Viser innlegg med etiketten Preiker. Adventstida. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Preiker. Adventstida. Vis alle innlegg

torsdag 1. desember 2022

Forventning

 

2. s. i adventstida. I - 04.12.2022.
Eidsvåg krk
Johs. 14,1-4

Kjære kyrkjefolk.
Heime hjå oss har vi to som lever og bur i lag fleire gonger snakka litt saman om ein trend som vert meir og meir tydeleg.

Folk som er yngre enn oss, og som år for år skaper sine eigne tradisjonar i førjulstida, ser ut til å ha dårleg tid fram mot jul. Det verkar som om dei ikkje kan vente til at det skal stå 23. eller 24. eller 25. desember på kalenderen. Det er full fres i juleaktivitetane ein månads tid før. Og så er ein kanskje ferdig med feiringa allereie i romjula.

Dette er relativt nytt, og det verkar å få ytterlegare fart på seg for kvart år som går.
Avisa Vårt Land kommenterte det på leiarplass i veka som gjekk. Der kom det fram noko om at kyrkja ikkje må avgrense folk si begeistring og iver etter å gå inn i ei kristen høgtid.  
Det er sjølvsagt rett.
Samstundes tenkjer eg at kyrkja så absolutt bør stå fram som ein korreksjon og ei motvekt til den umåtelege kommersialiseringa og forflatinga av den kristne høgtida som samtida vår klart og tydeleg er inne i. Når eit seriøst forlag i landet vårt marknadsfører Charles Dickens «A Christmas Carol» som verdens mest berømte juleforteljing, har dei gått glipp av noko. Noko som vi faktisk ser på som utgangspunktet for vår tidsrekning. Vi lever i året 2022 etter Kristi fødsel! Forlagsfolka har sikkert ein Bibel i sine hyller. Den mest kjend juleforteljinga finn dei i Lukasevangeliets 2. kapittel, om dei skulle vere i tvil.

Mange kristne er urolege for tida vi lever i. Urolege for framtida vi ser kome mot oss. Urolege for kyrkja sin plass i den framtida.

Men på denne adventssøndagen blir vi som finn vår plass i ei kyrkje, velsigna med ord frå Bibelen som er av dei dei aller beste orda frå Jesu eigen munn. Ord til alle som er urolege. Som er redde. Redde for framtida. Redde for kyrkja. Redde for sekulariseringa. Redde for verda si framtid. Redde for krig. Redde for klimakollaps.

Ordet frå Jesu eigen munn.  Sit deg godt til rette på stolen din no og ta det inn over deg. Gled deg over det som Jesus seier til oss:
«La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»

Vi ville så gjerne at alle dykk som tok tilflukt i dette kyrkjerommet på ein elles så hektisk og travel førjulssøndag nett no skulle få kjenne litt på det rolege. Det trygge. På dette uforklarlege og forventningsfulle som knyter seg til det å være nær Gud.
Vi vil så gjerne løfte dette fram til kvar einaste kyrkjegjest i dag. Ung eller gamal. Det er ord til oss alle. Ingen skal kjenne at dette er mynta på sidemannen. Dette er til meg. Til deg: Ordet frå Jesu eigen munn: «La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»

Det er veldig mange forventningar til desse dagane og vekene vi er inne i nett no. Eg er sikker på at noko av det vi har aller mest forventning til er eit ord på fire bokstavar: FRED!

Vi ser på det som hender i Ukraina. Vi vert fortvila når vi høyrer om snø og kuldegrader og mangel på straum midt i bomberegnet. Vi hugsar gamle historiebøker med uskarpe foto frå skyttargraver i same området for over 100 år sidan. No dukkar tilsvarande bilder opp på våre TV-skjermar. Vi kjenner på apati og hjelpeløyse. Mange er redde.
Snart er det jul. Då skal vi høyre eit ekko frå englane på Betlehemsmarkene: Dei som song om fred på jord.

Fred. Fred utan krig, Men også: Guds fred – den lengtar mange av oss etter.
Guds fred – den forkynner vi til dykk her i kyrkja. Guds fred den ber vi om, som det siste vi gjer i gudstenesta når presten lyser velsigninga: «Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!»

Treng vi freden meir i adventstida, enn vi gjer elles i året?
Kanskje ikkje. Men adventstida er ei veldig kontrastfylt tid. Vi syng julesongar, litt for tidleg kanskje, i desse dagane. Om fred på jord. Om han som kom med fred og håp til oss. Vi førestiller oss kanskje litt i overkant mykje idyll rundt heimekos, brennande lys og juleførebuingar. Idyllen er ikkje alltid innlysande om vi skal være ærlege. Dei hektiske kvardagane tek snarare pusten frå oss, enn dei roar pulsen ned.

Vi som steller med kyrkja og alt som skjer her i tida fram mot 24., 25. og 26. desember, vi har det hektisk vi også. Både med kyrkjelivet og i privatlivet.
Også for alle oss, er det difor balsam for sjelene våre å puste godt ut, for deretter å puste inn; puste inn anden som kviler over Jesu ord i dag: «La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»

Bibeltekstane som vi har lese denne søndagen, har i seg ei denne høgst verdifulle vinklinga. Ikkje berre evangelieordet. Men også det vi høyrde frå den gamle salmen vi har lese i lag. Det er ord med håp, ikkje minst for dei som lever i krigssona. Det er ord som er henta frå krigens vokabular:

Men Herrens øye hviler på dem som frykter ham og venter på hans miskunn,
så han kan fri dem fra døden og holde dem i live gjennom hungersnød.
Vår sjel venter på Herren; han er vår hjelp og vårt skjold.
(Ps. 33. 18-20)

Det er krevjande å forkynne slike ord når bombene fell.
Er dei trøystefulle, eller er dei ord om at håpløysa berre vil dra ut endå lenger?
Herren … er vår hjelp og vårt skjold.
Ja, eg trur på det. Men eg forstår godt om dei krigsramma også speidar fortvila etter dette skjoldet når dei gøymer seg ruinane.

Andre adventssøndagen kallar vi gjerne for forventningas adventssøndag.
Det kviler mykje forventing over oss i dag. Nokre av oss boblar kanskje over av dette. Så mykje forventning at vi risikerer å bli skuffa fordi vi ikkje maktar å oppfylle alt som ligg og blenkjer i denne glansen.

Kanskje er det difor godt om vi vil la oss justere av bibeltekstane til kva som er realistisk og rett å knyte for forventingar til. Då er det i alle fall eit bibelvers som har blitt lese som for meg flyttar fokus til det er trur er det verkeleg sentrale nett no. Det vi las frå GT, frå Salme 33,22: «La din miskunn være over oss, Herre! Det er deg vi venter på.»

Midt i vår lengt etter jul, ein lengt som vert forsterka av handelsstandens utspekulerte knep for å få opp forbruket; midt i våre rop etter ei rettferdig verd, også for dei fattige mellom oss; midt i våre bøner om at freden må senke seg, helst før julekvelden skal tone ut i «Deilig er jorden»; så ligg det forventningsfulle og fredfulle i det å skulle gjere seg klar til å møte Jesus.

Dert er han vi ventar på. Han som vil ta angsten og redselen bort frå hjarto våre. Han som kallar oss til tru. Han seier også i dag:
«- jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere. Og når jeg har gått og gjort i stand et sted for dere, vil jeg komme tilbake og ta dere til meg, så dere skal være der jeg er. 
Og dit jeg går, vet dere veien.»

Høyrer du den undertonen av forventning som slike ord frå Jesu munn kan skape?
Eg veit ikkje heilt kva for bilete du får for ditt indre auga når du les slikt, men sjølv ser eg Jesus for meg når han går rundt i det store huset med dei mange rom der Jesus steller til for kvar og ein av oss. Det som heiter Far hus. Eg fantaserer forventningsfullt rundt dette omtrent slik når eg innbiller meg at Jesus seier omtrent dette: 

- I eit av romma i min Fars hus skal Øystein bu! Lenger borte i gangen bur Arthur, Øysteins far. Det er over 40 år sidan faren flytta inn. Men ein dag skal dei på nytt få tid i lag, far og son. Uendeleg med tid. Og eg skal lage eit festbord, berre for dei to. Eller kanskje heller – for heile den store familien deira.
Slik trur eg Jesus tenkjer.

Så trur eg Jesu går inn i nokre andre korridorar. Der står det enno ledige rom. Han veit kven dei er reserverte for. Og eg trur at han sender bøner til sin Far om at dei som skal flytte inn der må finne vegen fram, at dei ikkje skal rote seg bort  på vegen gjennom livet slik at romma blir ståande tomme når den verkeleg store festen i Fars hus ein gong tek til, når det ikkje lenger er bruk for klokke og kalender; når tida på jorda er brukt opp og vi går inn i den store eva.

Slik vågar eg å tenkje for meg sjølv. Eg veit ikkje om eg tenkjer rett, men bileta i mitt indre av huset til Far let seg ikkje viske bort. Men vi legg slike fantasiar til side.

Uansett er det slik at på denne andre adventssøndagen, lar Jesus oss få høyre hans eigne håpefulle og trøystefulle ord. Ord som kallar oss til kvile. Til ro og til tru.
«La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»

Eg har invitert deg til å finne kvile i ein hektisk kvardag med aukande julestri, og på ein hektisk søndag i adventstida. Kvila ligg i desse vakre orda frå Jesu munn om det han nett no er i ferd må gjere. Han held på å gjere alt klart for å møte oss. Eit møte i Fars hus.
Eg har eit inderleg ynskje om at du allereie i dag, i dette kyrkjerommet kan få ei aning av at det er godt å vere i Fars hus. I Guds hus.

Eg inviterer deg til å teste forventninga di endå eit lite hakk. La deg utfordre til å tru, slik du sikker har gjort det før. Ta del når vi innbyr til nattverd i dag.
Nettopp då nærmar vi oss alle dette uforklarlege som knyter seg til det å være nær Gud. Nettopp her, ved nattverdbordet, tek trua over.
Jesus seier at det er ikkje noko å vere uroleg for.
«La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»

Og om du kjenner på at du allereie kviler fast i trua på det vi har snakka om i dag, så kan du til slutt i dag, før vi går frå kyrkja, få leggje hjarta ditt og tilsvaret ditt i det fantastiske håpet som vi skal syngje om heilt til slutt, det som er sjølve framtidshåpet og målet for all vår forventning på denne andre søndagen i adventstida: «Ja, engang mine øyne skal se Kongen i hans prakt; …»

AMEN

 

torsdag 25. november 2021

Hosianna

1. s. i adventstida. III. 28.11.2021.
Salangsdalen kapell. 50-årsjubileum
Matt. 21, 1-17 (Forteljingstekst/evanglietekst)

I 50 år, sidan 1971, har bygdefolket her i Salangsdalen toga inn i kyrkjehuset på denne staden. Eit enkelt, lite og praktisk kapell, til glede og til velsigning for alle dykk som bur i denne bygda. Gudstenester og oppbyggelege samlingar. Dåp, vigsel og gravferd. Minnesamvær og konfirmasjonsfestar. Alt slikt som eit kyrkjehus skal vere ramma for.

Ein gong opplevde de det vonde at kapellet brann ned, men i 1982 stod bygget fram, nyreist frå oske og ruinar.

Og i dag, på den første dagen i eit nytt kyrkjeår samlar vi oss til jubileumsglede i frost og snø, og litt dagslys før polarnatta snart skal opne seg for nordlys og stjerneskin over denne staden.
I skogane rundt oss ruslar det kanskje ein og anna bjørn som ikkje har forstått at det er lurast for han å gøyme seg inne i Sverige ein stad. Og heilt sikkert går det rundt mange eksemplar av skogens konge som har overlevd jakttida så langt.
Uansett vakker vinternatur, skog eller dyr, så det er vi, menneska på denne staden, kyrkjelyden i Salangsdalen, som no skal helse på den kongen som vil møte oss til enno eit nytt nådens år.
Ikkje berre i eit jubileumsår som vi stig ut or, men i eit nytt, nådens kyrkjeår som vi i lag går inn i.

Borna i bygda har vore samla sidan frukosttider i dag og førebudd pynting av juletre, dei har øvd på songar, og dei har sett farge på salmesongen ved å hjelpe oss alle med å gjere som dei gjorde i Jerusalem den gongen Jesus kom ridande på eselet.
Vi ropte og song det ut i glede: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste!»

Det er så flott at vi har borna mellom oss i dag. Unge menneske. Slike som slett ikkje hugsar det som hende for 50 år sidan då kapellet var bygd. Eller for snart 40 år sidan då det reiste seg etter ein brann. Historie kan vere nyttig. Men det er framtida vi skal oppleve. Borna er notida. Borna er framtida.

I lag med borna skal vi gjere som dei gjorde i Jerusalem for lenge sidan, og som vi alt har gjort her i kapellet i dag: Rope til Jesus enn ein gong: Hosianna!
Veit du kva det ordet betyr?
Hosianna betyr «Kom med hjelp!» eller: «Gje frelse!»

Tenk om dette vart eit rop vi kvar for oss la hjarta vårt i når vi får høyre at no kjem Jesus til oss.
Enno ein gong er det det som skal stå i sentrum når vi i vekene framover førebur jula og høgtid.
Jesus kom til oss ein gong. Den aller første jula kom han til jorda. Eit lite barn, fødd av ei ung mor.
Eit barn som Maria fødde til jubel frå englar, sende frå himmelen. For barnet hennar var meir enn vanlege guteborn. Han var også Guds son.

Jesus kom til oss på denne jorda. Jesus kom til dei som levde i Israel i hans samtid. Han var gutt, han vart mann, og han stod etter kvart fram mellom sine eigne og gjorde det klart at han kom frå Gud.

Han kom til sine eigne, og etter kvart som tida gjekk og Jesus vart meir og meir kjent, forstod mange at Jesus ikkje var som andre menn. Han heldt store talar som gjorde inntrykk på tilhøyrarane. Han møtte menneske med varme og omsorg. Til og med gjorde han store under og teikn som førte med seg at folk flokka seg rundt han. Rett før hendinga med inntoget i Jerusalem, kan vi lese at Jesus hadde gjeve synet tilbake til to blinde menn.
Difor stimla folk saman då han ein dag kom til Jerusalem og passerte gjennom byporten. Han sat på ein eselfole og reid inn i byen til stor jubel frå både born og vaksne.

Og så var det sjølve jubelropet då! Eller var det eit jubelrop?
«Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste!»

Folkemengda ropa. Samstundes som dei vifta med palmegreiner som dei strødde langs vegen. Framfor eselfolen som kom med Jesus på ryggen, breidde dei ut kappene sine på vegen.

Det var jubel og fest for Jesus som kom. Men det var også alvor og forventning i ropa deira: Hosianna! - «Kom med hjelp!» eller: «Gje frelse!»
Det er advent.
Det er forventning. Det nærmar seg jul. Då er det fest og feiring. For Jesus som kom. Som vart fødd. Det er det årlege jubileet for Guds son som vart menneske.

Jesus kom til Jerusalem.
I dag kjem han til oss i Salangsdalen. For å vere med på vår fest og feiring i dette huset som vi har vigsla til hans ære.
Han kjem slik at vi kan hylle han og helse han og ta mot han med glede og med opne armar.
Men i våre rop kan vi legge inn at vi treng han i våre liv. For at han skal kunne hjelpe oss med det som er vanskeleg for den enkelte av oss. «Kom med hjelp!»

Bruk dei orda med stort frimot, du som treng Jesus i din kvardag. Vi høyrde at han lækte blinde rett før han rei inn i Jerusalem. Og i tekstordet til oss i dag står det å lese at Jesus kom med hjelp også denne dagen. Vi kan lese at då han var på tempelplassen, så kom det nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei.

Difor: Ver frimodig til å be om hjelp for dine sjukdomar. For dine sorger. For det du er redd for å møte på din veg gjennom livet.
Jesus kjem framleis til oss for å vere nær oss. For å gje oss hjelp.
Han vil være nær borna i mellom oss. Dei vaksne. Dei gamle.

Det er advent, og vi vil 
med våre Hosiannaropta ta i mot han som kjem til oss : «Gje frelse!»
Vi vil legge oss og våre liv i Jesu hender og tru at gjennom det skal vi får glede oss over hans frelse. Over at vi skal kunne håpe på det evige livet, det evige som startar her og no, mens vi lever kvardagane våre på vår eigen plass. I heimen vår. På skulen. På arbeidsstaden. Mellom naboar i bygda. I kyrkjelyden.

Jesu frelse og berging startar her og no. Og skal bli fullkomen når det evige opnar seg framfor oss, bak slutten av jordelivet.

Jesus kom til oss på denne jorda den første jula.
Jesus kom seinare til sine samtidige medmenneske på ein eselfole.

Jesus kjem til oss i dag og vil være nær oss i dette kapellet som vi i glede jubilerer for.
Jesus skal ein gong kome tilbake og hente oss inn i sitt evige rike.
Og heile tida vil vi med forventing rope til han: Hosianna! Kom Jesus! Hjelp oss, berg oss. Frels oss.

Gratulerer med jubileet for Salangsdalen kapell.
På jubileumsdagen går vi med glede inn i eit nytt kyrkjeår.
Vi går ut her i frå med forventning til jula som kjem mot oss.
Vi ventar på Jesus, og ropar våre Hosianna til kongen vår.

God adventstid!

AMEN


 


fredag 14. desember 2018

Inn for landing


3. s. i adventstida. III. 16.12.2018
Johs 5, 31-36
Biskopshavn

Vi nærmar oss no. Landingshjula er ikkje ute enno, men vi har fått meldinga om å rette stolryggar og slå saman borda i stolryggen. Snart er vi der, men ikkje heilt. Eit lite stykke står att.
Nett no rettar vi ryggen fordi vi er så nær som den tredje adventssøndagen. Den fjerde vil vi neppe merke så mykje til dette året, fordi den fell saman med vesle julaftan, og då er f.eks Biskopshavn ei av dei mange kyrkjene som droppar å markere den dagen med tanke på alt som skjer dagen etter.
Tredje adventssøndagen er søndagen der vi som alltid helsar på han som kanskje er den store attraksjonen i adventstida. Det er profeten, Johannes døyparen. Han som bur i øydemarka.
Lat oss, på vegen mot høgtid og den endelege landinga av adventstida følgje med profeten, døyparen Johannes, ut i øydemarka.
For der er det så stille, seier dei som har vore der.
Her vi går, midt i jaget mellom handelshus og heim, her er det støyen som rår. Dei travle rop: Kom og kjøp!
Her vi går, midt i førebuingar til ei fargerik fest, her er det lydane som pressar seg på oss. Lydane frå julebordsskrålet og julemusikken og julekonsertane.

Midt i alt dette, ta tid til å leite opp ein stille stad. Våg deg ut i ei øydemark der dei mange røystene og dei mange lydane og dei mange tonane kunne stilne.
Vi treng å vere stille i landingsminuttane. For vi maktar ikkje å lytte skikkeleg utan at vi er stille. Og har det stille rundt oss.
Difor skulle vi våge oss ein tur ut i øydemarka. Der er det ein som ventar på oss. Ein som har ein bodskap til oss. Derifrå lyder ei sterk og klår røyst. Den eine røysta. Profetrøysta. Adventrøysta:
Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens vei, gjer stigane hans rette!
Kvar dal skal fyllast, kvart fjell og kvar haug skal jamnast ut.
Dei krokete vegane skal bli rette
, dei steinete stigane bli slette.

Og alle menneske skal sjå Guds frelse (Luk.3, 4b-5)

Rydd Herrens vei, gjer stigane hans rette!

Dette er den aller viktigaste bodskapen kyrkja har å forkynne når det er advent.
Det handlar om å rydde veg for Herren.
Om å reinske bort alt som hindrar oss i å sjå kva som er på gang: Herren kjem til oss. Han kjem til oss som eit lite barn. Eit barn som skal verte ein vaksen mann. Ein mann som skal kjempe med døden. Vinne over døden. Ein mann som skal bane veg inn i Guds rike for alle som vil følgje med. For dei som høyrer profetrøysta. Kallet til etterfølging, omvending og eit nytt liv.

Det er når profetrøysta har fått reinske øyregangane våre, når vi har fått roe oss ned, late fråværet av ståk der i øydemarka få sige inn over oss; då kan vi høyre den stille voggesongen frå ei pur ung mor som sit med det vesle barnet i fanget. Barnet som profeten ryddar veg for. Han som du og eg vert kalla til å rydde veg for.
Profeten frå øydemarka vil hjelpe oss til å roe ned slik at vi kan ta blikket bort frå alt det prangande, det travle, det støyande. Han vil fylle dalar og senke fjell og haugar som tek bort utsynet vårt. Det som stengjer for det vakraste synet:
- alle menneske skal sjå Guds frelse seier profeten.

Og kva skal vi sjå etter, der ute i det stille, der vi kan konsentrere forventningane våre om det det heile dreiar seg om?
Jesus hjelper oss i dag til å forstå litt meir av kva det dreier seg om.
Vanlegvis tenkjer vi at Johannes skal peike på Jesus. Vise oss kven han er.
Men i teksten vi har lese saman nettopp, er det det motsette som skjer. Jesus peikar på Johannes og omtalar han med desse orda:
«Johannes var ei lampe som brann og lyste, og ei lita stund ville de gleda dykk i lyset hans.»

Johannes var ei lampe, seier Jesus. Han talar i fortid. Det ser altså ut som om Johannes, på det tidspunktet Jesus seier dette, allereie er avretta.
Men poenget er altså – lampa. Den som lyser opp.
Kanskje ville det i denne samanhengen vore greitt om vi, i vår tid, kallar Johannes for ein spotlight, ein som skal rette lyset og fokuset på noko bortanfor seg sjølv.
På Jesus.
Det er litt underleg dette, korleis desse to slektningane, kanskje var dei tremenningar, på ein slik gjensidig måte fokuserer på den andre. Jesus løftar fram Johannes som den største av alle menneske som er fødde av kvinner. Johannes på si side, seier at han ikkje ein gong er verdig til å sandalane av Jesus.

Men lat oss følgje Jesu tankegang litt vidare. Lat oss halde fast i utsegna om at Johannes var ei lampe som brann og lyste. Og lat oss vidare halde fast på at han heldt seg ute i øydemarka, i det stille og rolege, der asketen i kamelhårskappe, med grashopper og villhonning på menyen, stod fram med si kraftige forkynning som heile tida var retta inn mot Jesus og det han stod for.
Kva ser vi då? Kva høyrer vi då? Kva gjer dette med oss, akkurat i dag når vi snart skal lande og vere framme dit vi har tenkt oss desse siste vekene –  framme ved jula og alt som ventar på Guds kyrkje då?

Når vi dreg oss unna julerushet, reklamen, handleorgiane, og det vi kanskje er mest glade for i vårt vintermørke, nemleg alle lysa som pyntar trær og hus og stover og barnerom; når vi vågar oss bort frå dette; når vi flyttar oss ut i det rolege, aude landskapet der vi søkjer stilla og konsentrasjonen. Der ser vi eit anna lys. Lampen som lyser. Lyset og lampen som er Johannes sjølv. Profeten. Mannen med dei kraftige orda. Den buldrande stemma. Men også med den tydelege bodskapen: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!» (Johs 1,29)

Lenger framme i preika, omtala eg Johannes døyparen som den store attraksjonen i adventstida. Grunnen til det, er at det han representerer og er i seg sjølv, det vi skal oppsøkje og la oss inspirere av i tida fram mot jul. Han er framfor alt den som vil løfte jula sin hovudperson fram i lyset. Han vil på alle mogelege måtar vere eit vitne om Jesus. Sjå! seier han. Sjå at dette skjer:
Kvar dal skal fyllast, kvart fjell og kvar haug skal jamnast ut.
Dei krokete vegane skal bli rette
, dei steinete stigane bli slette.

Og alle menneske skal sjå Guds frelse

No skal vi snart lande. Vi høyrer at landingshjula klikkar på plass under oss.


Vi speidar utover landingsstripa. Augo våre søkjer mot det profeten, døyparen Johannes, vil vise oss. Vi vert minna om det som hende på den tida Frelsaren vart fødd.
For ein som fekk oppleve nettopp dette, å sjå Guds frelse, det var gamle Simeon i Jerusalems tempel. Ei veke etter at Jesus var fødd, tok Maria og Josef det vesle barnet med til tempelet for at han skulle omskjerast. Der i tempelet møtte dei Simeon. Anden hadde late han få vite at han ikkje skulle døy før han hadde sett han som Herren hadde salva, altså Messias, frelsaren. I møtet med Maria og Josef tok Simeon Jesusbarnet i hendene og lovprisa Gud: «- Herre, no let du tenaren di fara herifrå i fred, slik som du har lova. For mine auge har sett din frelse …..» (Luk 2,30-31)

Tenk at Simeon, den gamle mannen, stod der med den nyfødde og forstod kva for ein skatt han heldt i hendene sine. Det var Guds frelse.

Det er dette vi skal gle oss til å sjå enno ein gong når vi stig ut or førebuingstida i advent, og inn i sjølve høgtida. Sjå at det lyser frå ein lampe ute i det stille. Ein spotlight som retter fokuset mot han som kom for å frelse. Han som kom for å bere bort synda i verda – som Johannes uttrykte det.

Og så skal du snart også få halde frelsa i hendene dine.
Snart skal vi, før vi går fram til Herrens altar i dag, på den siste gudstenesta før julehøgtida, syngje slik vi alltid gjer når vi feirar nattverd: «Å, du Guds lam, som bærer verdens synder, miskunne deg over oss.»

Dette er Johannes sine ord.
Men det skal også vere dine og mine ord.
Ord vi uttrykkjer i glede og med forventning til det vi får oppleve kvar søndag når nattverdbordet er dekka. Vi går fram, kneler og et og drikk. Det vi tek i mot, det vi ser og smakar, det er ikkje noko mindre enn Guds frelse, det er Jesus kropp og blod, gjort til eitt med brødet og vinen. Han som kom i jula, kjem oss i møte i advent, og i denne gudstenenesta. Vi skal sjå han, og vi skal rope til han: «Å, du Guds lam, som bærer verdens synder, miskunne deg over oss.»

Desse orda skal vi også å ta i vår munn med glede og takk når kyrkjeklokkene ringjer høgtida inn om ei dryg veke.

AMEN.

torsdag 29. november 2018

Korrigert forventning


1.s. i advent. III. 02.12.2018
Sjømannskirken. London
Matt 21, 10-17
Ikkje veit eg kor mange nordmenn som i tida fram mot jul kjøper flybillettar og sjekkar at alle bank- og kredittkort er maksimalt fulle, og så finn dei vegen til den næraste verkelege storbyen vi har. Men det må vere veldig mange, for London er umåteleg populær for alle oss som lever under litt mindre forhold på andre sida av Nordsjøen.

Heime er det nokre av oss som heiar på eit fotballag som måtte nøye seg med bronse i den heimlege eliteserien. Eller vi har eit anna lag som spelar sine kampar nesten på kyrkjetrappa i Åsane, men som måtte oppleve at favorittane rauk ned frå første til andre divisjon sist søndag. Det var surt. Men det finst heldigvis trøyst her i denne byen. Her lokkar Chelsea eller Arsenal eller Tottenham. Om ein då ikkje vil reise lenger nord i landet til dei alternativa som finst der. 

For nordmenn er London og England ein by og eit land som får forventningsfulle norske auge til å gnistre. Dette veit sikker alle de som for kortare eller lengre tid har funne tilhald her i byen mykje meir om enn eg som berre er her ein gong i blant.

Men alt er ikkje enkelt eller idyllisk her heller. Vi kjenner ikkje detaljar, og skal langt frå leggje oss bort i, innvikla politikk som for tida er i støypeskeia i dette landet. Likevel: Frå Norge er det mange som føl godt med på mykje av det som rører seg i denne store byen.

Men ein ting har vi i alle fall i lag.
Alle vi som høyrer med i det store fellesskapet som heiter den kristne kyrkja, vi tek i dag kvarandre i hendene og ynskjer eit godt nytt år.
Ikkje fordi vi ikkje kjenner den borgarlege kalenderen som fortel at det enno er tre-fire veker til vi skal skrive 2019, men fordi det kyrkjelege året i dag har sin aller første dag. Første søndagen i adventtida.

Då er det også slik at det kyrkjelege året som no ligg blankt og ubrukt framfor oss, det er eit år det er grunn til å vere spent på. Det er grunn til å ha forventning knytta til det ukjende, som kanskje ikkje er så langt inne i framtida, men som vi likevel berre kan ane noko om.
Aller mest er nok adventstida si forventning knytta til høgtida som kjem mot oss med stadig kjappare steg. At jula ikkje er så veldig langt unna, gjer i alle fall handelsstanden alt dei kan for å minne oss om.

Kva skal vi som kyrkje tenkje om dette kjøret som dei aller fleste av oss så gladeleg er med på? Nordmenn dreg på julehandel, nettopp til London. Eller vi fyller opp kjøpesentera i og rundt byar og bygdesentrum heime. I Norge kan eg for min del seie at eg har orkesterplass til alt dette frå kontorvindauga der eg til dagleg sit og ser rett ut på ein av hovudinngangane til det svære Åsane storsenter i Bergen. Det er ikkje heilt det same som Oxford Street, men likevel…

Ut frå det vi i dag les om i Matteusevangeliet, skulle eg ynskje at vi kunne makte å halde fast på forventninga til det som skal møte oss. Men samstundes la det vere ei korrigert forventning. La Jesus sleppe så tett inn på oss, at vi får med oss det doble i hans gode nærvær mellom oss.

For kva er det vi har høyrt om når vi i dag har lese om det som skjedde ved Jesu inntog i Jerusalem? Det gjekk føre seg palmesøndag. Det var den dagen folket hylla han med hosiannarop og palmegreiner. Eit tema som går att, også i adventstida, der vi hyllar Jesus som kongen som kjem til oss.

På denne søndagen kan vi lese kva som hende då inntoget i Jerusalem hadde kome på innsida av byporten. Vi høyrer om uro i byen, og folket undrar seg: «Kven er dette?»
Og mengda svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea»

Det hadde vore spanande om adventstida kunne skape litt uro i byen. Ikkje minst om det kunne skje i denne metropolen vi nett no er i. Eller heime – i Oslo, i min by Bergen, eller kvar det måtte vere. Tenk om vi kunne lukkast i å setje Jesus og advent og jula i så skarpt fokus at folk kunne sjå at bak alle dei blenkjande førjulsdekorasjonane, så skin det i eit større lys. Det rører seg i viktigare saker enn Brexit, eller framtidig oljepolitikk, i våre heimland.

«Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea» Desse orda vart sagt i Jerusalem for lenge sidan. Kan vi ta dei i vår munn i vår tid og forkynne med overtyding at advent og jul og eit nytt kyrkjeår handlar om det same?
Om han som kom den første jula.
Om han som vart vaksen og kom til Jerusalem, ridande på ein enkel eselfole. Det er profeten. Det er Jesus. «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea»

Vår kyrkje heime har ei utruleg viktig oppgåve i å peike på han i det nye kyrkjeåret.
Kan vi få hjelp frå den mektigare Church of England, så ville det vere strålande.
For vår felles oppgåve er nett den same – å vise dei truande kven Jesus er. Å skape undring og forventning hjå dei som ikkje trur, eller ikkje kjenner Jesus, slik at dei kunne stimle saman når kyrkjeklokkene kallar i adventstida og gjennom jula. Dei må gjerne spørje slik dei gjorde det i Jerusalem: «Kven er dette?»  Og vårt svar må vere: Det er Jesus!

Men så ser vi også at då Jesus var innafor byporten, så sette han kursen rett mot tempelet i Jerusalem.  Det som skjer der, skal vi ikkje hoppe lett over. For den hendinga kan hjelpe oss til å få det eg nettopp omtala som ei korrigert forventning til Jesus.
Så å seie all moderne førjulsstemning som i det heile bryr seg om å ha Jesus med som ein bit av julestemninga, det skaper eit søtt og uprovoserande bilete av denne mannen. No skal vi minnast om barnet i krybba. Om englesong over søte sauer i ei stjerneklår natt. Om vise menn og vakre gåver.

Vel. Dette høyrer med.
Men det blir så avkorta. Då har vi gløymt at då Jesus steig ned av esleryggen i Jerusalem, så gjekk han altså rett til tempelet og reinsa det for pengevekslarar og dei som kjøpte og selde.
Ei røvarhole. Det var ordet han brukte om dette staselege bygget, sentrum for gudsdyrkinga. Staden der folk skulle tilbe.

Hjelpe meg! Angår dette ein rik nordmann på førjulstur til London anno 2018?
Angår det britar som høyrer heime i denne verdensbyen? Eller nordmenn som bur her? Eller dei mange heime som på sitt vis tel ned ved å opne 24 luker i adventskalenderen fram til julaftan?

«Mitt hus skal kallast eit bønehus»
Er det for å be i Guds hus at vi søkjer til kyrkje og gudsteneste? Er det for å søkje Gud i tilbeding og trusutfalding?
Eg trur faktisk at mange vil kunne svare ja på det. Eg trur at mange som i dag søkjer kyrkjene våre har eit ynskje om å finne Gud der. Om å finne Guds fred der.
Måtte dei alle verte velsigna av Guds nærvær i kyrkjeåret vi no går inn i. 

Må førjulskonsertar, julekonsertar, gudstenester for barnehagar og skular, og dei ordinære gudstenestene i advent og jul, alle ha dette eine siktet – at vi kan sanne: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea»

Men skulle det vere trong for å velte eit og anna bord der folk sit fanga i Mammons klør, så var det godt om det kom ein profet som kunne gjere det, men som også samstundes kunne peike på den store profeten som kan setje oss fri og som kan opne våre augo for kven dette faktisk er – nemleg; «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea»

På denne første søndagen i det nye kyrkjeåret, mens vi ventar på jula og puslar med adventssyslene våre, kan vi ved å lytte til evangeliet i dag lære litt om denne profeten som vi ventar på.

Kven var det?
Det står litt meir om Jesus i dagens avsnitt frå Bibelen enn at han reinsa tempelet og velta borda til pengevekslarane. Det står òg at han gjekk ut or tempelet og stansa på tempelplassen der han lækte dei blinde og dei lamme som kom til han.
Det er også denne Jesus vi ventar på gjennom advent og jul. Vi ventar på den guddommelege som har makt til å gjere under og teikn. Nettopp fordi han kjem frå Gud. Fordi han er meir enn ein profet. Det er sjølvaste Guds son som er på veg til oss.

Til slutt skal vi merke oss: Dei som hylla han på tempelplassen for det store og underfulle som hende rett framfor augo på dei som var der, det var borna. Det var dei aller minste som ropa: «Hosianna, Davids son!» Det var denne hyllinga Jesus tok til hjarta og løfta fram som den rette måte å helse han han på: «Ja, svara Jesus. Har de aldri lese dette ordet: Frå munnen på småborn og spedborn har du late lovsong lyda!»

Det er kyrkja sin første dag i eit nytt år for kyrkja. I lag med forventningsfulle born og truande vaksne, i denne store byen, og rundt på heile kloden, ventar vi i spaning på at vi enno ein gong skal få helse og hylle han som kjem til oss: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea»
AMEN

søndag 18. desember 2016

Juleglede


4.s. i adventtida. 18.12.2016
Åsane gamle kyrkje (nynorsk gudsteneste)
Lukas 1,46-55

Det vert omveltingar i ein familie når eit nytt barn er på veg, eller når barnet er fødd og gjer krav på omsorg, omtanke og kjærleik.
Dette kan de fortelje mykje om, de som i dag har bore dei tre dåpsborna fram her i kyrkja og lagt dei Guds hender gjennom dåpshandlinga vi har vore vitne til.
De har gjennomlevd ventetida på ni månader med all den spaning det inneber. De har førebudd å ta i mot eit nytt familiemedlem som har kome i sentrum på ein heilt spesiell måte med all si nyfødde hjelpeløyse, men likevel med sitt fantastiske menneskeverd. Kanskje har de også opplevd sjalusi frå litt større søsken, eller de har sukka for dykk sjølve over nattevåk og lange timar med intenst omsorgsarbeid, døgnet rundt. Familieauke er sanneleg ikkje berre-berre. Omvelting kan trygt brukast som eit dekkande ord.
Men midt oppe i alt det nye eit nyfødd menneske fører med seg, har eg ei aning om at det største av alt er dette udefinerbare som handlar om at vi får eit glimt av sjølve underet som knyter seg til at nytt liv er skapt. Dette er det ikkje lett å finne dei gode orda på å skildre.
I dag har vi bore born til dåpen på ein søndag som på ein underleg måte set familien og livet i ein familie inn dei verkeleg store samanhengane.
Det er den fjerde søndagen i adventstida. Snart er juledagen her. Med eit nytt fokus på verdens mest berømte fødsel. Dette vi har vore med å feira så mange gonger, men som vi likevel aldri vert heilt ferdige med. Like før jula tek taket i oss, får vi dette høvet til å ta inn over oss tankane til ho som bar underet inn i vår verda. Tankane til Jesu mor – som nett har fått vite om eit svangerskap i så ristande ung alder. Utan at det handlar om overgrep frå ein vaksen mann, ja til og med utan at ho er innvigd i seksuallivets gleder og mysterier står ho fram, svanger med Gud.

Hjelpe og trøyste, seier eg.
Men det sa ikkje Maria. Ho sa Halleluja!
Det gjer ho ved å syngje ein lovsong som vi i dag har lese som vår preiketekst. Den er eit svar på dette som ho har ei aning om etter å ha hatt besøk av sjølvaste engelen: Barnet hennar er ei frukt av Guds vilje med henne. Den Allmektige er livgjevaren. Han gjer underet, han sender sin Ande slik at liv vert skapt utanom alle vanlege, biologiske reglar.
Gud er far. Maria er mor. Maria er kvinna som stiller heile seg til disposisjon som tenarinne for den Allmektige. Ikkje berre vert morslivet hennar bustad og oppvekstrom for det underfulle livet som er skapt i henne. Det er heile Maria – kroppen hennar, viljen hennar, sjela hennar, jubelen hennar, gleda hennar – alt som bur i Maria som slik koplar seg opp mot den allmektige Gud når det nye livet festar seg i henne og utviklar seg fram mot fødselen vi feirar så grundig kvar einaste julehelg.
For med Gud som far og Maria som mor, kjem til slutt han som er Guds son inn i verda. Han som er av Gud, frå Gud og som vi kallar Guds Son, han er den som det framfor alt handlar om på denne dagen. Like før vår julefeiring startar, handlar det om Sonen meir enn om mora og meir enn om faren. Det handlar om Jesus på denne dagen. Om underet som hende då Jesus vart menneske, då Jesus vart vår bror.
I dag står familien i sentrum. Far – mor – son; men også bror. Vår bror Jesus Kristus.
I dag er familien i sentrum for mange av dykk som har funne vegen til Åsane gamle kyrkje. Familien dykkar har vorte større. Her finn vi nybakte ferde. Nybakte mødre. Søner og døtre, og sikkert også brør og søstre.
I glede og takk for familieband, og ikkje minst i glede og takk over nye liv som gjennom dåpen på denne dagen er knytte fast til vår himmelske Far, skulle vi lytte til det ho har på hjarte, ho som skal verte mor. Mor til Guds son.
- mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar
Slik formulerer Maria jubelen når ho innleier det vi kallar for Marias lovsong, som altså er preiketeksten på denne søndagen.
Eg hugsar tilbake til den tida då eg ofte lytta til bedehuspredikantar. Til den gongen vi song dei evangeliske songane med eit visst ekko frå det frikyrkjelege miljøet. Og med ein gong kjenner eg att ordet ”frelsesfryd”.
Det er for gale at det er eit ord vi knapt brukar i våre kyrkjelege samanhangar i dag. Høyr for ein klang det er i dette ordet: ”frelsesfryd”. Eg trur til og med at vi forstår det omtrent utan nærare forklåring.
Fryd og glede over Guds frelse.
Det var det Maria jubla over.
Når vi les det i dag må vi verkeleg undrast om denne pur unge jenta eigentleg forstod kva ho sa. Sant å seie spelar det neppe så stor rolle. Men ho sa det slik. Kanskje var det ei form for profetisk jubel som bobla over i Maria etter at ho hadde hatt englebesøk, og etter at ho hadde fått delt opplevinga si med Elisabeth, slektningen hennar, som også bar eit under av eit barn i sitt morsliv.
Uansett  så kan vi i vår evangelietekst lese korleis Maria tek i bruk dei heilt store orda. Dei orda knapt nokon av oss ville teke i vår munn på fullt alvor. Det er ord som seier noko om Gud. Om han som er far til barnet ho ber på. Men det er også ord som seier noko om Maria. Som seier noko om tenarsinn. Om vilje til å vere Herrens utvalde reiskap.
I våre dagar er ord som tenarsinn, og all tale om at ei kvinne skal vere ein reiskap i hendene på sin Herre, det er ord som kling utruleg dårleg i øyro til dei fleste som ytrar seg i samfunnet. I dag står eg her som mann og freistar å begripe litt av tankane til den kvinna som vår Bibel løfter fram som det lysande forbildet både for kvinner og menn til alle tider. Kor fullstendig annleis er ikkje Maria frå Nasaret enn sine medsøstre i vår tid?
Kor fullstendig annleis er ikkje hennar tankar enn slik menn tenkjer både i dag, og sikkert også den gongen Maria song sin store lovsong?
For korkje menn eller kvinner, i dag eller for to tusen år sidan, tenkjer slik Maria gjer det.
Vi tenkjer på oss sjølve. På det som synest viktig i mitt liv, i våre liv. Viktig for min familie, for mine born.
Maria flyttar blikket frå sin eigen navle, bort frå den magen som skal vekse seg like stor som andre komande mødre sine magar.  Ho løfter blikket og ser den allmektige. Skaparen. Livgjevaren. Vår far.
Og så syng ho lovsong.
Så gjev ho rom for frelsesfryd. Ho gjev rom for takk. Ho ser seg sjølv, men ho ser også at ho er ein del det noko mykje større, at ho  går inn i ei rekkje med folk – frå slekt til slekt – som Gud har vore god mot. Gud har vist miskunn, lovsyng ho.
Miskunn. Enno eit slikt ord frå bedehus og salmar eller åndelege songar som vi skulle pusse blanke og ta i bruk. Guds miskunn som er frå slekt til slekt. Frå far til son. Frå mor til dotter. Som famnar om familiar i det eine leddet etter det andre.
Miskunn har sjølvsagt samanhang med  det Maria kallar for frelse som er frå Gud. Frelse – Guds redningsaksjon, Guds bergingsaksjon. Det er dette det handlar om på denne dagen.
Maria jublar, syng og lovprisar.
Kvifor?
Fordi Maria har forstått at barnet ho ventar er svaret Gud gjev på mennesket sitt rop om redning. Om berging. Om frelse.  ”- du skal gje han namnet Jesus…” sa engelen til Maria då ho fekk vite om det store som var på gang. Og så pass visste Maria at namnet og ordet Jesus hadde ei heilt spesiell tyding på hennar språk. Det namnet tyder rett og slett ”Herren frelser” .
Det var ikkje noko mindre enn Herrens frelse ho no bar på, den unge Maria. Ho som var viljug til å vere Herrens tenestekvinne.
Sanneleg hadde ho grunn til å syngje ut i jubel.
Og sanneleg har vi grunn til å juble med når vi på denne dagen tek inn over oss det vesle vi kan fatte av eit mysterium som går langt ut over det vår tanke og vår forstand kan begripe. Frelseglede. Frelsesfryd. Og vi må leggje til: Juleglede!
Denne søndagen, like før jul, hjelper Maria oss til å få eit lite glimt av ekte juleglede. Det handlar om fryd og om frelse. Men framfor alt handlar det om Jesus. Om barnet som snart skal feirast enno ein gong.  I takk for dette, og med Maria sine ord, går vi jula i møte og seier med henne:
”- store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt er hans namn.”
AMEN

 

 

Bloggarkiv