fredag 18. september 2020

Andakt på bestilling

 

Gravferd 18.09.20  - Aud 
Møllendahl, store kpl.
Johs opb 21, 3b-4

Kjære sørgande.
Det er ikkje ofte at andakta ved ei kiste vert halden på bestilling frå den vi tar farvel med.  Men Aud ville det slik. Ho ville at orda om den nye himmel og den nye jord skulle lyde ved denne anledninga.

I minneorda som vi nettopp las, har de, hennar pårørande, sagt det på denne måten om Aud: «Sin kristne tro beholdt hun til det siste ( … ) Og himmelen ville hun ikke til. Hun håpet å få en plass på den nye jorden som Johannes Åpenbaring taler om»

Slike ord må gjerne lyde også over mi kiste når den dagen ein gong kjem.

For kva er det vi har lese som ein del av ritualet her i dag? Eg les dette i så å seie alle gravferder eg har ansvar for som prest. Og i dag tek vi det fram også som tekst i andakta:

«Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei …»

Mange, mange menneske trøystar sørgande med ord om at den døde no er i himmelen.
Men Bibelen lærer noko anna. Noko om at ein gong skal himmelen koma til oss. Himmel på jord. Ei ny jord og ein ny himmel skal nyskapast ved enden av tida.
Så skal vi som budde på jorda framleis få bu i lag med vår Herre og skapar, han som vi ber til og seier: «Vår Far i himmelen» Han kjem til den nye jorda:
«Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei …»

Korleis kan dette gå til?
Korleis skal ei ny jord kunne stå fram, nyskapt og fullkomen? Og kan det verkeleg vere plass til alle menneske som har levd på jorda sidan opphavet, når det måtte vere?

Slikt har vi rett og slett ikkje svar på.
Like lite som vi ved å lese i Bibelen finn svar på korleis skapinga skjedde.
Ingen teolog med integritet vil hevde at vitskapen ikkje er overtydande når vi får vite om evolusjon og ei tidsrekning langt bak det 1.Mosebok fortel oss.
Men ingen vitskapsmann kan likevel sløkkje den kristne trua på at bak opphavet, i starten av evolusjonen, før «the big bang» så var det ein styrande Skapar, ei allmakt utanfor det vi kjenner. Det er kyrkja si faste tru, slik vi vedkjenner det kvar søndag i kyrkja:
«Eg trur på Gud Fader den allmektige, som skapte himmel og jord»

Den kristne trua er ei tru på den Allmektige. Den kristne trua har ikkje alle svara på kvifor den allmektige ofte kan synast å vere vanmektig.
Likevel trur vi. På Skaparen. Og på Frelsaren.
Tru er overtyding om det vi ikkje heilt veit; det vi aldri kan bevise heilt sikkert.

Personleg deler eg Aud si tru på den nye jorda. På ei nyskaping av den jorda vi i vår tid er redde for at menneskeslekta rett og slett  er i ferd med å øydeleggje.
På bakgrunn av det vi kan lese i Bibelen tenkjer også eg at den himmelen som vi gjerne talar om når vi snakkar om livet bak død og grav, eigentleg er ei nyskapt jord, som på ein eller annan måte skal framstå fullkomen og i samsvar med Guds gode skaparvilje.

I vår kyrkje er det framfor alle ein person som har undervist om denne delen av teologien. Det er han som var biskop i Agder mellom 1973 og 1983. Han heitte Erling Utnem.
Det første året eg studerte teologi på MF var hans siste år som lærar der, før han vart biskop. Etter at han slutta som biskop, gav han i 1987 ut ei bok som har vore veldig viktig for alle som vil setje seg inn i dette temaet. Boka heitte «Visst skal jorden bli ny!». Det er ein stor og grundig gjennomgang av kva Bibelen lærer om dette, og eg vil tru at nesten alle som i dag er prestar i landet vårt er påverka av det som står der.

Noko av det viktigaste vi lærte i denne boka var at Guds plan ikkje er å øydeleggje jorda for så å føre dei frelste til ei heilt ny jord ein annan stad, til det vi kanskje forstiller oss som himmelen.
Eit klassisk, kort, sitat frå denne boka er kanskje det Erling Utnem i ettertid er mest kjent for å ha sagt: «
Det er ikke vi som skal til himmelen. Det er himmelen som skal hit.»

Aud håpa altså å få ein plass på den nye jorda.
Det håpar eg sjølv, for min eigen del, også.
Eg eg ynskjer inderleg at det kunne vere vårt håp for oss alle som i dag sørgjer ved denne kista.

På den nye jorda, der Guds bustad skal vere mellom menneska, der skal mykje verte annleis enn det vi kjenner i dag. Der handlar det om ei fullkomen jord. Utan synd. Utan konsekvensane av synda – f.eks alle miljøproblema vi har påført oss sjølve og jorda og fellesskapet mellom menneska. Og kanskje aller størst: Vår aller verste fiende, det som samlar oss her i kapellet nett no, døden, skal vere borte.

Vi har lese det i andaktsordet som Aud ville vi skulle løfte fram i dag.
Det er verkeleg eit trøystefullt ord som ei siste helsing frå henne:
«Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk. (…)
Han skal tørka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.»

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv