torsdag 6. september 2018

Priviligert?


16. s. i treeiningstida. II. 09.09.2018
Hamre kyrkje
1.Pet 4,12-19
Eg er privilegert.
Eg har jobba som prest i snart fire ti-år. Eg har aldri opplevd noko som liknar på forfølging og trakassering fordi eg er kristen eller fordi eg jobbar som prest. Eg har fått nokre sure telefonar med ganske lange mellomrom. Nokre få gonger negative, anonyme brev. Ein gong for lenge sidan, eit ubehageleg trugsmål. Men det er alt i hop bagatellar. For eg er framfor alt privilegert som har ei teneste og eit arbeid som eg er veldig glad i, og som betyr mykje for meg. Eg er med i ei kyrkje som eg kjenner som den andre heimen min. Den betyr mest i livet mitt, når eg ser bort frå mine næraste i familien.

Det er ikkje alle kristne som har det slik.

Eit av mine privilegium er at eg har fått lov å reise mykje, og eg har fått glimt av innsida i kyrkjer i andre land. Mykje av det eg har sett der har vore til å gle seg over. Ikkje minst å få kjenne fellesskapet med andre som trur, ber og lovsyng den same Frelsar og Herre som vi gjer på Osterøy og i resten av landet vårt. Det er til å bli glad av å sjå kyrkjer som veks. Nokre av dei i ein fart vi ikkje kan forestille oss. For vi er festa i ein arv av litt seig, tradisjonell statskyrkje. No leitar vi alle etter ein ny, tidsmessig måte å stå fram som eit kyrkjesamfunn som ikkje vert styrt frå regjeringskvartalet i Oslo.
 Men nokre av dei kyrkjene eg har fått vere gjest i, har få eller ingen av våre privilegium som vi lener oss tilbake på i vår kyrkjekvardag.
Eg kunne nemnd fleire ulike kyrkjer som har sitt å stri med, og som eg har fått eit lite glimt av. Eg vil dra fram ei oppleving.


I programarket ser du eit foto i svart/kvitt. Det er teke av ein profesjonell kinesisk fotograf. Eg såg det på opninga av ei stor kunstutstilling i Beijing for nokre få år sidan. Vi var inviterte dit, ei gruppe nordmenn som var på tur i regi av den norsk/danske misjonsorganisasjonen Areopagos. Dei har eit kunst- og kulturprosjekt i samarbeid med kinesiske kristne. Mykje kunne vore sagt om denne spanande måten å nærme seg kristne i ein annan kultur enn vår eigen. Det har vi ikkje tid til no.

Men altså: Vi var på opninga av denne kunstutstillinga i en ny, kjempestor kunsthall i Beijing. Det var kristne kinesiske kunstnarar og intellektuelle som hadde invitert oss. Omtrent på same tid, eller litt før vi kom dit, hadde vi høyrt om eit fenomen som tok til å ramme kyrkjelydar i delar av Kina. Kyrkjelydar som dei siste åra har opplevd ein ufatteleg stor vekst av nye truande. Så sterkt veks kyrkja, at styresmaktene der i landet har teke til med det vi i beste fall kan kalle trakassering. Kanskje til og med forfølging.

Den aktuelle fotografen hadde dokumentert det vi allereie hadde høyrt om, nemleg at styresmaktene gjekk laus på kyrkjebygg og reiv ned alt som på yttersida viste at det handla om ei kyrkje. Sjå på fotoet. Der ser vi at krossane på toppen av kyrkja er rivne bort. Tittelen på biletet ser vi mellom kinesiske teikn, heilt nede til venstre: «Corrected church» eller «Korrigert kyrkje».
Mens vi alle sat i kunsthallen og venta på at programmet skulle starte, gjekk leiaren av det heile på talarstolen og sa på engelsk til oss som var der: «Ver varsame. Legg bort og gøym i vesker og innerlommer, alt de har fått utdelt frå oss av adresser, kontaktar, informasjon om oss som er her som utstillarar. For nett no går sivilkledd politi rundt i utstillingshallen for å kontrollere det som skjer…»

For meg vart dette ei lita aha-oppleving.
Slik er det når privilegia vert ribba. Når motstanden møter meg. Når ein tenkjer at neste omdreiing av denne skruen fører kyrkja nærare det vi rett og slett må kalle forfølging.

Apostelen Peter skreiv brev til dei han kallar for «-dei utvalde som lever som framande, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia» (1.Pet 1,1) Dette er altså utvalde, kristne, som budde i det området vi i dag kjenner som Tyrkia.
Eit lite avsnitt frå dette brevet har vi lese opp i denne gudstenestesta. Og vi skal sjå at det Peter skriv om, handlar nettopp om forfølging, om lidingar, fordi desse menneska, dei utvalde, lever som kristne.
Peter seier dei ikkje må verte forundra om dei må gjennomgå ei eldprøve.

Peter kallar dei altså for utvalde når han heilt i starten innleier brevet han skriv.
Å vere utvald, er kanskje noko som har tilnærma same tyding som å vere privilegert?
Men desse utvalde er utvalde på ein noko spesiell måte. Vi går tilbake til innleiinga av Peters brev, der står vidare i 1,2: «De er utvalde slik Gud, vår Far, på førehand hadde fastsett, og ved Anden vigde til å vera lydige og til å bli reinsa ved Jesu Kristi blod.»
Privilegiet dei hadde, dei som fekk dette brevet første gongen, var at dei var utvalde «til å vera lydige og til å bli reinsa ved Jesu Kristi blod».

Dei som høyrer Kristus til skal vere lydige, og dei skal gle seg over å vere reinsa i Jesu Kristi blod.
Det er ikkje akkurat søndagsskulepensum det vi no kjem inn på.
Dette er kronglete språk som handlar om dei innerste sanningane ved det å vere kristen.
Og vi lærer altså i dag at det å vere ein kristen, det å kunne gle seg over å bli reinsa for synd, nederlag og det vi ikkje får til i våre liv, det kan ha ein pris som for mange er veldig høg.

Difor gjev Peter tydeleg beskjed. Dei som er utvalde, dei som har det privilegium å høyre Jesus til, å kunne kalle seg ein kristen – dei får denne klare meldinga: «Mine kjære. Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uventa.»
Og så held apostelen, ein av dei aller næraste medarbeidarane til Jesus, Peter, fram med å tale om å få del i Kristi lidingar, om å bli spotta for Kristi namn skuld.

Eg sa at eg er privilegert.
For eg veit at eg aldri, så langt i mitt liv, har opplevd denne type motstand fordi eg er kristen, eller fordi eg er prest. Samstundes les eg først det Peter talar om i brevet sitt. Og så, ikkje minst, det Jesus sjølv sa i evangelieteksten på denne dagen: «Sæle er dei som blir forfølgde..»
Matt.5,10

Eg har sloppe unna. Eg har aldri hatt politiet i hælane i kyrkjene eg vore i. Og slett ikkje opplevd rasering av kyrkjebygga rundt meg. Landet vårt synest trygt tufta på verdiar som enno er så forankra i folket eg er ein del av, at det også verkar utenkjeleg at det skal bli endringar.

Eller?
Kan det endra seg? Om ti år? Om femti år?
I så fall tenkjer eg at det må vi som er døypte inn i vår kyrkje sjølve ta ansvar for.
Mange viftar med slagord at det er dei framande som kjem til landet vårt som er dei farlege. Som trugar kulturen vår, eller trua vår.

Ærleg tala – kva om vi stod opp og viste vår takk for arven vi er tiltrudd?
Her på denne staden har vi ein diamant av eit kyrkjehus som har prega tru og kultur i hundrevis av år. Berre ein ting kan få dette til å vakle. At vi sjølve, vi som bur her, ikkje støttar opp. Ikkje bryr oss. Ikkje lærer borna som skal vekse opp om kva kyrkja betyr. Om kven vi møter der. Og av den grunn også sluttar å gå her. Her møter ein ikkje først og fremst ein prest og ein organist og ein kyrkjetenar. Heller ikkje er det ei forsamling av meir eller mindre gråhåra menneske med litt sære interesser.
Her i dette huset møter vi den treeinige Gud. Han som også vil vere Gud for komande slekter. Han vil vere Gud for nye landsmenn.

Vi er alle utvalde av Gud. Men nokre lever enno som framande – kanskje ikkje for Gud. Men framande for oss.
Potensiell, framtidig motstand og forfølging eller trakassering, kan ingen utelukke her hjå oss. Våre privilegium som statskyrkje er borte. Andre privilegium kan også falle bort.
Men ved sjølvsyn har eg sett at nettopp under slike forhold veks det fram ei kyrkje med rekordfart i det veldige Kina. Ikkje utan motstand. Likevel under velsigning fordi dei som trur står saman.

Kanskje ventar det ei eldprøve på vår kyrkje også?
Det skal ikkje få oss til å gje opp. Til å vende oss bort frå han vi trur på.
Det er ikkje sikkert at eg ville uttrykt meg på same måte om kva det vil seie å vere privilegert, dersom eg hadde møtt motstand og forfølging i min kvardag som kristen og som prest.
Men eg ser kva Peter skriv. Eg trur at kristne i mange land som lever under forhold vi ikkje kan forstille oss her i det trygge Norge, dei har lese dette og teke det til hjarta: «-lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet»
I dag skal du og eg våge å be om at vi alle med frimot kan løfte opp det vi trur på, sjølv om det kan koste. Kanskje vil eit og anna privilegium smuldre bort. Men vi har apostelen Peters sterke lovnad å støtte trua vår på: «Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk»
Amen



tirsdag 21. august 2018

Lat riket ditt koma


Vingardssøndagen, II. 26.08.2018
Åsane
Luk 17,7-10

Temaet for Vingårdssøndagen handlar om kallet til å arbeide i hans kyrkje på jord. Det handlar om at Gud er avhengig av tenarar, av medhjelparar, som er viljuge til å ta eit tak, kvar på sin stad, for at Guds rike skal vekse mellom oss.
Guds rike skal vekse. I Åsane. I Bergen. I Bjørgvin. I Norge. Og i Kina og i Hong Kong.
I dag minner gjestane våre som har reist så langt for å vere i lag med oss, om at Guds rike faktisk er slik vi syng om det - verdens største under.
Eller slik vi skal syngje det rett etter preika i den salmen som er fødd i Hong Kong, skriven av han som er grunnleggjaren av Tao Fong Shan, der f.eks ho vi har høyrt lese på kinesisk for oss i dag er direktør.
Karl Ludvig Reichelt seier det slik:
«Lær meg å skue med ditt blikk, hvert folk som liv og grenser fikk..» (Nos 691, v.2)
I dag handlar det om arbeidet i Guds rike.
Om viljen til å stå i teneste, på litt særlege arbeidsvilkår.

I dag vågar eg som presten dykkar, som prosten dykkar, å løfte opp for dykk gjevartenesta. Økonomien.
Eg er klar over at nokre tenkjer at i vår kyrkje så betaler fader Stat eller onkel Kommune. Vi er ikkje lenger statskyrkje. Men pengane strøymer framleis over kyrkja frå det offentlege, i pakt med det som er nedfelt i vår grunnlov.

Men av og til kjem vi til eit punkt der ein kjenner at skal vi kome litt lenger no, nå litt fleire, kome vidare ut, så må vi sjølve ta ansvar. Slik er det i kyrkjer over omtrent heile verda. Dei aller fleste kristne må bere det økonomiske ansvaret i sine kyrkjelydar sjølve. Spør gjestene våre frå Hong Kong om dette. Og endå meir: Spør dei kristne inne i sjølve fastlands-Kina.
Slik er det i dei fleste frikyrkjesamfunn, også i vårt eige land.
Det er difor ikkje urimeleg om vi som er med i vår gjennomfinansierte norske kyrkje tek på oss å bere litt meir enn det som til dageleg har vore vanleg å forvente.
Og ver klar over at det finst sterke belegg for at dette er ei normalordning dersom vi vågar å opne vår Bibel og lese kva som står der. F.eks seier Paulus i 1.Kor. 16,1-2:

Når det gjeld innsamlinga til dei heilage, skal de følgja dei påbod eg gav forsamlingane i Galatia. Første dagen i veka skal kvar av dykk leggja til sides heime hos seg sjølv så mykje som de er i stand til, så innsamlinga ikkje skal byrja først når eg kjem.

I Bibelen er også tanken om å gje tiend velkjend og ofte nemnd.
Mange kyrkjesamfunn, også i vårt eige land, ber sine medlemer om å gje 10% av disponibel inntekt etter at skatt er betalt.
Det er ikkje det vi vil leggje inn over Åsane menighet. Men vi vil minne om at vi har ei gjevarteneste, og at økonomi er avgjerande for vidare vekst i Åsane, og for at vi skal kunne støtte våre misjonsprosjekt, i f.eks Hong Kong og Thailand.
Det handlar om at Guds rike skal vekse. Her hjå oss. Slik vi ber om det når vi ber den andre bøna i Herens bøn: Lat riket ditt koma.

Åsane menighet treng tenarar som vil vere med å be endå meir enn før: Lat riket ditt koma. Åsane menighet treng tenarar som vil be og arbeide, ja til og med gje pengar frå eigen bankkonto i staden for å rope på løn slik vi forventar løn av vår jordiske arbeidsgjevar.
For Herren Gud er ikkje slik. Han er derimot den som har lært oss å be med desse orda: Lat riket ditt koma. Og den bøna frå Fadervår er særleg aktuell på vingardssøndagen.

Ein underleg dag i kyrkjeåret som hjelper alle som er interesserte i framgang for det arbeidet ein brenn for, til å setja ting inn i eit rett perspektiv. Til å forstå kva det vil seie å vere Guds medarbeidar.
Då spissar sjølvsagt prestane øyro. For dei vert vel rekna med i den samanhangen?
I lag med diakonane, kantorane, soknerådsmedlemene og barnekorleiarane og alle andre som har ei oppgåve og eit ansvar i kyrkja ein er med i.
Guds medarbeidar. Det er ein som skal byggje kyrkje og kyrkjelyd på den staden ein bur. Nokre skal til og med reise av garde til andre folk i andre kulturar og byggje kyrkje der dei aldri har høyrt om Gud eller om Jesus Kristus.

Alle som ynskjer at Guds rike skal vekse, anten det er ute på ei misjonsmark eller i her i Åsane, vi har i dag først lese dei underlege orda frå Lukasevangeliet der Jesus talar om å gjere det vi er skuldige til å gjere, utan først å krevje vår rett.
 
Vi har også høyrt lese dei spanande orda som Paulus skriv, om å plante og vatne og å vente på at Gud skal gje vokster. Det er Gud som syter for at Guds rike veks!
Og i tru på at Gud vil gje vokster, ropar vi på Paulus og Apollos i dag.
Kven det er? Jau, det står at Paulus og Apollos er ”- tenarar som hjelpte dykk til tru”. Slik tenarar treng vi fleire av i denne kyrkjelyden. Slike som kan vere med å plante og vatne for at det skal vekse og spire og gro i Guds rike.
Vi har altså prestar og diakonar og kantorarar i denne kyrkjelyden. Desse, og fleire andre tilsette, er betalte for å plante og vatne.
Det finst ein soknerådsleiar som har med seg eit sokneråd. Dei er medarbeidarar dei òg. Nesten utan betaling. Det finst trufaste barnearbeidar, korsongarar, friviljuge på kjøkkenet eller mellom dei unge. Vi har folk som har vore i brann for misjonens sak i mange tiår. Aldri fekk dei ei krone for innsatsen. Men dei gav sjølve mykje i offerskåla. Kven er alle desse?
Dette er Paulus og Apollos midt mellom oss. ”- tenarar som hjelpte dykk til tru”.

Men vi skulle gjerne vore fleire. For oppgåva er så stor. Oppgåva er å byggje Guds rike. Her hjå oss. Og langt der ute. Oppgåve vår er å halde fram med å be: Lat riket ditt koma. Og: Tenk om dei kom, alle dei døypte utanfor kyrkjedørene våre, som ikkje er her i dag? Tenk for eit mektig syn det ville vere. For ein inspirasjon!

Vi samlar oss i glede i dag over å høyre i hop som kyrkjelyd. Vi ser oppgåva. Vi veit at det er noko å hauste. Det finst enno mange vakre blomar å plukke.
Difor går vi inn i dette i lag. Vi gjer det med glede og med forventning

Alle vi som trur, alle vi som har vår heim her i Åsane kyrkje, eller i ein kyrkjelyd i Hong Kong, vi har ein oppdragsgjevar for kyrkja som ikkje er som statlege eller private direktørar.
Visst spør Gud etter vokster. Men framfor alt gjev han liv. Til og med der det synest dødt og uttørka kan det spire og gro. Fordi Gud pustar sin heilage og livgjevande ande til medarbeidarane sitt trufaste såmannsarbeid.
Difor skal vi framleis så. Vi skal framleis verke og byggje. Be og arbeide. Ofre og gje. I tru. Med forventning til at Gud høyrer vår bøn: Lat riket ditt koma.
 
Grunnvollen er lagt. Ingen kan leggje ein annan grunnvoll når Guds rike skal byggjast, enn den som heiter Jesus Kristus. Det er trua på han som samlar oss. Det er gleda over hans frelsarverk som gjev oss frimot. Det er den ufattelege verdien av alt han har å gje vi så gjerne vil dele med andre.
Vi kan plante og vatne. Vi kan be: Lat riket ditt koma.
Vi gjer det i tru og med von om at Gud skal gje liv og vokster!

Heilt til slutt vil vi ta med eit lite ord frå evangelieteksten. I likninga Jesus fortel, så tek han fram at herren som har tenarar i arbeid for seg, han ber desse tenarane om først å lage til kveldsmat til sin meister, før dei sjølve får gå til ro for kvelden.
"Lag til kveldsmat, bind opp kjortelen og stå til teneste for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat."

Mykje kunne vore teke opp omkring denne merkverdige måten å tenkje på omkring det å vere i eit arbeidsforhold. Det er lett å sjå at dette ikkje er etter vanlege norske tariffavtalar. Det får vente til neste Vingardssøndag for ein grundigare gjennomgang. Nett no lar vi det liggje, slik at vi heller kan glede oss over at han som set oss i arbeid med orda: ”Lag til kveldsmat”, han ber oss allereie i denne gudstenesta om å vere med han til bords. Nattverdbordet er duka for oss alle i dag, og Jesu ord lyder: ”Sidan kan du sjølv få deg mat”.
No er den tida. No er det mat å få for alle som vil vere Herrens tenarar. Mat som kan gje oss styrke. Mat som kan tenne trua vår. Mat som kan gje oss frimot til å gå lenger ut med bodskapen om Jesus Kristus.

AMEN

onsdag 1. august 2018

For eit syn!


11. s. i treeinigstida. (Forteljingstekst) 05.08.18
Hamre kyrkje – Kystsogevekene
Jesaia 6,1-8

(For interesserte - Les om Hamre kyrkje her:  www.kunsthistorie.com/fagwiki/Hamre_kirke )
For eit syn det måtte vere for dei som steig ut or robåtane eller seglbåtane som tok seg fram til Hamrekyrkja på slutten av 1600-talet, gjennom 1700-åra og heilt fram mot vår eiga tid. Hutrande og våte, kledde i bondekleda frå Nordhordland, berande på reisenista dei hadde pakka ned i dei små stovene dei hadde forlate timevis tidlegare for å nå fram i tide før kyrkjeklokkene ringde til messe. Heime var det fattig og grått. Knapt nokon stad i landet var det fattigare enn på strilelandet. I dag har oljerikdomen snutt alt på hovudet. For to-tre hundre år sidan var alt totalt annleis.
Men ikkje Hamre kyrkje. Den stod slik den står i dag - frå midten av 1600-talet. Kyrkja for småbøndene, kystfiskarane og fattigfolka på Osterøy, for det som i dag er søndre del av Lindås, i Meland og nordre del av Åsane. Ikkje rart at dei bøygde hovudet i djup vørnad når dei kom inn her, før dei våga å løfta blikket og såg seg om på det praktfulle.
Løft hovudet du òg, og sjå det høgt løfta taket med dekorasjonane. Dei same som har vore der gjennom hundreåra. Sjå på apostelfigurane på veggene i koret. Rett nok vart dei overmåla i nokre korte år før dei vart malte på nytt midt i 1860-åra. Tenk på kor vakkert det måtte sjå ut med altertavla i fokus, i vakre fargar, for dei som heime berre hadde ein grå tømmervegg å stire på, eller rett og slett ein steinvegg. Og hugs også at bak det vi ser som draperi på langveggane, var det ein gong enno meir veggkunst som vart malt over utan at vi veit kva som slik har gått i gløymeboka.
Hamre kyrkje var sjølve tempelet i Nordhordland gjennom hundreåra før vår tid.
For eit syn det måtte vere for dei som den gongen steig ut or robåtane eller seglbåtane som tok seg fram til Hamrekyrkja.
For eit syn det var, også for den gamle profeten. Dvs – enno var han ikkje profet, Jesaja. Men synet han såg og opplevde i Jerusalems tempel i det året kong Ussias døydde, det endra alt for Jesaja. For han såg meir enn vakre takdekorasjonar. Han såg ikkje bibelske figurar. Han vart derimot sjølv ein bibelsk figur pga det han fekk sjå og oppleve, og som han seinare skreiv ned, slik vi har lese det i dag.
Jesaja gjekk inn i tempelet og fekk sjå Gud.
Gud på si trune i all sin guddommelege og mektige majestet. Det står at kanten på kappa hans fylte tempelet. Så stor var Gud!
Vi høyrer om serafane som flaug rundt Gud. Serafar må vere det same som det vi til dagleg kallar for englar. Han høyrde ropet frå serafane, og han opplevde at Herren Gud vart løynd for han, for røyk kom og fylte huset.
Noko slikt fekk ikkje bøndene og fiskarane og husmødrene og konfirmantane frå Nordhordland sjå her i Hamre.
Men kanskje opplevde dei litt av den same stemninga? At her var det berre ein ting å gjere – løfte opp sine røyster og stemme i ein lovsong.
Kanskje den vi har sunge i lag i dag? Salmen som er vorten den norske nasjonalsalmen – med eigen heidersplass som nr. 1 i vår nye salmebok – salmen av diktarpresten Petter Dass frå Nordland. Ver trygg på at nordlendingane som kom med fisken sin til Bergen lærte denne salmen vidare til strilar og bergensarar.
Eg trur dei song denne salmen også i Hamre kyrkje sine tidlegaste dagar:
Herre Gud, ditt dyre namn og Ære
over verden høyt i savn må være;
og alle sjele og alle træle
og hver geselle de skal fortelle
din ære.
Det er nesten det same som Jesaja opplevde at serafane gjorde. Dei lovprisa Gud av all si makt og kraft. Med slik kraft ropa dei, at boltane i dørtersklane i tempelet rista.
Den same lovprisinga som vi har ført vidare inn i våre gudstenester, og som vi skal ta del i når vi seinare i dag samlar oss rundt nattverden:
Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.
Heile jorda er full av hans herlegdom.
Dette var sterkt!Dette var nesten øydeleggjande sterkt for Jesaja.
Dette var ikkje noko mindre enn eit møte med den levande Gud. Det er meir enn vanlege menneske kan tole.
Brått forstod Jesaja kva ordet heilag eigentleg innebar.
Kanskje er det det som også skal vere nøkkelordet for alle oss som har stige or båtar eller bilar frå Bergen og Åsane og våga oss inn i dette gamle tempelet i Nordhordland?
Kanskje skulle også vi gjere slik som eg trur strilane gjorde i gamal tid – bøygde hovudet i vørnad i møte med den tre gonger Heilage Gud?
Jesaja såg Gud. Eit syn som ikkje er for vanlege menneske.
Jesaja høyrde serafane sine mektige ord og kraftige rop: Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.
Reaksjonen hans er slik som vi om att og om att les i Bibelen når vanlege menneske kjem nær det guddommelege, den heilage. Det vert for sterkt.
«Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lepper, og er bur i eit folk med ureine lepper og augo mine har sett kongen, Herren over herskarane.»
Kjære bergensarar og strilar og åsabuer og bygdefolk frå Osterøy!
Takk for at du fann vegen til Hamre kyrkje i dag!
Måtte du gle deg over turen hit og turen heim igjen. Måtte du gle deg over denne skatten av eit kyrkjehus. Men måtte du også sjå bak dekorasjonar og draperi som løyner det som ein gong var. Også der gøymer det heilage seg.
Måtte du vidare høyre ekkoet frå tempelet i Jerusalem der serafane ropa: Heilag, heilag heilag er Herren Sebaot.
Og må alt du opplever i glede, også føre deg dit at du innser at du er eit menneske som til liks med Jesaja og med dei bibelske figurane som kunstnarane i gamal tid festa til desse kyrkjeveggane; saman med desse er vi alle i ein posisjon at vi må rope til Gud om nåde, om oppreising og nytt mot.
Vi er rett og slett for små til å stå på eigne bein når vi er innfor det heilage.
Men like lite som fattige strilar frå farne hundreår, skulle verte verande i sine fortvila posisjonar, like lite skal nokon av oss trykkjast ned når vi ser og høyrer orda frå profeten.
For kva hende der i tempelet med profeten Jesaja?
«Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo som han hadde teke med ei tong frå altaret. Med den rørte han ved munnen min og sa: Sjå denne har rørt ved leppene dine. Di skuld er borte, og di synd er sona.»
Gjennom meir enn tre hundre år har Hamre kyrkje stått her med si prakt. Mange har gledd seg her. Mange har funne trøyst her. Trøyst i sorg. Og når dei var i fortviling over nederlag i eigne liv.
Og om att og om att er det med litt ulike ord ropa ut frå kyrkja sin preikestol det som skal vere det vi framfor alt skal lovprise Gud for i dag: Orda som Jesaja fekk høyre, og som er ord til syndar gjennom alle hundreår: «Di skuld er borte, og di synd er sona»
Løft hovudet mot altaret her i Hamre kyrkje. Der ser du den krossfeste Kristus. Der ser du den oppstadne Kristus.
Våg deg fram når vi ved altaret har sunge lovprisning til den tre gonger heilage Gud, og innstifta nattverden der den krossfeste og oppstadne Kristus møter deg med sin kropp og sitt blod til soning for det du aldri fekk til i livet ditt.
Ved å ta mot nattverden vert det sant også i ditt liv: «Di skuld er borte, og di synd er sona»
Då har du vore på meir enn båttur og turistoppleving til Hamre.
Du har vore i tempelet og møtt den tre gonger Heilage Gud på denne søndagen!

AMEN

fredag 27. juli 2018

Olsok


Olsok II. 29.07.18.
Åsane kirke
Luk. 9,23-26

Det er som nordmann litt kjekt å tenkje på at vi i det minste har ein historisk person som i alle fall ein del menneske utanfor våre landegrenser kjenner til. Olav den heilage. Han døydde som kjent i slaget på Stiklestad på denne datoen, 29.juli, i 1030.
Han fall i kamp mot bønder som ikkje var heime i onnearbeidet midt på sommaren, men som heller tok til øks og spyd og sverd for å nedkjempe den mektige kongen. Olav hadde gjennom rundt 15 års styringstid fått større og større makt i landet. Makt som også gjorde at han hadde mange fiendar. Dei fekk han bl.a. fordi han med til dels grove midlar verka til at kristendomen etter hans påtrykk fekk så pass rotfeste i landet at det heretter uvikla seg ein ny nasjonalreligion med ei katolsk statskyrkje.
Dette er kongen som var mektig og viktig før sin død. Men som vart mykje større, og sjølve nasjonalikonet og helgenkongen framfor alle andre, ved at han døydde i det som vart opplevd som ein martyrdød.
Allereie eit år etter at at han fall på Stiklestad vart kan helgenkåra, og det uvikla seg på kort tid ein omfattande og nesten ubegripeleg stor helgenkult rundt St.Olav.

Til og med i mektige Roma, i ei av staskyrkjene, San Carlo av Corso, på hovududgata i pavens by, finn vi det mektige Olavsaltaret med motiv av den norske kongen.
Kva vi skal tenkje og meine om denne fantasifulle, romantiske og nasjonalistiske framstillinga av Olav er ikkje så godt å seie noko sikkert om.
Den katolske biskopen Oslo i dag, Bernt Eidsvik, brukar desse orda:
Altartavla «- har representert en utfordring for katolske nordmenn med historisk bevissthet og god smak»
Rundt om i verda finst det massevis av Olavsmonument. Minst 43 kyrkjer ber namnet hans over heile verda.
I Norden er det ingen katolsk helgen, bortsett frå Maria, som er så mykje portrettert som Olav. Endåtil i fødselskyrkja i Betlehem finst det eit dårleg bilete av han, så dårleg at det ikkje gjev meining i å vise noko foto av det.
Det er ingen tvil om at Olav er ein viktig og godt kjent historisk person frå vår felles nasjonale arv. Men kva som er fakta og kva som er legender rundt denne kongen, det er ikkje lett å verte klok på. Det som synest å stå fast, er at etter Olav hadde kristentrua og kristne lover overteke for dei gamle norrøne ideala i landet vårt.
Det har har hatt gjennomgripande, detaljert, og til dels fullstendig styrande innverknad på dagleglivet, på trua, og på måten å gå inn i døden på, for nordmenn – heilt til denne dag.
På olsokdagen dette året har vi i denne kyrkja til og med vore vitne til at eit nytt menneske, ei lita norsk jente, har fått del i den kristne dåpen – det aller fremste teiknet på at arven etter Olav lever vidare inn i vår tid.

Så er det også slik på olsokdagen i år, at vår kyrkje har sett opp eit avsnitt frå Lukasevangeliet som preiketekst, Eit ord som handlar om å følgje Jesus. Eit kraftig kallsrop til å bere krossen sin. Til å følgje han, jamvel om det kostar livet.
I så måte kan vi lære av Olavsforteljingane. Ei preike som denne er ikkje ein fagleg, historisk gjennomgang og ei drøfting av kva som er fakta, og kva som er dikt, eller i beste fall legendarisk rundt Olav.
Eg vel å la det liggje, for heller å verte litt inspiret av dette maleriet av Olav frå kyrkja i Roma.
Jau då. Eg ser nasjonalismen, som eg til dagleg likar svært dårleg. Den tyt ut av biletet. Men skal eg tru dei som har vore i kyrkja i Roma og sett biletet, er det noko anna ved det som rettferdiggjer at vi løftar det fram nettopp i dag.
Arkitekten, professoren og Romakjennaren Thomas Thiis-Evensen seier dette om denne figuren:
Skikkelsen i San Carlo viser en nordisk helgen i romersk tjeneste som var å være Kirkens tjener. For i hvilken retning er det han ser og hvem er det han rekker kongsscepteret til? Det er til Kristus i alteret innerst i koret, som en gest av evigbåren hengivelse tvers gjennom kirkerommet.
Olav har Kristus i fokus. Kristus ved hovudaltaret i denne kyrkja der maleriet heng. Kongecepteret skal gjevast til til han. Til han Olav gjekk i døden for.
Eg høyrer ekkoet frå Jesu stemme. Det han seier til oss alle på denne dagen: «Vil noko følgja meg, må han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld skal berga det.»
Eg trur det er på tide å takke Olav for følgjet i dag.
Eg trur vi skal bruke resten av denne gudstenesta til å reflektere over kva dette kallet om etterfølging av Kristus, så og seie på død og liv, betyr i ein norsk høgsommar drygt 1000 år etter kampane på Stiklestad.
I dag har vi som preiketekst det same som med nesten identiske ord er sagt i Matt 16, som var tekstord i kyrkjene våre for litt over ein månad sidan. Den søndagen preika eg i Ytre Arna, og også då var eg oppteken av kva det betyr dette som Jesus seier om å seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld skal berga det.»
Seie nei til seg sjølv – ta opp krossen – følgje Jesus.
Dei heng saman desse tre ledda. Og det viktigaste er å følgje Jesus. Heldigvis er det mange her i kyrkja som har lytta til det same kallet som Jesu læresveinar fekk som det aller første kall frå Meisterens munn. ”Kom, følg meg” (Matt.4,19) sa han.

Det kan kome til å koste. Kanskje har du opplevd prisen allereie?
Jesu kross skal berast. Børa er ikkje lett. Men samanlikna med det dei opplever, dei som vert martyrar for si tru, så er kvardagsopplevingar av motstand mot vanleg, vestlandsk kyrkjeliv berre som ei flis i fingeren å rekne. 
”Følg meg”, sa Jesus. Også menneske som lever i land med brutale, undertrykkjande stryresett har teke mot den utfordringa. Menneske som den dag i dag må tåle at livet deira kjem i fare fordi dei trur. Olav var det første norske martyr. Difor minnest vi han i dag.
Men tallause martyrar har bøtt med livet seinare. Også i våre dagar. I dette året, 2018.

Den 22.mai i år kunne vi lese ein stor reportasje i Vårt Land frå Irak. Der er dei kristne nærast utrydda mange stader.
I eit av dei eldste kloster i verda, Mar Mattai-klosteret, budde det ein gong 7000 menneske. No bur det sju. Denne staden ligg like ved Ninive, byen som Gud sparde på Jona si tid. Men i 2014 vart mange av desse martyrar under IS-styret. Byen vart ikkje spart lenger.
For 15 år sidan var det 1,6 millionar kristne i Irak. I dag er det ein stad mellom 150.000 og 250.000.
Ein av dei sju som bur i klosteret i dag er munken Yousiff. Munken Yousiff sin profeti no i år vert kviskra fram til journalisten frå VL: « - Om fem år er det ingen kristne igjen i dette landet.» (https://www.vl.no/kultur/i-himmelen-og-helvete-1.1147066
Kyrkjelyden i Åsane har kristne brør og søstre over heile verda.
Enno er det att nokre få kristne søsken i Irak.
Den krossen du og eg må bere for å vere i Jesu følgje er lett som ei fjør samanlikna med den som kviler på skuldrene til dei som møter vald og tortur når dei tek opp krossen sin for å gå i lag med han dei trur på.
Å følgje Jesus er ikkje noko vi kan tvingast til. Vi vert kalla til det. Det er friviljug. Til og med vi som vart borne til Jesus som hjelpelause småborn og fekk teikna krossteiknet over oss fordi foreldra våre ville det slik, vi kan når vi vert vaksne, seie nei til den krossen vi er merka med. Så ligg vegane der og ventar på oss. Livsvegane. Vegar som er kanta med innbydande freistingar. Livet som lokkar med rikdom og glede, fridom og livsutfalding. Men slike vegar går mange gonger utanom Jesus.
Kallet til etterfølging er likevel krystallklårt frå Jesus. Krossmerket fekk du i dåpen. Det let seg ikkje viske bort. Du høyrer han til. Han vil så gjerne at du skal følgje han vidare gjennom livet. Ikkje fordi det er lettaste vegen. Tvert om. Det er ein veg der du må bere krossen din sjølv.
Men det som synest å vere ein snarveg langs ein opplyst og innbydande hovudveg, den vegen kan ende så forferdeleg galt når du ein gong er ved vegs ende.

Luk 9:24-25 For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar si sjel og går til grunne? 
Ein gong vart du i dåpen merka med krossteiknet. Dette var teiknet på kven du høyrer til. Krossen er også det merket som du går under når du vil følgje Jesus i livet i lag med ei andre kristne i din kyrkjelyd.
Det er den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus som kallar deg til å gå vidare i lag med han på denne søndagen.

Kan hende vil det for deg på denne sommarsøndagen vere eit heilt spesielt kall å reise seg i dag, og for første gong i livet, eller for første gong på lenge, lenge, å våge seg fram til Herrens bord, til nattverdmåltidet. Der møter han deg i dag. Han som gjennom Ordet kallar på deg no. Han som i brødet og vinen kjem deg så nær at du får ete og drikke han, slik han sjølv bad oss å gjere.
Å gå til nattverd kan vere din måte å svare på utfordringa. Med Guds hjelp vil du prøve å
bere krossen, og du vil heretter følgje Jesus dit han vil ha deg.

fredag 15. juni 2018

Eg vil følgje Jesus




4. søndag i treeiningstida II ~ 17.juni 2018.  Ytre Arna.  Matt. 16,24-27

Vil du vere i lag med Jesus?
Heilt sidan du gjekk på søndagsskulen har du fått dette spørsmålet. Mange av dykk har gått mykje til kyrkje og på bedehuset fram gjennom åra. Gong på gong kom dette spørsmålet, eller eit liknande, frå han som stod på talarstolen. Kan hende var du på leir den gongen du var ung. Då lærde du barnesongen med refrenget: ”Ja, nå vet jeg hva jeg vil: Jeg vil følge Jesus. Ingen ting å lure på. Jeg har alt bestemt meg nå, jeg vil følge Jesus”

Eg håpar at du som har kome til gudsteneste i dag har tanken på at du vil følgje Jesus i hovudet ditt, og at trongen til å vere i Jesu følgje bur i hjarta ditt.
Ja, eg ikkje berre håpar det. Eg trur at slik er det verkeleg for mange av dykk. Du ber på eit inderleg ynskje om å følgje Jesus i kvardagen.

”Ja, nå vet jeg hva jeg vil: Jeg vil følge Jesus. Ingen ting å lure på. Jeg har alt bestemt meg nå, jeg vil følge Jesus”


La denne enkle barnesongen syngje i ditt indre. For det kan vere godt med eit slikt ankerfeste når vi no skal reise oss og lytte til preiketeksten i dag; ein tekst med verkelege utfordringar til alle som vil vere i Jesu følgje:

Tekstlesing

Matt 16:24 Jesus sa til læresveinane: "Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg…
Dette er ikkje akkurat søndagsskulepensum.

Den gongen då vi var små, var det ikkje så vanskeleg å følgje Jesus. Men vi vart ikkje så store før det tok til å gå opp for oss at å følgje tett inn på denne karen, det innebar meir enn å syngje dei gamle barnesongane.
Sanninga i Jesu ord om at det å følgje Jesus også inneber å seie nei til seg sjølv, kom snart for dagen. Dette er aldri lett. Å seie nei til seg sjølv. For ingen står oss nærare enn oss sjølve.
I første omgang utfordrar dette ordet egoismen i oss. Og den sit djupt og fast. Kor ofte maktar vi å seie nei til oss sjølve?
Betre vert det ikkje når Jesus held fram med å tale om å ta opp krossen sin for å følgje han. Med ein gong vert det heile dramatisk vanskeleg. Ta opp krossen sin! Kva meinast med det?

Seie nei til seg sjølv – ta opp krossen – følgje Jesus.

Dei heng saman desse tre ledda. Og det viktigaste er å følgje Jesus. Heldigvis er det mange her i kyrkja som har lytta til det same kallet som Jesu læresveinar fekk som det aller første kall frå Meisterens munn. ”Kom, følg meg” (Matt.4,19) sa han.

Det kan kome til å koste. Kanskje har du opplevd prisen allereie? Det gjorde vondt den gongen kameratar vende deg ryggen med eit overberande eller kanskje forakteleg smil fordi du valde Jesus i staden for ein utsvevande fylletur. Du fekk stikkande kommentarar då du som kalla deg kristen ikkje heilt makta å leve opp til forventningane som folk flest har til kristenfolket. Det gjorde dobbelt vondt. Du var skuffa over deg sjølv aller mest, og så desse giftpilane av vonde ord attpå.

Jesu kross skal berast. Børa er ikkje lett. Men samanlikna med det dei opplever, dei som vert martyrar for si tru, så er slike kvardagsopplevingar frå vanleg, vestlandsk bygdeliv berre som ei flis i fingeren å rekne.

”Følg meg”, sa Jesus. Også menneske som lever i land med brutale, undertrykkjande stryresett har teke mot den utfordringa. Menneske som den dag i dag må tåle at livet deira kjem i fare fordi dei trur.

Den 22.mai i år kunne vi lese ein stor reportasje i Vårt Land frå Irak.
Der er dei kristne nærast utrydda mange stader.
I eit av dei eldste kloster i verda, Mar Mattai-klosteret, budde det ein gong 7000 menneske. No bur det sju. Denne staden ligg like ved Ninive, byen som Gud sparde på Jona si tid. Men i 2014 vart mange av desse martyrar under IS-styret. Byen vart ikkje spart lenger.
For 15 år sidan var det 1,6 millionar kristne i Irak. I dag er det ein stad mellom 150.000 og 250.000.

Ein av dei sju som bur i klosteret i dag er munken Yousiff.
Munken Yousiff sin profeti no i år vert kviskra fram til journalisten frå VL:
« - Om fem år er det ingen kristne igjen i dette landet.»
(https://www.vl.no/kultur/i-himmelen-og-helvete-1.1147066)

Kyrkjelyden i Ytre Arna har kristne brør og søstre over heile verda.
Enno er det att nokre få i Irak.
Den krossen du og eg må bere for å vere i Jesu følgje er lett som ei fjør samanlikna med den som kviler på skuldrene til dei som møter vald og tortur når dei tek opp krossen sin for å gå i lag med han dei trur på.

Å følgje Jesus er ikkje noko vi kan tvingast til. Vi vert kalla til det. Det er friviljug. Til og med vi som vart borne til Jesus som hjelpelause småborn og fekk teikna krossteiknet over oss fordi foreldra våre ville det slik, vi kan når vi vert vaksne, seie nei til den krossen vi er merka med. Så ligg vegane der og ventar på oss. Livsvegane. Vegar som er kanta med innbydande freistingar. Livet som lokkar med rikdom og glede, fridom og livsutfalding. Men slike vegar går mange gonger utanom Jesus.

Kallet til etterfølging er likevel krystallklårt frå Jesus. Krossmerket fekk du i dåpen. Det let seg ikkje viske bort. Du høyrer han til. Han vil så gjerne at du skal følgje han vidare gjennom livet. Ikkje fordi det er lettaste vegen. Tvert om. Det er ein veg der du må bere krossen din sjølv.
Men det som synest å vere ein snarveg langs ein opplyst og innbydande hovudveg, den vegen kan ende så forferdeleg galt når du ein gong er ved vegs ende.

Matt 16:25-26 For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, han skal finna det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 

Visst går det an å vinne heile verda. Eller i alle fall ein dryg bit av verda. Meir enn det vi treng til. Velfødde, rike nordmenn, alle vi som er her i kyrkja i dag; vi er gode døme på det.

Vil du vere i lag med Jesus?
Det var mitt innleiande spørsmål då eg steig opp på preikestolen i dag. Berre det faktum at du sit i kyrkjebenken på denne sommarsøndagen seier noko om at det vil du gjerne.

Vil du seie nei til deg sjølv, ta opp krossen din og følgje han? Eg trur det er ditt ynskje det også.

Ein gong vart du i dåpen merka med krossteiknet. Dette var teiknet på kven du høyrer til. Krossen er også det merket som du går under når du vil følgje Jesus i livet i lag med ei andre kristne i din kyrkjelyd.
Det er den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus som kallar deg til å gå vidare i lag med han på denne søndagen.

Kan hende vil det for deg på denne sommarsøndagen vere eit heilt spesielt kall å reise seg i dag, og for første gong i livet, eller for første gong på lenge, lenge, å våge seg fram til Herrens bord, til nattverdmåltidet. Der møter han deg i dag. Han som gjennom Ordet kallar på deg no. Han som i brødet og vinen kjem deg så nær at du får ete og drikke han, slik han sjølv bad oss å gjere.
Å gå til nattverd kan vere din måte å svare på utfordringa. Med Guds hjelp vil du prøve å bere krossen, og du vil heretter følgje Jesus dit han vil ha deg.

Gjer som vi gjorde det på søndagsskulen eller på barneleir: La barnesongen vi ein gong lærte, vise vegen vidare inn i sann og glad kristusetterfølging:
”Ja, nå vet jeg hva jeg vil: Jeg vil følge Jesus. Ingen ting å lure på. Jeg har alt bestemt meg nå, jeg vil følge Jesus”

AMEN


fredag 18. mai 2018

Det usynlege


Pinsedag II. 20.mai 2018     
Eidsvåg kirke
Johs 14,15-21

Det usynlege er alltid vanskeleg.
Vanskeleg å gripe. Vanskeleg å begripe. Vanskeleg å ta inn over seg. Augene våre sansar ikkje det usynlege.
Jesus var synleg mellom oss i ein kort mannsalder. Dei som levde i hans samtid såg han som barnet i snikkarverkstaden som tumla rundt føtene til Josef. Dei såg han då han som tolvåring tok innersvingen på dei gamle, lærde mennene i tempelet i Jerusalem. Eller då han vandra rundt i Galilea saman med sine nære vener. Dei høyrde og såg då han heldt taler eller gjorde under. Folkemengda rundt krossen grøssa over dei dei hadde sett og opplevd då han anda ut og mørkret senka seg over Jerusalem på langfredag. Og med truande vantru var det til og med nokre som såg han etter oppstoda. Tomas fekk endå til leggje hendene i sårmerka til Jesus etter hans oppstode.

Historia om den synlege og levande Jesus går an å begripe. Vi har så mange vitne om det som hende. Slik vi har vitnemål om andre historiske personar. Men knapt nokon historisk person så langt tilbake i tida er så godt dokumentert som Jesus.

Vanskelegare vert det når Jesus etter kvart vert borte.
Vi ser han ikkje lenger. Jesus sa det sjølv: «Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger.»

Det usynlege er vanskeleg.
Difor er også pinse vanskeleg. Vanskelegare enn jul.
Vanskelegare enn påske.
Difor er det ei lett oppgåve for journalistar å intervjue folk på gata om pinse og få fram ei endelaus rekkje av folk som synest å vere heilt blanke om kva denne høgtida handlar om.

Jesus seier sjølv kva dette handlar om i dei orda vi har lese i lag: «Sanningsanden som verda ikkje kan ta i mot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje.»

Det er pinse i vår kyrkje enno eit år. Vi feirar den vanskelege festen for det som er lite kjent i vår kristne tru. Det som er vanskeleg å forstå. Og for mange: Også vanskeleg å tru. Det usynlege.

Fordi dette er vanskeleg, er det godt at Anden sjølv har lagt ord i munnen på menneske med formuleringsevne, med lyrisk sans og skaparkraft i språket. F.eks gjeld det den svenske salmediktaren Anders Frostenson som har skrive ein av dei salmane som har dei aller enklaste orda og dei aller enklaste bileta. Men gjennom desse korte salmeversa forklarar han det som er så vanskeleg:

Vinden ser vi ikke,
men vi merker den,
snart som stille susing,
snart som storm igjen.

Ånden ser vi ikke,
men hans stille røst
taler i vårt hjerte
både tukt og trøst.

Fra vår Gud i himlen,
ham som ingen ser,
kommer Ånden til oss
og et under skjer.

Pinsa er usynleg. Som vinden. Som stormen. Som pusten.
Likevel er pinsa verkeleg. Steng for lufta når du skal puste, så vil du kjapt merke at det usynlege er livsviktig.

Vi som er ein del av den kristne kyrkja på denne pinsedagen, vi er alle av dei som vert kalla for Guds born. Gjennom dåpen fekk vi Gud til Far og Jesus som vår bror. Gjennom dåpen fekk vi den same Heilage Ande som vart utrend over læresveinane den første pinsedagen. Gjennom dåpen kjem Jesus nær oss og vil vere nær oss i vår kvardag.

Jesus er nær oss ved sin Heilage Ande. Vi kan ikkje sjå han, men vi opplever verknadene av at han er her. Det er som med vinden. Vi ser ikkje vinden, men når stormen ular høyrer vi lyden og vi ser verknaden når trær bøyer seg og bølgjene slår. Det er som med pusten. Vi ser ikkje vår eigen pust, men når pusten vert hindra, merkar vi det på ein dramatisk måte.

Slik har også Anden sine verknader i vårt kvardagsliv som kristne. Anden skal rettleie oss, undervise oss, syne vegen til Gud for oss. Anden skal overtyde oss om synd og Anden skal peike på at Jesus er den som kan bere syndene i vår stad slik at denne børa ikkje vert til hinder for ein open veg inn til Gud.

På pinsedag vart desse verknadene av Anden dramatisk demonstrert. Peter stod fram og heldt ei mektig tale som resulterte i at dei som høyrde på kjende at det stakk dei i hjarta fordi dei skjøna at dei bar på synd i seg. Dei kom i syndenaud og ropa: ”Kva skal vi gjere?” Og meldinga tilbake frå den åndsfylte Peter var at dei skulle omvende seg og la seg døype. (Apgj.2,14ff)
Andens verknad var ikkje først og fremst lyden av ein sterk vind eller tunger av eld som sette seg på læresveinane. Det var ytre teikn som manifesterte seg den eine gongen. Den viktigaste verknaden av pinseunderet var at dei mange som var samla i Jerusalem kunne forstå læresveinane fordi dei talte framande språk slik at alle fekk høyre om Herrens storverk på sitt eige tungemål. (Apgj.2,11)

Det er når slike opplevingar vert levande for eit menneske i vår tid, at vi merkar at Anden pustar sin livgjevande varme også inn i våre liv.

Når Ordet frå Bibelen vert levande for oss slik at Skrifta vert opna og vi ser Jesus stige fram frå Bibelens sider, ikkje berre som ein litterær figur, men som ein lys levande Frelsar, som ein omsorgsfull bror og som Guds eigen son som tek oss ved handa for å leie oss på vegen til vår heim i Guds rike; då er det pinse anno 2018.

I hundrevis av år har dette hendt, på nytt og på nytt i vår kyrkje. I generasjon etter generasjon har Jesus vorte forkynt slik at folk har forstått kva dette handlar om. Ikkje gjennom veldige under og teikn. Men ved at Talsmannen har kviskra det udøyelege Ordet om Jesus i våre øyro og i vårt hjarte og slik tent ein usynleg flamme av tru i oss. Vi har kjent at vi er ikkje åleine. Vi er ikkje som foreldrelause born. Difor ber vi ”Vår Far”. Og sjølv om vi ber til ein Far som er i himmelen, så er han samstundes så nær at vi kan kjenne pusten hans. Anden hans. Den Heilage Ande.

Jesu avskilsord til læresveinane er sanne også for deg og meg: ”Eg kjem til dykk”.

Er dette berre fjern teori for deg som lyttar til desse orda?
I så fall vil eg seie til deg, kjære kyrkjegjest: Så lenge du går i lange bogar utanom dei stadene der du har sjanse å kome nær Guds ande – eg tenkjer på kyrkja og på Bibelordet eller på den private bøna, - så lenge vil all tale om Andens gode kraft og Andes rike frukter aldri verte meir enn tørre, og i beste fall interessante, ord. Men vågar du å opne deg for bodskapen, å lytte og å be ei forsiktig bøn om at Anden må kome på innsida av livet ditt, då kan store ting snart hende.

Tenk deg at du er ute og går i sterk vind. Du har på deg ein stor frakk eller kåpe. Dersom du knappar frakken tett om deg, surrar beltet stramt til rundt livet og krøkjer deg i hop, merkar du lite til at du har eit slikt plagg på deg. Men opnar du kåpa og brettar henne ut, fungerer plagget omtrent som eit segl. Vinden tek tak i deg og fører deg av garde. Har du då medvind, kan det til å med verte lettare å gå.

Når vinden frå Vår Herre vil ta tak i deg, går det an å knappe så tett igjen at vi vert lite påverka.
Slik skulle det ikkje vere. Som kristne vil vi vere djerve og dristige. Vi vil ut i vinden. Kjenne at Gud ruskar i oss, og oppleve spanande seglasar i frisk vind.
Men vi treng ikkje uroe oss for å havarere. Gud held si hand over oss. Han fører oss trygt gjennom stormar og motgang. Han trøyster og stør oss.

Men han kallar heile tida på oss. Han vi ha oss i teneste for seg. I teneste for kjærleiken. Han vil at vi skal elske og tene. Halde boda hans og lever nær han. Då ber vi det som Bibelen kallar Andens frukter. Kjærleik, glede og fred står det om i Galatarbrevet (Gal.5,22)

Det hender i dag også. I 2018. Framleis renner Gud ut av sin Ande. Det er spanande ting som følgjer med for den som vil ta mot av dei gåvene Gud auser over si kyrkje. Livet nær Gud, livet i Anden, er eit liv i overflod på gode opplevingar i lag med Jesus, vår bror.
Han er i dag hjå sin Far i himmelen. Samstundes er han ved sin Heilage Ande nær i livet til deg og meg. Vi vil ikkje dra oss unna dette livet, men i staden opne oss for gåvene han gjev oss, ta i mot dei og bruke dei i teneste for han og for vår neste.
Då vert det framleis ei velsigna pinse for oss alle!
AMEN.

torsdag 3. mai 2018

BØN - HIMMELSK KOMMUNIKASJON

.
Bøn er så enkelt.
Ein stille tanke. Nokre ord inne i hovudet ein stad. Eit sukk. Eit hjartesukk. Eit rop. Hender som er løfta.
Hender som er falda. Bøn på kne. Bøn under dyna. Bøn på kjøkkenet. Bøn i kyrkja. Bøn på sjøen. Bøn i fjellet. Bøn når det snøar. Bøn når sola steikjer. Bøn når det stormar. Bøn når faren trugar. Bøn når vi er redde. Bøn når vi er glade. Bøn for andre. Bøn for barn. Bøn for vaksne. Bøn for sjuke. Bøn for landet. Bøn for kongen. Bøn for fred. Bøn som takk. Bøn som trygling. Tidebøn. Bøn i tide. Bøn også i utide! Liturgisk bøn. Fri bøn. Bøn med skrivne ord. Bøn med salmar. Bøn med songar. Bøn i tunger. Herrens bøn. Til Vår Far i himmelen.
Bøn er så vanskeleg.
Er det nokon som høyrer? Finst det eit svar? Er det bønesvar, eller tilfeldig det som skjer?
Gud, er du der? Min Gud, min Gud. Kvifor har du forlate meg?
Eg bad om helse. Men eg fekk sjukdom. Eg bad om liv. Døden kom.
Andre er så flinke til å be. Mine bøner er som skrap å rekne.
Andre er så flittige til å be. Eg sovnar i kveldsbøna. Eg gløymer morgonbøna.
Eg får det ikkje til!
Er nei eit bønesvar? Går det an å forstå alle nei? Går det an å tru når eg ikkje forstår?
Går det an å be med så mange spørsmålsteikn?
Bøn er himmelsk kommunikasjon.
Be.
Leit.
Bank på.
Jesus lovar å høyre. Han lovar å svare.
Orda hans er sterke.  Tør vi å tru dei? Vågar vi å bli skuffa?
Mange tok sjansen. Dei ba. Dei fekk svar. Ja. Nei. Begge svara.
Ei heil kyrkje ber. Over heile jorda. Kan det vere at så mange gjer det utan at det har meining?
I tusenvis av år har bøner stige mot himmelen. Eit guddommeleg øyre er stort nok til å høyre alt.
Eg vitnar til dei som vil tru: «Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.» (Salme 40.2)
Vente. Vone. Nøkkelord når vi ber.
Mens vi ventar og vonar står orda frå Bergpreika på denne søndagen der og blenkjer: «Kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.»
Bøn er så enkelt. Bøn er så vanskeleg.

Bloggarkiv