fredag 15. januar 2021

Gjev meg noko å drikka

 

3.s. i openberringstida. II. 17.01.21
Åsane kyrkje. Digitalt opptak
Jes. 55,1-3. Johs. 4,4-26

 «Gjev meg noko å drikka»
Slik startar samtalen mellom den samaritanske kvinna og Jesus. Det er desse som er hovudpersonane i dagens evangelietekst.

No er vi komne så langt at veldig mange som kjenner at kyrkja vår også skal vere vår åndelege heim, vi saknar å få kome saman. Og vi saknar å drikke når vi er i lag. Eg tenkjer både på kyrkjekaffien, men endå meir på dei små dråpane av nattverdvin som på ein så særleg måte knyter trua vår, ja, heile oss, til Jesus Kristus.

Det er no eit åndeleg rop frå ei kyrkje som lengtar etter å kome saman: «Gjev meg noko å drikka!»

På denne søndagen er det difor godt å høyre dei sterke orda som var ei innbyding og ein lovnad til Israelsfolket. Dei vart tala hundrevis av år før Jesus og kvinna frå Samaria møttes ved brønnen i Sykar.
Profeten Jesaja forkynte den gongen, og vi lyttar til orda den dag i dag:
«Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»

Vi gler oss over innbydinga. Vi lyttar. Vi strekkjer ut hender mot han som kan gje oss alt dette. Og så lengtar vi mot at det skal opnast opp igjen.

Kyrkja er ingen utestad der vi serverer i baren og  pressar oss saman i meir eller mindre lukkeleg rus.

Kyrkja er ingen utestad. Men kyrkjehusa står ute, og vi vil ha opne dører og kunne gå inn i desse kyrkjene. I den vesle vinen vi der skjenkar ut, og i det enkle brødet vi et i lag, opnar det seg eit djupt, djupt, og mysteriefylt fellesskap.
I dag er det difor vår bøn til han vi trur møter oss, nettopp i brødet og vinen:
«Gjev meg noko å drikka!»

Vi søkjer ingen rus.
Men vi søkjer å vere i lag. I lag med kvarandre og i lag med Jesus.

Profetorda er ord som viser oss at det vi har lovnad om, er det som ikkje er anna enn rein nåde.
Nåde, fordi den er ufortent.
Nåde, fordi den er gratis.
Korn. Vin. Mjølk. Utan pengar.
Kjøp utan betaling, seier profeten, mens han nemnar nettopp dei elementa vi nyttar oss av i nattverden. Brød av korn, og kanskje også av mjølk. Vinen.
Og så innbyr han oss til vatnet. Vatnet der vi vert døypte. Vatnet der vi kan gjere vårt daglege stell og vask, for å halde oss reine i det ytre.
Og vatnet som vi skal drikke når vi tørstar.

Til kvinna frå Samaria sa Jesus om vatnet ho henta opp av brønnen: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.»

Ei lengtande kyrkje, eit folk og ei verd som kjenner seg innestengde og nedstengde i pandemien, vi ropar til Gud: «Gjev meg noko å drikka!»

Høyrer du dei guddommelege orda som er eit svar til oss alle på denne søndagen?: «Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv