torsdag 3. september 2020

Meir enn vi fortener

 

Vingardssøndagen I. 06.09.2020
Matt. 20, 1-16
Åsane kirke

 Likninga om arbeidarane i vingarden.

Vi har høyrt dette mange gonger før. Eg har tala over dette temaet ei rekkje gonger. Før denne søndagen las eg gjennom fleire av preikene eg har halde over temaet, og det meste har dreia seg om fokus på to ulike sider som likninga gjer aktuell:
Anten: Kallet til å vere ein medarbeidar i Guds rike.
Eller: Er ikkje Jesus urettferdig når han gjev same løn for ulik mengde arbeid?
Dette er heilt relevante tema å leggje ut om på denne søndagen.
Eg vil også i dag kome inn på dei.

Men framfor dagen i dag oppdaga eg likevel noko nytt. Eg las nøyare den teksten vi alle høyrde lese frå profeten Jesaja tidlegare i denne gudstenesta.
I min Bibel har denne fått overskrifta: Herren vaktar vingarden sin.
I desse orda frå GT handlar det ikkje om arbeidarane i vingarden, men om sjølve Vingarden.

Ei første tilnærming eg vil gjere i dag, er difor å identifisere Vingarden.
Den som Herren vaktar.
Den som vi er sende ut i som hans medarbeidarar.

 Kva er Vingarden som treng arbeidarar?
Det er aldeles opplagt at Jesus ikkje har bruk for folk til å sanke druer her i Åsane. Men han har bruk for folk. Han har bruk for arbeidarar.
Og Jesus treng sjølvsagt arbeidarane vi høyrer om til å gå inn i teneste i kyrkja vår. 
Eller rettare: I kyrkjelydane våre.

Vingarden er den kristne kyrkja. Lokalt, men òg i den store verdensvide samanhangen.

Men akkurat no vil eg seie til kyrkjelyden her i Åsane: Tenk om vi som gjerne vil vere hans tenarar her i Åsane med opne hjarto kan lese hjå profeten Jesaja. Der står orda om Vingarden, som altså er orda om  kyrkjelydane våre:
«Eg, Herren vaktar han og vatnar han til alle tider»

Herren vaktar og vatnar han, står det. «Han» – det er vingarden.
Herren vaktar og vatnar kyrkjelyden, forkynner GT på denne søndagen.

Ja visst: Er det nokon stad kyrkjelydane og kyrkjehusa og arbeidarane vert vatna, så må det vere her. Her i regnversbyen. Han vatnar og vaskar oss. Regnet strøymer i tide og i utide, synest vi. Maktar vi å kjenne også det som noko godt?

Tenk på det neste gong du står utan paraply i denne byen, og skyene tømmer seg over deg.
Kanskje kan du hugse ordet frå den gamle profeten om at Herren vaktar og vatnar?

Men Vingardsherren gjer meir enn å vatne. Han vernar oss også.
Og han velsignar oss.
Han velsignar ved å vatne.
Han renner sin Ande ut over tenarar. Over kyrkja. Kyrkjelydane. Over deg og meg.

Eg trur at vi er glade i kyrkjelyden vår. Alle saman. Glade i Åsane kyrkjelyd og i Åsane kyrkje. Kyrkja midt på torget. Kyrkja i denne svære kyrkjelyden. Kyrkjehuset som i haust får nye, flotte naboar. Vi vert omringa av kultur og skule, av idrett i gigaskala. Av nye gedigne uteområder som gjer at bilar må vike for park og skulptur.

Dette er vår stad. Dette er vår kyrkjelyd. Dette er vår vingard.

Samstundes er Vingarden, kyrkjelyden, ei gåve til å bu i, ein stad til å leve ut fellesskapet som kristne og som truande.

Til alle oss som bur her, som høyrer med i kyrkjelyden, lyder kallet frå Jesus: Eit kall til å tene.

Men han som kallar oss til teneste, kallar oss ikkje til ei einsam nattevakt i mørke, kulde og storm, eller i bergensregn.
Han er med oss på vakta. Han er med oss i tenesta i Vingarden.

Herren vaktar vingarden sin, lyser med raud skrift i min Bibel over dern teksten vi høyrde lesen frå profeten Jesaja. Nokon i Bibelselskapet har skrive denne overskrifta.

Men profeten skreiv altså desse orda om vingarden: «Eg, HERREN, vaktar han og vatnar han til alle tider. Eg vaktar han dag og natt så ingen skal skada han.»

Når Herren sjølv ser til si kyrkje; når Herren sjølv har si vernande hand over, under og rundt  sine døypte og sine truande, då er det inspirasjon for alle oss som går ut på vingardsmarka i lag med dei andre i kyrkjelyden, i lag med alle som byggjer kyrkjelydar i tru og tilbeding, med eller utan ordinasjon, med eller utan løn. Saman med oss er Herren. «Eg vaktar han dag og natt så ingen skal skada han.»

Vi ser Vingarden.
Vi kjenner kyrkjelyden vår.
Tenesta er er stor. Løna er stor.

Men størst er Vingardseigaren; han som ropar på oss. Men som også vaktar oss dag og natt så ingen skal skade oss.
Det er han som heile tida går ut. Tidleg om morgonen. I den tredje timen, i den sjette timen, i den niande timen og i den ellevte timen. Heile tida søkjer han medarbeidarar. Heile tida spør han om nokon vil gå ut og arbeide for han.
Men merkeleg nok ber han ikkje om attestar. Om eksamenspapir. Han leitar ikkje i bakgrunnen og fortida til dei som står der.
Berre dette: Gå bort i vingarden, de òg.
Difor må vi alle tenkje gjennom dette: At Gud tilsynelatande kan bruke alt og alle.

Han kallar oss. Han kallar på deg. Han lovar til og med at vi skal få løn.
Men hans lønspolitikk er det uråd å hoppe heilt bukk over.

Er Jesus urettferdig? Vi kan ikkje unngå å ta opp eit slikt påtrengjande spørsmål som melder seg i møtet med evangelieteksten. For oss som vaks opp med Gerhardsen & Co, er denne måten å avløne arbeidarar på som teksten legg fram heilt uråd å begripe.
Folk flest vert snart opphengde i avløninga.
Vi må ikkje bli verande der.

Vi må sjå på Gud som er vår arbeidsgjevar som ein som utelukkande er god.
Jesus brukar slik ord når han vert konfrontert med det arbeidarane opplevde som urettferdig:
«Har ikkje eg lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?»

Vi må altså ta inn over oss at denne teksten handlar om løn.
Kva er løna for den som tener i Herrens vingard?
Er det rimeleg med lønsskilnader i presteskapet? Eller mellom biskop og kyrkjetenar?
Er det skilnad på oss som har gudsrikearbeid som levebrød og dei som har andre kjelder til Mammon?

Enno ein gong i dag vil eg løfte fram profeten Jesaja som i si gamaltestamentlege ånd ber oss om dette: «Syng om den herlege vingarden!»

I lys av dette seier eg til meg sjølv, og til oss alle:
Reflekter over at han som ber oss om å syngje og lovprise vingarden, at han er fullstendig annleis enn andre som kallar og ropar på oss.
Eller som byr oss til å gå inn i ei teneste. Det ser vi i evangelieteksten der Jesus kallar oss vener:

Lytt til Jesu eigne ord: «Ven, eg gjer deg ikkje urett. Var vi ikkje samde om ein denar?»

Kanskje skal vi fokusere på ordet ven?
Det ligg noko inkluderande i dette ordet. Ordet som er brukt på gresk heiter hetaire. Greskleksikonet brukar også omsetjinga kompanjong. Eller kamerat. I tillegg til ordet «ven».
Vi er Jesu vener. Hans kompanjongar. Hans kameratar.
Slike ord ville vel til og med gamle Gerhardsen likt?

Arbeidarane i vingarden er vener. Ikkje først og fremst med kvarandre. Men jordeigaren kallar dei vener. Og han er god. Han vaktar vingarden sin. Han vatnar og vernar. Si kyrkje og sine vener. Sine medarbeidarar som han har kalla.

Jordeigaren er god. Og han betalar løn i samsvar med inngått avtale. Ikkje fordi han er urettferdig. Men fordi han er god. Han gjer med sitt som han vil. Og han vil gje alt det gode han har til alle. Like mykje til alle.

Gud er urettferdig god! God mot deg og meg. For han gjev oss løn når vi vil vere i teneste for han. Han gjev alle menneske det same: Evig liv i lag med han.

Slik er Gud mot den som vil vere i teneste for han.

Løna for dei som vil vere i Jesu teneste, dei som han kallar for vener, det er frelse og evig liv. Det er dette som Jesus har kjøpt og betalt for oss alle, og som vert delt ut som løn til kvar einaste som kjem for å vere med i hans vingard, hans arbeidsgjeng.

Vi måler rettferd med millimeterblikk.
Gud måler rettferd med kjærleg blikk.
Gud står ikkje ved himmelporten og sorterer ut flittige og mindre flittige medarbeidarar og løner nokre med meir enn andre når ein kjem på innersida i Guds evige rike.

I dag er Guds augo retta mot oss alle. Det er gode augo som ser på oss. Skaparaugo med skaparens forventningar. Han treng oss. Han har gjort seg avhengig av oss. Han vil løne oss. Løna kallast evig liv. Løna er det same som vi kallar nåde. Her får alle mykje; ufortent mykje. Slik sett er Gud urettferdig, for han gjev oss så mykje meir enn vi alle fortener.

 

AMEN

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv