torsdag 4. februar 2021

Ingen annan enn Jesus

 

Kristi forklåringsdag. II. 07.02.21
Arna kyrkje
Mark. 9, 2-13

Når ein er langt nede, er det godt å kome seg opp på eit høgare nivå. Få litt utsyn og oversyn. Kanskje få auga på eit problem. Eller endå betre: Sjå ei løysing på det som er utfordrande eller vanskeleg.

Nett no trur eg mange av oss kjenner seg langt nede. Vi kjenner på utfordringar og vanskar. Det er synleg og tydeleg for oss alle her i kyrkja. Ti personar er det som har lov å samle seg til gudsteneste. Vi skulle gjerne vore 100. Eller endå fleire.

Men vi ti, vi tar kvarandre i hendene og blir med på fjelltur.
Ikkje noko tur, fysisk hand-i-hand. Men i eit trusfellesskap som heng i hop, klatrar vi opp til fjelltoppen. Trua bind oss saman. Vi har forventning til å sjå noko stort. Vi lengtar etter å sjå, og etter å møte Jesus.

Kan Jesus vere til hjelp i den tida vi no gjennomlever?
Kan han sløkkje ut potensen i smittevirusen?
Kan Jesus gjere dei sjuke friske att? Kan han hindre død og sorg?

Som kristne trur vi på ein Gud som vi i truvedkjenninga omtalar med desse orda: «-den allmektige som skapte himmel og jord.»
Likevel – også vi som trur på ein allmektig Gud, vi anerkjenner at sjukdom, liding og død er ein del av det å vere levande. Det høyrer med til mennesketilværet. Vi har ingen lovnader om at den allmektige skal spare oss frå vanskar, sjukdom eller død.
Kyrkjegarden utanfor desse veggene er full av døde kroppar. Ein gong skal det opnast ei grav, også for deg eller meg på ein slik kyrkjegard.
Vi søkjer ikkje til kyrkja for å kome unna desse realitetane.

Men med tru og i tillit til han som kom frå Gud, søkjer vi hit, til kyrkja, for å møte den einaste vi kjenner som har vist at han med kraft kan møte dette vanskelege, djupe, trugande eller mørke. Vi vil gjerne sjå han som kan føre oss gjennom det. Ikkje utanom, men gjennom. Ta oss med til den andre sida. Ut att i lyset.

I dag inviterer orda frå Bibelen oss til å dra på fjelltur. Til å gå opp i høgda. Streve oss gjennom motbakkar. Klatre i berg. Kanskje til å få skrammer på knær og albogar. Eller til og med ei rift i trua vår.

Men der oppe slår vi oss i lag med Peter, Jakob og Johannes. Desse tre aller næraste av Jesu vener og medarbeidarar, dei fekk sjå det ubegripelege. Det guddommelege opna seg for dei i eit lite glimt. Jesus vart forklåra. «Då vart han forvandla for augo deira, og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite.»

I dag skulle eg gjerne hatt god tid, god tid til å gå i djupna på dette forunderlege som hende der på fjellet. Men på denne minigudstenesta må vi berre pirke litt i det aller viktigaste
– det at Jesus viste sin himmelske herlegdom for desse tre, og at dei fekk høyre den allmektige Gud vitne og tale til dei om det aller mest sentrale å halde fast på: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

Vi menneske blir fasinerte, vi blir utfordra, ja vi kan til og med bli redde når vi vender oss til Gud, og når han så dreg til sides i liten flik av det som gøymer herlegdomen hans.
Å nærme seg det guddommelege er noko menneske til alle tider har søkt i mot. Og oftast er det då for å få hjelp. Hjelp når nauda er naken. Når problema tårnar seg opp. Når sjukdomen bryt ned. Når redsla kryp kald gjennom kroppen.

Frå dagens evangelium har vi ei forteljing som viser oss det vi lengtar så sterkt etter i vår verkelege verd. Vi står her i vår fortviling over smitte, sjukdom og død. Vi er her i vår lengt etter fellesskapet som var, i storfamilien, her i kyrkja, i fritidsaktivitetar. På Brann stadion!
Difor har vi gått dei bratte motbakkane mot det høge fjellet. Vi har streva oss fram. Kanskje snubla og teke nokre tilbakesteg.
Men vi gjev ikkje opp. Med trassig tru ser vi det skin mot oss i denne korte augneblinken, før vi skal ut or kyrkja. Tilbake til vår vesle kohort.
Men no lyser det. Og så høyrer vi røysta frå det høge: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

Kjære truande: Vi kan ikkje leve berre på slike vakre, men tunge oppturar der vi søkjer det ekstraordinære, og det himmelske. Det er ikkje sikkert vi får sjå så mykje.
Men det er mykje vi får høyre.
Vi får styrke til trua vår av å høyre frå dei som var der oppe på fjellet: «Vi var augnevitne og såg hans guddommelege herlegdom» (2.Pet.1,16)
Men vi må stige ned att til bygda ved fjorden. Til kyrkja i det låge. Vi har høyrt det som vart sagt frå det høge: : «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

Gud talar dette til oss: Høyr på Jesus. Stol på han. Hald deg til han.
«Best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.»

Høyrer du, du som er fortvila og redd: Det handlar om å halda fast på trua. Det handlar om å sjå det som opnar seg gjennom evangeliet: «-ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.»

I dag vil han ta deg i handa enno ein gong. Du skal få høyre orda. Presten les dei og talar dei, men orda kjem frå Jesus sjølv.  Vi skal lese innstiftingsorda. Etter dei guddommelege orda har lydd, skal du få rette ut dine hender og få ta mot brødet. Vinen.: «Kristi kropp, gjeven for deg. Kristi blod, utrend for deg»

Det er som eit tilsvar, eit ekko frå himmelrøysta på det høge fjellet: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

AMEN


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv