torsdag 16. februar 2017

På fjellet


Gravferd. Kristi forklåringsdag.
2.Pet.1,16-18

Vi fulgte jo ikke klokt uttenkte myter da vi kunngjorde for dere vår Herre Jesu Kristi kraft og hans komme. Nei, vi var øyenvitner og så hans guddommelige storhet. For han fikk ære og herlighet av Gud, sin Far, den gang røsten lød over ham fra den høyeste herlighet: «Dette er min Sønn, den elskede, i ham har jeg min glede.» Vi hørte selv denne røsten fra himmelen da vi var sammen med ham på det hellige fjellet.
For vi følgde ikkje klokt uttenkte mytar då vi kunngjorde for dykk vår Herre Jesu Kristi makt og hans kome. Nei, vi var augnevitne og såg hans guddomlege velde. For han fekk ære og herlegdom frå Gud, sin Far, den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen då vi var saman med han på det heilage fjellet.

I fotspora til døden føl sorga. Sorga er er alltid tung å bera.
I sorga ropar vi på Gud. Men Gud er ikkje alltid like lett å få auga på. Gud kan opplevast langt unna. Gud synest innimellom å ha attlatne augo og øyro. Han trekkjer seg unna. Vi ser lite til han. Slik kjennest det i alle høve av mange.
Men kanskje var det godt om vi, når vi opplever slike tider, spurde oss sjølve: Er det eg som gøymer meg for Gud, eller er det Gud som gøymer seg for meg?
Men så kan det òg vere slik at Gud kan nytte ein anledning lik den som i dag samlar oss, ei gravferd, til å syne for oss kven han eigentleg er. Og det han vil vise oss, det kan gjere at sorga og det tunge vert til å leve med. For Gud vil vise oss at han er der når det er tungt.

Slik var det i det vi høyrer om på Kristi forklåringsdag, ein søndag vi no står framfor. Då vi skal lese om fjellturen med Jesus og hans tre mest betrudde læresveinar. Ein fjelltur med sveitte og kanskje også gnagsår. Ein tur der turgåarane vart trøytte. Så trøytte at dei i flg. Lukasevang. rett og slett sovna der oppe på toppen.
Fjellturen var sjølvsagt ein tur i motbakkar med strev og med tunge og seige parti som måtte forserast for å nå heilt opp.
Slik det også er i vårt daglege liv. Av og til buttar det imot. F.eks. når dødens bratte bakke tårnar seg opp framfor oss.
Det står ikkje noko om korleis Jesus hadde det på fjellturen med Peter, Jakob og Johannes. Men han var sikkert trøytt, han som dei andre.
Likevel hende det noko når bakkane var forserte og dei var på toppen av fjellet. Noko som sette spor i sinnet til dei tre vitna. Difor kan Peter, mange år seinare, skriva slik han gjer det i sitt andre brev:
"Vi var augnevitne og såg hans guddommelege velde"

Der, høgt til fjells, fekk Jesus eit høve til å gje læresveinane ein liten glimt av kven han eigentleg var. Han som alle oppfatta som snekkarsonen frå Nasaret, var noko heilt anna.
"Vi var augnevitne og såg hans guddommelege velde" 
Peter, Jakob og Johannes hadde eit fabelaktig syn der på fjellet. Dei såg at den sveitte og trøytte Jesus brått endra seg langt meir radikalt enn om det hadde stått eit moderne dusjkabinett klar til å vaske bort alle spor av sveitte og slit frå fjellturen.
"Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset" (Matt.17,2)
Guddommeleg velde kallar Peter det for når han skriv brev om hendinga lenge, lenge etterpå.


Vi kan i dag seie at dette bokstavleg tala måtte vere oppfyllinga av bøna om velsignig som vart beden i synegogegudstenesta den gongen, og som skal avslutta denne seremonien ute på gravkanten om litt; den Aronittiske velsigninga:
Herren velsigne deg og vare deg!
Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!
Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred! (4,Mos.6,24-26)
Eit skinande andlet. Eit åsyn som var oppløfta og opphøgd. Det guddommelege var nærværande. Læresveinane var ikkje berre høgt til fjells. Dei var nesten i himmelen. Dei fekk sjå ein liten glimt av det guddommelege. Men den vesle glimten var meir enn nok til å spikre fast eit inntrykk av noko utfatteleg vakkert, noko som var med på å gjere trua deira tryggare,og vitnemålet om Jesus endå meir overtydande, når dei seinare skulle fortelje verda om kven Jesus eigentleg var.

For ein fjelltur Peter og dei to brørne Jakob og Johannes hadde!
Jesus med guddomelege velde. Til og med Moses og Elia fekk dei sjå.
Og som om dette ikkje var nok. Gud tala direkte til dei. Guds stemme frå det høge. Guds vitnemål om han som stod framfor dei og glitra i sin guddomelege velde:
"Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede"

Visst kan det vere tungt og slitsamt å gå i motbakkar. Men utsynet som møter oss på toppen gjer oftast til at vi gløymer strev og slit for å koma oss opp.
Til og med dødens motbakke kan vere til å halde ut når vi veit at på toppen vil Jesus openberre seg for oss. Vi får sjå han slik han verkeleg er.

Augo våre speidar etter det guddommelege. Vi vil så gjerne sjå eit vakkert syn som kan styrkje trua vår. Finst det eit fjell vi kan stige opp på og koma nærare Gud? Der vi ser Jesus tydelegare? Guddommeleg velde. Kvar finn vi det i vår eiga tid?


Eg trur at det beste vi kan gjere er å lytte til dei som verkeleg har sett. Jesus tok dei til sides, dei tre, for at berre dei skulle få dette synet. Dei skulle få noko dei kunne bere fram vitnemål om. Vitmål til styrke for trua. Både deira eiga tru, og trua til dei som seinare les som det som hende. Ikkje klokt uttenkte myter, eller som det tidlegare stod: oppdikta eventyr, men ei verkeleg hending.
Jesus har aldri lova deg og meg ei openberring av det guddommelege. Men han har lova å vere nær oss. Nær i kvardagen vår. Nær oss når vi strevar i motbakke. Nær når døden vert ein røyndom som kjem tett inn på oss. Nær når vi græt i sorg over våre kjære. Og så har han lova å velsigne oss. Måtte du som kjenner på sorga og saknet i dag få oppleve at Gud høyrer bøna som ligg i velsigninga presten ber ned over kyrkjelyden på kvar gudsteneste, og etter kvar gravferd:

Herren velsigne deg og vare deg!
Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!
Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!
   (4,Mos.6,24-26)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv