fredag 11. september 2020

Dømmekraft og innsikt

 

15. s. i treeiningstida I. 13.09.20
Fil. 1, 9-11
Hamre kyrkje. Konfirmasjon

Kjære konfirmantar. Kjære pårørande.
Det vart haust og regn på denne dagen. Det skulle vore vår og ventande sommar. Mykje er snudd på hovudet dette året. Men noko er like vel på rett kjøl. Konfirmasjon og fest kan det vere, sjølv med regn og med restriksjonar, og berre halvfull kyrkje.
Konfirmasjon kan det vere, også med ein prest de ikkje kjenner.
Men heldigvis er ikkje presten hovudpersonen i dag.
Du som er konfirmant er hovudpersonen.
Og viktigare enn at du kjenner presten, er at du kjenner Gud.
Og aller viktigast er det at du er kjend av Gud. Det vil vi framfor alt formidle til deg i dag.
Gud kjenner deg. Ved namn. Han gjorde deg til sitt barn i dåpen. Han vil vere din gode himmelske Far for deg så lenge du lever. Gjennom ungdomstida. Inn i ung, vaksen alder. Når du stiftar familie, og når du får barnebarn, og etter kvart blir så gammal at du forstår at livet her har ei avgrensa lengde. Gud kjenner deg.

På denne konfirmasjonsdagen vil vi, som det aller viktigaste vi gjer, be til Gud for deg.

Du skal knele her på altarringen, og til Gud vil vi nemne namnet ditt.
Og så ber vi for deg med nokre korte ord.

Men på denne søndagen er det også slik at vi, og alle andre som samlar seg i kyrkjene i landet vårt, no har høyrt lese frå Bibelen, frå eit brev apostelen Paulus for lenge sidan skreiv til dei kristne i byen Filippi, ein by som i dag ligg i Hellas.
Til desse aller første kristne i vår del av verda, Europa, skreiv Paulus i brevet sitt:
«Dette bed eg om ….»

Vi las ei bøn for dei første kristne i Europa.
Vi har lese denne bøna også til dykk konfirmantar i Hamre i dag.

Ei bøn om at «kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig …. »

Fantastisk flotte ord til konfirmantar!

Bøn om at kjærleiken dykkar må bli rikare.
At de skal få god dømmekraft. Så de forstår kva som er viktig.

Eg trur mange av oss no er grundig leie av alt styret med antibac, og all handvasking, og av lite klemming, og av saknet av fotball ,og av å halde på meteren til Erna. Eg trur vi føler med dei som inne i byen vår, Bergen, i dag ikkje får ta med seg alle gjestane som var inviterte til konfirmasjonar denne søndagen, slik vi trass alt fekk lov til her på Osterøy.

Likevel må eg seie at det var oppløftande å høyre om at unge menneske er flinkare enn meir vaksne personar til å praktisere og å etterleve smittevernet som desse siste månadene er påtvinga oss alle. Dei unge har dømmekraft; dei forstår kva som er viktig. 

Dømmekraft. Vite kva som er viktig.
Eigentleg er det gamle ord. Men det er ord som er veldig aktuelle. Og så viktige at dei står i Bibelen.

I dag har vi også lese nokre endå eldre ord i den gamle boka. Frå profeten Mika.
Ord som også er gullord på ein konfirmasjonsdag:

« - kva krev Herren av deg?
Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.»
(Mika 6, 8b)

Igjen handlar det om at Gud, Herren, vil at du skal vise kjærleik.
Slik Paulus skreiv om det: «- kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt»

Og då handlar det om å gjere rett.
Kva er så rett? Til oss alle vil eg på denne dagen løfte fram det som ei samla kyrkje i landet vårt dei siste dagane har ropa til styresmaktene våre om: Det er rett å hente hit til landet vårt flyktningar frå den brannherja flyktningeleiren på Lesvos. «50 er ikke nok» er eit slagord som vi no ser gå igjen på haugevis Facebook-profilar. Også på min profil!

Eg er overbevist om at det er å vise kjærleik, rik på dømmekraft, å opne landet vårt for folk som er i desperat naud. Kristen kjærleik er for konfirmantar. Kristen kjærleik er for konfirmantfamiliar. Kristen kjærleik er for politikarar.
Vi ber i dag om at «- kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt.»

Eller som også den gamle profeten sa det: « - kva krev Herren av deg?
Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.»

Eg står her og ser dykk konfirmantar. De er pynta til fest. Og det er fest. Det er glede. Men også ein snert av alvor. Det trur eg at de også kjenner på, bak festkleda.

Eg står og ser at utanpå festkleda, bunadene, dei nye dressane, så har de også på dykk dei kvite kappene. Desse kvite kappene er eit vakkert symbol som har samanheng med det som hende, i alle fall med dei av dykk som vart døypte som små born. Då bar de ein kvit dåpskjole på dykk.
Den kvite drakta er eit symbol på at Gud gjennom dåpen, der de fekk del i alt det Jesus gjorde for dykk med si frelsargjerning på krossen, er blitt «reine og ulastelege» slik Paulus også nemner noko om i denne bøna vi har lese i dag.

I bøna er desse orda brukte om at de må «- stå reine og ulastelege på Kristi dag … »

Kjære konfirmant: Hald fast på det du fekk i dåpen. Du fekk eit levande fellesskap med din skapar og med din frelsar. Han gjorde deg til sitt barn. Han vil at du skal «- vandre audmjukt med din Gud»

Og han vil at du på denne vandringa gjennom livet skal vere fylt av kjærleik, dømmekraft og innsikt slik at du og alle konfirmantane ein gong kan
«- stå reine og ulastelege på Kristi dag … »

Til lukke med dagen, og må Gud velsigne framtida di.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv