fredag 10. mars 2017

Bønekampen

2. s. i fastetida. 12.03.2017
150-årsjubileum, Bruvik kyrkje

Matt.15,21-28


Gratulerer med jubileumsdagen!
Vi gler oss i lag over å samlast i dette vakre gudshuset som har stått her i 150 år. Nyoppussa. Nymåla både innvendig og utvendig. Eit smykke i denne vesle bygda.
Bruvik er av dei verkeleg små kyrkjelydane i landet vår.
I dette prostiet, Åsane, er det den desidert minste kyrkjelyden med 308 medlemmer, registrert denne veka. Men kyrkja dykkar kunne tyde på at her bur det det mangedoble av dette talet. Takk for at de har teke så vel vare på bygget!
Det er den tredje kyrkja på denne staden. Her har det altså stått stavkyrkje i mellomalderen og det stod ei tømmerkyrkje som dei reiv året før denne kyrkja kom på plass.
Det er difor ein nesten utruleg lang tradisjon vi går inn i når vi på denne jubileumsdagen kjem saman for å tilbe, for å lovsyngje og for å høyre Guds ord i lag.
Her frå denne talarstolen har nok forteljinga om den kanaaneiske kvinna som vi no skal lese, lydd mange gonger før. Men i dag skal den glede oss og bygge oss opp enno ein gong.
Vi reiser oss og høyrer denne søndagens evangelietekst som vi les frå Matteusevangeliet.

Lesing: Matt. 15,21-28
I dag handlar det om kristenlivets kamp. Kampen for velsigning. Kampen for å få rett i si tru, i si von.
”Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg” (1.Mos.32,26),  høyrde vi Jakob sa då han kjempa med Gud. Det var det vi las om frå GT tidlegare i gudstenesta. Men til og med ein nærkamp med Gud var det mogeleg å vinne: ”- du har kjempa med Gud og menneske og vunne” (1.Mos.32,28b)
Kjempande bøn. Bøn som ikkje gjev opp. Bøn som får svar. Det skal vi nærme oss når vi etter kvart vert meir kjende med den kanaaneiske kvinna.

Den kanaaneiske kvinna hadde ikkje mykje makt å varte opp med. Ho var nesten hjelpelaust veik. Ho var av heidningeætt. For ho var ikkje jøde. Kanaanearane var utanfor det jødiske samfunnet. Dermed var det automatisk ei djupt religiøs og kulturell kløft mellom henne og Jesus, og dei han var i lag med.
Dermed kunne dei som var av jødisk ætt sjå ned på henne, forakte henne og vise henne bort, utan at det var særleg merkeleg.
  ”Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss” sa læresveinane, småirriterte, til Jesus då kvinna likevel våga seg frampå til den store jødiske meister med si bøn og sitt rop.
Til og med Jesus verkar utruleg avvisande nå han møter denne kvinna. Han som i alle andre samanhangar møter utstøytte, tilsidesette, sjuke, svake, kvinner som pga. sitt levesett vart forakta av samfunnet; uansett bakgrunn av liknande merke, så møtte Jesus dei med varme og omtanke. Alle – men ikkje denne kvinna.
Det er nesten så vi ikkje trur våre eigne øyro når vi høyrer kva Jesus seier til henne: ”Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus” og ”Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane”.

Slikt fekk denne kvinna slengd i seg. Av Jesus!
Ho som ikkje gjorde noko anna enn å be for dottera si. Ho som var i ein fortvila situasjon – så fortvila at alle foreldre kjenner kor det knyter seg inne i oss når vi høyrer slikt. For vi veit korleis det er når borna våre vert sjuke.
Og når det er verkeleg alvorleg sjukdom, då kjenner vi iskulden kryp langs ryggrada vår. Dei fleste av oss ville gjere kva som helst for at dottera eller sonen vår skulle verte frisk.
Vi las i dag om ei mor som hadde ei dotter som var ille plaga av ei vond ånd. Kva det eigentleg er, det kan vi lure på. Her og no er det ikkje rom for å ta opp ei teologisk drøfting av kva vonde ånder er. Men vi kan trygt slå fast at det var fælt for mora å sjå at dottera var ille plaga.
Difor våga kvinna frå Kanaan seg bort til Jesus. Tett inn på han. Og ho blottstiller seg og sin familiesituasjon med det smerteropet som gjev ekko, også kvar gong vi samlar oss til gudsteneste her på denne gamle kyrkjestaden i Bruvik: ”Herre, du Davids son, miskunna deg over meg!” Dette er det same ropet som vi stemmer i på gresk når vi i vår liturgi bryt ut i ”Kyrie eleison”. Uttrykket har vi nettopp frå den kanaaneiske kvinna sitt rop: ”Herre, miskunna deg!”

Ho var heidning. For ho var ikkje jøde. Ho måtte trosse religiøse og sosiale barrierar for å nå fram til Jesus med sitt såre rop. Men ho kunne ikkje la vere å stampe mot broddar og motstand. Mot avvisning og hovudristing frå læresveinane. Ho hadde kanskje innerst inne lite tru på at det ville nytta. Men ho var mor. Ho hadde ei dotter som leid. Så sjølv om trua hennar kanskje i utgangspunktet ikkje var så imponerande, så trudde ho nok til at Jesus høyrde og lytta og handla. Ja, Jesus vurderte trua hennar annleis enn mange av oss ville ha gjort. ”Stor er trua di kvinne”, sa han.

Det var ei kvinne som stod utanfor det såkalla ”gode selskap”, som nærma seg Jesus. Hennar rop på miskunn var eit rop som ville vorte overhøyrd av alle andre som var saman med Jesus. Og det såg ut som om Jesus også vil overhøyra henne. I alle fall er som om han overhøvlar henne når han nemner dette med hundane. ”Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane”
Ein hund! Det var det ho vart samanlikna med.
Kva er det med Jesus? Kvifor brukar han slike ord som vi elles aldri høyrer frå hans munn? Orda måtte svi i hjarta hennar.
Eg trur ho hadde gråten i halsen og tårer i augnekrokane då ho stamma fram dette fabelaktige svaret som målbind til og med Jesus: ”Det er sant, Herre, sa kvinna, - men hundane et då av dei bitane som fell frå bordet til eigarane deira”
Her er vi tilbake til det som hende med Jakob. Han som kjempa med Gud.
Kvinna kjempa med Jesus for å få han til å lytta og til å handla. Ikkje for sin eigen del. Men for dottera si skuld.
Ho kunne ha brukt Jakob sine ord om ho hadde kjent til dei: ”Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg!”

Ho stod utanfor. Men ho kjempa seg inn. Inn til Jesus. Inn til han som høyrde henne. Han som likevel ikkje var avvisande. Han som gav velsigning og lækjedom. Frå Gud fekk Jakob i si tid høyre: ”- du har kjempa med Gud og menneske og vunne”. Orda kunne likegodt vore sagt til denne kvinna. Men Jesus formulerte seg litt annleis: ”Stor er trua di kvinne. Det skal gå som du vil.  Og dottera vart frisk frå same stunda”

Kan hende har du funne vegen til jubileumskyrkja i heimbygda di i dag, men kjenner likevel litt på at også du er utanfor på ein måte. Du er vel ikkje ein heidning akkurat, men kanskje ikkje av dei mest aktive i kyrkjelyden heller?
Du er usikker på om du kan våge deg nær til Jesus. Om du kan gjere som dei gjer, dei som knelar ved altaret og tek i mot Jesu lekam og blod.
Som kvinna frå Kanaan, er du liksom ikkje heilt på linje med Jesus. Du har høyrt at han er god, men du fekk ikkje svar den gongen du ropa på han i bøna di. Du bar på uro og angst for ditt barn, dine foreldre, dine kjære; du har bede bøner, men ikkje fått svar. Difor kjenner du deg litt som hunden som vert hufsa utanfor døra for ikkje å sjenere dei fine gjestane.

I dag skal du sjå på den kanaaneiske kvinna. Ho kjempa ein kamp for den ho var glad i. Ein nærkamp med Jesus. Ha gav ikkje opp med sine bøner, sjølv då alt vart mørkt og vondt og kaldt.
Kan hende ville du og eg gjeve opp når vi vart samanlikna med hundar. Det gjorde ikkje kvinna. Kan hende var kampen med Jesus så kraftig at ho vart merka av den for livet. Slik Jakob vart merka etter kampen med Gud. Jakob vart slegen over hofta og vart halt. Han vart synleg merka av å kjempa med Gud. Men det var likevel ein kamp han vann.
Slik kvinna vann fram då ho møtte Jesus. Ho var eigentleg makteslaus. Men ho hadde hender som ho rette fram mot Jesus i bøn. Det er dette han syng om, Trygve Bjerkrheim, i salmen vi alt har sunge i dag: ”Det er makt i de foldede hender”.

Kyrie Eleison! Slik ropa ho: Herre miskunna deg over meg.
Slik ropar vi i dag. Slik skal du få rope, også om du kjenner på at du står litt på den kyrkjelege sidelinja. At du av og til kjenner at du er som hunden som vart jaga ut når det passar husfolket best.
Kvinna hadde ord til Jesus som han lytta til: ”- hundane et då av dei bitane som fell frå bordet åt herrane deira”
Kvinna tok til seg rettane ein hund har, men frå Jesus fekk ho då velsigninga som tilkjem barnet. Hennar kjempande tru, vart til ei sigrande tru. Stor er trua di, sa Jesus til henne.

Når alt kjem til alt – kanskje er di tru like stor, og like full  av lovnader!

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv