Viser innlegg med etiketten Pinse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pinse. Vis alle innlegg

fredag 21. mai 2021

Pinsekunst

 

1. pinsedag. 23.05.2021. II
Eidsvåg kirke
Johs. 14, 15-21

Kjære Eidsvåg menighet.
Vi feirar alle saman jubileum i dag. Ikkje eit rundt jubileum, men likevel. Den 23.mai 1982 vart dette kyrkjehuset vigsla av biskop Thor With. Kyrkja var smekkfull av folk. Og smekkfull av forventning. Kanskje var eg ein av dei aller mest forventingsfulle. For eg var nyutnemnd res.kap i Eidsvåg. Enno var eg feltprest på Andøya, men eg var invitert til å vere med på høgtida, og gjekk inn i prosesjonen i lag med mange andre prestar, bl.a. sokneprest Arne Brekke. Vi to var dei første prestane i den nye kyrkja.

Og så har det altså laga seg slik at eg får mi siste offisielle gudsteneste i Eidsvåg før eg blir pensjonist, nettopp på jubileumsdagen. Sant å seie er det ikkje så mange dagane sidan eg forstod at slik vart det, og det synest eg passar fint.
Mange av dei som var her for 39 år sidan er ikkje lenger mellom oss. Men det er likevel godt å sjå velkjende ansikt også frå den tida her inne, den dag i dag.

Eg er veldig glad i Eidsvåg menighet og i Eidsvåg kyrkje. Så lenge eg lever og har minne og forstand på plass, vil eg hugse den første prestetida mi her.

Og noko som sit godt festa, er det som hende mot slutten av vigslingsåret 1982, og litt inn i året 1983. Hendingar som det passar veldig godt å ta fram i dag, på denne pinsedagen.

Vi fekk noko så sjeldan som ein opprivande debatt rundt kyrkjekunst.
I avisene her i byen, i Osloaviser, og rundt i heile landet nærast kokte det. I ein kunstdebatt.


I veka som gjekk tok eg meg tid til å leite i gamle, gulna arkiv som eg har gøymt på i årevis.
Og jammen dukka det opp ei tjukk mappe med avisutklipp. Alle stader var det svart-kvitt foto av Kristusfiguren i kyrkja vår. Eit kunstverk av den store kunstnaren Gunnar Torvund.
Blasfemi, sa nokre. Jesus framstilt på uverdig måte. Ein naken Kristus, men likevel kjønnslaus. Menighetsrådet forlanga kunsten fjerna.
Det var lange underskriftslister. Og ein rasande debatt.
Eg tenkjer at det sannleg var godt at Facebook var mange tiår inn i framtida. For der kunne det verkeleg vore rom for nettrolla til å utfalde seg.

Det heile toppa seg ved årssskiftet 1982/83.
Og forløysinga på striden kan vi kanskje finne i ein stor artikkel i BT på nyårsaftan 1982.

Dåverande dosent, seinare professor, ved Kunsthistorisk institutt ved Universitetet i Bergen, Gunnar Danbolt, skreiv ein lang, innsiktsfull artikkel om kyrkjekunsten i Eidsvåg. Han opna augene på mange. Ikkje minst mine auge, og mitt sinn. Eg fekk den store aha-opplevinga.

For Danbolt viste oss at kunsten i Eidsvåg er meir enn Kristusfiguren. Kunsten omfattar også den vakre dua i gjennomsiktig akrylplast, laga av Halvdan Ljøsne.

Og dermed er vi midt inne i kyrkjeåret.
Vi har lagt bak oss Kristi Himmelfartsdag for ti dagar sidan. Og no er det pinse.
Vi har strålande pinsekunst i Eidsvåg!
Kan du sjå kva det handlar om?

Vi vender oss til pinseevangeliet vi har fått å grunne på i dag. Vi lyttar til Jesu eigne ord:
Johs.14,16-18: «Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.  Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk.» 

Desse orda har aldri vore enkle å forstå.
Men nettopp kyrkjekunsten i Eidsvåg kan hjelpe oss til å skjøna kva Jesus talar om. Til å forstå pinse. Og til å sjå samanhangen mellom pinse og Kristi Himmelfartsdag.

Gunnar Danbolt har forklart oss om Kristusfiguren, som ikkje er Jesus på krossen.

Vi ser ein gul strek bak Kristus. Som antyder ein kross. Men armane heng ned. Ikkje i krosstilling.  Danbolt seier dette: «Utsmykningen viser den lidende og døde, men samtidig levende og oppstandne  Jesus på korset, eller snarere, foran korset …. Han er allerede kommet over korsbalken med skuldrene. En enkel og virkningsfull hentydning til himmelfarten. …
I én figur har han kombinert Jesu offerdød, oppstandelse og himmelfart»
(BT 31.12.82)

Og så tar kunsteksperten Gunnar Danbolt oss inn i det som på pinsedag er mest avgjerande: Han viser oss at her i Eidsvåg kyrkje må Kristus i form av Torvunds treskulptur lesast i samanhang  med Ljøsne si due som symboliserer Den heilage ande.

Jesus, han som leid, døydde, og stod opp frå himmelen, er midt mellom oss i form av eit omdiskutert kunstverk. Vi festar augo våre på denne skulpturen nett no. Vi har sett det så mange gonger før. Tenk no at du ser himmelfarten, det vi var samla om torsdag for halvannan veke sida. Du ser Kristus som er løyst frå krossen, peikande med si venstre hand mot altaret der disken og kalken med brød og vin står klar for oss.

Men ned frå høgre kjem Anden dalande. Dua er der. Pinseunderet skjer på nytt og på nytt mellom oss kvar einaste søndag. For å sitere Gunnar Danbolt som skreiv for nesten 40 år sidan: «I det Jesus forlater sin menighet, kommer Talsmannen, Den hellige ånd, i en dues skikkelse, ned mot alteret for å gjøre Ordet levende og Sakramentet virksomt. …. Det forteller i en sum hva den kristne gudstjeneste dreier seg om.»

Igjen seier eg: Kjære Eidsvåg menighet.
Vi møter det levande Ordet når det er pinse. Vi møter den levande Gud som har sendt oss sin Ande for å vitne om den levande Frelsar og Herre, Jesus Kristus.

Det vi les frå Skrifta er Ordet som skal leve i oss. Slik at vi lever for Kristus, for kyrkja og for kvarandre.

Høyr kva som kjem frå munnen til den oppstadne og levande Kristus, han som peikar med handa si inn mot det sentrale som skjer her i kyrkja – forkynninga av ordet, samlinga rundt sakramenta.
I dag lyder det til oss: «Elskar de meg, så held de boda mine. … Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. … Ja, den som elskar meg skal eg òg elska og openberra meg for.»

Som det veldig ofte er når Jesus forkynner sitt evangelium for oss, så handlar det om kjærleiken.
Det handlar om å elske.
Elske Gud.
Elske kvarandre.

Det handlar om å gjere det som er rett. Om å halde Guds gode bod. Slik Jesus også har lært oss gjennom samtalen med den lovkunnige (Matt.22, 36-40): «Meister, kva bod er det største i lova?» Han svara: ‘ Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.’  Dette er det største og første bodet.  Men det andre er like stort: ‘ Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ På desse to boda kviler heile lova og profetane.»
Dette er ordet som skal leve i oss når det er pinse.
For dette er Guds gode vilje for våre liv. Mitt liv. Ditt liv. Kyrkja sitt liv.

Vi feirar pinse på ein jubileumsdag for kyrkjehuset vårt.
Vi feirar pinse ved å feste augo våre på pinsekunsten som prydar fontveggen i kyrkja vår.
Vi ser Anden, i form av ei due i plast, som senkar seg inn mot altar og preikestol.
Også kunsten er Guds gåve til oss på denne dagen.

Kunsten kan gjere levande. Men kunst er meir enn det vi ser på museum og i vakre kyrkjer og katedralar rundt om i verda.

I dag har vi sett kunsten som viser oss Anden i funksjon. Anden som spelar på lag med Kristus. Men korkje Kristus eller Den heilage ande er museumsgjenstandar.
 
Den Heilage Ande er levande og verksam i vår kyrkje i dag. Den Heilage Ande er Jesu talsmann inn i vår tid. Anden lever, og han viser at Jesus lever midt mellom oss.
Denne Jesu Talsmann teier aldri. Han set i gang ein himmelsk kjedereaksjon.  Ein kjedereaksjon som har kjærleiken som utløysande kraft.
Den som sjølv elskar, vert elska tilbake. Den som elskar Jesus, vert elska av Gud.

Talsmannen, Anden, han teier ikkje om kjærleiken, og om han som har synt mest kjærleik av alle, nemleg Jesus sjølv. Han som vi kan sjå framstilt for augo våre i dag, som det var for nesten 40 år sidan då kunstnaren skapte dette verket av han som leid, døydde, stod opp att som levande og til slutt fòr opp til himmelen,

Den Heilage Ande vekkjer liv i si kyrkje. Liv og kraft. Slik det har vore liv og kraft her i Eidsvåg menighet gjennom dei 39 åra vi har kunne samla oss i dette kyrkjehuset som jubilerer i dag.
Den Heilage Ande skaper kjærleik og lovsong hjå oss.
Vi er glade over å høyre til i den kristne kyrkja på jorda, den som vart fødd på pinsedagen.

AMEN

fredag 18. mai 2018

Det usynlege


Pinsedag II. 20.mai 2018     
Eidsvåg kirke
Johs 14,15-21

Det usynlege er alltid vanskeleg.
Vanskeleg å gripe. Vanskeleg å begripe. Vanskeleg å ta inn over seg. Augene våre sansar ikkje det usynlege.
Jesus var synleg mellom oss i ein kort mannsalder. Dei som levde i hans samtid såg han som barnet i snikkarverkstaden som tumla rundt føtene til Josef. Dei såg han då han som tolvåring tok innersvingen på dei gamle, lærde mennene i tempelet i Jerusalem. Eller då han vandra rundt i Galilea saman med sine nære vener. Dei høyrde og såg då han heldt taler eller gjorde under. Folkemengda rundt krossen grøssa over dei dei hadde sett og opplevd då han anda ut og mørkret senka seg over Jerusalem på langfredag. Og med truande vantru var det til og med nokre som såg han etter oppstoda. Tomas fekk endå til leggje hendene i sårmerka til Jesus etter hans oppstode.

Historia om den synlege og levande Jesus går an å begripe. Vi har så mange vitne om det som hende. Slik vi har vitnemål om andre historiske personar. Men knapt nokon historisk person så langt tilbake i tida er så godt dokumentert som Jesus.

Vanskelegare vert det når Jesus etter kvart vert borte.
Vi ser han ikkje lenger. Jesus sa det sjølv: «Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger.»

Det usynlege er vanskeleg.
Difor er også pinse vanskeleg. Vanskelegare enn jul.
Vanskelegare enn påske.
Difor er det ei lett oppgåve for journalistar å intervjue folk på gata om pinse og få fram ei endelaus rekkje av folk som synest å vere heilt blanke om kva denne høgtida handlar om.

Jesus seier sjølv kva dette handlar om i dei orda vi har lese i lag: «Sanningsanden som verda ikkje kan ta i mot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje.»

Det er pinse i vår kyrkje enno eit år. Vi feirar den vanskelege festen for det som er lite kjent i vår kristne tru. Det som er vanskeleg å forstå. Og for mange: Også vanskeleg å tru. Det usynlege.

Fordi dette er vanskeleg, er det godt at Anden sjølv har lagt ord i munnen på menneske med formuleringsevne, med lyrisk sans og skaparkraft i språket. F.eks gjeld det den svenske salmediktaren Anders Frostenson som har skrive ein av dei salmane som har dei aller enklaste orda og dei aller enklaste bileta. Men gjennom desse korte salmeversa forklarar han det som er så vanskeleg:

Vinden ser vi ikke,
men vi merker den,
snart som stille susing,
snart som storm igjen.

Ånden ser vi ikke,
men hans stille røst
taler i vårt hjerte
både tukt og trøst.

Fra vår Gud i himlen,
ham som ingen ser,
kommer Ånden til oss
og et under skjer.

Pinsa er usynleg. Som vinden. Som stormen. Som pusten.
Likevel er pinsa verkeleg. Steng for lufta når du skal puste, så vil du kjapt merke at det usynlege er livsviktig.

Vi som er ein del av den kristne kyrkja på denne pinsedagen, vi er alle av dei som vert kalla for Guds born. Gjennom dåpen fekk vi Gud til Far og Jesus som vår bror. Gjennom dåpen fekk vi den same Heilage Ande som vart utrend over læresveinane den første pinsedagen. Gjennom dåpen kjem Jesus nær oss og vil vere nær oss i vår kvardag.

Jesus er nær oss ved sin Heilage Ande. Vi kan ikkje sjå han, men vi opplever verknadene av at han er her. Det er som med vinden. Vi ser ikkje vinden, men når stormen ular høyrer vi lyden og vi ser verknaden når trær bøyer seg og bølgjene slår. Det er som med pusten. Vi ser ikkje vår eigen pust, men når pusten vert hindra, merkar vi det på ein dramatisk måte.

Slik har også Anden sine verknader i vårt kvardagsliv som kristne. Anden skal rettleie oss, undervise oss, syne vegen til Gud for oss. Anden skal overtyde oss om synd og Anden skal peike på at Jesus er den som kan bere syndene i vår stad slik at denne børa ikkje vert til hinder for ein open veg inn til Gud.

På pinsedag vart desse verknadene av Anden dramatisk demonstrert. Peter stod fram og heldt ei mektig tale som resulterte i at dei som høyrde på kjende at det stakk dei i hjarta fordi dei skjøna at dei bar på synd i seg. Dei kom i syndenaud og ropa: ”Kva skal vi gjere?” Og meldinga tilbake frå den åndsfylte Peter var at dei skulle omvende seg og la seg døype. (Apgj.2,14ff)
Andens verknad var ikkje først og fremst lyden av ein sterk vind eller tunger av eld som sette seg på læresveinane. Det var ytre teikn som manifesterte seg den eine gongen. Den viktigaste verknaden av pinseunderet var at dei mange som var samla i Jerusalem kunne forstå læresveinane fordi dei talte framande språk slik at alle fekk høyre om Herrens storverk på sitt eige tungemål. (Apgj.2,11)

Det er når slike opplevingar vert levande for eit menneske i vår tid, at vi merkar at Anden pustar sin livgjevande varme også inn i våre liv.

Når Ordet frå Bibelen vert levande for oss slik at Skrifta vert opna og vi ser Jesus stige fram frå Bibelens sider, ikkje berre som ein litterær figur, men som ein lys levande Frelsar, som ein omsorgsfull bror og som Guds eigen son som tek oss ved handa for å leie oss på vegen til vår heim i Guds rike; då er det pinse anno 2018.

I hundrevis av år har dette hendt, på nytt og på nytt i vår kyrkje. I generasjon etter generasjon har Jesus vorte forkynt slik at folk har forstått kva dette handlar om. Ikkje gjennom veldige under og teikn. Men ved at Talsmannen har kviskra det udøyelege Ordet om Jesus i våre øyro og i vårt hjarte og slik tent ein usynleg flamme av tru i oss. Vi har kjent at vi er ikkje åleine. Vi er ikkje som foreldrelause born. Difor ber vi ”Vår Far”. Og sjølv om vi ber til ein Far som er i himmelen, så er han samstundes så nær at vi kan kjenne pusten hans. Anden hans. Den Heilage Ande.

Jesu avskilsord til læresveinane er sanne også for deg og meg: ”Eg kjem til dykk”.

Er dette berre fjern teori for deg som lyttar til desse orda?
I så fall vil eg seie til deg, kjære kyrkjegjest: Så lenge du går i lange bogar utanom dei stadene der du har sjanse å kome nær Guds ande – eg tenkjer på kyrkja og på Bibelordet eller på den private bøna, - så lenge vil all tale om Andens gode kraft og Andes rike frukter aldri verte meir enn tørre, og i beste fall interessante, ord. Men vågar du å opne deg for bodskapen, å lytte og å be ei forsiktig bøn om at Anden må kome på innsida av livet ditt, då kan store ting snart hende.

Tenk deg at du er ute og går i sterk vind. Du har på deg ein stor frakk eller kåpe. Dersom du knappar frakken tett om deg, surrar beltet stramt til rundt livet og krøkjer deg i hop, merkar du lite til at du har eit slikt plagg på deg. Men opnar du kåpa og brettar henne ut, fungerer plagget omtrent som eit segl. Vinden tek tak i deg og fører deg av garde. Har du då medvind, kan det til å med verte lettare å gå.

Når vinden frå Vår Herre vil ta tak i deg, går det an å knappe så tett igjen at vi vert lite påverka.
Slik skulle det ikkje vere. Som kristne vil vi vere djerve og dristige. Vi vil ut i vinden. Kjenne at Gud ruskar i oss, og oppleve spanande seglasar i frisk vind.
Men vi treng ikkje uroe oss for å havarere. Gud held si hand over oss. Han fører oss trygt gjennom stormar og motgang. Han trøyster og stør oss.

Men han kallar heile tida på oss. Han vi ha oss i teneste for seg. I teneste for kjærleiken. Han vil at vi skal elske og tene. Halde boda hans og lever nær han. Då ber vi det som Bibelen kallar Andens frukter. Kjærleik, glede og fred står det om i Galatarbrevet (Gal.5,22)

Det hender i dag også. I 2018. Framleis renner Gud ut av sin Ande. Det er spanande ting som følgjer med for den som vil ta mot av dei gåvene Gud auser over si kyrkje. Livet nær Gud, livet i Anden, er eit liv i overflod på gode opplevingar i lag med Jesus, vår bror.
Han er i dag hjå sin Far i himmelen. Samstundes er han ved sin Heilage Ande nær i livet til deg og meg. Vi vil ikkje dra oss unna dette livet, men i staden opne oss for gåvene han gjev oss, ta i mot dei og bruke dei i teneste for han og for vår neste.
Då vert det framleis ei velsigna pinse for oss alle!
AMEN.

mandag 9. juni 2014

Talsmannen

2.pinsedag I. 09.06. 2014
Valestrand, Osterøy
Johs.16, 5-11

Preike i høve at sokna på Osterøy er overførte frå Nordhordland prosti til Arna og Åsane prosti

«Det er det beste for dykk at eg går bort»
Kven er det som talar slik?
Det kan høyrast som ein litt snurt bedriftsleiar som får refs frå eit bedriftsstyre. Han blir så opprørt over dette at han vel å ta sin hatt og gå. På dagen.
Slik har det kanskje vorte uttrykt på Stadion inne byen òg. Både store søner frå denne øya og rappkjefta nordlendingar har meir eller mindre friviljug vorte sende på dør når motgangen kom mellom tribunane. «Det er det beste for dykk at eg går bort» Så gjekk dei, og ingen betre kom inn i staden!
Eller kanskje er det prosten i Nordhordland som frå garden sin, klemt der oppe mellom flotte, høge sognefjell og sjølvaste Sognefjorden, synest han har rikeleg å styre med? Då får Osterøy berre fare, og han kan trekkje seg tilbake til kontoret i Knarvik og regjere over alle prestane på øyar og holmar og skjær nordom Osterfjorden.
«Det er det beste for dykk at eg går bort» No går han, prosten i Nordhordland. Så får vi sjå om det kjem noko betre i staden frå Arna og Åsane.

«Det er det beste for dykk at eg går bort» 
Orda vi har høyrt har sjølvsagt eit heilt anna opphav og ein heilt anna bakgrunn.
Vi har samla oss til gudsteneste, og det er pinse.
Det er pinse, og som alltid elles i vår kyrkje er det Jesus som er hovudpersonen.
Men i dag er det som om hovudpersonen stig litt til sides for å la oss ana noko av det ubegripelege – nemleg at Jesus kan stå fram mellom oss i ulike skapnader. No presenterer han seg for oss ved å introdusere det vi gjerne omtalar som den tredje personen i den guddommen Jesus sjølv er ein del av. Vi får høyre om Talsmannen. Talsmannen som rett og slett er eit anna namn på Den Heilage Ande.
Om Talsmannen seier Jesus: ”- når han kjem, skal han gå i rette med verda og vise henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er..”

Kva er det Jesus er ute etter å seie oss i dag?
For å forstå det, må vi enno ein gong gå tilbake til desse merkelege orda:
«Det er det beste for dykk at eg går bort»
Med forunderlege ord talar Jesus til sine næraste vener for å forklare dei det som ikkje kan forklarast skikkeleg med vanlege ord. Han seier eigentleg: Det er best at eg går bort, for då kjem eg dykk så mykje nærare.
Jesus vil være nær oss. Han vil kome så tett inn på oss at vi forstår dei verkeleg grunnleggjande spørsmåla i livet; dei vi lett skubbar til sides; dei tinga vi helst ikkje vil snakke om: synd – rettferd – dom.

Og for å kome tett inn på Jesus treng vi ikkje reise langt av garde. Vi treng ikkje flybillett til Israel eller adresse i Jerusalem. Når vi vil møte han, kan vi samle oss kvar som helst, anten det er i 250-metersskogen her i Valestrand, i den gamle kyrkja på Hamre eller i den splitter nye som reiser seg rett på andre sida av fjorden, i Knarvik, der eg bur. Same kvar vi er, så vil han kome veldig nær kvart einaste menneske.
Berre ein ting hindrar han i å kome tett på oss, og det er vår eigen reservasjon og redsel for å sleppe han nær oss.

Jesus kjem nær oss fordi han har ein Talsmann som alltid er her. Ein talsmann, eller ein advokat, er ein som talar på vegen av oppdragsgjevaren.
Når Jesus i vårt tekstavsnitt forklarar læresveinane sine at det skal kome nokon som skal fylle tomrommet etter Jesus når han ikkje lenger er synleg til stades mellom dei, så er det eit forvarsel om det som skal skje i pinsa vi eigentleg høyrer om. Talsmannen Jesus nemner, det er Den Heilage Ande. Anden som skulle fylle læresveinane med kraft, innsikt og forstand når det etter kvart vart pinse for aller første gong.
Denne Heilage Ande, Talsmannen, skal vere tett på Jesu vener når Jesus sjølv ikkje lenger er mellom dei. Slik han faktisk også er det i ei levande kyrkje i dag.

Nesten kvar søndag døyper vi born i gudstenestene våre. Det aller første som hender etter at eit barn er døypt, er at presten legg handa på barnehovudet og seier: ”Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, gjort deg til sitt barn, og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd….”
Ved dåpen flyttar Talsmannen , Anden, inn i våre liv.
Han er her på vegne av Jesus. Han er her med ei heilt særleg oppgåve.
Han skal vise verda kva synd er, kva rettferd er, kva dom er.

Mange synest dette er lite aktuelt. Det er uinteressant for dei fleste. Avisa Vårt Land kunne sist onsdag over heile første sida fortelje at snart veit ingen lenger kvifor vi feirar pinse.
Om du er ein av dei dei som veit lite om pinsa, så prøv å ta dette med deg no:
Pinsa er ei fest fordi vi tek innover oss at Jesu lar seg representere i vår tid. Han er her midt mellom oss no. Ved sin Ande. Ved sin pust. Han møter oss og har noko viktig å fortelje oss, noko som angår alle som lever i 2014:
Han skal vise verda kva synd er, kva rettferd er, kva dom er.
For Jesus er dette så viktige spørsmål at han listar dei opp som dei første tinga Talsmannen hans skal lære oss noko om.

Kva er det då som er synd?
”Synda  er at de ikkje trur på meg” seier Jesus.
Synd er altså det som skaper eit skilje mellom menneska og Jesus. Mellom menneska og Gud. Det er ingenting som gjer det så grunnleggjande som vantru. Å ikkje trur på Jesus, det er den store synda. Verre enn mange andre store synder som vi kvar for oss er i stand til å gjere når vi er egoistar, når vi er sjølvopptekne, når vi snyt på skatten eller når vi råkøyrer med bil. Vantru er verre enn det vi er ein del av når vi som samfunnsmessig kollektiv syndar ved miljøkriminalitet, krigar, undertrykking eller overgrep. Ingen ting  av dette, heller ikkje noko anna av alt det som kallast for synd fordi det er brot på eit av dei ti bodorda, skal orsakast eller takast lettvint på.
Men Jesus vil likevel lære oss: ”Synda er at dei ikkje trur på meg”.
På same måten seier Jesus noko om kva som er rettferd. Også dette er eit slikt ord som ikkje er det første vi finn på å søkje etter når vi skal prøve ut Internett på ein ny PC. Og sant å seie uttalar Jesus seg temmeleg kryptisk nå han skal forklare kva som er rettferd: ”Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger” seier Jesus.

Slik eg tolkar dette, så trur eg Jesus vil seie oss noko om at det ligg ei innbyding i at vi får kome til vår himmelske Far. Slik den rettferdige og fullkomne Jesus får kome til sin Far i himmelen, slik skal dei som er rettferdige fordi dei trur på Jesus også ha ein heim der. Den som er rettferdig ved trua på Jesu har ein open veg til Gud. Slik Jesus går til sin Far, slik skal vi også kunne gå til han vi ber til og med Jesu eigne ord kallar for ”Vår Far, du som er i himmelen.”

Det siste Jesu nemner som Talsmannen si oppgåve, er at han skal lære oss kva dom er. Det er  at ”han som herskar over denne verda er dømd”.
-han som herskar over denne verda  - Hovdingen over denne verda - som det tidlegare var omsett; det er den vonde sjølv. Det er djevelen. Han som vi i vårt dåpsrituale seier at vi forsakar.

Vågar vi å ta inn over oss den triumf det eigentleg ligg i dette?
At vi som kristen kyrkje skal få kvile i at alle gudlause og djevelske system og maktapparat som vi ser i verda rundt oss, dei er dømde til undergang av Jesus sjølv. Det er så mangt som kan trollbinde våre augo; så mangt som vert retta ut mot oss av herskaren eller hovdingen i verda for at vi skal tru at her ligg lukke og framtid gøymd. Men det viser seg å vere eit bedrag.
Den endelege og store dommen skal vere over vantrua, over urettferda og over han som herskar over denne verda.
I denne dommen ventar ei frikjenning for dei som trur.
 For dei som med eit hjarta som bankar i forsiktig tru stig vi inn i tida etter pinse også dette året.

Må Gud ved sin Heilage Ande gje deg tru på Jesus så syndene dine kan gøymast ved foten av krossen hans.
Må Gud ved sin Heilage Ande vise deg kva rettferd er slik at du i tru og tillit til Jesus kjempar for den her på staden du bur, i kyrkjelydane på Osterøy som no er ein bit av Arna og Åsane prosti.
Må Gud ved sin Heilage Ande vise deg kva dom er – at herskaren over denne verda er dømd, men at du ved trua på Jesus skal gå frikjend gjennom dommen. Gå gjennom dommen og inn til Far – der også Jesus er, mens hans Ande er her, mellom oss.







Bloggarkiv