søndag 1. desember 2019

Lysets rustning


Innsetjing av Kristin Hjertaker som sokneprest i Arna.
Arna kyrkje, 01. desember 2019

Kjære Kristin.
Det er mykje som er nytt i dag. Vi har gått inn i eit nytt år. Eit nytt kyrkjeår. Vi har lagt det gamle bak oss. Ikkje fordi det var ubrukeleg. Men tida rann ut. Slik det er ved kvar einaste årsskifte.
Vi har takka for det som var her i Arna. Vi har takka han som var her og som gjekk. Og så vi har snudd om eit blad. Ei skinande blank side lyser mot oss. Og når vi stirer mot lyset, stig det nye fram.

Vi som er her i Arna kyrkje ser ein ny prest som kjem i lag med eit nytt kyrkjeår. Ut or lyset stig du. For det var ikkje noko mørke i det som slokna med det gamle kyrkjeåret.

Lyset i kyrkja sloknar heldigvis aldri. Lyset i kyrkja fornyar seg. Det er ikkje noko batteri som må bytast. Det er eit evig lys som skal vere med oss kvar ny dag som vi får oppleve. Det er ikkje vi menneske som i oss sjølve lyser. Men vi er reflektorar frå det himmelske lyset. Vi skin, fordi han skin på oss, han som seier om seg sjølv: «Eg er lyset i verda.» (Johs.8,12)

Jesus skal skine for oss alle i kyrkjeåret som startar i dag. Kvar dag skal han skine. Kvar natt skal han også lyse, mens vi kviler. Mens vi gjennom natta ventar på at mørkret som løyner verda rundt oss desse timane skal vike for nytt morgonlys, for ein ny dag, for nye oppgåver. Alltid skin han som er «lyset i verda».

Kjære Kristin – du kjem til oss i lyset. I morgonlyset på den aller første dagen i det nye kyrkjeåret. På den første søndagen i adventstida. Du kjem til oss i ei gudsteneste der vi om litt skal lese bibeltekstane for denne dagen. Ein av dei er henta frå Romarbrevet, kap. 13. Der står det:
«Det stundar mot dag. Lat oss difor … - kle oss i den rustning som høyrer lyset til.» (Rom. 13,12)
Du kjem med lyset, for du skal vere henne som reflekterer alt det skinande og gode som verdens lys står for.
Du skal vere presten for denne kyrkjelyden, ikledd «- den rustning som høyrer lyset til.»

Prest på dei lyse og gode festdagane, som denne søndagen. Men du skal også vere presten vår når mørkret senkar seg. Over livet til einskildmenneske, eller kanskje til eit heilt samfunn.

Vi har venta på deg i denne kyrkja. I denne kyrkjelyden. Vi visste du skulle kome når ein annan gjekk.
No er vi så glade for å sjå deg. Vi tek i mot deg med forventning som har rot i det vi har høyrt om deg frå før. Du har ein betydeleg yrkeskarriere bak deg. Den er variert. Den er delvis kyrkjeleg.
Men presteansienniteten din er kort. Dette er di første faste stilling som prest som du går inn i når du har komen i ein godt vaksen alder. Vi trur du vil stå fram med alle dine sterke sider og verte til velsigning i Arna kyrkjelyd.

No stig vi inn i den nye dagen. I det nye kyrkjeåret. I lag med deg som er vår nye prest. Måtte det verte ei verkeleg lystid vi går inn i saman med deg, midt i vår vinterlege mørketid.
No vil eg be deg om å knele på altarringen, slik at vi kan få leggje deg og tenesta di fram for Gud i bøn.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv