og bøner for hans makt over døden.
Og paradoksalt nok skal vi samstundes hylle og tilbe han for at han sjølv er viljug å døy.
Det er også fest før døden.
 
Når vi stemmer i våre Hosianna, så er det ei lovprising av han som både gjev liv, samstundes som han sjølv er viljug til å døy.
Som Maria var overdådig i si salving av Jesu føter, vil vi i dag vere sløsande med vår lovsong og vår takk. Vi har ikkje salve av det dyre og velluktande slaget mellom hendene. Men våre bøner og vår lovsong skal fylle oss på denne palmesøndagen.
 
Det er noko i lufta. Det luktar av påske.  Og påske handlar om død. Ein død som Jesus med opne augo og eit hjarta som bankar i otte og redsel rir friviljug i møte. Men påske er i endå høgare grad livet. Han som skal døy; han som alt er salva til si eiga gravfred, han har prova at døden er for svak for han. Ingen har meir makt enn mannen på eselet. Sjølv om han må døy, så er det livets triumfator som rir inn mot påske i Jerusalem.
 
Kan det tenkjast nokon som er meir verdig Hosiannarop, tilbeding og lovprising enn han som var på fest for livet, og før døden?
Denne palmesøndagen var det eit mål for oss alle om vi kunne gå ut att or kyrkja, og inn i påskeveka og påskefeiringa med eit brennande ynskje: Også vi vil hylle livets triumfator på hans veg mot døden. For den døden han skal lide, er ein død i staden for deg og meg. Det er ein soningsdød for syndene mine som ventar eselryttaren inne i påskebyen Jerusalem. Det er likeeins dine synder som utgjer vekta eselet må bere denne forunderlege dagen.
 
Jesus skal lide og døy - men han skal også leve!
Påska er så proppfull av paradoks at det er vanskeleg å setje ord på dei. Kanhenda er det ikkje dei mange orda som gjev uttrykk for det vi skal vere saman om i den veka vi no går inn i. Kanhenda er det handling etter førebilete frå evangeliets eige vitnemål vi heller skulle leggje vekt på. Handling, meir enn mange ord. Og handling i denne samanhang, er det same som tilbeding.

Maria sat ved Herrens føter. Ho sløsa med dyr salve. Jesus sjølv sa det var til hans eiga gravferd.

Kva er det du og eg kjem til å sløse med i påska?

Er det vår tid ved Herrens føter? Eller er det viktigare for oss å bruke tid ved solgudens føter i påska?
Ropar vi etter fritid, ferie og kriminalgåter i påskehelga, eller ropar vi Hosianna i Guds hus på dei ulike helgedagane?

Det er påske. Det ligg noko i lufta. Og det vi skulle kjenne på som godlukt i lufta over alle våre byar, bygder og kyrkjelydar denne påskehelga, det var suget frå eit kyrkjefolk som skunda seg til kyrkje for å takke, tilbe og hylle med Hosianna-rop, han som er Herre over livet; han som skundar seg mot si eiga liding og død, men som skal leve slik at vi i all æve skal eige Livet.

 

                                                        AMEN !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv