torsdag 4. juli 2019

Grøda er stor


4. søndag i treeiningstida. III. 07.07.2019
Åsane kirke
Matteus 9, 35-38


Kjære Åsane menighet.
Det er alltid eit privilegium å stå ansikt til ansikt med forsamlinga som fyller opp kyrkja her i Åsane. Slik det er eit privilegium å sitje på ein behageleg stol i denne kyrkja og vere ein del av dei som finn vegen hit for å møte den treeinige Gud når vi samlast til gudsteneste.
Fordi Åsane er ein kyrkjelyd der det er mange som bur, er vi heldige som så å seie alltid samlar ein så pass stor flokk på søndag føremiddag at det ikkje kjennest tomt i kyrkja. Ingen kan kome hit og tale om tomme kyrkjebenkar.

Mens samstundes som det er slik, må vi være så pass ærlege med oss sjølve at vi innrømmer: Vi burde vore mange fleire her. Om vi samlar 100 eller 200 eller 300 eller av og til 400 menneske til gudsteneste kvar søndag, så er det berre ein ørliten prosentdel av alle som bur her, i eit av dei største kyrkjesokna i landet. Det bur meir enn 22 000 menneske i Åsane sokn. Vi har over 17 000 medlemmer i Den norske kyrkja

Eit av dei aller minste sokna i landet ligg også her i Åsane prosti.
Det er Bruvik på Osterøy.
Der har kyrkja vår rundt 300 medlemer. I 2018 var det gjennomsnittleg 54 personar på kvar gudsteneste i Bruvik. Det er ca. 18 % av medlemstalet. Skulle vi hatt tilsvarande tal i Åsane, måtte over 3000 menneske møtt fram til gudsteneste kvar søndag. Det er eit stykke dit enno!

Likevel – det er eit stort privilegium å vere her. Arbeide her. Vere ein del av fellesskapet. Og kunne vere vitne til at det spirer og gror. Det må vere lov å gle seg over at det trass alt veks. Mange stader i våre kyrkjer peiker pilar nedover. I Åsane peikar dei oppover.
Som prost er eg stolt over medarbeidarane som gjer teneste her. Ein visjonær sokneprest. Eit strålande team rundt han av kyrkjelege og administrative medarbeidarar. Glitrande musikarar. Flotte songarar. Og ikkje minst: Mange trufaste kyrkjefolk som møter fram og tek del i lovsong og tilbeding når vi samlast til gudstenester.

På ein feriedag, midt i ein klissvåt vestlandssommar, trur eg vi kjenner litt på dette, vi som er her i dag på kanskje den tynnast befolka gudstenesta i året, utan så mykje som ein einaste barnedåp ein gong: - Det er godt å vere her. Takk til dykk som kom for å vere i saman!

Kva er det vi er saman om?
Kva er det som fører oss i hop?
Eg tenkjer at svaret er: Fellesskap. Kyrkja er eit fellesskap. Men ikkje eit tilfeldig fellesskap. Ikkje slike tribuneslitarar som f.eks Terje B og eg som også har eit fellesskap med mange ukjende som heiar på Brann på Stadion. Fellesskapet i kyrkjelyden stikk heldigvis djupare enn som så.

Fellesskapet vårt er eit fellesskap rundt mannen som for to tusen år sidan vandra rundt i byane og landsbyane i Israel. Fellesskapet rundt Jesus.
For ei dryg veke sidan las eg gjennom avsnittet frå Matteusevangeliet som er preiketeksten på denne søndag. Eg har sjølvsagt lese det mange gonger før, men aldri hatt det som utgangspunkt for ei søndagspreike. Eg drog litt på skuldrene, og tenkte med meg: Har dei ikkje meir utfordrande bibeltekstar til ein sommarsøndag i kyrkja enn denne?

Det står noko om at Jesus gjekk omkring. Han underviste. Han var i synagoga. Han forkynte. Han lækte sjukdom og plager. OK – tenkte eg. Det er godt at det står slik. Men, det er liksom så lite kjøt på desse beina. Ingen underfundige, djupe ord frå Meisterens munn i desse skildringane.
Orda eg hadde lese frå evangeliet låg der og duppa i bakhovudet mitt. Det var ikkje særleg djupe inntrykk å hente frå dei. Tenkte eg i nokre dagar.

Men så fekk eg for mitt indre auga sjå Åsane kyrkjelyd. Og tankane kom til meg.
Er Åsane slike kyrkjelydsfolk som er forkomne, hjelpelause, som sauer utan gjetar?
I så fall - kven har ansvaret for det?
Kven er gjetar – hyrde, i denne kyrkjelyden?

Vel. Soknepresten har kontor vegg i vegg med meg. Dei andre prestane sit på rekkje og rad i same gangen. Litt lenger borte i gangen sit «sjefshyrden» for konfirmantane. Vi har han med oss i gudstenesta i dag.  I same gangen er det kontor for diakon og trusopplæringskonsulent også. Synleg for oss alle, ved orgelet, sit ho som leier det omfattande musikkarbeidet her i kyrkja. Og eg sjølv? Prosten si oppgåve er å leie prestetenesta …

Åsane kyrkjelyd har ein stor flokk med gjetarar. Kappene deira har litt ulik farge og fasong, så vi kan kjenne dei frå kvarandre. For dei har noko ulike oppgåver. Men dei er her. Vi er her. Og saman med gjetarane har kyrkjelyden folk som passar på papir og avtalar, som administrerer, ryddar og lagar til, eller som tek seg av pengar som flyt inn og ut.

Så langt eg har lært alle desse å kjenne, så gjer dei alle eit stort og dedikert arbeid for på ulikt vis å gjete flokken som høyrer til i kyrkjelyden. Eg er uendeleg stolt og glad over desse medarbeidarane. Ikkje minst gler det meg å oppleve at det kjem inn så mange gode ord og tilbakemeldingar frå djupet av kyrkjelyden; ord som uttrykkjer takk for det dei tilsette gjer. Aller størst inntrykk gjer det å sjå at desse tilsette og løna medarbeidarane får støtte og hjelp frå ein drøss friviljuge som stiller opp, nesten døgnet rundt. Takk – takk, til kvar og ein av dykk.

I dag les vi altså om Jesus at han vandra rundt i alle byane og landsbyane.
I dag opplever eg det som om Jesus på denne vandringa har teke turen hit, til Åsane.
Eg håpar han har hatt ei fredfull stund her hjå oss i føremiddag. Kanskje brukte han litt tid nett før lyset kom tilbake etter den korte natta, for å rusle rundt mellom gravene på kyrkjegarden vår?
Under lauvtunge tre såg han på namna på steinane. Nikka, kjende namna igjen frå dagen dei vart døypte og gjorde til hans brør og søstre. Smilte for seg sjølv; og tenkte: - For ein dag det vert når dei skal stige ut or gravene, slik eg sjølv ein gong gjorde.

Kanskje stogga han utanfor den gamle kyrkja vår? Sukka eit takknemleg sukk for at djevelskapen vart overvunnen også her då kyrkja reiste seg frå brannruinane. Slik skal kyrkja vinne til slutt, tenkte han kanskje.

Nett no tenkjer eg at Jesus er i ferd med å oppfylle ein lovnad han har gjeve. « -der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei» (Matt 18,20) sa han ein gong.
Vi er langt fleire enn to eller tre i kyrkja vår i dag. Vi er samla i Jesu namn.
Eg trur Jesus er midt mellom oss, slik han har lova. Vi ser han ikkje. Men kanskje kan du våge å sleppe hans Ande inn i livet ditt slik at du merkar hans usynlege nærvær?
Høyer du kva han har å seie oss?

Eg vil fortelje kva eg høyrde då evangelieordet hadde duppa i bakhovudet mitt i nokre dagar.
Det står der så tydeleg.
Og det er så innlysande sanne ord til ein kyrkjelyd som Åsane. Ord til ein kyrkjelyd med så mange menneske. Så mange medlemmer. Som har så mykje. Ein kyrkjelyd som i si visitasmelding til biskopen vår for nokre år sidan valde denne overskrifta: «Stor menighet – store muligheter.»

Til alle oss talar Jesus. Han er midt mellom oss no, og vil gjerne røre ved oss i sommarsøndagen. Han seier: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda arbeidsfolk ut til å hausta inn grøda si.»

22 000 innbyggjarar. 17 000 kyrkjemedlemmer. I snitt rundt 200 på gudsteneste kvar søndag. Gudstenestene er flotte. Gode. Inspirerande. Det er godt å vere i lag i denne kyrkja. Stab og friviljuge gjer imponerande innsats.
Men vi ser det alle, om vi vil sjå: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.»
Difor seier Jesus vidare: «Be då han som er herre over grøda, at han må senda arbeidsfolk ut til å hausta inn grøda si.»

Kjære Åsane menighet: Kanskje er dette utfordringa som må sitje att på denne søndagen?: Be om meir arbeidsfolk!
Eller kanskje er det også slik: Du høyrer eit kall frå han som no er midt mellom oss. Noko om at du skal vere svar på ei bøn om arbeidsfolk.

Eg sat i kyrkjebenken for nokre veker sidan og høyrde appellen frå lesepulten om at vi treng søndagsskulelærarar i Åsane. Det som då vart sagt, står ved lag.
I avisa VL sist tirsdag las vi om filosofen og statsministersonen Henrik Syse. Han arbeider som fredsforskar, er bl.a. nestleiar i Den Norske Nobelkomité. Men han er også aktiv i Fagerborg menighet i Oslo der han bur. I avisa står det å lese at han og kona var på ei gudsteneste og det vart kunngjort at menigheten hadde bruk for søndagsskulelærarar. «Det nyinnflyttede paret så på hverandre og nikket.
… Da Henrik Syse meldte seg til søndagsskoletjeneste etter gudstjenesten i 1992, visste han ikke at han fortsatt skulle være søndagsskolelærer 27 år seinere.»

I mine åtte år som prost i dette prostiet har vi hatt ei rekkje presteordinasjonar. Kanskje er det ikkje noko prosti i vårt bispedøme der det i denne perioden er ordinert fleire prestar? Men så langt eg hugsar er ingen av dei nyordinerte frå Åsane sokn. Rett nok har vel det vorte ordinerte prestar frå Åsane i andre prosti.
Men same korleis det er med det: Nett no er det ein nesten prekær prestemangel i heile vår kyrkje. «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.»

Kan du høyre utfordringa frå han som gjekk rundt i byar og landsbyar; frå han som eg med fantasi, og for mitt indre auga, har sett vandre rundt i Åsane denne søndagen?
Eg trur han er midt mellom oss nett no. Jesus utfordrar oss i dag:
«Be då han som er herre over grøda, at han må senda arbeidsfolk ut til å hausta inn grøda si.»

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv